3 Programområde 03 Internasjonal bistand
Kap. 150 Humanitær bistand
Post 70 Naudhjelp og humanitær bistand, kan overførast
Grunna den alvorlege situasjonen i Midtausten, som kjem på toppen av allereie store behov mellom anna etter jordskjelva i Tyrkia og Syria og intensivert væpna konflikt i Sudan, er det behov for å auke løyvinga til akutt humanitær kriserespons ut 2023. Ei ytterlegare annonsering av naudhjelpsrespons i samanheng med Gaza-konflikten er planlagd.
I 2022 vedtok Stortinget støtte til Ukraina på denne posten. Dette var før Nansen-programmet for Ukraina vart oppretta. Ein del av midlane vart satt av til bistand til Ukraina gjennom EUs sivile beredskapsordning (UCPM) som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) forvaltar. Det vart eit mindreforbruk for denne støtta i 2022 og det ligg også an til eit mindrebehov i 2023. I 2024 vil DSBs støtte gjennom UCPM dekkjast av Nansen-programmet på kap. 159, post 73 Ukraina og naboland. Regjeringa gjer framlegg om å kunne omprioritere midlane som ikkje vil bli utbetalt i år, til naudhjelp og humanitær bistand i samanheng med Gaza-konflikten og andre akutte behov.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 260,5 mill kroner.
Kap. 151 Fred, tryggleik og globalt samarbeid
Post 71 Globale sikkerheitsspørsmål og nedrusting, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å flytte 7 mill. kroner frå denne posten til kap. 150, post 70 Naudhjelp og humanitær bistand for å auke hjelpen til Gaza.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.
Post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Det er enkelte endringar i kontingentutgiftene for 2023, i hovudsak grunna endra valutakurs. Dette gjeld mellom anna utgifter for FN sine fredsbevarande operasjonar og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE).
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 16,3 mill. kroner.
Kap. 159 Regionløyvingar
Post 70 Midtausten, kan overførast
Gaza-krigen og den kritiske økonomiske situasjonen i Palestina kan gi auka grunnlag for stor uro og mogleg kollaps på Vestbreidda. Det blir gjort framlegg om å auke budsjettstøtte til dei palestinske sjølvstyremyndigheitene.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 100 mill. kroner.
Post 71 Europa og Sentral-Asia, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å flytte 95,9 mill. kroner frå denne posten til kap. 150, post 70 Naudhjelp og humanitær bistand for å auke hjelpen til Gaza. Årsaka er planlagt reduksjon og konsolidering av bistand til landa på Vest-Balkan.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 95,9 mill. kroner.
Post 75 Afrika, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å flytte 25 mill. kroner frå denne posten til kap. 150, post 70 Naudhjelp og humanitær bistand for å auke hjelpen til Gaza. Midlane hentas frå Sahel og Madagaskar der det gjenstod nokon uforplikta midler i år.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.
Kap. 162 Næringsutvikling
Post 71 Matsikkerhet, fisk og landbruk, kan overførast
Noreg har tatt initiativ til fondet Financing for Agricultural SMEs in Africa (FASA). FASA er et fond som skal gå til risikoavlastning for investeringar i landbrukssektoren i Afrika. Noreg har pådratt seg forpliktande bidrag på 350 mill. kroner fordelt over dei neste tre åra. USA skal bidra med eit tilsvarende beløp. Det norske bidraget må være bundet til fondet. Utanriksdepartementet gjer fremlegg om følgande tilsegnsfullmakt:
«Stortinget samtykker i at Utanriksdepartementet i 2023 kan gi tilsegn om tilskot til Financing for Agricultural SMEs in Africa (FASA, Landbruksinvesteringsfondet) med inntil 350 mill. kroner i perioden 2023–2026 under kap. 162 Næringsutvikling, landbruk og fornybar energi, post 71 Matsikkerhet, fisk og landbruk.»
Kap. 170 Sivilt samfunn
Post 70 Sivilt samfunn, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å flytte 20 mill. kroner på denne posten til kap. 150, post 70 Naudhjelp og humanitær bistand for å auke hjelpen til Gaza.
Det blir gjort framlegg om å redusera løyvinga med 20 mill. kroner.
Kap. 172 Multilaterale finansinstitusjonar og gjeldslette
Post 70 Verdsbanken, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner. Dette er siste innbetalinga i perioden for kapitalpåfyllinga til Den internasjonale bank for rekonstruksjon og utvikling (IBRD).
Sjå òg romartalsvedtak XII, pkt. 2, og romartalsvedtak III pkt. 4 Fullmakt til overskriding i Prop. 1 S (2022–2023) for Utanriksdepartementet.
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Det er behov for å auke løyvinga på posten grunna valutajusteringar. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Post 73 Gjeldslette, kan overførast
Utbetalingar i tråd med vedtatt gjeldsplan vert noko lågare enn budsjettert. Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Kap. 179 Flyktningtiltak i Noreg
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Nye overslag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet tilseier at flyktningutgiftene i Noreg under desse departementa som kan godkjennast som internasjonal bistand (ODA) blir lågare i år enn budsjettert etter revidert nasjonalbudsjett for 2023 (RNB).
Løyvinga i RNB 2023 var basert på eit planleggingstal på 45 000 flyktningar og asylsøkjarar til Noreg i 2023, 40 000 av desse får Ukraina. Utlendingsdirektoratets planleggingstal er no redusert til at det vil kome 40 700 til Noreg i år, 36 000 av desse frå Ukraina. Det blir i denne samanhengen vist til nærmare omtale i dei respektive departementa sine budsjettproposisjonar.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 434,3 mill. kroner.