1 Innleiing
Justis- og beredskapsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2016.
1.1 Forslag om endringar
Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Oppfølging av arbeidet med samlokalisering av nødmeldingssentralar
I samanheng med departementet si oppfølging av arbeidet med samlokalisering av politiet sine operasjonssentralar og brannstellet sine 110-sentralar, blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 0,2 mill. kroner mot ei tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 451, post 01.
Krisestøtte
Det blir foreslått å overføre lønnsutgifter for ei stilling frå Krisestøtteenheten til Justis- og beredskapsdepartementet knytt til arbeid med tryggleik og beredskap, med verknad frå 1. november 2016. På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 0,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 452, post 01.
Rammeoverføring frå Barne- og likestillingsdepartementet
Endelig avrekning av dei faktiske utgiftene knytt til overføring av Integreringsavdelinga frå Barne- og likestillingsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet viser at det skal overførast ytterlegare 0,9 mill. kroner frå kap. 800, post 01 til kap. 400, post 01.
Oppsummering
Samla blir det forslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 1,2 mill. kroner.
Kap. 410 Domstolane
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret, jf. kap. 3410, t.d. kunngjeringsutgifter, naudsynte utgifter ved tvangsforretningar, registrering m.m. under offentleg bubehandling og forkynning som er naudsynt etter lova. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar, vitne og rettsvitne m.m. dekt. Løyvinga dekker òg arbeidsgivaravgift av godtgjering til meddommarar og tolkar i sivile saker kor partane sjølv dekker godtgjeringa.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, blir det foreslått å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner.
Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstolar, kan overførast
Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene skal førast i eigne saksrekneskap.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir løyvinga foreslått redusert med 2 mill. kroner.
Kap. 3410 Rettsgebyr
Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolane
Løyvinga omfattar i hovudsak inntekter knytt til gebyrpliktige oppgåver etter rettsgebyrlova, inkludert inntekter knytt til gebyr for behandling av forliksklage. Løyvinga på posten er knytt til tilsvarande utgifter på kap. 410, post 22.
Løyvinga blir foreslått redusert med 2 mill. kroner, jf. omtale av kap. 410, post 22.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlem, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgifter til desse. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile sakar der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter eller på anna måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen. Løyvingsbehovet er skjønnsmessig rekna ut.
På bakgrunn av mellom anna auke i talet på barnesakar og aukande behov for tolk, blir det foreslått å auke løyvinga med 5,1 mill. kroner.
Kap. 430 Kriminalomsorga
Post 01 Driftsutgifter
Prosjekteringsmidler til nytt fengsel i Agder
I samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2016 blei det løyva til saman 15 mill. kroner til prosjektering av nytt fengsel i Agder, av desse 10 mill. kroner på kap. 430, post 01 og 5 mill. kroner på kap. 430, post 45, jf. Prop. 122 S (2015–2016) og Innst. 400 S (2015–2016). Behovet på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett er berekna til 4,5 mill. kroner. Behovet på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett (Statsbygg) er berekna til 10,5 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 430, post 01 med 5,5 mill. kroner, mot ein samsvarande auke av løyvinga på kap. 2445 Statsbygg, post 30 Prosjektering av bygg.
Leige av fengselsplasser i Nederland – valutaendringar og prisjustering
Valutaendringar gjer høgare kostnader til betaling av leige av Norgerhaven fengsel i Nederland. Det vil samstundes vere eit mindrebehov, då betaling av leiga til Nederland etter avtalen skal prisjusterast etter indeks frå Nederland, som er lågare enn indeksen som er grunnlaget for berekninga av løyvinga i 2016. Samla gjer valutakompensasjon og prisjustering ein auka kostnad på til saman 13,4 mill. kroner i 2016.
Oppsummering
Samla blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 430, post 01 med 7,9 mill. kroner i 2016.
Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast
Sjå omtale av kap. 430, post 01 om midlar til prosjektering av nytt fengsel i Agder.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 430, post 45 med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 2445 Statsbygg, post 30 Prosjektering av bygg.
Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv., kan overførast
Løyvinga dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslatne frå forvaring og varetektssurrogat. Domstolane avgjer om personar skal prøvelauslatast frå forvaring for opphald i institusjon eller kommunal bustad.
Kriminalomsorga sine berekningar viser behov for ei samla utbetaling i 2016 på 69,8 mill. kroner.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 430, post 60 med 32,8 mill. kroner i 2016.
Kap. 432 Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS)
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på kap. 432, post 01 dekker ordinære driftsutgifter til Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS).
Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) er gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01 mot samsvarande meirinntekter på kap. 3432, post 03. Inntektene på kap. 3432, post 03 er forventa å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2016.
Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 432, post 01 med 3,2 mill. kroner i 2016, jf. omtale av kap. 3432, post 03.
Kap. 3432 Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS)
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar mellom anna inntekter frå aspirantanes del av skolebøker, refunderte utgifter frå deltaking i internasjonale samarbeidsprosjekt og forskingsoppdrag. Meirinntekten er i hovudsak grunna sal av opplæringstenester til Politiets utlendingsenhet (PU), Trandum utlendingsinternat.
Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) er gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01 mot samsvarande merinntekter på kap. 3432, post 03.
Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 3432, post 03 med 3,2 mill. kroner i 2016, jf. omtale av kap. 432 post 01.
Kap. 440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta, politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen). Departementet held tilbake ein mindre del av løyvinga til å finansiere oppfølging av handlingsplanar m.m.
Fleire pass
Det er venta ein oppgang i talet på produserte pass. Dette vil gi auka utgifter til politiet på 7,5 mill. kroner i 2016. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 7,5 mill. kroner jf. omtale under kap. 3440, post 01.
Norsk bidrag til fellesoperasjonar i Middelhavet
I samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2016 blei norsk bidrag til Frontex fellesoperasjonar i Middelhavet forlenga til hausten 2016. Regjeringa har foreslått å vidareføre bidraget til Frontex fellesoperasjonar (Triton og Poseidon) i Middelhavet til første del av 2017. Meirutgifter i 2016, tilsvarande 1,5 månad, er anslått til 17,2 mill. kroner. Det blir på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga med 17,2 mill. kroner. Departementet viser til omtale under kap. 3440, post 02.
Personalbarnehage – parallelljustering
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440 post 01 mot ei tilsvarande meirinntekt på kap. 3440, post 05. Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner jf. omtale på kap. 3440, post 05.
Relokalisering av asylsøkjarar – omdisponering
I statsbudsjettet 2016 er det planlagt for at Noreg kan ta imot 750 asylsøkjarar gjennom EUs relokaliseringsprogram i 2016. Det er løyva 56 mill. kroner til formålet på kap. 490, post 01. Regjeringa har varsla at løyvinga vil bli fordelt på andre kapittel og postar når opplegget for mottak av asylsøkjarar gjennom ordninga er nærare fastsett. Politiets utgifter til registrering av asylsøkjarar i relokaliseringsordninga er anslått å koste om lag 11,3 mill. kroner i 2016. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 11,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 490, post 01.
Færre asylsøkjarar – omdisponering til returarbeid mv.
I Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) vart løyvinga til politiet foreslått auka for å kunne handtere registrering av 33 000 asylsøkjarar på ein god måte, og samtidig oppretthalde eit effektivt returarbeid. Tal på asylsøkjarar er i 2016 vesentleg lågare enn forventa. Politidirektoratet og Politiets utlendingseining har difor omdisponert delar av tilleggsløyvinga til returarbeid og nødvendige investeringer på utlendingsfeltet.
Oppsummering
Samla blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 36,2 mill. kroner.
Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag. Løyvinga på posten dekker også nokre personellutgifter og eventuelle utgifter til å betre søkjemetodane. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 440, post 22 med 8,6 mill. kroner.
Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjeremål
Løyvinga dekker sideutgifter i samanheng med sivile gjeremål. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2016, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 23 med 6 mill. kroner, jf. omtale på kap. 3440, post 07.
Post 25 Retur av asylsøkjarar med avslag og andre utledingar utan lovlig opphald, overslagsløyving
Løyvinga dekker de variable utgiftene til retur av asylsøkjarar med avslag, bort- og utviste og personar som tidligare har søkt asyl i andre europeiske land. Jamfør omtale i revidert nasjonalbudsjett for 2016, er det ført utgifter på posten frå 1. juni 2016. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2016, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 440, post 25 med 7 mill. kroner.
Kap. 3440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr – pass og våpen
Løyvinga dekker inntekter frå gebyr for pass og våpenløyve. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2016, blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 3440, post 01 med 31,3 mill. kroner.
Post 02 Refusjonar mv.
Departementet viser til omtalen av forlenga norsk deltaking i Frontex sine operasjonar i Middelhavet under kap. 440, post 01. Frontex refunderer driftsutgiftene til fartøyet og delar av kostnaden til den operative besetningen. Refusjonane i 2016 er anslått å auke med 8,1 mill. kroner. Det blir foreslått å auke løyvinga med 8,1 mill. kroner på kap. 3440, post 02.
Post 05 Personalbarnehage
Løyvinga omfattar foreldreinnbetaling og statstilskot til personalbarnehage. Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 440, post 01.
Post 06 Gebyr – utlendingssaker
Løyvinga dekker gebyr i forbindelse med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2016, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 3440, post 06 med 7,8 mill. kroner.
Post 07 Gebyr – sivile gjeremål
Løyvinga dekker gebyrinntekter i samanheng med den sivile rettspleia på grunnplanet, dvs. gebyr for tvangsforretning og forliksrådsbehandling. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2016, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 3440, post 07 med 15 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 23.
Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) med underliggjande driftseiningar, medrekna Sivilforsvaret, skular og regionkontor. Posten skal vidare dekke dei attverande kostnadene som følgjer av avviklinga av Siviltjenesten. DSB skal også dekke kostnadene knytt til auka ambisjonsnivå i EU sin samordningsmekanisme, jf. Prop. 93 S (2013–2014) innanfor foreslått løyving.
Oppfølging av arbeidet med samlokalisering av nødmeldingssentralar
I samanheng med departementet si oppfølging av arbeidet med samlokalisering av politiet sine operasjonssentralar og brannstellet sine 110-sentralar, blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 0,2 mill. kroner mot ei tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 451, post 01.
Redusert løyving knytte til auka asylankomstar
I samanheng med auka asylankomstar er løyvinga auka med 33,5 mill. kroner jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016). Dette var basert på prognosen for asylinnkomstar til Noreg og forventning om omfattande hjelp frå Sivilforsvaret med bakgrunn i erfaringane frå 2015. Dette innebar i hovudsak oppgåveløysing i sivilforsvarsdistrikta med hjelp til politiet og Utlendingsdirektoratet (UDI) ved etablering av ulike variantar av mottak og ankomstsenter for flyktningar.
I oppfølging av flyktningehandteringa i 2016 har DSB følgt situasjonen nøye og hatt tett samarbeid med UDI og Politiets utlendingsenhet (PU). Med bakgrunn i DSB si evaluering av flyktningsituasjonen har Sivilforsvaret oppdatert planverk, formidla nødvendig plangrunnlag til sivilforsvarsdistrikta, og utarbeidt tiltakskort for eventuell framtidig flyktningehandtering. Eit av tiltaka er at Sivilforsvaret har skaffa 30 teltpakkar som eit beredskapstiltak for eventuell framtidig flyktningehandtering.
Når det gjeld allereie etablerte mottak/innkomstsenter vil desse bli ståande til situasjonen er avklara eller over. For å kunne gi hjelp ved ein eventuell auke i asylinnkomstar i 2016 blir det foreslått å halde igjen 6 mill. kroner. I prognosen på 6 mill. kroner er det lagt til grunn to etableringar og ei nedrigging. Det vil vere eit redusert behov på 19,5 mill. kroner.
På denne bakgrunn blir det samla foreslått å redusere løyvinga på kap. 451, post 01 med 19,7 mill. kroner.
Kap. 452 Sentral krisehandsaming
Post 01 Driftsutgifter
Det blir foreslått å overføre lønnsutgifter for ei stilling frå Krisestøtteenheten til Justis- og beredskapsdepartementet knytt til arbeid med tryggleik og beredskap med verknad frå 1. november 2016.
På denne bakgrunnen blir det forslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 0,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 452, post 01.
Kap. 454 Redningshelikoptertenesta
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter, samt ressursar knytt til oppfølging av prosjektet. Løyvinga inkluderer vidare ein tiltaksplan for dagens Sea King-redningshelikopterflåte, som skal hjelpe til å oppretthalde drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er innført.
Ein del av avsetninga til uvisse knytt til drifta av prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter vil ikkje inntreffe i år. På denne bakgrunn blir det foreslått å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner.
Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker investeringar til den offentlege redningshelikoptertenesta og investeringar knytt til innkjøp av nye redningshelikopter. Løyvinga skal vidare dekke investeringane ved vedlikehalds-, oppgraderings- og modifiseringsprogrammet for Sea King-redningshelikopter.
Løyvinga knytt til innkjøp av nye redningshelikopter blir justert i tråd med det som er realistisk løyving i fastsett styringsramme (P50). Ein del av avsetninga til uvisse vil ikkje bli brukt i 2016. I tillegg er m.a. betaling for utdanning av helikopterflygarar, utbetring av landingsplassar ved sjukehus, arbeidet med testing og akseptanse av helikopter og kjøp av diverse utstyr, utsett til 2017 eller seinare. Ein del av styringsramma for 2016 skal flyttast til 2017 grunna endring av betalingsmilestolpar. Det blir også lågare valutautgifter enn tidlegare antatt. På denne bakgrunn blir det foreslått å redusere løyvinga med 358,3 mill. kroner.
Kap. 455 Redningstenesta
Post 71 Tilskot til frivillige organisasjonar i redningstenesta
Løyvinga dekker m.a. tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta knytt til deira bruk av Nødnett.
Dei frivillige organisasjonane spelar ei sentral rolle i redningstenesta og er naturlige brukarar av Nødnett. Løyvinga inkluderer førstegangsinvesteringa i utstyr til brukarane, utgifter knytt til drift av løysningane og avgifta til abonnement. Løyvinga dekker ikkje organisasjonane sine utgifter til meirverdiavgift. Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner til å dekke dei frivillige organisasjonane sine utgifter til meirverdiavgift knytt til bruk av Nødnett.
I 2016 har det vært auka aktivitet ved Preikestolen og Trolltunga. Røde Kors Hjelpekors og Norsk Folkehjelp har i samanheng med dette hatt ei særleg ekstrabelastning. Det vert foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner for å kompensere for slitasje på utstyret til desse organisasjonane mv.
På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga med 7,7 mill. kroner.
Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker staten sine utgifter knytt til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og staten sine plikter som følgje av utbygging og drift av Nødnett. Løyvinga omfattar m.a. utgifter til prosjektering i direktoratet knytt til trinn 2 og driftsutgifter for innføring av aktiviteter i kommunane. Utgifter til drift av Nødnett inkluderer utgifter til leige av datalinjer og plassering av nytt utstyr i eksisterande basestasjonar i tillegg til betaling til leverandør for drift og vedlikehald av nettet.
Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 456, post 01 mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3456, post 02.
Løyvinga knytt til utbygging av Nødnett blir justert i tråd med det som er realistisk løyving i fastsett styringsramme (P50). Ein del av styringsramma for 2016 skal flyttast til 2017 grunna endring av betalingsmilestolpar.
Behov for tilleggskjøp frå brukarane har auka, noko som har ført til auka utgifter knytt til drift, vedlikehald og linjeleie. Dette medfører også auke av løyvinga på kap. 3456, post 03 Faste refusjonar. I tillegg har omfanget av utgifter til etablering av basestasjoner auka, jf. omtale på kap. 3456, post 02 Variable refusjonar.
Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 18 mill. kroner.
Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker staten sine utgifter knytt til investering i radionett, utstyr til nødetatane sine kommunikasjonssentralar og radioterminalar knytt til utbygginga av trinn 2 av Nødnett. Det er vidare sett av midlar for å støtte etatane sine innføringsprosjekt. I løyvinga inngår vidare utvikling av funksjonen til Hovedredningssentralanes kommunikasjonsmiddel.
Investeringane knytt til å implementere dei frivillige organisasjonane i Nødnett har blitt lågare enn venta. I hovudsak skuldas dette at prisen per radioterminal har blitt lågare gjennom forhandlingar. På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner.
Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon
Post 02 Variable refusjonar
Løyvinga dekker refusjonar frå brukarane av Nødnett i samanheng med at DNK har variable drifts- og utbyggingsutgifter som blir initiert av brukarane.
Det er behov for å auke løyvinga som følgje av tilleggskjøp frå etatar og andre brukarar. Vidare har omfanget av utgifter til etablering av basestasjoner auka, jf. omtale under kap. 456, post 01. I tillegg er det behov for å redusere løyvinga som følgje av at refusjonar som føres på kap. 3456, post 03 ved en feil er budsjettert på kap. 3456, post 02, jf. omtale under kap. 3456, post 03.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 45 mill. kroner.
Post 03 Faste refusjonar
Løyvinga dekker refusjonar som følgje av at DNK er mellomledd mellom leverandør og brukarane av Nødnett for utgifter til linjeleie og support av kommunikasjonssentralane, i tillegg til utgifter til drift og vedlikehald som blir fakturert vidare av DNK. Løyvinga dekker også refusjonar frå brannetaten og nye brukarar utover nødetatane for brukarstøtte og drift av radioterminalar.
Behov for tilleggskjøp frå brukarane har auka, noko som har ført til meir utgifter knytt til drift, vedlikehald og linjeleie, jf. omtale under kap. 456, post 01. I tillegg er det behov for å auke løyvinga som følgje av at refusjonar som føres på kap. 3456, post 03 ved en feil er budsjettert for på kap. 3456, post 02, jf. omtale under kap. 3456, post 02. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 26 mill. kroner.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker hovudsakeleg utgifter til juridisk bistand i straffesaker til personar som har rett til advokatbistand i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalt, fornærma, pårørande til fornærma eller etterlatne. Vidare blir utgifter ved bruk av sakkunnige og tolkar i straffesaker dekt, samt enkelte utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar oppnemnt av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker etter reglane i straffeprosesslova kap. 27, samt visse andre utgifter spesifisert i postomtala.
Utgiftsveksten på posten har vore særskilt høg i perioden 2008–2014, grunna fleire regelendringar (bistandsadvokatordninga og endringar innan barnevernet og barnelovssakar) og satsingar i politiet. Vidare framskriving baserar seg på befolkningsvekst og auke i salær.
På bakgrunn av rekneskapstal og framskrivingar, blir det foreslått å auke løyvinga med 18 mill. kroner.
Kap. 469 Verjemålsordninga
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til godtgjering og utgiftsdekning til verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjering og utgiftsdekning til representantar for einslege mindreårige asylsøkjarar, samt naudsynte utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.
Løyvinga på posten kan reduserast som følgje av færre asylsøkarar. Samtidig er det etterslep i saksbehandlinga i verjemålsforvaltninga.
På bakgrunn av rekneskapstal og nedgangen i venta asylinnkomstar, blir det foreslått å redusere løyvinga med 40 mill. kroner.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
Løyvinga på kap. 471, post 71 blir belasta når staten blir dømt eller har inngått forlik om å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovsfesta eller lovfesta erstatningsreglar. Utbetaling av erstatning i kontraktforhold kan ikkje bli belasta kap. 471, post 71. Finst det andre budsjettpostar som er meint å dekke dei aktuelle utgiftene, kan erstatningsutbetalingane heller ikkje bli belasta denne posten. Løyvinga på kap. 471, post 71 brukast òg til dekning av saksomkostninga til motparten. Vidare kan forseinkingsrenter av erstatningskrav og sakskostnadar som samlar seg opp fram til ein månad etter at dommen blei rettskraftig bli belasta posten. Forseinkingsrenter som samlar seg opp etter dette tidspunktet, blir belasta verksemdene sine driftsbudsjett. Løyvinga på posten er regelstyrt og løyvingsforslaget er eit overslag.
Justis- og beredskapsdepartementet skal bli varsla om saker der kravet kjem til å utgjere 2 mill. kronar eller meir.
På bakgrunn av mottekne varsel, venta utvikling og rekneskapstal blir det foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 73 Stortingets rettferdsvederlagsordning
Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eige ordning der enkeltpersonar som har kome særskilt uheldig ut i sitt møte med det offentlege i forhold til andre på same tid, kan søkje om skjønnsmessig kompensasjon. Søknadane blir avgjort av Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag. Ordninga er basert på sedvane og er ikkje nærare regulert i formelle reglar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga med 38 mill. kroner.
Kap. 472 Voldsoffererstatning og rådgjevingskontora for kriminalitetsofre
Post 01 Driftsutgifter
Kontoret for voldsoffererstatning (KFV) har etter søknad fått tildelt midlar gjennom medfinansieringsordninga for små og mellomstore digitaliseringsprosjekt. Ordninga blei etablert for å auke farta på digitaliseringa i offentleg sektor og administrerast av Difi. KFV har teke imot om lag 1,2 mill. kroner i 2016.
På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3472, post 01.
Post 70 Erstatning til voldsofre, overslagsløyving
Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter voldsoffererstatningslova.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga med 39 mill. kroner.
Kap. 3472 Voldsoffererstatning og rådgjevingskontora for kriminalitetsofre (ny)
Post 01, Tilskott frå andre statlege verksemder
Løyvinga omfattar tilskot frå andre statlege verksemder. Løyvinga på posten er knytt til tilsvarande utgifter på kap. 472, post 01.
Det blir foreslått ei løyve 1,2 mill. kroner på posten, jf. omtale under kap. 472, post 01.
Kap. 475 Bubehandling
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker statens ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle kor buet eller den som begjærast konkurs (rekvirenten) ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner.
Kap. 480 Svalbard
Post 50 Tilskot
I Prop. 122 S (2015–2016) blei det foreslått å løyve 0,9 mill. kroner til å dekke ekstraordinære meirutgifter i samanheng med skredulykka i Longyearbyen i desember 2015. Stortinget vedtok dette i tråd med regjeringas forslag, jf. Innst. 400 S (2015–2016). Meirutgiftene gjaldt kun Sysselmannen og Svalbard kyrkje, men ved ein inkurie blei også Longyearbyen lokalstyre ført opp under postomtala. Korrekt omtale er da som følgjer;
«(…) Vidare blir det foreslått å løyve 0,9 mill. kroner til å dekke ekstraordinære meirutgifter i samanheng med skredulykka for Sysselmannen og Svalbard kyrkje.»
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
På bakgrunn av auka refusjonar frå andre etatar knytt til utvikling av IKT-system blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 490, post 01 med 15 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 3490, post 05.
I statsbudsjettet for 2016 er det planlagt for at Noreg kan ta imot 750 asylsøkjarar gjennom relokaliseringsprogrammet til EU i 2016. Det er gitt ei løyving på 56 mill. kroner til formålet over kap. 490, post 01. Justis- og beredskapsdepartementet har inngått avtaler med greske og italienske myndigheiter og Noreg vil stille 750 plassar tilgjengeleg i 2016. Fordi Hellas og Italia har inntil to månader på seg til å overføre søkjaren er det knytt noko uvisse til når personane kjem til Noreg. Regjeringa har varsla at løyvinga vil bli fordelt på andre kapittel og postar når opplegget for mottak av asylsøkjarar gjennom ordninga er nærare fastsett. Beløpet er basert på utgiftsanslag knytt til registrering, saksbehandling, mottak og opplæring i norsk og samfunnsfag og at asylsøkjarane kjem jamt gjennom året. Det blir foreslått å omdisponere 11,3 mill. kroner av beløpet frå posten til kap. 440, post 01 til registrering hos politiet. Utgiftene knytt til mottak og opplæring i norsk og samfunnsfag blir anslått av Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga. Utgiftene knytt til relokalisering på disse postane er dermed tatt høgde for. Når det gjeld utgifter til behandling av saker blir det antatt at UDI først vil behandle desse sakene i 2017 og difor blir det foreslått å redusere løyvinga med 44,8 mill. kroner knytt til relokalisering.
Samla blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 41 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av statlege mottak for asylsøkjarar. Anslaget for venta mengd asylsøkjarar i 2016 er redusert frå 25 000 til 3 550 samanlikna med anslag i samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2016. Anslaget inkluderer asylsøkjarar gjennom relokaliseringsprogrammet til EU. Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga understrekar uvisse. Som følgje av dei låge innkomstane har mottakskapasiteten blitt redusert. Som følgje av den auka innkomsten av asylsøkjarar hausten 2015 ble det oppretta innkomstsenter i Østfold og i Finnmark. På grunn av færre asylsøkjarar i 2016 blei det i juni bestemt å avvikle drift på innkomstsenteret i Finnmark. Samtidig er driftsutgiftene til innkomstsenteret Østfold redusert.
Løyvingsbehovet på posten er høgare enn ei rein volumjustering av posten på grunn av fleire unytta mottaksplasser enn normalt. Dette kjem i hovudsak av at det inntil hausten 2016 har blitt utvist forsiktigheit med å redusere mottakskapasiteten og som følgje av oppseiingstid på eksisterande mottaksplassar. Innkomsten av asylsøkjarar aukar normalt i sommarmånadene og den sterke auka i mengd asylsøkjarar i 2015 kom først utover hausten frå august. På grunn av dette har ein venta med å bygge ned deler av mottakskapasiteten for å forhindre same krevjande situasjon som hausten 2015, dersom ein liknande utvikling skulle oppstå i 2016. Vidare har utgiftene til innkvartering av asylsøkjarar i påvente av registrering blitt om lag 52 mill. kroner høgare enn tidlegare antatt.
Reduserte utgifter knytt til behov for kapasitet i mottak er anslått til 485,6 mill. kroner og det blir foreslått å redusere løyvinga på posten tilsvarande.
Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting
Løyvinga på posten skal dekke utgiftene UDI har til tolking og omsetting i samanheng med behandlinga av asylsaker. UDI har gjennomført fleire ordinære intervju enn planlagt. Samtidig har UDI hatt færre innkomstintervju på grunn av den låge innkomsten av asylsøkjarar. På grunn av færre asylsøkjarar, meir effektiv avvikling av intervju og auka forskyving av utbetalingar til 2017 blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,4 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til vertskommunar for asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samanheng med drift av mottak. Som følge av reduserte asylinnkomstar blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 114,1 mill. kroner.
Post 70 Stønadar til bebuarar i asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til økonomiske stønadar til asylsøkjarar og flyktningar i tida dei oppheld seg i mottak. Satsane for økonomiske stønadar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a. Som følge av reduserte asylinnkomstar blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 71,9 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekke reiseutgifter for overføringsflyktningar, familiemedlemmer til personar med vern og flyktningar som drar tilbake til heimlandet. Som følge av lågare utgifter per reise blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,3 mill. kroner.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar på kap. 490, post 01 og post 72 kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). På bakgrunn av auka del returar til ODA-land blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 5,6 mill. kroner.
Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter
Nokre av utgiftene som er knytt til reiseutgifter for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). På bakgrunn av forslag om reduksjon på kap. 490, post 75, blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,3 mill. kroner.
Post 04 Asylmottak, ODA-godkjende utgifter
Nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). På bakgrunn av forslag om reduserte løyvingar på kap. 490, post 21, post 60 og post 70, blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 105,6 mill. kroner.
Post 05 Refusjonsinntekter
Posten består av refusjon for fellestenester frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og refusjon for andre verksemder si bruk av IKT-systemet DUF, samt andre mindre refusjonar. På bakgrunn av auka refusjonar frå andre etatar knytt til utvikling av IKT-system blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 15 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 490, post 01.
Kap. 496 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot
Målet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetting. Integreringstilskotet skal gi ei rimeleg dekning av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetting og integrering av flyktningar i busettingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busettings- og integreringsarbeid.
Det er behov for å busette færre einslege mindreårige flyktningar i 2016 enn det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet oppmoda kommunane om å busette. Departementet er kjent med at nokre kommunar som av denne grunn likevel ikkje skal busette einslege mindreårige, har hatt utgifter knytt til førebuing av busettinga. Regjeringa vil vurdere nærmare desse kommunane sine kostnader knytt til førebuing av busetting av einslege mindreårige flyktningar, og vil kome tilbake til dette i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2017.
Behovet for 2016 er anslått redusert med 403,9 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak at ein lågare del av år 1-tilskot for busette i 2016 vil bli utbetalt inneverande år samanlikna med gjeldande budsjett 2016.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 403,9 mill. kroner.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar
Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar mottar eit særskilt tilskot. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.
Behovet i 2016 er anslått redusert med 96,7 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein reduksjon i prognosen for busettingsbehovet for einslege mindreårige, og dermed reduksjon i prognosen for talet på busette einslege mindreårige som utløyser særskilt tilskot.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 96,7 mill. kroner.
Post 62 Kommunale innvandrartiltak
Målet med løyvinga på posten er å styrke integreringsarbeidet i kommunane.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 496, post 71, jf. omtale under denne posten.
Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
Løyvinga på posten er delt i 1) tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn, 2) tilskot til drift av nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og 4) informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg blir det over denne posten gitt midlar til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.
Det blei i Stortingets behandling av revidert nasjonalbudsjett 2016 vedtatt å gi 1 mill. kroner til Just Unity og 2 mill. kroner til Fargespill Bergen frå posten. Løyvinga på posten blei i den samanheng auka med 2,5 mill. kroner. Resterande 0,5 mill. kroner skulle dekkast innanfor eiga ramme.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av kap. 496, post 62.
Kap. 3496 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til busetting av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Løyvinga på posten er anslått auka med 30,6 mill. kroner. Auken skuldast ein auke i prognosen for overføringsflyktningar i 2016 samanlikna med det som ligg til grunn i gjeldande budsjett.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 30,6 mill. kroner.
Post 02 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Løyvinga på posten er anslått redusert med 14,2 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ein reduksjon i prognosen for talet på busette einslege mindreårige i 2016 samanlikna med det som ligg til grunn i gjeldande budsjett.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 14,2 mill. kroner.
Kap. 497 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 22 Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Formålet med løyvinga er utvikling av gode prøver i norsk og samfunnskunnskap og ei effektiv gjennomføring av prøvene.
Vox betaler sensorhonorar for avlagte prøver, og utgiftene på posten varierer difor med talet på avlagte prøver. Det har blitt avlagt fleire prøver enn det som låg til grunn for løyvinga.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner til fleire prøver som er avlagt.
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Tilskotet skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Behovet er anslått redusert med 220,3 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein reduksjon i talet på asylsøkjarar i målgruppa for norskopplæring i mottak for 4. kvartal 2015, samt reduksjon i talet på asylsøkjarar i målgruppa for norskopplæring i mottak for 1.–3. kvartal 2016. I tillegg er det ein reduksjon i talet på personar som utløyser persontilskot for år 1 med ankomstår 2016.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 220,3 mill. kroner.
Kap. 3497 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjente utgifter
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Løyvinga på posten er anslått redusert med 179,2 mill. kroner. Reduksjonen skuldast at prognosen for talet på asylsøkjarar i målgruppa for norskopplæring i mottak er redusert, både for 4. kvartal 2015 og 1.–3. kvartal 2016.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 179,2 mill. kroner.