3 Andre saker
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
Post 76 Ekstraordinære tiltak i skogbruket
Midlane har til føremål å dempe verknaden av koronapandemien for skogsentreprenørar gjennom å oppretthalde og bidra til aktivitet. Marknadssituasjonen, spesielt avsetnad av massevirke og elles reduserte tømmerprisar, har medført noko færre søknadar og lågare utbetalingar enn venta hittil i år. Tilskott blir betalt ut etter at tiltaket er gjennomført, etter oppmoding om utbetaling til kommunane i medhald av § 7 i midlertidig forskrift om tilskott for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket. Det er sett krav om at kommunane må ha oppmoding om sluttutbetaling i hende innan 30. november 2020. Det er difor framleis uvisse om det samla omfanget av tilskotta, og om utbetalingstidspunkt for tilskotta. Pandemien er heller ikkje over, og utfordringane for skogsentreprenørane er venta å vare ved utover i 2021. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om at posten blir tilførd stikkordet «kan overførast».