3 Andre saker
«Kan nyttast under»-stikkord på kap. 846, post 21 og 70
For å sikre korrekt postbruk blir det føreslått at stikkordet «kan nyttast under post 70» blir lagt til kap. 846, post 21, og at stikkordet «kan nyttast under post 21» blir lagt til kap. 846, post 70.
«Kan nyttast under»-stikkord på kap. 865, post 21 og 70
For å sikre korrekt postbruk blir det føreslått at stikkordet «kan nyttast under post 70» blir lagt til kap. 865, post 21, og at stikkordet «kan nyttast under post 21» blir lagt til kap. 865, post 70.
Oppmodingsvedtak nr. 440 – Stortingsmelding om fosterheimar
I samband med handsaminga av Dokument 8:30 S (2013–2014) og Innst. 204 S (2013–2014) vedtok Stortinget 5. juni 2014 oppmodingsvedtak nr. 440:
«Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding om fosterhjemsomsorgen innen utgangen av 2015.»
Arbeidet med meldinga starta opp hausten 2014. Det er nødvendig å bruke noko meir tid til å gjennomføre nødvendige utgreiingar og sikre kvaliteten på framlegget, og meldinga vil difor bli lagt fram for Stortinget i vårsesjonen 2016.