2 Endringar i statsbudsjettet 2023
Kap. 1800 Olje- og energidepartementet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,234 mill. kroner, til om lag 39 mill. kroner. Auken blir motsvart av ein tilsvarande reduksjon under kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 73 Klima, miljøtiltak og hav mv. under Utanriksdepartementet. Rammeoverføringa har samanheng med ein reduksjon av Olje- og energidepartements del av utgiftene i 2023 til sekretariatet for Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet) for å gjennomføre handlingsplanen for omstilling til ein berekraftig havøkonomi. Reduksjonen blir tilbakeført til Olje- og energidepartementets budsjett.
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner, til 9,9 mill. kroner. Auken har samanheng med endra valutakursar.
Kap. 1810 Oljedirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 67 000 kroner, til om lag 191,9 mill. kroner, knytt til rammeoverføring til Nærings- og fiskeridepartementet i samband med Radarsat-avtalen med Canada, jf. nærmare omtale under kap. 922 Romverksemd, post 71 Internasjonal romverksemd under Nærings- og fiskeridepartementet.
Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast
Posten dekker utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvning for utviklingsland (Olje for utvikling). Vidare dekker posten utgifter til samarbeidsprogramma «Diskos» og «Force» innan dataforvaltning og utvinningsteknologi.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,3 mill. kroner, til 75,7 mill. kroner. Auken har samanheng med utsett lansering av Diskos 2.0, som har medført auka kostnader og høgare utgifter til Olje for utvikling-programmet. Det blir foreslått ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.
Kap. 1812 Petroleumstilsynet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga dekker mellom anna utgifter til samarbeidsavtalen med Norad om rådgiving og oppdrag for utviklingsland.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,855 mill. kroner, til 40 mill. kroner. Auken har samanheng med høgare aktivitet hos fleire av mottakarlanda. Det blir foreslått ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4812, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.
Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Post 01 Driftsutgifter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 7 mill. kroner, til 766,5 mill. kroner. Auken har samanheng med meirutgifter som følge av oppfølging i samband med og i etterkant av ekstremvêret «Hans». Meirutgiftene omfattar større arbeidsbelastning, meir reising, overtid, utvida vaktordningar og meir konsulentbistand i 2023.
Post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan overførast
Løyvinga omfattar NVEs bistand til kommunar eller andre til krise- og hastetiltak for å sikre eksisterande busetnad. Tiltaka blir gjennomførte i regi av NVE eller ved at kommunar eller andre søker NVE om tilskot for gjennomføring av tiltak i eigen regi. Løyvinga dekker utgifter til krisetiltak som er nødvendige for å hindre overhengande fare rett før, under og rett etter flaum- eller skredhendingar. Vidare dekker posten utgifter til hastetiltak, som er tiltak som må gjennomførast raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling, men der det er tid til forenkla planlegging og saksbehandling.
NVE forventar eit auka budsjettbehov på om lag 30 mill. kroner til sluttføring av sikringstiltaka etter kvikkleireskredet på Ask i Gjerdrum. Det auka budsjettbehovet i 2023 blir dekt innanfor gjeldande løyving under posten. Samla utgifter til sikringstiltak etter kvikkleireskredet i Gjerdrum blir anslått til totalt 200 mill. kroner som opphavleg berekna.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 50 mill. kroner, til 155 mill. kroner. Auken har samanheng med oppfølging i samband med og etter ekstremvêret «Hans». Oppfølginga i 2023 omfattar mellom anna bistand og konsulentutgifter til flaum- og skredfaglege vurderingar, synfaringar i område som er ramma, møte med aktuelle kommunar, skanning og botnkartlegging i fleire av vassdraga som blei ramma, oppdatering og utarbeiding av nye faresonekart og oppstart av krise- og hastetiltak.
Vidare blir det foreslått å auke bestillingsfullmakta med 150 mill. kroner, til 200 mill. kroner, slik at NVE kan inngå kontraktar i 2023 knytte til arbeid som kjem til utbetaling i etterfølgande budsjettår. Tilskot til kommunar for utføring av krise- og hastetiltak blir også dekte under posten. Det er behov for å gi tilsegn til kommunar som søker om midlar til gjennomføring av krise- og hastetiltak i eigen regi, der midlane vil bli utbetalte i etterfølgande budsjettår.
I tillegg blir det foreslått at posten blir tilføydd stikkordet «kan overførast» som følge av usikkerheit knytt til tidspunkt for utbetaling.
Post 75 Stønad til hushaldningar for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving
Det er løyvd 18 mrd. kroner til straumstønadsordninga for hushaldningar og burettslag i 2023. Løyvinga i 2023 dekker straumforbruk frå desember 2022 til og med november 2023. Gjeldande løyving er basert på berekningar med prisar per medio mars 2023. Frå og med forbruk i september 2023 er berekninga av straumstønaden endra frå å basere seg på gjennomsnittleg spotpris gjennom månaden til å basere seg på spotprisen time for time i det prisområdet hushaldninga høyrer til, jf. omtale i Prop. 118 S (2022–2023).
Med utgangspunkt i gjennomførte utbetalingar så langt i 2023 og prisar per medio oktober 2023 er løyvingsbehovet for ordninga anslått til 15,4 mrd. kroner i 2023. Anslaget er usikkert. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,6 mrd. kroner.
Kap. 4810 Oljedirektoratet
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,3 mill. kroner, til 75,7 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Kap. 4812 Petroleumstilsynet
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,855 mill. kroner, til om lag 15,4 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1812, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Post 01 Gebyrinntekter
I revidert budsjett 2023 blei 32,4 mill. kroner flytta frå denne posten til kap. 5582, post 72 Sektoravgifter under Noregs vassdrags- og energidirektorat med bakgrunn i forslag om omlegging frå gebyr- til sektoravgiftsfinansiering av enkelte tilsynsordningar under NVE som i dag blir budsjetterte som gebyrinntekter, jf. Prop. 118 S (2022–2023). Det blir foreslått å reversere endringa, jf. omtale under kap. 5582, post 72.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 32,4 mill. kroner, til 42 mill. kroner.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet
Post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag
Sektoravgifta for kulturminnevern i regulerte vassdrag dekker utgifter til arkeologiske undersøkingar i vassdrag. Det er konsesjonar gitt før 1960 der det ikkje blei gjort arkeologiske undersøkingar ved utbygginga, som er omfatta av ordninga når konsesjonen skal fornyast eller vilkåra reviderast. Konsesjonæren betaler eit beløp basert på omfanget av produksjonen i reguleringsmagasinet.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner, til 0,2 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med at sektoravgifter frå revidert konsesjon for regulering av vassdraga Hjartdøla og Mjøsundvatn ikkje blir innbetalte i 2023 som føresett tidlegare.
Post 72 Sektoravgifter under Noregs vassdrags- og energidirektorat
I revidert budsjett 2023 blei 32,4 mill. kroner flytta frå kap. 4820, post 01 Gebyrinntekter til denne posten med bakgrunn i forslag om omlegging frå gebyr- til sektoravgiftsfinansiering av enkelte tilsynsordningar under NVE som i dag blir budsjetterte som gebyrinntekter, jf. Prop. 118 S (2022–2023). Vidare blei løyvinga auka med 9,6 mill. kroner i auka sektoravgifter. Endringane blei fremma med bakgrunn i forslaget i lovproposisjonen Prop. 37 L (2022–2023) og ei føresett endring i relevant forskrift, slik at tilsynsordningane skulle kunne budsjetterast og innkrevjast som sektoravgift i 2023. Proposisjonen er behandla av Stortinget i 2023, jf. Innst. 216 L (2022–2023), og lovendringane tredde i kraft 1. juli 2023. Ny forskrift om sektoravgift for dekning av kostnader til NVEs tilsyns- og kontrollarbeid vil først vere på plass og tre i kraft med verknad frå 1.1.2024. Det blir derfor foreslått å reversere endringane i 2023. Endringa er innarbeidd i forslaget til budsjett for 2024.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 42 mill. kroner, til 72 mill. kroner.
Post 75 Sektoravgifter under Petroleumstilsynet
Det blir foreslått å auke løyvinga med 7 mill. kroner, til om lag 139,3 mill. kroner. Auken har i hovudsak samanheng med at det ved avstemming av grunnlag for innbetalte sektoravgifter i 2022 blei identifisert postar som ikkje blei utfakturerte i fjor, og som har blitt etterfakturerte og innbetalte i 2023.