2 Omtale av forslag til utgiftsendringar
Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Prosjekt knytt til kompetansebehov i framtida
Nærings- og fiskeridepartementet skal delta i eit samarbeid med Kunnskapsdepartementet om forsking knytt til kompetansebehova i framtida. Ansvaret for prosjektet er gitt til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse under Kunnskapsdepartementet. For å dekke kostnader knytt til prosjektet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å overføre 300 000 kroner ekskl. mva. i 2021 til Kunnskapsdepartementet sitt kap. 201, post 21.
Prosess21
Nærings- og fiskeridepartementet har lagt ansvaret for sekretariat for Prosess21 til Noregs forskingsråd. Forskingsrådet har motteke 1,25 mill. kroner for å dekke arbeid knytt til sekretariatsfunksjonen i første halvår 2021. Nærings- og fiskeridepartementet har avgjort å vidareføre arbeidet til Prosess21 ut 2021, og i samband med dette er det avsett meir midlar til sekretariatsfunksjonen.
Desse midla har mellom anna dekt sekretariatet sitt arbeid knytt til å systematisere råd og tilrådingar frå dei ulike ekspertgrupperapportane. Midla skal òg bidra til at Prosess21 ferdigstiller ein rapport på digitalisering av prosessindustri, at sekretariatet kan gi gode innspel knytt til arbeid på batteriområdet og kommunikasjon og dialog med industrien.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å overføre 1,8 mill. kroner ekskl. mva i 2021 til Forskingsrådet over Kunnskapsdepartementet sitt kap. 285, post 55.
Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner.
Post 25 Forvalting og utvikling av kompensasjonsordning mv.
I Prop. 195 S (2020–2021) blei det anslått at utgifter for Brønnøysundregistera til utvikling, drift og forvalting av løysingar for den generelle kompensasjonsordninga ville vere 10 mill. kroner per utbetalingsperiode. Ei forlenging til og med oktober blei anslått å medføre totale kostnader i 2021 på 70 mill. kroner. Ordninga er forlenga for perioden september-oktober 2021. I tillegg er det gjort fleire endringar i ordninga. Samanlikna med anslaget i Prop. 195 S (2020–2021) har kostnadene auka, mellom anna knytt til drift og utvikling av løysinga.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner, frå 70 til 80 mill. kroner.
Post 80 Kompensasjonsordning for utgifter til innreisekarantene ved bruk av utanlandsk arbeidskraft
Utbetalingar frå ordninga hittil, i tillegg til færre i karantene som følge av endra reiserestriksjonar, tilseier at løyvinga kan reduserast.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 420 mill. kroner, frå 920 til 500 mill. kroner.
Post 82 Mellombels støtteordning for publikumsopne arrangement
Innovasjon Noreg har i 2021 i oppdrag å forvalte ei støtteordning på totalt 740 mill. kroner for store, opne arrangement. Innovasjon Noreg antar at 300 mill. kroner vil vere tilstrekkeleg for aktuelle søknader i 2021, inkludert gjennomføringskostnader for selskapet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 440 mill. kroner, frå 740 til 300 mill. kroner. For å sikre dekning for enkelte oppfølgingskostnader og gjenståande utbetalingar til kundar som kan kome i 2022, gjer departementet også framlegg om at restløyvinga på posten i 2021 kan overførast til 2022 ved tilføying av stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.
Post 85 Mellombels kompensasjonsordning for verksemder med stort fall i omsetning som følge av koronapandemien, omlagløyving
I samband med Stortingets handsaming av revidert nasjonalbudsjett 2021, jf. Innst. 600 S og Prop. 195 S (2020–2021), blei løyvinga som skal dekke tilskot til og med oktober 2021, redusert frå 10,055 til 9 mrd. kroner. Utviklinga i utbetalingar frå ordninga sidan mai 2021 tilseier at løyvinga kan bli redusert ytterlegare. Departementet sitt estimat er at samla tilskot vil utgjere om lag 8 mrd. kroner i 2021.
På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mrd. kroner, frå 9 til 8 mrd. kroner.
Post 90 Hybridlån til Norwegian Air Shuttle ASA
For å sørge for eit tilstrekkeleg flytilbod gjennom koronapandemien vedtok Stortinget fleire tiltak direkte retta mot flyverksemdene. Dette har inkludert flyrutekjøp, garantiordning og avgiftslettar. Garantiordning for luftfart blei etablert gjennom handsaminga av Prop. 57 S og Innst. 200 S (2019–2020) med ei garantiramme på 6 mrd. kroner. Det blei samstundes gitt ei løyving til tapsavsetjing på 6 mrd. kroner for ordninga. Ordninga blir forvalta av Eksportfinansiering Noreg (Eksfin), dåverande Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK). Det blei gitt særskilde garantirammer for selskapa Norwegian Air Shuttle (Norwegian) med 3 mrd. kroner og SAS AB med 1,5 mrd. kroner. Resterande verksemder medrekna Widerøe AS fekk dermed tilgang til 1,5 mrd. kroner.
Enkelte vilkår i ordninga er seinare justert, og Stortinget har mellom anna gitt tilsegn om at flyverksemdene kunne trekke på garantiordninga fram til og med 30. juni 2021. Maksimal løpetid er tre år frå utbetaling av det garanterte lånet. Ordninga inneber statsstøtte og er notifisert og godkjend av EFTA sitt overvakingsorgan ESA.
Ved utgangen av trekkperioden for garantiordninga hadde fire verksemder nytta seg av ordninga. Norwegian og SAS hadde nytta sine maksimale rammer, mens Widerøe AS og Airwing AS hadde trekt høvesvis 450 og 10 mill. kroner. Samla var derfor om lag 1 040 mrd. kroner av garantiramma under ordninga unytta ved utgangen av juni 2021.
Det gjekk fram av Prop. 195 S (2020–2021) at regjeringa på egna tidspunkt ville kome tilbake og orientere Stortinget om tapsavsetninga for garantiordninga som følge av handsaminga av rekonstruksjonen i Norwegian. Det blei gjennomført ein rekonstruksjon i første halvår 2021. Eksfin hadde eit krav på totalt 2 989 mill. kroner ovanfor selskapet i samband med garantiordninga.
I rekonstruksjonen blei det lagt til grunn at usikra kreditorar måtte ta eit tap på om lag 95 pst. av sine krav ovanfor verksemda. Det blei imidlertid etablert ein struktur kor kreditorar som bidrog med ny kapital ovanfor Norwegian, fekk vidareført ein del av sitt opphavelege krav, tilsvarande inntil to gonger verdien av sine respektive nye kapitalbidrag. Som del av rekapitalisering av verksemda etablerte Norwegian mellom anna eit nytt hybridlån (evigvarande ansvarleg og konvertibelt lån), kor staten deltok med 1 214 mill. kroner. Staten si deltaking i hybridlånet førte til at 2 428 mill. kroner av det opphavelege kravet blei ført vidare i eit nytt rente- og avdragsfritt obligasjonslån. Eksfin har seinare fått gjenvunne 69,3 mill. kroner av tapet. Dette er som følge av ein motrekningsrett som långjevarane hadde ovanfor Norwegian, og som i samsvar med garantiavtalen skal delast med Eksfin. Beløpet inkluderer òg 5 pst. dividende frå Norwegian på kravet som ikkje blei vidareført. I tillegg har Eksfin, som følge av avtale med DNB/Norwegian, eit restkrav på 67 mill. kroner ovanfor Norwegian, med avtala betaling fram i tid. Differansen mellom statsgarantien som er løyst ut, staten sin andel i obligasjonslånet, innbetalt gjenvinning og restkravet, utgjer eit tap for staten. Det konstaterte tapet for staten utgjer 491,7 mill. kroner. Dersom uteståande restkrav på 67 mill. kroner blir innbetalt i samsvar med avtalen, vil det redusere det konstaterte tapet.
Regjeringa viser til at det samla framleis er stort omfang på uteståande ovanfor luftfarten, og at det er ein nær samanheng mellom hybrid- og obligasjonslånet og garantiordninga for luftfart. Regjeringa foreslår at tapsavsetninga for garantiordninga òg kan nyttast til å dekke tapsrisiko knytt til låna til Norwegian.
Gjennom handsaminga av Prop. 79 S og Innst. 233 S (2020–2021) gav Stortinget ei løyving på 1 500 mill. kroner til hybridlån til Norwegian. Som det går fram over, resulterte rekonstruksjonen i at staten sin andel av hybridlånet blei på 1 214 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 286 mill. kroner, frå 1 500 til 1 214 mill. kroner.
Post 91 Obligasjonslån til Norwegian Air Shuttle ASA
Ein viser til omtale under kap. 900, post 90. Gjennom handsaminga av Prop. 79 S og Innst. 233 S (2020–2021) gav Stortinget ei løyving på 3 000 mill. kroner til obligasjonslån til Norwegian. Som det går fram av omtalen over, resulterte rekonstruksjonen i at obligasjonslånet utgjorde 2 428 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 572 mill. kroner, frå 3 000 til 2 428 mill. kroner.
Kap. 902 Justervesenet
Post 01 Driftsutgifter
Situasjonen med koronapandemien har medført lågare reiseutgifter for Justervesenet. Dei reduserte utgiftene motsvarar ikkje fullt ut dei reduserte inntektene frå gebyr og sal av tenester, då Justervesenet i perioden har hatt utgifter sjølv om dei ikkje kunne gjere inntektsgjevande oppgåver som tilsyn. Dette gjeld mellom anna utgifter til løn og til faste kostnader.
På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 124,6 til 123,1 mill. kroner.
Kap. 903 Norsk akkreditering
Post 01 Driftsutgifter
Norsk akkreditering sine utgifter og inntekter er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn i Saldert budsjett. Koronapandemien har ført til færre oppdrag for å bedømme verksemder og færre reiser, noko som gjer lågare utgifter. Det har òg gitt mindre aktivitet blant eksisterande og potensielle brukarar av akkreditering, som har gitt reduserte gebyrinntekter.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 11 mill. kroner, frå 54,7 til 43,7 mill. kroner mot å nedjustere inntektene på kap. 3903, post 01 tilsvarande.
Kap. 904 Brønnøysundregistra
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Det er nytta færre ressursar enn anslått i 2021-budsjettet. Brønnøysundregistra har hatt ansvaret for den tekniske løysinga og forvaltinga av kompensasjonsordninga for næringslivet og kompensasjonsordninga for utgifter til innreisekarantene ved bruk av utanlandsk arbeidskraft. Dette har medført omdisponering av ressursar til å utvikle desse ordningane.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 47 mill. kroner, frå 140 til 93 mill. kroner.
Kap. 906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard
Post 30 Sikrings- og miljøtiltak, kan overførast
Det har vore viktig for Direktoratet for mineralforvalting å dokumentere effekten av gjennomførte miljøtiltak før nye tiltak blir detaljert planlagt og gjennomført. I tillegg har koronapandemien ført til at førebuing og gjennomføring av enkelte tiltak har blitt forseinka. Samla sett vil dette gi eit mindre forbruk på om lag 3,5 mill. kroner i 2021.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner, frå 8,7 til 5,2 mill. kroner.
Post 31 Miljøtiltak Løkken, kan overførast
Enkelte tiltak har teke lengre tid å gjennomføre enn planlagt. Det vurderast òg som føremålstenleg å sikre at effekten av tiltak er tilstrekkeleg dokumentert før nye tiltak blir gjennomført.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner, frå 9,3 til 4,8 mill. kroner.
Kap. 908 Institutt for energiteknikk
Post 72 Lån til flytting av laboratorium og infrastruktur
Staten har tilbydd Institutt for energiteknikk (IFE) eit lån på inntil 40 mill. kroner for å finansiere kostnader i 2021 knytt til flytting av laboratorium og IKT-infrastruktur ut av området som skal overførast til Norsk nukleær dekommisjonering. IFE ønsker å sjå alle avtalar i samband med overføringa av anlegg i samanheng, og det vil derfor ikkje bli inngått nokon låneavtale i 2021.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 40 mill. kroner, frå 40 mill. kroner til 0.
Kap. 909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk
Post 73 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk
Berekningane for budsjettering av ordninga bygger på faktiske utbetalingar og antal sjøfolk for dei fem føregåande terminane og historiske utbetalingar. Antal sjøfolk i tilskotsmodellene for passasjerskip i utanriksfart i NOR og skip i NOR som betener strekninga Bergen–Kirkenes har i løpet av 2021 vore lågare enn det som blei lagt til grunn i Prop. 195 S (2020–2021). For 4. termin er det forventa ei generell auka aktivitet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 56 mill. kroner, frå 2 666 til 2 610 mill. kroner.
Kap. 910 Sjøfartsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
I februar 2021 blei det oppretta ei ny ordning for bedrifter som opnar for å hente inn arbeidskraft frå utlandet. Sjøfartsdirektoratet fekk ansvaret for å administrere ordninga. Det blei gitt ei tilleggsløyving på 5,8 mill. kroner til administrasjon av ordninga, jf. Innst. 600 S og Prop. 195 S (2020–2021). Utgiftene skal dekke konsulentbistand i samband med implementering av den tekniske løysinga og lønsutgifter til handsaming av søknader. Sjøfartsdirektoratet har berekna at forvalting av innreiseordna totalt vil koste om lag 12 mill. kroner i 2021.
I 2021 har Sjøfartsdirektoratet sin drift i stor grad vore normal til tross av koronasituasjonen. Direktoratet har hatt høg turnover og dermed lågare lønsutgifter, reiseutgifter og utgifter til opplæring enn tidlegare. Dette betyr at Sjøfartsdirektoratet kan dekke meirutgifta på om lag 6,2 mill. kroner til innreiseordninga innafor si eiga ramme.
Med bakgrunn i auka inntekter under kap. 3910, post 03 gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke i løyvinga med 3,55 mill. kroner frå 453,6 til 457,1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3910, post 03.
Kap. 917 Fiskeridirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Fordi reglane for bokføring av refusjonar er endra frå bruttoføring til nettoføring blir inntektene og utgiftene til Fiskeridirektoratet reduserte med om lag 5 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2021.
Fiskeridirektoratets driftsløyving blei i 2021 auka med 32 mill. kroner for å styrkje fiskerikontrollen, finansiert gjennom ei kontrollavgift for fiskeflåten. Direktoratet er godt i gang med å bygge ny kapasitet, men det tar tid før ein får full kostnad av nye årsverk. Ein stor del av midla er òg planlagt nytta til langsiktige utviklingsprosjekt der delar av utgiftene vil kome i 2022 og seinare. Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering i løyvingsreglementet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 24 mill. kroner i 2021. Departementet vil gjere framlegg om å løyve midla på nytt på eit seinare tidspunkt.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med totalt 29 mill. kroner, frå 476,2 til 447,2 mill. kroner.
Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast
Ein viser til nærare omtale under kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet, post 74 Fiskeriforskingsavgift om å redusere anslaget på innbetalt avgift i 2021. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 6,1 mill. kroner, frå 125,1 til 119 mill. kroner, mot at kap. 5574, post 74 blir redusert tilsvarande.
Kap. 919 Ymse fiskeriføremål
Post 74 Erstatningar, kan overførast
Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 1,9 til 0,9 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til fiskeriforsking, kan overførast
Ein viser til nærare omtale under kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet, post 74 Fiskeriforskingsavgift om å redusere anslaget på innbetalt avgift i 2021. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 340 000 kroner, frå 6,9 til 6,6 mill. kroner, mot at kap. 5574, post 74 blir redusert tilsvarande.
Kap. 922 Romverksemd
Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)
Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til ein lågare valutakurs enn den som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2021. Nivået på ESA sitt budsjett blir fastsett på ESA sine ministerrådsmøter. Kvart land betaler ein del basert på storleiken på nettonasjonalinntekta. Den norske kontingenten for 2018–2020 blei satt til 2,72 pst. av ESA sitt budsjett. For perioden 2021–2023 er Noreg sin del redusert til 2,33 pst. av ESA sitt budsjett.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å samla redusere løyvinga med 42 mill. kroner, frå 262 til 220 mill. kroner.
Post 71 Internasjonal romverksemd
Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og EASP-avtalen til lågare valutakurs enn den som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2021.
Storleiken på Noregs årlege innbetalingar følger framdrifta i programma, men Noreg har lagt inn forbehald om at dei årlege utbetalingane frå og med 2020 ikkje skal overstige 45 mill. euro i 2020-prisnivå. Justert til 2021-nivå tilsvarar dette om lag 46,36 mill. euro for 2021, og tilseier eit høgare løyvingsbehov enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2021.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner, frå 510,2 til 512,5 mill. kroner.
Post 73 EU sine romprogram
Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 195 S (2020–2021) blei løyvinga redusert med 20,3 mill. kroner som følge av oppdaterte anslag frå EFTA og for å kompensere for lågare eurokurs. Oppdaterte utbetalingskrav frå EU og lågare eurokurs tilseier eit lågare løyvingsbehov enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2021.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 160,2 mill. kroner, frå 573,7 til 413,5 mill. kroner.
Kap. 923 Havforskingsinstituttet
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
På grunn av koronapandemien er den oppdragsfinansierte aktiviteten til Havforskingsinstituttet i 2021 lågare enn det som er lagt til grunn i Saldert budsjett 2021. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 40 mill. kroner til, frå 427,4 til 387,4 mill. kroner, og at løyvinga på kap. 3923, post 01 blir redusert tilsvarande.
Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast
Som ein følge av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga blir redusert med 10,5 mill. kroner, frå 214,9 til 204,4 mill. kroner. Det visast til omtale under kap. 5574, post 74.
Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
Post 70 Tilskot
Det har vore mykje uvisse om storleiken på Noreg sitt bidrag til EU-programma som blir finansiert over denne posten. Eit revidert budsjettanslag motteke frå EU i november tilseier eit løyvingsbehov for 2021 på 22,4 mill. kroner. Reduksjonen er i all hovudsak knytt til delprogrammet COSME som er retta mot små og mellomstore verksemder og entreprenørar.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,4 mill. kroner, frå 24,8 til 22,4 mill. kroner.
Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I Saldert budsjett 2021 er det løyvd 22,7 mill. kroner til å dekke utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal òg dekke konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Dei samla utgiftene for 2021 er anslått til om lag 40,7 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 17,9 mill. kroner, frå 22,7 til 40,6 mill. kroner.
Post 54 Risikokapital, Investinor AS
Ordninga med pre-såkornfond blei overført frå Innovasjon Noreg til Investinor i 2020, og det blei oppretta eit nytt mandat for fonds- og matchinginvesteringar i Investinor. Stortinget vedtok i 2020 at det ikkje skulle opprettast nye fond under den opphavelege pre-såkornordninga, og at det nye mandatet i Investinor mellom anna kunne ivareta føremålet med ordninga med pre-såkornfond framover. Det blei lagt til grunn at tilbakebetalte utlån frå pre-såkornfond kan nyttes som inndekking for løyvingar til risikokapital til det nye mandatet i Investinor. Nærare omtale er gitt i Prop. 1 S (2019–2020) under «Saker i tilknytning til enkeltselskaper» og under kap. 950, post 54 om Investinors mandat for forvalting av fonds- og matchinginvesteringar. Ein viser òg til framlegg om tilbakeføring av 20,5 mill. kroner frå pre-såkornordninga under kap. 3950, post 55.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til risikokapital i Investinor med 20,5 mill. kroner frå 120 til 140,5 mill. kroner i 2021. Dette vil auke Investinor sin investeringskapasitet under mandatet. Ein viser òg til omtale under post 91 der det blir gjort framlegg om å auke løyvinga til kapitalinnskot til mandatet med 38 mill. kroner i 2021. Mandatet blir med dette tilført totalt 200,5 mill. kroner i 2021, inkludert 142 mill. kroner som er tilført i ordinært budsjett.
Post 55 (ny) Tapsfond såkornkapital, Investinor AS
Sidan 1997 har det blitt oppretta fleire såkornfond med støtte frå staten, gjennom fleire bølger med fond med ulik innretning. I dei to første bølgene med fond er det dei private investorane som eig fonda, mens staten tilførte fonda kapital gjennom ansvarlege lån. I fond oppretta etter 2012 deltar staten som eigar i fonda. Under handsaminga av statsbudsjettet for 2005 blei det gjort vedtak om å opprette nye landsdekkande såkornfond lokalisert i dei tre universitetsbyane Oslo, Bergen og Trondheim, jf. St.prp. nr. 1 (2004–2005) Nærings- og handelsdepartementet, Budsjett-innst. S. nr. 6 og Budsjett-innst. S. nr. 8 (2004–2005). Under kap. 2421 blei det løyva 500 mill. kroner i lånekapital på post 91 og 125 mill. kroner til å dekke tap knytt til utlåna under post 51. I berekninga av tapsfondet blei det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tap på 25 pst. av lånekapitalen. Lån til desse fonda blei opphavleg gitt gjennom Innovasjon Noreg, men det er i dag Investinor som følger opp fonda på vegne av staten.
I oktober 2021 blei såkornfondet Proventure Seed AS i Trondheim avvikla. Fondet har totalt tapt 45,4 mill. kroner knytt til lånet frå staten utover det som blir dekt av tapsfondet. Tapet fordelar seg med om lag 8,8 mill. kroner av hovudstolen og 36,7 mill. kroner i tapte renteinntekter.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 45,4 mill. kroner, for å dekke tap utover tapsfondet i samband med avviklinga av Proventure Seed AS.
Post 91 Kapitalinnskot, Investinor AS
Ein viser til omtale under post 54. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til mandatet for fonds- og matchinginvesteringar med 38 mill. kroner, frå 92 til 130 mill. kroner. Mandatet blir med dette tilført totalt 200,5 mill. kroner i 2021.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 38 mill. kroner, frå totalt 222 til totalt 260 mill. kroner.
Post 92 Lån til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS
I samband med Stortinget si handsaming av Innst. 600 S og Prop. 195 S (2020–2021) blei det vedteke løyvingar på 524 mill. kroner i lån og 366 mill. kroner i eigenkapital til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) for å finansiere kjøpet av Hurtigruten Svalbard sine bygningar og bygginga av nye lokale til Svalbard folkehøgskule.
Kjøpet av Hurtigruten sine bygningar har ei total investeringsramme på 690 mill. kroner. Av dette er 105 mill. kroner avhengig av at Hurtigruten oppnår bestemte vekst- og omsetningsmål for hotelldrifta. Oppteningsperioden for vekst- og omsetningsmåla strekker seg til årsslutt 2025, og det er avtalefesta at eit eventuelt tilleggsbeløp skal bli utbetalt i første kvartal 2026. Av den totale investeringsramma er 40 pst. (276 mill. kroner) finansiert med eigenkapital og 60 pst. (414 mill. kroner) med lån.
Bygginga av nye lokale til Svalbard folkehøgskule har ein investeringsramme på 200 mill. kroner. Av dette er 90 mill. kroner finansiert med eigenkapital og 110 mill. kroner med lån.
På generalforsamlinga i SNSK i juni 2021 blei det gjennomført ein emisjon på totalt 318,2 mill. kroner. Av den totale eigenkapitalløyvinga for 2021 står det att 47,8 mill. kroner. Dette beløpet er ein del av eigenkapitalfinansieringa av kjøpet av Hurtigruten sine bygningar. Kor mykje av desse midla som eventuelt vil kome til utbetaling, vil avhenge av kva for vekst- og omsetningsmål som blir nådd for hotelldrifta i oppteningsperioden til og med 2025.
I juni 2021 fekk SNSK utbetalt 342 mill. kroner av løyvinga til lån som i sin heilskap blei nytta for å delfinansiere kjøpet av Hurtigruten sin bygningsmasse. Av den totale løyvinga står det att 182 mill. kroner. 72 mill. kroner er unytta lånemiddel til finansiering av kjøpet av Hurtigruten sine bygningar. Kor mykje av desse midla som eventuelt vil kome til utbetaling, vil avhenge av kva for vekst- og omsetningsmål som blir oppnådd for hotelldrifta i oppteningsperioden til og med 2025. Resterande 110 mill. kroner er unytta lånemiddel for bygging av nye lokale til Svalbard folkehøgskule. Årsaka til at dette lånet ikkje er utbetalt, er at prosjektet er forseinka. Lånet vil bli strukturert som eit byggelån, og det er framleis noko usikkert korleis endeleg utbetalingsplan vil bli ettersom dette vil avhenge av framdrifta i byggeprosessen. Ein forventar at delar av lånet vil bli utbetalt tidleg i 2022. Midla som fram til no ikkje har vore nytta, er framtidige forpliktingar som løpande må kunne bli stilt til disposisjon for selskapet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 72 mill. kroner, frå 524 til 452 mill. kroner. I tillegg gjer departementet framlegg om at løyvinga blir gjort overførbar med tilføying av stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II, slik at heile eller delar av dei resterande midla knytt til bygging av lokale til Svalbard folkehøgskule kan bli utbetalt tidleg i 2022. Departemenetet gjer òg framlegg om fullmakt til å gi tilsegn om tilførsel av eigenkapital og lån som kjem til utbetaling i seinare år, jf. forslag til vedtak III.
Post 95 Egenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS
Ein viser til omtale under kap. 950, post 92. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 47,8 mill. kroner, frå 366 til 318,2 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om fullmakt til å gi tilsegn om tilførsel av eigenkapital og lån som kjem til utbetaling i seinare år, jf. forslag til vedtak III.
Kap. 2421 Innovasjon Noreg
Post 50 Innovasjon – prosjekt, fond
Tapsfond
Avsetninga til tapsfond vil ikkje bli fullt ut nytta i 2021, da etterspurnaden etter innovasjonslån er noko låg. I 2022 planlegg Innovasjon Noreg fleire satsingar som vil krevje robuste rammer for tapsfond. Mellom anna skal låneverkemidlar utviklast til å støtte opp under ei auka satsing på vekst. For å få full nytte av europeiske kapitalverkemidlar gjennom InvestEU er det og avgjerande med gode rammer. Nærings- og fiskeridepartementet legg derfor opp til at resterande midlar som er avsett til tapsfond i 2021, kan overførast til 2022.
Omstilling av reiselivs-, event- og servicenæringane
Innovasjon Noreg fekk i 2021 ei ekstra løyving på 1 mrd. kroner til ein tredje utlysingsrunde under denne ordninga. Selskapet melder at midlane ikkje vil bli nytta fullt ut innan utgangen av året. Dei tre rundane ser ut til å ha vore tilstrekkeleg for å nå dei omstillingsprosjekta som er aktuelle å sette i gang for verksemder i reiselivs-, event- og serveringsnæringane. Dette blir underbygga av at ramma ikkje blei brukt opp.
Reiselivet har under pandemien motteke betydelege midlar over fleire nasjonale ordningar, og særleg omstillingsordninga har vore viktig for reiselivet. I tillegg blei det tildelt kommunale midlar til kommunar kor særleg reiselivet framleis er hardt ramma, mellom anna i Nord-Noreg som er særleg avhengig av internasjonale turistar.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 150 mill. kroner, frå 2 802,5 til 2 652,5 mill. kroner. Det som står att av ekstraløyvinga, skal vere tilstrekkeleg til å dekke Innovasjon Noreg sine gjennomføringskostnader.
Post 70 Basiskostnader
I Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) er det gjort framlegg om å realisere ein effektiviseringsgevinst på 25 mill. kroner på Innovasjon Noreg i 2022 som følge av ein rekke tiltak i oppfølginga av områdegjennomgangen av det næringsretta verkemiddelapparatet. Regjeringa har eit mål om å realisere 100 mill. kroner gjennom ulike tiltak innan utgangen av 2024. Dette er ein reduksjon frå regjeringa Solberg sitt budsjettframlegg, som innebar realisering av ein effektiviseringsgevinst på 75 mill. kroner i 2022 og 150 mill. kroner innan utgangen av 2024. Realisering av effektiviseringsgevinster på 100 mill. kroner vil mellom anna krevje at verksemda gjer ein betydeleg reduksjon i talet på medarbeidarar. Innovasjon Noreg har ikkje eigenkapital til å dekke omstillingskostnader som vil kome til i denne samanhengen, og oppdragsgjevarane er forplikta til å dekke verksemda sine forpliktingar, jf. Lov om Innovasjon Noreg. Avsetting til nedbemanning og omstilling må gjerast i Innovasjon Noreg sitt rekneskap det året avgjerda blir tatt.
Det er usikkert kor store dei endelege omstillingskostnadene blir. Sjølv om effektiviseringskuttet blir fordelt over fleire år, vil det først og fremst vere behov for omstillingskostnader i 2022. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga blir auka med 75 mill. kroner, frå 172,1 til 247,1 mill. kroner. Det blir lagt til grunn at beløpet som blir sett av til omstillingskostnader, blir avgrensa til det som er naudsynt til forpliktingar som følge av effektiviseringstiltak. Departementet vil vurdere dette nærare og legg òg til grunn at verksemda sjølv dekker minst 20 pst. av forpliktingane.
Post 75 Grøn plattform, kan nyttast under post 50, 71, 72 og 76
Det er gitt ei løyving på 187,5 mill. kroner på denne posten for 2021. I tillegg blei midlar frå 2020 ført over til utlysinga i 2021. Utviklingsprosjekt som har fått midlar frå ordninga i 2021, vil ta tid å gjennomføre, og det er uklart når utbetaling for alle prosjekta vil finne stad.
Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering i løyvingsreglementet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 187,5 mill. kroner, til 0. I staden gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt som skal dekkje tilsegn fram til utgangen av 2021 på 368 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV. Regjeringa vil vurdere å kome med framlegg om auka løyving eller tilsegnsfullmakt for 2022 i samband med revidert budsjett i 2022.
Post 79 Tilskot til kondemneringsordning for skip
Innovasjon Noreg fekk i 2021 i oppdrag å forvalte ein tilskotsordning på 146,5 mill. kroner til kondemnering av skip, medrekna offshorefartøy. Det er usikkert kor mykje av løyvinga som vil bli bunden opp i tilsegn i 2021 og kor store utbetalingane vil bli.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at midlar som står att på posten i 2021, kan bli overført til 2022 ved å gi posten stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.
Post 80 Næringstiltak Svalbard
Innovasjon Noreg har i 2021 ei løyving på 2,05 mill. kroner til omstilling og vekst i næringslivet på Svalbard. Grunna koronapandemien er dette arbeidet noko forsinka, og nokre utbetalingar vil først kome i 2022. Det er venta at det meste av utbetalingane i 2021 kan blir dekka av løyving gitt i 2020.
Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering i løyvingsreglementet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med om lag 1,8 mill. kroner, til 0,22 mill. kroner. I staden gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt som skal dekke tilsegn ved utgongen av 2021 på 3,6 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag blir bruttoført, dvs. at beløpa blir utgifts- og inntektsført kvar gong Innovasjon Noreg tar opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa og akkumulert. Løyvinga vil variere meir som følge av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følge av endringar i utlånsvolum. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2021 er basert på realiserte innlån og anslag på innlån for resten av året. Innlåna er anslått å bli høgare enn det som låg til grunn ved Saldert budsjett 2021. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 8,9 mrd. kroner, frå 66,7 til 75,6 mrd. kroner.
Kap. 2429 Eksportkredittordninga
Post 90 Utlån
I samband med Stortinget si handsaming av Saldert budsjett 2021 blei det løyvd 5 mrd. kroner til utlån under statens eksportkredittordning. Nytt anslag for utlån under ordninga er 6,5 mrd. kroner. Det er stor uvisse knytt til tidspunkt for utbetalingar framover.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,5 mrd. kroner, frå 5 til 6,5 mrd. kroner.
Kap. 2460 Eksportfinansiering Noreg
Post 24 Driftsresultat
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at det blir oppretta ein ny underpost 6 under kap. 2460, post 24 for reguleringsfond og ein fullmakt som gjer heimel for bruk av fondet. Departementet gjer framlegg om ein fullmakt på inntil 5 pst. av løyvinga på kap. 2429, post 70, jf. forslag til vedtak VI.
Som følge av opprettinga av Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) er det statlege aksjeselskapet Eksportkreditt Noreg AS (Eksportkreditt) overført til Eksfin frå 1. juli 2021. I samband med dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at immaterielle eigendelar, varige driftsmidlar og netto betalbar gjeld, i hovudsak feriepengar som kjem til utbetaling i 2022, blir overført frå Eksportkreditt Noreg AS til Eksfin.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at underpost 1 Driftsinntekter aukar med -3,4 mill. kroner, frå -211 til -214,4 mill. kroner, at underpost 2 Driftsutgifter, overslagsløyving, aukar med 2,8 mill. kroner frå 211 mill. kroner til 213,8 mill. kroner og at ny underpost 6, Reguleringsfond, blir løyvd med 3,4 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med netto 2,8 mill. kroner.
Kap. 2540 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Det har vore reduserte utbetalingar til arbeidsløyse i samband med havari, sal av fartøy og oppseiingar av mannskap i 2021. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere overslagsløyvinga med 20 mill. kroner, frå 100 til 80 mill. kroner.