2 Forslag om endringar
Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker lønn og godtgjersle til tilsette i departementet og lønns- og driftsutgifter til råd og utval. Vidare skal løyvinga dekke driftsutgifter, i tillegg til investeringar og utviklingstiltak.
EØS-ordninga
Justis- og beredskapsdepartementet er programpartnar i prioriterte mottakarland for EØS-ordninga, og i desse landa blir det etablert vesentlege justis- og innanriksprogram. Kostnadene til departementet blir refunderte gjennom avtalen med Financial Mechanism Office (FMO). Fordi programma har blitt forseinka, kjem refusjonen for 2018 til å bli lågare enn budsjettert. Som ei følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 950 000 kroner, jf. kap. 3400, post 01 Diverse inntekter.
Omdisponering til Hovudredningssentralen
I samband med at ein tilsett i departementet skal omdisponerast mellombels til Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 400, post 01, med 750 000 kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 455, post 01, jf. omtale under kap. 455, post 01.
Omdisponering frå Sivil klareringsmyndigheit
Sivil klareringsmyndigheit held mellombels til i Justis- og beredskapsdepartementet, og departementet dekker administrative kostnader til husleige, straum og andre felleskostnader. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 400, post 01, med 800 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 453, post 01, jf. omtale under kap. 453, post 01.
Rammeoverføring
Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 250 000 kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 200 Kunnskapsdepartementet, post 01 Driftsutgifter. Endringa er knytt til flyttinga av Integreringsavdelinga frå Justis- og beredskapsdepartementet til Kunnskapsdepartementet i 2018.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 400, post 01, med 0,7 mill. kroner
Kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet
Post 01 Diverse inntekter
Løyvinga dekker kantinedrifta som departementet har i Nydalen, og diverse inntekter.
Justis- og beredskapsdepartementet er programpartnar i prioriterte mottakarland for EØS-ordninga, og i desse landa blir det etablert vesentlege justis- og innanriksprogram. Justis- og beredskapsdepartementet vil få refundert kostnadene sine gjennom avtale med Financial Mechanism Office (FMO). Fordi programma har blitt forseinka, kjem refusjonen for 2018 til å bli lågare enn budsjettert. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 950 000 kroner, jf. omtale under kap. 400, post 01 Driftsutgifter.
Kap. 410 Domstolane
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret, t.d. kunngjeringsutgifter, nødvendige utgifter ved tvangsforretningar m.m. under bubehandling og forkynning som er nødvendig etter lova.
Det er venta høgare utgifter til tvangsforretning og sideutgifter knytte til tingrettane og namsmaktene. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstolar, kan overførast
Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene blir førte i eigne saksrekneskapar, og utgifter og inntekter skal balanserast når saka er avslutta, sjølv om dette kan gå over fleire år.
Det har vore ein nedgang i kostnadene knytte til å krevje inn sideutgifter i jordskiftedomstolane. Domstoladministrasjonen ventar at nedgangen vil vare ut 2018. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 2,6 mill. kroner.
Kap. 3410 Domstolane
Post 01 Rettsgebyr
Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med tvistesaker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m.
Det er ein nedgang i innkommande tviste-, konkurs-, tvangs-, skifte-, skjønns- og gjeldsordningssaker i 1. tertial 2018 samanlikna med same periode i 2017. Det er derfor venta at inntektene under posten vil bli lågare enn dei har vore rekna til tidlegare. Basert på rekneskapstal og lineær framskriving foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 44,2 mill. kroner.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til godtgjersle og køyregodtgjersle til medlemmer av forliksråda og nødvendige kompetansetiltak.
Utbetalingane på posten er lågare enn budsjettert hittil i år. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner.
Kap. 430 Kriminalomsorga
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker ordinære driftsutgifter (lønn, varer og tenester) i kriminalomsorga. Posten dekker vidare utgifter til maskiner og utstyr, kontorutgifter, personalavhengige utgifter, husleige, programverksemd, aktiviseringstiltak og godtgjersler og kosthald for dei innsette. I tillegg har posten dekt utgifter til leige av fengselsplassar i Nederland gjennom leigeperioden.
Leige av fengselsplassar i Nederland – valutaendringar
Valutaendringar har ført til eit meirbehov knytt til betaling av leige og variable utgifter i samband med leige av Norgerhaven fengsel i Nederland i 2018. Samla utgjer valutaendringane auka utgifter på 5,9 mill. kroner.
Kvinnefengsel Arendal fengsel, avdeling Evje – omdisponering
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 vart løyvinga under kap. 430, post 01 auka med 10 mill. kroner, inkludert 7 mill. kroner til å finansiere ombygging av nytt kvinnefengsel ved Arendal fengsel, avdeling Evje. Utgiftene til ombygging av Arendal fengsel, avdeling Evje, er investeringsutgifter og bør førast på kap. 430, post 45. Departementet foreslår derfor å redusere posten med 7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 430, post 45.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 430, post 01, med 1,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar større utstyrskjøp og vedlikehald. Han omfattar òg løyving til IKT-løysingar, maskiner, og teknisk utstyr til arbeidsdrifta, anna utstyr til fengsla og innkjøp av verktøy. Departementet foreslår å auke løyvinga med 7 mill. kroner til ombygging av Arendal fengsel, avdeling Evje, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 430, post 01.
Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde m.m., kan overførast
Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslatne frå forvaring og varetektssurrogat. Det er domstolane som avgjer prøvelauslatingar frå forvaring for opphald i institusjon eller kommunal bustad. I saldert budsjett 2018 er løyvinga på 76,8 mill. kroner. I tillegg er det overført 11,7 mill. kroner i ubrukt løyving frå 2017. Berekningar frå kriminalomsorga tilseier at det er eit samla behov for løyvingar under posten på 69,7 mill. kroner i 2018. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 18,8 mill. kroner i 2018.
Kap. 432 Kriminalomsorgas høgskule og utdanningssenter
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønnsutgifter til personale ved Kriminalomsorgas høgskule og utdanningssenter (KRUS), lønn til aspirantar og drifts- og husleigeutgifter tilknytte skulebygningen. Posten omfattar også løyving til inventar og utstyr i skuleseksjonen og i kontora, reiser, opphald og uniformseffektar for aspirantane og ulike kurs til spesialstillingar innan kriminalomsorga. Justis- og beredskapsdepartementet er gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432, post 03. Inntektene på kap. 3432, post 03, er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2018. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga under posten med 0,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3432, post 03.
Kap. 3432 Kriminalomsorgas høgskule og utdanningssenter
Post 03 Andre inntekter
Posten i 2018 omfattar bl.a. inntekter frå aspirantane sine eigendelar til skulebøker, refunderte utgifter frå deltaking i internasjonale samarbeidsprosjekt (Norway Grants) og forskingsoppdrag. Det er venta at inntektene under posten vil bli lågare enn dei har vore rekna til tidlegare. Departementet foreslår derfor å redusere posten med 0,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 432, post 01.
Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i POD, politidistrikta, politireserven, dei lokale PST-einingane i politidistrikta og politiets særorgan, med unntak av PHS og PST. Justis- og beredskapsdepartementet held tilbake ein mindre del av løyvinga sentralt for å dekke utgifter til oppfølging av handlingsplanar m.m. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440, post 02.
Fleire pass – parallelljustering
Det er venta ein auke i talet på produserte pass. Dette vil gi auka utgifter til politiet på 42,7 mill. kroner i 2018, jf. omtale under kap. 3440, post 01.
Redusert internfakturering i politiet – parallelljustering
Det er venta at det vil bli mindre internfakturering mellom politidistrikt og særorgan. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 50 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 02.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 7,3 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker sideutgifter for politi- og lensmannsetaten i samband med asylsaker, som utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker. Reduksjon i talet på asylsøkarar gir mindreutgifter til tolk, språkanalyse og andre variable utgifter knytte til registrering av asylsøkarar. Vidare er prognosen for talet på uttransporteringar lågare enn måltalet. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 21, med 40 mill. kroner.
Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og i vassdrag, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til søk etter omkomne på havet, i innsjøar og i vassdrag. Posten dekker òg nokre personellutgifter og eventuelle utgifter til å betre søkemetodane. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2018 foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 22, med 2,0 mill. kroner.
Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål
Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2018 foreslår departementet å redusere løyvinga under kap. 440, post 23 med 6,6 mill. kroner.
Post 25 Retur av asylsøkarar med avslag og andre utlendingar utan lovleg opphald, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekker dei variable utgiftene til retur av asylsøkarar med avslag, bort- og utviste og dublinarar. Måltalet for returar av personar utan lovleg opphald vart i 2018 redusert frå 9 000 til 7 500. Førebelse prognosar viser at talet på returar blir om lag 5 000 i 2018. Dette gir lågare utgifter til uttransporteringar. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 440, post 25, med 31,3 mill. kroner.
Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr – pass og våpen – parallelljustering
Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyvingar. Det er venta ein auke i gebyrinntektene på grunn av ein auke i talet på produserte pass i 2018. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 01, med 42,7 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 440, post 01.
Post 02 Refusjonar – parallelljustering
Løyvinga dekker diverse inntekter. Det er venta at det vil bli mindre internfakturering i politietaten i 2018. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 50 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.
Post 06 Gebyr – utlendingssaker
Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknad om statsborgarskap, familieinnvandring, arbeidsløyve, utdanningsløyve og permanent opphaldsløyve. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2018 foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 06, med 0,4 mill. kroner.
Post 07 Gebyr – sivile gjeremål
Løyvinga på posten skal dekke gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, det vil seie gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling. På bakgrunn av auke i talet på utlegg foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 07, med 73,4 mill. kroner.
Post 08 Refusjonar frå EUs grense- og visumfond
Posten dekker inntektene frå EUs indre tryggleiksfond. Gjennom fondsperioden (2014–2020) er det venta at Noreg mottek om lag 14,3 mill. euro i refusjonar frå fondet. Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2018 foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 08, med 24,9 mill. kroner.
Kap. 444 Politiets tryggingsteneste (PST)
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for Den sentrale eininga (DSE) i PST i tillegg til enkelte utgifter knytte til drift av dei lokale PST-einingane i politidistrikta. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 444, post 02.
Sikringstiltak knytte til NATOs generalsekretær
PST har i 2018 hatt meirutgifter til sikringstiltak knytte til NATOs generalsekretær. Det blir på denne bakgrunn foresått å aukte løyvinga med 1,5 mill. kroner.
Auka inntekter – parallelljustering
Det er venta ein oppgang i inntekter i 2018. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 444, post 01, med 5,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 444, post 02.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 444, post 01 med 7 mill. kroner.
Kap. 3444 Politiets tryggingsteneste (PST)
Post 02 Refusjonar
På posten blir det rekneskapsført inntekter som PST får refunderte for enkeltoppdrag og særskild bistand til Utanriksdepartementet. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2018 foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3444, post 02, med 5,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 444, post 01.
Utferding av pass og nasjonale ID-kort med eID
Departementet viser til omtale i Prop. 85 S (2017–2018), Stortinget sitt vedtak nr. 1002 (2017–2018) og omtale i Prop. 1 S (2017–2018). Justis- og beredskapsdepartementet bestemte i november struktur for utferding av pass og nasjonale ID-kort på bakgrunn av ei ny, faglig tilråding frå Politidirektoratet med fleire kontor enn den opphavlege tilrådinga deira. Avgjerda har teke utgangspunkt i målet om at 90 prosent av innbyggjarane i kvart distrikt skal ha maksimalt 45 minuttar køyretid til nærmaste passkontor. I sju politidistrikt gjer likevel internasjonale krav og forventningar til kvalitet og sikkerheit i utferdinga at målet ikkje vert nådd. For å sikre at publikum får dekka sine behov skal alle politidistrikt tilby utvida opningstider. For å spare brukarane for unødvendig ventetid skal alle pass- og ID-kontor også ha tilbod om timebestilling. Vidare skal eit nytt system for SMS-varsling sørge for at brukarane blir varsla før passet går ut. I tillegg skal det etablerast mobile løysingar for betra tilgjengelegheit i områder med lang reiseveg.
Med dette er Stortingets vedtak nr. 1002 (2017–2018) følgt opp.
Kap. 451 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 456, post 01
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Sivilforsvaret, skular og regionkontor. Drift av avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon blir dekt over kap. 456, post 01. Større nyinnkjøp m.m. blir rekna som driftsrelaterte kostnader og blir dekte under posten.
Etablering av fagskule for brann- og redningspersonell
I saldert budsjett 2018 er det løyvd 27,2 mill. kroner til å etablere ny fagskule for brann- og redningspersonell ved Noregs brannskule i Tjeldsund kommune i Nordland. Kostnadene knytte til gjennomføring av forprosjekt for ny infrastruktur i samband med at fagskulen skal etablerast, vil først komme til i 2019. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 451, post 01, med 13,3 mill. kroner i 2018.
Samlokalisering av politiets operasjonssentralar og brannvesenets 110-sentralar
Nokre kostnader knytte til bygg og installasjonar når nødmeldingssentralane skal samlokaliserast, vil komme til først i 2019. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga under kap. 451, post 01, i 2018 med 21 mill. kroner. Justis- og beredskapsdepartementet viser til at det er foreslått ein tilsvarande auke i løyvinga i Prop. 1 S for 2019.
Sivilforsvarets ekstraordinære innsatsar
Situasjonen med unormalt mykje skogbrann i vår og sommar har kravd auka innsats frå Sivilforsvaret, som støttar brannmannskap på bakken. Sivilforsvarets ekstraordinære innsatsar vart i samband med Prop. 2 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2018 under Justis- og beredskapsdepartementet (beredskap og håndtering av skogbranner) rekna ut til å koste 19,8 mill. kroner ut året. Oppdaterte utrekningar tilseier at meirkostnadene blir til saman 18,6 mill. kroner. På bakgrunn av dette foreslår departementet å nedjustere løyvinga under kap. 451, post 01, med 1,2 mill. kroner.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 451, post 01, med 35,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Hovudredningssentralen Sør-Noreg koordinerer bruken. Løyvinga på posten dekker bl.a. variable kostnader knytte til flytimar og ekstraordinær beredskap med skogbrannhelikopter. I 2018 er det sett av ca. 6 mill. kroner til dette i tillegg til at det i samband med Prop. 2 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2018 under Justis- og beredskapsdepartementet (beredskap og håndtering av skogbranner) blir foreslått å auke løyvinga med 64,3 mill. kroner, slik at det til saman blir sett av 70,3 mill. kroner for inneverande år. Oppdaterte utrekningar tilseier at dei totale meirkostnadene blir til saman 61,1 mill. kroner. På bakgrunn av dette foreslår departementet å nedjustere løyvinga under kap. 451, post 21, med 9,2 mill. kroner.
Kap. 453 Sivil klareringsmyndigheit
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den nye sivile klareringsmyndigheita, medrekna bl.a. lønns- og andre personalkostnader til ei bemanning som er tilpassa dagens saksmengd, i tillegg til kostnader til leige av lokale i Moss og drift av IKT-løysingar.
Omdisponering
Sivil klareringsmyndigheit held mellombels til i Justis- og beredskapsdepartementet, og departementet dekker administrative kostnader til bl.a. husleige, straum og andre felleskostnader. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 453, post 01 med 800 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 400, post 01, jf. omtale under kap. 400, post 01.
Kap. 454 Redningshelikoptertenesta
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar knytte til oppfølging av prosjektet. Løyvinga inkluderer vidare ein tiltaksplan for dagens Sea King-redningshelikopterflåte, som skal hjelpe til å oppretthalde drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er tekne i bruk.
Prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter
Det er stor aktivitet i prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter bl.a. på grunn av forseinkingar hos leverandøren og fordi det første helikopteret havarerte. Det er venta at dette vil halde fram ut året. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga med 12,7 mill. kroner.
Tiltaksplan for dagens Sea King-redningshelikopterflåte
Den høge alderen på Sea King-maskinene fører til behov for meir vedlikehald og ein utfordrande driftssituasjon. Det er derfor sett i verk eit eige vedlikehalds- og modifiseringsprogram for dagens redningshelikopterflåte. På bakgrunn av at enkelte kostnader knytte til vedlikehald av motorar og komponentar kjem først til neste år, foreslår departementet å redusere løyvinga under kap. 454, post 01, med 45 mill. kroner.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 454, post 01, med 32,3 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten dekker investeringar til den offentlege redningshelikoptertenesta og investeringar knytte til innkjøp av nye redningshelikopter.
Som følgje av at leverandøren av dei nye redningshelikoptera er forseinka, har dei pådratt seg dagbøter. I tillegg er utbetring av landingsplassar ved sjukehus og utgifter til enkelte flytimar og kurs utsett til 2019 eller seinare. Det blir òg lågare valutautgifter enn det ein har rekna med. I tillegg er utlegga som Justis- og beredskapsdepartementet har til meirverdiavgift som følgje av investeringar i eigedom, bygg og anlegg, lågare enn det ein hadde rekna med. Det er inngått avtale med helikopterleverandør om reparasjon av helikopteret som havarerte i november 2017. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 111,5 mill. kroner.
Tidspunktet for driftssetting er til vurdering, jf. Justis- og beredskapsdepartementets Prop. 1 S (2018–2019). Det er framleis eit planleggingsarbeid mellom Forsvarsdepartementet ved forsvarssektoren, som er ein sentral premissleverandør i arbeidet med innkjøpet av nye redningshelikopter, og Justis- og beredskapsdepartementet ved NAWSARH-prosjektet (Norwegian All Weather Search And Rescue Helicopter).
Kap. 455 Redningstenesta
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader ved sentrale element ved redningstenesta, medrekna HRS.
Omdisponering til HRS
I samband med at ein tilsett i departementet skal omdisponerast mellombels til Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 455, post 01 med 750 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 400, post 01.
Kap. 456 Nød- og beredskapskommunikasjon
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 451, post 01
Løyvinga på post 01 dekker kostnader knytte til drift av DSBs avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon (NBK), inkludert DSBs driftsorganisasjon for støtte og drift av brann og andre brukarar sine kommunikasjonssentralar og radioterminalar (BTS/BDO). Vidare dekker løyvinga utgifter til ein fellesfunksjon for å forvalte utstyret som er knytt til Nødnett. Fellesfunksjonen skal varetakast av DSB.
Styringsramma – utbygginga av Nødnett
Delar av løyvinga til driftsutgifter på post 01 er knytte til styringsramma for utbyggingsprosjektet for Nødnett. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 456, post 01, med 12,8 mill. kroner og auke løyvinga på post 45 tilsvarande, ettersom det er planlagt å nytte midlane til investeringar knytte til dekningsforbetring, auka robustheit i form av batterikapasitet på basestasjonar og varsling av brukarar ved hendingar.
Fellesfunksjonen
Den planlagde formaliseringa av fellesfunksjonen er utsett i påvente av ytterlegare avklaringar knytte til korleis fellesfunksjonen skal organiserast, kva han skal omfatte, og korleis brukarfinansieringa skal innrettast. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 456, post 01, med 9,3 mill. kroner knytte til fellesfunksjonen, jf. omtale under kap. 3456, post 02 refusjonar driftsutgifter.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 456, post 01, med 22,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til avsluttande aktivitetar og investeringar knytte til utbygginga av trinn 2 av Nødnett. Løyvinga dekker vidare kostnader for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet som blir bestilt av Nødnett-brukarar og kjøpt inn gjennom DNKs avtalar med leverandørar av Nødnett. Desse kostnadene blir dekte inn av refusjonar på kap. 3456, post 04. Løyvinga dekker òg meirverdiavgift i samband med overføring av eigarskap for utstyr i Nødnett frå DNK til brukarmiljø i etatane.
Nettverks- og kommunikasjonssentralutstyr – parallelljustering
Informasjon om tilleggsbestillingar av nettverks- og kommunikasjonssentralutstyr frå etatar og andre brukarar i 2018 er oppdatert. I samband med dette foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 456, post 45 med 27,6 mill. kroner.
Omdisponering
I samband med at det er planlagt å nytte deler av midlane til investeringar, jf. omtale under kap. 456, post 01, foreslås det å auke løyvinga på kap. 456, post 45 med 12,8 mill. kroner.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å auke løyvinga under kap. 456 post 45 med 40,4 mill. kroner.
Kap. 3456 Nød- og beredskapskommunikasjon
Post 02 Refusjonar driftsutgifter
Løyvinga dekker refusjonar til DSB for enkelte driftskostnader til direktoratet, som skal finansierast av brukarbetalingsordninga.
Departementet foreslår å justere ned løyvinga med 9,3 mill. kroner, i samband med at formaliseringa av fellesfunksjonen for å forvalte utstyret knytt til Nødnett er utsett. Jf. omtale under kap. 456, post 01.
Post 04 Refusjonar større utstyrskjøp og vedlikehald
Refusjonar frå brukarar for investeringar/kjøp som blir bestilte av Nødnett-brukarar gjennom DSBs avtalar med Nødnett-leverandørar, blir inntektsførte på kap. 3456 Nød- og beredskapskommunikasjon, post 04 Refusjonar større utstyrskjøp og vedlikehald. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 27,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 456, post 45.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker hovudsakleg utgifter til juridisk bistand i straffesaker til personar som har rett til advokatbistand i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande av eller etterlatne etter den fornærma.
Det har vore ein nedgang i innkomne straffesaker 1. halvår i 2018 samanlikna med den same perioden i 2017.
På bakgrunn av nedgangen i straffesaker og forventa utvikling foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 72,3 mill. kroner.
Kap. 469 Verjemålsordninga
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgiftsdekking til verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjersle og utgiftsdekking til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.
Fordi det har komme færre einslege mindreårige asylsøkarar, er det venta at utgiftene vil vere lågare enn opphavleg budsjettert. I tillegg har fylkesmannen fått i oppdrag å gå gjennom alle oppdrag der det blir brukt advokat som verje med timebetaling etter offentleg salærsats. Målet er å gjere desse oppdraga om til ordinære verjeoppdrag der det ikkje er behov for juridisk kompetanse. Oppdraget har gitt effekt. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 5,2 mill. kroner.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
Posten blir belasta når staten blir dømd til, eller har inngått forlik om, å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Han blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje rundt erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare nytta til å dekke sakskostnadene til ein motpart og til å dekke tilkomne forseinkingsrenter fram til ein månad etter at ein dom vart rettskraftig.
På bakgrunn av utbetalingane hittil i år og varsel om moglege utbetalingar resten av året foreslår departementet å auke løyvinga med 30 mill. kroner.
Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning
Post 70 Erstatning til valdsoffer, overslagsløyving
Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova.
Kontoret for valdsoffererstatning har behandla færre saker i 2018 enn venta. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 55,6 mill. kroner.
Kap. 474 Konfliktråd
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker driftsutgifter til 22 konfliktråd og til Sekretariatet for konfliktråda (Sfk). Sfk har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 474, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3474 post 02. Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,6. mill. kroner, jf. 3474, post 02.
Kap. 3474 Konfliktråd
Post 02 Refusjonar
Inntektene på posten er refusjonar, som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar. Løyvinga i saldert budsjett utgjer 0,68 mill. kroner. Det er venta at inntektene under posten vil auke til 1,3 mill. kroner som følgje av eit tilskot frå Fylkesmannen i Trøndelag til eit prosjekt knytt til rusfeltet opp mot ungdomsstraff og ungdomsoppfølgingssaker hos konfliktråda. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3474, post 02, med 0,6 mill. kroner i 2018, jf. omtale under kap. 474, post 01.
Kap. 480 Svalbardbudsjettet
Post 50 Tilskot
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 vart løyvinga på kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskot auka med 53 mill. kroner. Løyvinga vart ved ein inkurie ikkje fordelt internt på svalbardbudsjettet. Departementet foreslår derfor desse endringane på svalbardbudsjettet: Kap. 0003, post 70 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre blir foreslått auka med 27 mill. kroner. Kap. 0007 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og bustadtiltak blir foreslått auka med 26 mill. kroner. Det blir foreslått at kap. 0007, post 30 blir påført stikkordet «kan overførast», sidan dei planlagde tiltaka vil bli sluttførte i 2019.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke statens utgifter i samband med drift av asylmottak. Prognosen for asylsøkarar til Noreg i 2018 er nedjustert frå 3 000 til 2 500 personar. Dette tilseier isolert sett at behovet for mottaksplassar er redusert. Det er utfordrande å redusere kapasiteten raskt nok når mottakskapasiteten er så låg som i dag, på grunn av logistikkutfordringar som oppstår når mottak skal leggjast ned. Bebuarar i mottak som skal leggjast ned, må flyttast til andre mottak, slik at det i ein periode vil vere behov for to plassar. Vidare er mottakskapasiteten for einslege mindreårige no så låg at ytterlegare nedlegging vil føre til at det ved ein eventuell auke i talet på einslege mindreårige ikkje vil vere ledig plass i EMA-mottak. På bakgrunn av dette er mottakskapasiteten ikkje redusert i tråd med den nye prognosen.
Talet på mottak er vesentleg redusert i 2018. Ved inngangen til året var det 58 mottak i drift, medan det ved utgangen av september var 40. Kapasiteten i mottaka er likevel noko høgare enn forventa i samband med revidert nasjonalbudsjett. Dette kjem av at det har blitt utløyst opsjonsplassar som følgje av ein rask auke i asylsøkarar frå Tyrkia i juni, og at det ikkje har vore mogleg å gjennomføre nedbygginga av plassar i transittmottak slik ein hadde forventa. Opsjonsplassane vart utløyste for å sørge for at det var god nok kapasitet dersom auken i asylsøkarar heldt fram utover sommaren. Talet på asylsøkarar som kom til Noreg frå Tyrkia, fall raskare enn venta frå august. Som følgje av nedgangen i talet på mottak og bebuarar blir det foreslått å redusere løyvinga til diverse tiltak i mottak, som returtiltak, dialoggrupper mot vald og tiltak for bebuarar i mottak for einslege mindreårige asylsøkarar. Vidare er det venta at kostnaden per bebuar i mottak blir høgare enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett. Dette kjem i hovudsak av at det no er færre bebuarar å fordele dei faste kostnadene på.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 31,3 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og omsetjing
Løyvinga på posten dekker utgiftene UDI har i samband med tolking og omsetjing under behandlinga av asylsaker.
Prognosen for kor mange asylsøkarar som kjem til landet er redusert samanlikna med forventa nivå, og dette fører til at det blir færre innkomstsamtalar med nye asylsøkarar. Vidare har UDI gjennomført færre intervju enn det som har vore lagt til grunn.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 10 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til vertskommunar for asylmottak
Løyvinga på posten dekker utgiftene kommunane har til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av asylmottak og omsorgssenter. Som omtalt under kap. 490, post 21, er det venta at talet på asylsøkarar vil gå ned i 2018, noko som gjer at det er mindre behov for løyving på posten. Behovet for løyving er likevel høgare enn rein volumjustering skulle tilseie. Dette fordi mottakskapasiteten er høgare enn det som ligg til grunn for gjeldande budsjett, jf. nærmare omtale under post 21.
Vidare er det ein auke i talet på personar som bur i alternativ mottaksplassering (AMOT). Alternativ mottaksplassering inneber at UDI inngår ein skriftleg og gjensidig forpliktande avtale med ein kommune om å gi ein person utan opphaldsløyve eit butilbod i kommunen i staden for opphald i asylmottak. Årsaka til auken er at utflyttinga frå AMOT har vore lågare enn forventa som følgje av at ein stor del av bebuarane har avgrensa løyve på grunn av uavklart identitet. Med unntak av barnefamiliar og einslege mindreårige blir ikkje denne gruppa busett før identiteten er avklart. Regjeringa bestemte i 2018 at barnefamiliar med slike løyve skal busetjast etter første gongen dei har fornya eit løyve. Men det tek tid frå vedtak til busetjing, og det er framleis barnefamiliar i AMOT som ventar på busetjing. Vidare er det innvilga fleire søknader om AMOT i samband med nedlegging av mottak, slik at personar med nære relasjonar i kommunen kan bli buande i kommunen.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 17,7 mill. kroner.
Post 70 Stønader til bebuarar i asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv. Satsane for økonomiske ytingar blir differensierte bl.a. på bakgrunn av søknadsstatus og familiestatus. I tillegg kan bebuarar søke om nødvendige tilleggsytingar ved behov.
Som omtalt under kap. 490, post 21, er det venta at talet på asylsøkarar vil gå ned i 2018, noko som gjer at det er mindre behov for løyving på posten. Behovet for løyving er likevel noko høgare enn det volumjusteringa tilseier, som følgje av auka utbetalingar til tilleggsytingar.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 6,4 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til aktivitetstilbod for barn i asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til ei tilskotsordning for aktivitetstilbod for barn i mottak. Det er venta eit mindreforbruk på posten knytt til aktivitetsmidlar for barn i mottak fordi det ikkje har komme inn nok søknader til å tildele heile løyvinga. Dette har truleg samanheng med reduksjonen i talet på mottak.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner.
Post 72 Retur av asylsøkarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal bidra til at personar med endeleg avslag på søknad om vern og andre personar utan lovleg opphald i Noreg returnerer til heimlandet. Løyvinga skal òg leggje til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet når det er trygt. Det er venta eit mindreforbruk på posten, bl.a. fordi det er venta færre returar enn det som er lagt til grunn for gjeldande løyving.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 19,6 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast
Løyvinga på posten dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og reiseutgifter for flyktningar som vender tilbake til heimlandet. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar. Det er venta at det vil komme nokre færre overføringsflyktningar enn det som er lagt til grunn for gjeldande budsjett. Dette gir reduserte offentlege utgifter. Det er derimot forventa eit meirforbruk på posten på grunn av auka reiseutgifter i samband med uttak av overføringsflyktningar som blir evakuerte frå Libya. I tillegg er dollarkursen høgare enn det som har vore lagt til grunn.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Retur av asylsøkarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Visse utgifter knytte til retur og tilbakevending av flyktningar på kap. 490, post 01 og post 72 kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 34,9 mill. kroner.
Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter
Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, over kap. 490, post 75, kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av forslag om å auke løyvinga på kap. 490, post 75, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner.
Post 04 Asylmottak, ODA-godkjende utgifter
Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar, på kap. 490, post 21, post 60 og post 70, kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av foreslåtte endringar på kap. 490, post 21, post 60 og post 70, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 126,7 mill. kroner.
Post 05 Refusjonsinntekter
Posten består av refusjon for andre verksemder sin bruk av UDIs IKT-løysingar og andre mindre refusjonar.
UDIs IKT-løysingar har i mindre grad enn tidlegare blitt brukt av andre etatar, og det blir dermed mindre refusjonar til UDI. Nedgangen i bruk kjem av at det kom færre asylsøkarar enn venta i 2018. Dette har dermed redusert bruken av UDIs system frå verksemder i utlendingsforvaltninga. Det er også etablert andre system som erstattar bruken av UDIs IKT-løysingar, og som gir mindre refusjonar til direktoratet.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UNE, medrekna saksbehandlingsutgifter, eksklusive utgiftene til nemndmøte.
Utgifter knytte til sakskostnader til klagar etter forvaltningslova § 36 og UNEs utbetalingar i samband med tvunge verneting har sidan 2016 blitt budsjettert og rekneskapsført på post 01. For 2018 skulle desse utgiftene ha blitt løyvde på kap. 491, post 21, jf. postomtale i Prop. 1 S (2017–2018). Departementet foreslår følgjeleg å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 491, post 21.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttast under post 01
Løyvinga på posten skal dekke utgifter knytte til nemndmøte.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 491, post 01. Vi viser til omtalen under den nemnde posten.