2 Endringsforslag
Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62
Løyvinga dekkjer mellom anna utgifter til prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald og overgrep, irekna vidareutvikling, implementering og følgjeevaluering av kunnskaps- og øvingsportalen SNAKKE og nettressursen Jeg vet. Fleire aktivitetar knytt til Snakke og Jeg vet er utsette på grunn av virusutbrotet. BFD føreslår å redusere løyvinga på kap. 840, post 21 med 1,5 mill. kroner.
Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01
Mental Helses Foreldresupport er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon. Etter at smitteverntiltaka blei sett i kraft i Noreg opplevde hjelpetelefonen stor pågang. For å møte den auka pågangen blei Foreldresupport tildelt 1,8 mill. kroner gjennom tiltakspakka til sårbare barn og unge, jf. Prop. 117 S (2019–2020).
I høgtida kan familiar som har det vanskeleg få det vanskelegare. Det er derfor venta auka pågang på Mental Helses Foreldresupport i jula. For at tenesta skal kunne møte den auka pågangen, føreslår BFD å auke løyvinga under kap. 840, post 70 med 175 000 kroner.
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk av meklarar utanom familievernet er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 841, post 21 med 0,8 mill. kroner.
Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving
Prognosen for talet på DNA-analysar til fastsetjing av farskap er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841, post 23 med 0,6 mill. kroner.
Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01, og kap. 858, post 01
Løyvinga dekkjer mellom anna utgifter til tilskotsordninga til samlivskurs for fyrstegongsforeldre. Ordninga blei etablert i inneverande år. Grunna virusutbrotet har det vore krevjande å etablera nye tilbod og gjennomføre kurs. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 841, post 70 med 10 mill. kroner, mot aukingar på 7 mill. kroner på kap. 846, post 61, 1 mill. kroner på post 62 og 1 mill. kroner på kap. 858, post 01.
Kap. 843 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Prognosen for talet på utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843, post 70 med 4,2 mill. kroner.
Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utbetalingane til kontantstøtte har til no i år vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2020 blir no rekna til 1 540 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 844, post 70 med 10 mill. kroner.
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utbetalingane til barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2020 blir no rekna til 16 220 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845, post 70 med 30 mill. kroner.
Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak
Post 61 Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71
Løyvinga under denne posten blir mellom anna nytta til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge. Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av låg inntekt blant barn og ungdom. Dei inngripande smitteverntiltaka i år har særlege konsekvensar for sårbare barn og unge. Det har vore fleire som har søkt enn som har fått tilskot frå ordninga. Auka løyving vil gå til tiltak som vil bidra til å inkludere fleire og til å motvirke sosialt utanforskap. BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 7 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 841, post 70.
Grunna virusutbrotet og dei strenge smitteverntiltaka kan mange barn og unge i familiar med låg inntekt gå ei vanskeleg jul i møte. Det finst fleire frivillige organisasjonar med tiltak som sosiale aktivitetar, alternative julefeiringar og julehjelp i form av matkassar, mat og gåve til sårbare grupper. BFD føreslår ei auka løyving på 11 mill. kroner til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge som skal gå til følgjande frivillige organisasjonar: 5 mill. kroner til Frelsesarmeen, 3,5 mill. kroner til Blåkors, 2 mill. kroner til Røde Kors og 0,5 mill. kroner til Kirkens bymisjon. Med auka støtte kan desse organisasjonane nå ut til fleire og auke kvaliteten på den hjelpen som kvar einskild får.
BFD føreslår ei samla auke i løyvinga på kap. 846, post 61 på 18 mill. kroner.
Post 62 Utvikling i kommunane
Løyvinga under denne posten går mellom anna til tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. Målet er å styrkje tilknytinga til skulen, trivselen og meistringa, og gjennom dette bidra til betre skuleprestasjonar og auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Dei inngripande smitteverntiltaka har særlege konsekvensar for sårbare barn og unge, og kan føre til auka fråfall i skule og opplæring. Det har vore fleire som har søkt enn som har fått tilskot frå ordninga. Auka løyving vil gå til tiltak som vil bidra til auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. BFD føreslår å auke løyvinga på kap. 846, post 62 med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 841, post 70.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Det er sett av 10,1 mill. kroner på posten til eit prøveprosjekt med hurtigbusetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar. Prosjektet er forsinka og løyvinga vil ikkje bli nytta i 2020. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 10,1 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer òg drifta av ei chatteteneste som tilhøyrer Alarmtelefonen for barn og unge. Kristiansand kommune driv Alarmtelefonen, og løyvinga har blitt utbetalt som tilskot til kommunen. For å sikre korrekt postbruk, føreslår BFD å redusere løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 61. Sjå òg omtale under post 61.
BFD føreslår å redusere posten med til saman 12,6 mill. kroner.
Post 22 Barnesakkunnig kommisjon
Det har komme inn færre rapportar til Barnesakkunnig kommisjon i 2020 enn tidlegare lagt til grunn. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 854, post 22 med 0,3 mill. kroner.
Post 61 Utvikling i kommunane
Løyvinga på posten dekkjer mellom anna driftsutgifter til Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune driv. Alarmtelefonen meldar om at det har vore ei auke i talet på sårbare barn og unge som har tatt kontakt med tenesta. Grunna virusutbrotet og dei inngripande smitterverntiltaka vil fleire barn og unge gå ei vanskeleg jul i møte. BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 150 000 kroner slik at Alarmtelefonen for barn og unge kan auke bemanninga i skolens juleferie for å kunne hjelpe fleire som tar kontakt.
For å sikre korrekt postbruk for utgifter knytte til den nye chattetenesta under Alarmtelefonen, føreslår BFD å auke posten med ytterlegare 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 21.
BFD føreslår å auke posten med til saman 2,7 mill. kroner.
Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet, kan nyttast under post 21, kan overførast
Posten har eit berekna mindreforbruk i 2020 som skuldast mindre implementering av kunnskapsbaserte hjelpetiltak i barnevernet enn lagt til grunn for løyvinga. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 854, post 72 med 1,1 mill. kroner.
Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene på posten kjem frå refusjon av klientutgifter og andre tilfeldige inntekter. Rutinen for betaling av klientutgifter har i fleire regionar blitt endra til at kommunane sjølve betalar rekninga. I tillegg er fleire samarbeidsprosjekt og framleigeavtaler som tidlegare har generert andre inntekter no avslutta. BFD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 3855, post 01 med 6 mill. kroner.
Post 60 Kommunale eigendelar
Løyvinga på posten kjem frå kommunale eigendelar for tiltak i det statlege barnevernet. Aktivitetsveksten i det statlege barnevernet har i 2020 vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Eit lågare tal på opphaldsdagar gir reduserte inntekter. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3855, post 60 med 53,2 mill. kroner.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, forvaltingsoppgåver knytte til omsorgssentera, samt busetjingsarbeid. Løyvinga legg til rette for drift av 50 plassar. Talet på barn i sentera har vore lågt og synkande utover i 2020. Dette har gitt lågare utgifter inneverande år enn lagt til grunn for løyvinga. BFD føreslår derfor å redusere kap. 856, post 01 med 30,7 mill. kroner.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan godkjennast. Det er i gjeldande budsjett lagt til grunn at 100 prosent av barna i omsorgssentera har butid under eitt år i 2020. Oppdatert informasjon viser at denne delen er no på 78 prosent. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3856, post 04 med 24,9 mill. kroner.
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer mellom anna lønn og andre driftsutgifter i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). I samband med endringar i bioteknologilova § 2-6, fjerde ledd har Bufdir fått i oppgåve å vere rådgivande instans. BFD føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 858, post 01 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 841, post 70.
Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Ein del av løyvinga på posten i 2020 skal nyttast til å dekkje eingongskostnader knytt til at Klagenemndsekretariatet i Bergen frå 1. januar 2021 overtek sekretariatsfunksjonen for sakene til Marknadsrådet. BFD føreslår å auke løyvinga på kap. 865, post 21 med 0,22 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 867, post 01 for å bidra til å dekkje kostnadene.
Post 71 Tilskot til Reisegarantifondet
På grunn av ein forventa auke i talet på konkursar blant pakkereisearrangørar som følgje av sterkt redusert reiseaktivitet under covid-19-pandemien, fekk Reisegarantifondet ved handsaminga av Prop. 67 S (2019–2020) ei ekstra løyving på 100 mill. kroner i 2020, og 2 mill. kroner til administrasjon. Samstundes blei ei fullmakt til å overskride ekstraløyvinga på 100 mill. kroner med ytterlegare 200 mill. kroner vedteken. Foreløpig har det ikkje vore behov for å nytte løyvinga og fullmakta. Talet på konkursar har så langt vore lågt, og alle krava frå dei reisande vil ikkje vere handsama i 2020. For at Reisegarantifondet skal kunne handtere den forventa auken i talet på konkursar i 2021 føreslo BFD i staden å løyve 104 mill. kroner i 2021, inkludert midlar til administrasjon, i tilleggsnummer til Prop. 1 S (2020–2021). BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 865, post 71 med 100 mill. kroner i 2020.
Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Fobrukerklageutvalet
Post 01 Driftsutgifter
Grunna omorganiseringa av verkemiddelapparatet på forbrukarområdet blir Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet lagt ned 1. januar 2021. Klagenemndsekretariatet i Bergen overtek frå 1. januar 2021 sekretariatsfunksjonen for sakene til Marknadsrådet. Ein del av løyvinga på kap. 865, post 21 i 2020 vil bli nytta til å dekkje eingongskostnader knytt til å etablere denne ordninga. BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,22 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 865, post 21.
Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.
Post 78 Ymse faste tiltak
På grunn av pandemien og dei inngripande smitteverntiltaka, vil mange aktivitetar i regi av Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn bli avlyste eller vesentleg reduserte i desember og julehøgtida. Dette gjeld også for konsertar og julegudstenester. Fleire digitale arrangement kan kompensera noko for bortfall av aktivitetar og samlingar. BFD føreslår derfor til saman 5 mill. kroner som bidrag til å auke frekvens og kvalitet på digitalt innhald og digitale arrangement. Tilskottsmidlane blir fordelt til Den norske kyrkja og paraplyorganisasjonene Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) og Noregs kristne råd, som fordeler dei til sine medlemsorganisasjonar.
Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar
Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast
Løyvinga på posten er 60,7 mill. kroner i 2020. Etter at det endelege rentenivået er fastsett har Husbanken, som forvaltar ordninga, gjort eit oppdatert overslag. Dette viser at utbetalinga av rentekompensasjon vil bli på om lag 36 mill. kroner i 2020.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 24,7 mill. kroner.
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2020 blir no rekna til 20 490 mill. kroner. Dette er 600 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett. Auken skuldast i hovudsak at fleire foreldre enn tidlegare er venta å få foreldrepengar i 2020. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530, post 70 med 600 mill. kroner.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Utbetalingane til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2020 blir no rekna til 780 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 71 med 25 mill. kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Utbetalingane til feriepengar av foreldrepengar har til no i år vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2020 blir no rekna til 520 mill. kroner. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530, post 71 med 25 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Utbetalingane av foreldrepengar ved adopsjon har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2020 blir no rekna til 48 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 73 med 4 mill. kroner.