Prop. 26 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

3 Omtale av forslag til inntektsendringar

Kap. 3902 Justervesenet

Post 01 Gebyrinntekter

Restriksjonar som følgje av koronapandemien i starten av 2022 medførte færre operative tilsyn frå Justervesenet. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 26,3 til 23,8 mill. kroner.

Post 03 Inntekter frå sal av tenester

Både restriksjonar som følgje av koronapandemien i starten av 2022 og utfordringar med vakansar har resultert i færre inntektsgivande oppdrag for Justervesenet. Vidare har fleire av dei nye forskingsprosjekta i det nye EU-partnarskapet innafor metrologi forsinka oppstart. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,2 mill. kroner, frå 27,4 til 22,2 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 36,2 mill. kroner, frå 523,3 til 559,5 mill. kroner. Endringa er basert på nye framskrivingar av forventa gebyrinntekter. Dei nye framskrivingane tek omsyn til gebyrinntektene i 2021 og gebyrinntektene så langt i 2022.

Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Gebyr for skip og flyttbare innretningar i NOR

Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke gebyrinntektene med 2,8 mill. kroner. Årsaka er særleg ein auke i sertifikatpliktige fartøy som gjer auka årsgebyr og at forsinka byggeprosjekt no er ferdigstilt. Det har òg vore utsetjingar av tilsyn grunna koronapandemien i 2021, som har medført at variable gebyr har auka i 2022.

Departementet gjer ikkje framlegg om å auke løyvinga under kap. 910, post 01 ytterlegare som følgje av auka inntekter. Grunna forsinka bruk av midlane er ikkje dette naudsynt av omsyn til likviditetssituasjonen i 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mill. kroner, frå 227,2 til 230 mill. kroner.

Post 03 Ymse inntekter

Sjøfartsdirektoratet har ein meirinntektsfullmakt på denne posten som kan nyttast til å dekkje tilsvarande meirutgifter på kap. 910, post 01.

Med bakgrunn i auka inntekter og av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke i løyvinga med 5,5 mill. kroner, frå 450 000 kroner til 5,95 mill. kroner.

Post 04 Gebyr for skip i NIS

Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner. Auken i årsgebyr har samanheng med fleire fartøy i NIS, og auken i førstegangsgebyr gjeld at forsinka byggeprosjekt no er ferdigstilt.

Departementet gjer ikkje framlegg om å auke løyvinga under kap. 910, post 01 ytterlegare som følgje av auka inntekter. Grunna forsinka bruk av midlane er ikkje dette naudsynt av omsyn til likviditetssituasjonen i 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 65 til 68 mill. kroner.

Kap. 3912 Klagenemndssekretariatet

Post 01 Klagegebyr

Inntektene gjeld klagegebyr på rådgjevande anskaffingssakar og ulovlege direkte anskaffingar behandla av Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA). KOFA hadde motteke 125 saker per 30. september i år, mot 155 saker same tid i fjor. Fordelinga mellom rådgjevande klagesaker og ulovlege direkte anskaffingar, og at det blir tilbakebetalt gebyr i mange klagesaker, gjer det utfordrande å lage ein god prognose for inntektsposten. Grunna færre saker så langt i år ventar Klagenemndssekretariatet at inntektene blir noko mindre enn tidlegare lagt til grunn.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 100 000 kroner, frå 900 000 til 800 000 kroner.

Post 02 Refusjonar og andre inntekter

Inntektene på posten gjeld refusjonar for KOFA- konferansen i 2022. I år vil inntektene bli nettoført mot utgiftene knytt til konferansen, grunna endringar i staten sitt økonomiregelverk. Klagenemndssekretariatet vil følgjeleg ikkje inntektsføre noko på posten i 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 200 000 kroner, til 0.

Post 87 Lovbrotsgebyr

Inntektene på posten gjeld vedtak om brot i klagesaker om offentlege anskaffingar der det er pålagt brotsgebyr. Det er gitt brotsgebyr i ni klagesaker og innbetalt om lag 18,6 mill. kroner per 30. september i år. Det er uklart om det vil kome fleire innbetalingar i løpet av året, og i så fall kor mykje som vil bli innbetalt.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 8,6 mill. kroner, frå 10 til 18,6 mill. kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 01 Refusjonar og ymse inntekter

Fiskeridirektoratet har i 2022 hatt om lag 2 mill. kroner i fangstinntekt frå fiskeforsøk, som ikkje var medrekna i saldert budsjett. Inntekta frå naudsynt forskingsfangst går til staten. Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 1 til 3 mill. kroner.

Post 13 (ny) Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar

Ein viser til omtale under kap. 919, post 60. Regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett 2022 om å kome tilbake til Stortinget med endeleg løyving etter at det var tildelt nye løyve til fastpris og gjennom auksjon hausten 2022. Auksjonen blei gjennomført i oktober 2022. Totalt vederlag frå tildeling til fastpris og auksjon blei om lag 3,94 mrd. kroner. I tillegg kjem vederlag frå konvertering av utviklingsløyve på om lag 230 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 4 173,8 mill. kroner.

Post 86 Forvaltingssanksjonar

Fiskeridirektoratet anslår at inntektene frå forvaltingssanksjonar i 2022 blir om lag 6 mill. kroner. Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner, frå 10 til 6 mill. kroner.

Kap. 3923 Havforskingsinstituttet

Post 01 Oppdragsinntekter

Løyvingane på kap. 3923, post 01 og kap. 923, post 21 skal vere like når det takast omsyn til uttrekk av meirverdiavgift. På grunn av for høgt uttrekk av mva. og avvik knytt til tidlegare ABE-kutt, er det behov for å justere inntektsløyvinga slik at ho er i tråd med utgiftsløyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med netto 6,8 mill. kroner, frå 445,9 til 439,1 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 55 (ny) Tilbakeført kapital frå ordningar forvalta av Investinor

Det blei ikkje budsjettert med tilbakebetaling av midlar frå ordningane med såkornfond og Koinvesteringsfondet for Nord-Norge i Saldert budsjett 2022. Det er likevel grunnlag for tilbakebetalingar. Investinor har motteke 400 000 kroner i proveny frå sal av to selskap i samband med avviklinga av Proventure Seed, som skal tilbakeførast til staten.

Midlar knytt til ordningar som blir forvalta av Investinor, blir plassert i rentefond. I 2021 ga dette 7,4 mill. kroner i avkasting, som skal tilbakeførast til staten. Det var ikkje budsjettert med eit slikt overskot i Saldert budsjett 2022.

Under pre-såkornordninga er det tilgjengeleg 2,3 mill. kroner for tilbakeføring. Her ligg det til grunn at tilbakeførte beløp skal nyttast til risikokapital til mandatet for fonds- og matchinginvesteringar. På grunn av beløpets beskjedne storleik foreslår Nærings- og fiskeridepartementet å vente med tilbakeføring av midlar frå pre-såkornordninga til det er gjort fleire slike tilbakebetalingar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på til saman 7,8 mill. kroner.

Post 92 (ny) Tilbakeført kapital, såkornfond

For såkornfond oppretta i perioden 2006-2009 er det i utgangspunktet føresett at låna skal bli tilbakebetalt etter 15 år. Det kan betalast avdrag på tidlegare tidspunkt. Levetida på 15 år gjer at fonda no er i avviklingsmodus. Dei tre fonda Kapnord Fond AS, Sarsia Seed AS og Proventure Seed AS blei avvikla i tidlegare år. Hittil i 2022 er det tilbakebetalt til saman om lag 34,1 mill. kroner i avdrag til Investinor frå dei fire gjenværande fonda i den distriktsretta ordninga. Koinvesteringsfondet for Nord-Noreg har hatt ei realisering i 2021 som gjer grunnlag for ei tilbakebetaling av 11,1 mill. kroner inkludert forvaltingshonorar til Investinor. I tillegg er det tilbakebetalt om lag 10 mill. kroner frå to av såkornfonda som blei oppretta etter 2014.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 55,2 mill. kroner i avdrag på lån til fonda.

Post 96 Sal av aksjar

Gjeldande budsjett er 25 mill. kroner i inntekt frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige beløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklarte eller gjennomførte, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Ambita AS

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Prop. 1 S (2020–2021) for Nærings- og fiskeridepartementet, selde departementet alle sine aksjar, tilsvarande 100 pst. av aksjekapitalen, i Ambita AS i mai 2021. Salssum for transaksjonen var om lag 963 mill. kroner. Av salssummen var 50 mill. kroner seljarkreditt med forfall i april 2022.

Aker Solutions ASA

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Prop. 1 S (2021–2022) for Nærings- og fiskeridepartementet, selde staten ved Nærings- og fiskeridepartementet 2. november 2022 30 092 942 aksjar i Aker Solutions ASA for totalt 1 182 652 621 kroner. Dette svarer til 6,1 pst. av aksjane i selskapet og halvparten av departementet si behaldning før denne transaksjonen. Salet blei gjort gjennom ein auksjonsprosess, og oppnådd salspris per aksje blei 39,30 kroner.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetjing av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital blir ført tilbake til aksjonærane. Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalane er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsetjinga. Avtalane er offentlege og regulerer òg utrekning av vederlaget til staten. Nærings- og fiskeridepartementet har inngått slike avtalar om tilbakekjøp med Yara International ASA, DNB Bank ASA og Kongsberg Gruppen ASA. Yara International ASA og DNB Bank ASA har ikkje nytta fullmakta i 2022.

Kongsberg Gruppen ASA

Generalforsamlinga i Kongsberg Gruppen ASA gav i mai 2021 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar for eit samla vederlag på inntil 400 mill. kroner. Fram til generalforsamlinga 2022 kjøpte selskapet 760 125 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetjing og sletting av desse aksjane, og 760 249 aksjar frå staten, blei vedteke på den ordinære generalforsamlinga i Kongsberg Gruppen ASA i mai 2022. Etter at kapitalnedsetjinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 190,9 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 50,004 pst.

Oppsummering

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med til saman 1 398,6 mill. kroner, frå 25 til 1 423,6 mill. kroner.

Kap. 3955 (nytt) Equinor ASA

Post 96 Sal av aksjar

Generalforsamlinga i Equinor ASA gav i mai 2021 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 227 272 727 eigne aksjar, om lag 7 pst. av selskapet sin aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til generalforsamlinga 2022 kjøpte selskapet 27 131 791 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetjing og sletting av desse aksjane, og 55 085 757 aksjar frå staten, blei vedteke på den ordinære generalforsamlinga i Equinor ASA i mai 2022. Etter at kapitalnedsetjinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 13 496,1 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 67,0 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 13 496,1 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av høgare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2022, er det behov for å auke løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,7 mrd. kroner, frå 60,8 til 65,5 mrd. kroner.

Post 92 Låneordning for pakkereisearrangørar – avdrag

Som eit tiltak i møte med koronapandemien blei det våren 2020 oppretta ein mellombels låneordning for pakkereisearrangørar med ein ramme på 1,5 mrd. kroner. Det blei gitt tilsegn om lån for om lag 260 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag under ordninga med 29 mill. kroner, frå 20 til 49 mill. kroner. Auken har mellom anna samanheng med ekstraordinære avdrag på låna og ekstraordinære innfriingar av lån.

Kap. 5329 Eksportkredittordninga

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Gjennom handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2022 er det løyvd 14,6 mrd. kroner til avdrag under eksportkredittordninga. Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) anslår at avdraga vil bli om lag 2,9 mrd. kroner høgare enn dette. Auken skuldast i hovudsak at Eksfin har endra praksis for tidspunkt for når erstatning blir betalt frå Alminneleg garantiordning til eksportkredittordninga, jf. omtale i Prop. 115 S (2021–2022).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,9 mrd. kroner, frå 14,6 til 17,5 mrd. kroner.

Post 95 Tilbakeføring av innskoten eigenkapital og likvidasjonsutbyte

Inntektene på posten gjeld endeleg avvikling av Eksportkreditt Noreg AS i oktober 2022. Rekneskapen viser at det er ein gjenståande kapital på 26,6 mill. kroner. Denne kapitalen skal utdelast som likvidasjonsutbyte til aksjonærane, altså til staten som eig 100 pst. av aksjane.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner, frå 21,9 til 26,6 mill. kroner. Av dette utgjer opptente renter om lag 400 000 kroner.

Kap. 5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Sjå omtaler og forslag under kap. 2440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda.

Kap. 5460 Eksportfinansiering Noreg

Post 50 (ny) Tilbakeføring av tapsavsetjing for garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring

Garantiordninga for re-forsikring av kredittforsikring blei avvikla 1. juli 2021. Då ordninga blei etablert, blei det løyvd eit tilskot til tap under ordninga på 1,62 mrd. kroner, jf. omtale i Prop. 117 S (2019–2020). I 2021 blei i alt 1,215 mrd. kroner av løyvinga ført tilbake til statskassa. Per 1. september 2022 står det att 351 mill. kroner av tapsavsetjinga. Som følgje av at det framleis er eksponering under ordninga, er det naudsynt å behalde deler av tapsavsetjinga, men Eksfin anslår at 250 mill. kroner kan bli ført tilbake i 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 250 mill. kroner i 2022.

Post 51 (ny) Tilbakeføring av tapsavsetjing for risikoavlastingsordninga for garantiar for Reisegarantifondet

Risikoavlastingsordninga for garantiar for Reisegarantifondet blei avvikla 31. desember 2021. Då ordninga blei etablert, blei det løyvd eit tilskot til tap under ordninga på 420 mill. kroner, jf. omtale i Prop. 107 S (2020–2021). Per 1. september 2022 er tapsfondet ikkje nytta, mens uteståande garantiansvar og fordringar utgjer 75 mill. kroner. Eksfin har vurdert at det er mogleg å føre tilbake 380 mill. kroner av tapsavsetjinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 380 mill. kroner i 2022.

Post 90 Avdrag på uteståande utbetaling ifølgje trekkfullmakt

I Saldert budsjett 2022 blei det gitt ei løyving på 1 mill. kroner på posten. På grunn av erstatningsutbetalingar og at enkelte saker har teke lenger tid enn anteke, har delar av låna som Eksfin har trekt opp i 2022, blitt ført tilbake til statskassa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 499 mill. kroner, frå 1 mill. kroner til 1,5 mrd. kroner.

Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 74 Fiskeriforskingsavgift

Fiskeriforskingsavgifta utgjer 1,35 pst. av førstehandsomsetjinga for villfisk. Fiskeridirektoratet har utarbeidd oppdatert prognose for førstehandsverdien frå norske fiskeri. Det oppdaterte anslaget inneber auka inntekter frå fiskeriforskingsavgifta på 27 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 27 mill. kroner, frå 318 til 345 mill. kroner.

Inntektene frå fiskeriforskingsavgifta finansierer desse utgiftspostane:

  • Kap. 917, post 22 Fiskeridirektoratet, Fiskeriforsking og -overvaking

  • Kap. 919, post 76 Ymse fiskeriformål, Tilskot til fiskeriforsking

  • Kap. 923, post 22 Havforskingsinstituttet, Fiskeriforsking og -overvaking

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at den auka inntekta blir fordelt på utgiftspostane ved at løyvinga på kap. 917, post 22 blir auka med 9,5 mill. kroner, og at løyvinga på kap. 923, post 22 blir auka med 17,5 mill. kroner.

Post 75 Tilsynsavgift Justervesenet

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 26,7 til 29,2 mill. kroner. Endringa kjem av fleire utskrivne krav enn tidlegare lagt til grunn, i tillegg til innbetalingar frå avgifter for 2021.

Post 76 Kontrollavgift fiskeflåten

Basert på oppdaterte prognosar for førsthandsomsetjinga av fisk, anslår Fiskeridirektoratet at inntektene frå kontrollavgifta for fiskeflåten i 2022 vil bli om lag 45 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,5 mill. kroner, frå 40,5 til 45 mill. kroner.

Post 77 Sektoravgifter Kystverket

I samband med Stortinget si handsaming av Prop. 115 S (2021–2022), jf. Innst. 450 S (2021–2022), blei løyvinga redusert med 98 mill. kroner som følgje av nedgangen i sjøtrafikken etter pandemien. Reduksjonen inneber 95,3 mill. kroner i lågare inntekter frå losavgifter og 2,7 mill. kroner i lågare inntekter frå tryggleiksavgiftene.

Trafikk- og inntektsutviklinga har vore positiv, og i einskilde trafikksegment er trafikken tilbake på 2019-nivå. På bakgrunn av denne utviklinga gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 62 mill. kroner, der 60,5 mill. kroner gjeld høgare inntekter frå losavgifter og 1,5 mill. kroner høgare inntekter frå tryggleiksavgiftene.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 62 mill. kroner, frå 881 til 943 mill. kroner.

Kap. 5614 Renter frå Eksportfinansiering Noreg

Post 80 Renter frå lån til Alminneleg garantiordning

I Saldert budsjett 2022 blei det løyvd 95 mill. kroner i renter frå lån til Alminneleg garantiordning. På grunn av endring i anslag på opptrekk av lån blei anslaget på renter auka med 31 mill. kroner til 126 mill. kroner gjennom handsaminga av Innst. 450 S og Prop. 115 S (2021–2022). Nytt anslag på renter er 113 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 13 mill. kroner, frå 126 til 113 mill. kroner.

Post 81 (ny) Renter frå Norwegian Air Shuttle ASA

Den norske stat deltar i eit evigvarande konvertibelt ansvarleg lån på om lag 1 231,6 mill. kroner (hybridlån) og eit rentefritt obligasjonslån på om lag 2 428 mill. kroner, med forfall i 2025 (50 pst.) og 2026 (50 pst.), til Norwegian Air Shuttle ASA (NAS). Det er halvårleg rentebetaling (1. juni og 1. desember) på hybridlånet, men NAS kan velgje å akkumulere påkomne renter på hovudstol framfor å utbetale renter til långjevarane. Rentene som skal betalast på hybridlånet om seks månader, blir fastsett forskotsvis basert på seks månaders marknadsrente pluss ein fastsett margin. I juni fekk staten 22,1 mill. kroner i renteinntekter. Renteanslaget for desember er på 31,5 mill. kroner, men beløpet avheng av om NAS vel å akkumulere påkomne renter på hovudstol. Til saman er renteinntektene for 2022 anslått til 53,6 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 53,6 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 82 Låneordning for pakkereisearrangørar – renter

Ein viser til omtale av låneordninga for pakkereisearrangørar under kap. 5325, post 92. Mellom anna som følgje av ekstraordinære avdrag på lån og ekstraordinære innfriingar av lån er det anslått at renteinnbetalingar under ordninga for 2022 vil auke til om lag 4,4 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 2,4 til 4,4 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting

Post 85 Utbyte

Ved handsaminga av Prop. 115 S og Innst. 450 S (2021–2022) blei løyvinga satt til 33 519,7 mill. kroner. Nye tal viser at utbyte frå selskapa vil bli 1 962,7 mill. kroner høgare. Utbyte frå Norsk Hydro AS, Yara International ASA og Baneservice AS blei høvesvis 1 027,8, 922,4 og 12,6 mill. kroner høgare. I tillegg er det enkelte andre mindre justeringar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 962,7 mill. kroner, frå 33 519,7 til 35 482,4 mill. kroner.

Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA

Post 85 Utbyte

Equinor ASA har utbetalt til saman 20 210,2 mill. kroner i utbyte til Nærings- og fiskeridepartementet for tredje og fjerde kvartal 2021 og første kvartal 2022. Styret i Equinor har for andre kvartal 2022 vedteke eit utbyte på 0,7 USD per aksje som kjem til utbetaling i år.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7 966,5 mill. kroner, frå 26 700 til 34 666,5 mill. kroner.

Til forsida