3 Andre saker
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast
Orientering om bruk av post 71 til teljing av rein sør for Finnmark
I samanheng med reduksjon av talet på rein i Finnmark har det over fleire år vore naudsynt å gjennomføre teljingar av rein som eit særleg kontrolltiltak. Prioriteringa av Finnmark har medført at det ikkje er telt rein sør for Finnmark på fleire år. Teljingane av rein blir gjennomført av eit teljekorps som har kunnskap og oversikt over aktuelle reinmerke. I 2018 har teljekorpset hatt høve til å telje rein sør for Finnmark. Etter ei totalvurdering har Landbruksdirektoratet vurdert det slik at det er mest naudsynt å telje i Nordland og Troms reinbeiteområde. Opplysningar om distrikta sine reelle reintal er avgjerande for å leggje til rette for ei økologisk berekraftig utnytting av beiteressursane. Kunnskap om reintal er òg viktig i samanheng med Fylkesmannen sitt arbeid med arealvern og handsaming av søknader om tilskott. Vidare vil teljing gi innsikt i distriktet si reindrift generelt. Teljing av rein i enkelte distrikt i Nordland og Troms blir dekt over kapittel 1142, post 71 i 2018.