Prop. 43 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Justis- og beredskapsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Teknisk justering mellom departement og etat

Ein viser til omtalen under kap. 440, post 01, som gjeld teknisk endring av oppgåver mellom departement og etatet. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga med 0,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 440, post 01.

Post 23 Spesielle driftsutgifter, forsking, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overførast

Løyvinga på posten skal bli brukt til forsking, oppfølging av stortingsmeldingar eller offentlege utgreiingar, evalueringar og anna innhenting av kunnskap på justis- innvandring og beredskapsfeltet.

Omdisponering – tilskot til undersøking om korrupsjon

Det er eit mindrebehov på posten. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 0,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av post 71.

Overgrep mot barn (internett) – omdisponering

I samanheng med utarbeidinga av ein tverrdepartemental strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn, foreslår departementet å auke løvinga på posten med 4,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 70.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyinga på posten med 4,3 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til internasjonale organisasjoner

Tilskot til undersøking om korrupsjon – omdisponering

Transparency International (TI) har søkt Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet om tilskot på 0,5 mill. kroner til å dekke norsk deltaking i undersøkinga Global Corruption Barometer (GCB). Departementet foreslår å gi TI eit tilskot på 0,2 mill. kroner for deltakinga deira i undersøkinga. Den andre halvdelen blir dekt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 23.

Kap. 410 Domstolene

Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres

Endring i overslag

Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene skal førast i eigne saksrekneskapar. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2020 foreslår departementet å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner.

Kap. 3410 Domstolene

Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene

Endring i overslag

Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr. Det er forventa ein svak reduksjon i saks- og gebyrinntektene i 2020. På bakgrunn av dette og rekneskapstal foreslår departementet å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolene

Løyvinga på posten samsvarer med tilsvarande utgifter over kap. 410, post 22. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2020 foreslår departementet å redusere løyvinga over kap. 3410, post 04, med 0,5 mill. kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Endring i overslag

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter hos eller på annan måte gir forklaring til Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og utgifter til nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2020 foreslår departementet å auke løyvinga med 9,8 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorga

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker ordinære driftsutgifter (løn, varer og tenester) i kriminalomsorga. Posten dekker vidare utgifter til maskiner og utstyr, kontorutgifter, personalavhengige utgifter, husleige, programverksemd, aktiviseringstiltak og godtgjersler og kosthald for dei innsette.

Utgifter til smittevernomsyn i fengsel

Kriminalomsorga har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere smittefaren blant tilsette i kriminalomsorga, samarbeidspartnarar og innsette. Ein stor del av kostnadene har vore innkjøp av smittevernsutstyr som er teke i bruk i fengsla. Det har vidare vore behov for å betre forholda for dei innsette i ei tid med redusert aktiviseringstilbod. Kriminalomsorga har derfor sett i verk enkelte velferdstiltak for aktivisering og blant anna utvida tilgangen dei innsette har til telefoni. Departementet foreslår i denne samanhengen å auke løyvinga med 17,8 mill. kroner.

Samarbeidsprosjekt med Ukraina – parallelljustering

Departementet foreslår òg å auke løyvinga med 13,3 mill. kroner under kap. 430, post 01, mot ein tilsvarande auke under kap. 3430, post 04. Auken må sest i samanheng med ei fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 04. Sjå også omtale under kap. 3430, post 04.

Oppgjer med Statsbygg for prosjekter som er stansa i justissektoren

Statsbygg har i perioden 2010–2016 hatt omfattande utgifter til utredning og prosjektering av byggeprosjekt i justissektoren som ikkje er blitt gjennomført. Dersom prosjekta ikkje blir realisert, blir det heller ikkje inngått husleigekontrakt som skal dekke dei påløpte utgiftene. Statsbygg må da nedskrive kostnadene i sitt driftsrekneskap. Nokre av dei påløpte utgiftene til prosjektering skal Statsbygg få betalt tilbake frå enkelte verksemder i justissektoren.

I kriminalomsorga er det lagt opp til at noko av utgiftene blir belasta gjeldande driftsbudsjett, mens noko blir foreslått finansiert ved å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 5,5 mill. kroner. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner til delvis dekking av utgifter Statsbygg har hatt til prosjektering av byggeprosjekter i justissektoren som ikkje har blitt realisert. Sjå også omtale under kap. 440, post 01.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 430, post 01 med 36,7 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorgen

Post 04 Tilskudd

Inntektene på posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar også inntekter frå prosjekt der kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre prosjekt i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land. Tilskota under inntektsposten dekker dei konkrete utgiftene til kriminalomsorga til deltaking i desse prosjekta.

Samarbeidsprosjekt med Ukraina – parallelljustering

Inntekta under posten er venta å bli 13,3 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2020. Dei auka utgiftene kjem hovudsakleg av tilskot frå Utanriksdepartementet til kriminalomsorga for å dekke utgiftene dei har ved at dei deltek i eit bilateralt samarbeidsprosjekt med ukrainske justisstyresmakter. Dette prosjektet skal bidra til å utvikle ei moderne friomsorg og til større merksemd på bruk av alternative straffereaksjonar, og det blir finansiert av Utanriksdepartementet og implementert av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI). Auken i inntekt kjem òg av refusjonar frå Financial Mechanism Office (FMO).

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 13,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 430, post 01.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i Politidirektoratet (POD), politidistrikta, politireserven, dei lokale PST-einingane i politidistrikta og særorgana i politiet, med unntak av Politihøgskolen (PHS) og Politiets tryggingsteneste (PST). Justis- og beredskapsdepartementet har i 2020 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440, post 02 og post 03.

Færre pass – endring i overslag

Som følgje av virusutbrotet har det vært lågare etterspurnad etter pass, og det er venta at den låge etterspurnaden vil fortsette ut året. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 26,3 mill. kroner som følgje av reduserte utgifter til politiet, jf. omtale under kap. 3440, post 01.

Lågare aktivitet i politiinnsats i internasjonale operasjoner – parallelljustering

Som følgje av redusert aktivitet i politiinnsats i internasjonale operasjoner er det venta at det vil bli reduserte refusjonar. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 02.

Færre oppdrag – parallelljustering

Som følgje av færre oppdrag i samband med vakthald på festivalar, konserter, fotballkampar med meir er det venta at det vil bli reduserte refusjonar. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 40 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 03.

Teknisk justering mellom departement og etat – omdisponering

Det er flytta oppgåver frå politiet til Justis- og beredskapsdepartementet med verknad frå 1. august 2020. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 400, post 01.

Styrking av FN-delegasjonen – omdisponering

Det er behov for ei ny stilling hos FN-delegasjonen i New York frå 1. oktober 2020 som følgje av at Noreg er vald inn som medlem i FNs tryggingsråd. Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 446, post 01.

Oppgjer med Statsbygg for prosjekter som er stansa i justissektoren

Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner til delvis dekking av utgifter Statsbygg har hatt til prosjektering av byggeprosjekter i justissektoren som ikkje er blitt realisert, sjå omtale under kap. 430, post 01.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01 med 68,5 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Endring i overslag

Løyvinga på posten dekker sideutgifter for politi- og lensmannsetaten i samband med asylsaker og uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker, medrekna utgifter ved Nasjonalt ankomstsenter og Politiets utlendingseining på Trandum.

Det er venta at det vil komme færre asylsøkarar til Noreg i 2020 enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Reduksjonen i talet på asylsøkarar gir mindreutgifter knytt til asylsaksbehandling og til færre innsette på Politiets utlendingseining på Trandum. Vidare er utgiftene til Nasjonalt ankomstsenter reduserte, blant anna på grunn av at flyttinga av dei tilsette til nytt arbeidssted på senteret vart utsett, og at etableringskostnadene har blitt lågare enn rekna med. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 18,3 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål

Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker.

Endring i overslag

På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2020 foreslår departementet å redusere løyvinga med 6,6 mill. kroner.

Post 25 Retur av asylsøkere med avslag og andre utlendinger uten lovlig opphold, overslagsbevilgning

Løyvinga på posten dekker dei variable utgiftene til retur av tidlegare asylsøkarar med avslag og andre utlendingar som er bort- og utviste etter utlendingslova.

Endring i overslag

Dei samla tala på bortviste og utviste etter utlendingslova og returar av tidlegare asylsøkarar med avslag er reduserte samanlikna med tidligare anslag. På grunn av smittesituasjonen er den gjennomsnittlege kostnaden per retur auka. Dette er i hovudsak knytt til dyrare flybillettar. Samla medfører dette reduserte utgifter over posten.

Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 37 mill. kroner.

Post 70 Tilskudd

Posten inneheld ulike tilskot innanfor generell førebygging av kriminalitet, tilskot til tiltak som kan hjelpe kvinner og menn ut av prostitusjon, støtte til offer for menneskehandel eller vald i nære relasjonar og tilskot til humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar.

Tiltak mot overgrep mot barn (internett) – omdisponering

Det er sett av 4,5 mill. kroner til tiltak mot overgrep mot barn (internett). Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer utarbeidinga av ein tverrdepartemental strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn. Arbeidet med strategien har vist at kunnskap og hjelpetilbod må utviklast vidare, samstundes som sektorane og verksemda må samordnast betre. Departementet foreslår derfor å nytte midlane til utgreiing, analyse og evaluering på ein post for forsking. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 400, post 23.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyvingar.

Endring i overslag

Gebyrinntektene vil venteleg gå ned fordi det er produsert færre pass i 2020, jf. omtale under kap. 440, post 01. Med bakgrunn i dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 223,2 mill. kroner, mot ein reduksjon av løyvinga på kap. 440, post 01, med 26,3 mill. kroner.

Post 02 Refusjoner

Parallelljustering

Som følgje av redusert politiinnsats i internasjonale operasjoner er det venta at det vil bli mindre refusjonar til politietaten i 2020. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.

Post 03 Salgsinntekter

Parallelljustering

Som følgje av rekneskapstal og venta utvikling i 2020 er det venta at det blir mindre salsinntekter i politietaten i 2020. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 40 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring, arbeidsløyve, utdanningsløyve og permanent opphaldsløyve.

Endring i overslag

På bakgrunn av lågare prognoser for søknader om arbeid i 2020 som følgje av virusutbrotet og endra prognosar for kor mange som er unntekne frå å betale gebyr eller som betaler redusert sats, foreslår departementet å redusere løyvinga med 12,1 mill. kroner.

Post 07 Gebyr – sivile gjøremål

Endring i overslag

Løyvinga på posten skal dekke gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, det vil seie gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling. Smitteverntiltaka som vart sette i verk våren 2020, medførte at namsmannen stengde mykje av verksemda og at forliksråda reduserte aktiviteten. I delar av perioden gjennomførte ikkje forliksråda møte eller oppdrag ute.

På bakgrunn av utviklinga som er venta, foreslår departementet å redusere løyvinga med 70 mill. kroner.

Kap. 442 Politihøgskolen

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker lønsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3442, post 02 og post 03.

Reduserte inntekter som følgje av lågare aktivitet

Med bakgrunn i førebelse rekneskapstal og at det er venta at det blir lågare aktivitet som følgje av virusutbrotet, foreslår departementet å redusere løyvinga med 7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3442, post 02 og 03.

Kap. 3442 Politihøgskolen

Post 02 Diverse inntekter

Løyvinga dekker diverse inntekter.

Endring av overslag

Inntektsbortfallet er i hovudsak knytt til kantinene i Oslo og Kongsvinger som følgje av lågare salsinntekter enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2020 blir det foreslått å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner.

Post 03 Inntekter fra Justissektorens kurs- og øvingssenter

Løyvinga dekker inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter.

Reduserte inntekter kantine

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2020 blir det foreslått å redusere løyvinga med 12,5 mill. kroner.

Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

Post 01 Driftsutgifter, kan overføres

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for Den sentrale eininga (DSE) i PST i tillegg til enkelte utgifter knytte til drifta av dei lokale PST-einingane i politidistrikta.

Forseinka utviklingsprosjekt

Innkjøpsprosessar for utviklingsprosjekt er forseinka blant anna som følgje av virusutbrotet, noko som fører til at utbetalinga kjem først i 2021. Departementet foreslår at posten blir tilført stikkordet kan overførast.

Kap. 446 Den militære påtalemyndighet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til løn og andre driftsutgifter. Det er behov for å styrke FN-delegasjonen i New York. Sidan det er venta lågare utgifter på kap. 446, post 01, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 446, post 01, med 0,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 440, post 01.

Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Nødnett, Sivilforsvaret, skular og regionkontor.

Redusert tilsyns- og kursvirksomhet

Undervisningsaktiviteten ved kurs- og skulesentra til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vart avlyst frå mars som følgje av virusutbrotet. Undervisninga er no delvis i gang igjen under strenge smittevernreglar, og det er sett i gang arbeid med å etablere og ta i bruk e-læring.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 3,9 mill. kroner.

Sivilforsvaret – meirutgifter virusutbrotet

Sivilforsvaret har hatt vesentlige meirutgifter i samband med virusutbrotet. Hittil utgjer desse 9,7 mill. kroner. Om lag 5,4 mill. kroner er direkte knytte til innsatsar som smittevernutstyr, godtgjersler til mannskap og forpleiing. Om lag 4,3 mill. kroner omhandlar kostnader til auka beredskap. I dette inngår innkjøp av smittevernutstyr, trening i bruk av utstyret og styrkt vaktfunksjon.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 9,7 mill. kroner.

EUs ordning for sivil beredskap

Regjeringa viser til at løyvinga til Noregs kontingent til ordninga for sivil beredskap i EU i Prop. 142 S (2019–2020) og Innst. 19 S (2020–2021) var auka med 39,5 mill. kroner. Etter at kostnadsramma er endeleg fastsett, er det klart at behovet for auka løyving til formålet kan reduserast med 4,7 mill. kroner.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 4,7 mill. kroner.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 451, post 01 med 1,1 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Løyvinga på posten dekker kostnadene til flytimar.

Det har vore nødvendig å setje inn helikopter i innsats ved skogbrann og ekstra helikopter i beredskap på grunn av den store skogbrannfaren. Vidare har den ekstraordinære situasjonen knytt til virusutbrotet og status i innanlandsmarknaden for skogbrannhelikopter vore vurdert som faktorar som påverkar evna til å oppretthalde det forventa beredskapsnivået. Det har òg vore usikkert kapasitetsnivå i den kommunale brann- og redningstenesta og i Sivilforsvaret, blant anna som følgje av virusutbrotet.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 7,3 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overføres

Løyvinga på posten dekker utgifter til drift og vedlikehald og mindre utgifter til utvikling og investering i Nødnett og tilhøyrande tenester. Abonnementsavgifta blir fakturert kundane i Nødnett, og inntektene blir førte på kap. 3451, post 05, Abonnementsinntekter.

Utgifter på vegner av Nødnett-brukarane

Brukarane av Nødnett har anskaffa meir over DSB sine kontraktar enn det har vore budsjettert for. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 7,8 mill. kroner, med tilsvarande auke på kap. 3451, post 05.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga dekker utgiftene knytte til større investeringar i Nødnett og til tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet på vegner av brukarane. Utgifter på vegner av brukarane blir dekte inn av refusjonar på kap. 3451 post 04.

Det var berekna investeringar på vegner av brukarane på til saman 73,8 mill. kroner, med tilsvarande refusjonar. Nye berekningar viser at det er forventa investeringar for 113,9 mill. kroner. Det er noko uvisse kring talet knytt til forseinkingar og virusutbrotet, og departementet legg derfor ei lågare utgift til grunn.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 31,2 mill. kroner, med tilsvarande auke på kap. 3451, post 04.

Post 60 Refusjoner til kommunene, kan overføres (ny)

Regjeringa har fastsatt ei ny forskrift om endring i covid-19-forskrifta, fastsatt ved kgl.res. 6. november. Ifølge forskrifta skal personar i innreisekarantene opphalde seg på karantenehotell i karantenetida, dersom dei ikkje er busett eller eig bolig i Noreg eller kan opphalde seg på anna egna opphaldsstad eller for øvrig ikkje er omfatta av særlege unnatak som er regulert i forskrifta. Det er grunn til å tru at tiltaket vil bidra til å redusera smittespreiinga frå personar som er smitta i utlandet. Forskrifta trådte i kraft 9. november 2020. Ordninga med karantenehotell skal etableras ved at Fylkesmennene i dialog med kommunane peiker ut enkeltkommunar som får i oppgåve å opprette karantenehotell. Det skal opprettast karantenehotell ved større flyplassar og andre viktige grensepasseringsstader.

Det skal utarbeidas ei løsning for betaling av eigenandelar og til utbetaling av refusjonar til kommunane. Det foreslås å oppretta ein ny post 60 Refusjonar til kommunane på kap. 451 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, kor kompensasjonen til kommunane foreslås løyva.

Departementet foreslår å løyve 75 mill. kroner på kap. 451, post 60.

Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Post 01 Gebyr

DSB krev inn avgift for å dekke utgifter for tilsyn retta mot risikofylt verksemd. Avgifta blir kravd inn for førsteleddsomsetnad av petroleumsprodukt og løysemiddel, for ilandføring av petroleumsprodukt i røyrleidning frå sjøområde og for førsteleddsomsetnad av sprengstoff og krut. Inntektene er avhengige av omsetnads- og/eller produksjonsnivået frå føregåande år. Det blir vidare kravd inn avgift for tilsyn med elektriske anlegg på land, i skip og på flyttbare offshoreinstallasjonar og for tilsyn med elektromedisinsk utstyr ved somatiske sjukehus.

Gebyrinntekter tilsyn

Tilsyna til DSB knytt til tilsyn med landbaserte elektriske anlegg, maritime elektriske anlegg, bruk av elektromedisinsk utstyr i somatiske sjukehus o.l. vart stansa som følgje av virusutbrotet.

Dette fører til at inntektskravet på post 01 ikkje blir nådd. Det estimerte inntektsbortfallet i 2020 utgjer 38 mill. kroner, tilsvarande ein fjerdedel av inntektskravet. Dei fleste av tilsynskostnadene er faste og knytte til lønns- og personalkostnader, kontorlokale mv. og blir ikkje påverka av ein mellombels reduksjon i aktivitet.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 38 mill. kroner.

Post 03 Diverse inntekter

Løyvinga på posten består av inntekter i samband med kursverksemd ved Noregs brannskule, utleige av Sivilforsvarets anlegg og sal og bortleige av kursplassar og læremateriell m.m. ved skulane. Delar av inntektene kjem frå utnytting av ledig kapasitet ved Sivilforsvarets beredskaps- og kompetansesenter og anlegg.

Undervisningsaktiviteten ved kurs- og skulesentra til DSB vart avlyst frå mars som følgje av virusutbrotet. Undervisninga er no delvis i gang igjen under strenge smittevernreglar, og det er sett i gang arbeid med å etablere og ta i bruk e-læring.

Utgiftene knytte til undervisningsaktiviteten er i stor grad faste.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner.

Post 04 Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett

Løyvinga omfattar refusjonar frå brukarar for investeringar og kjøp som brukarane bestiller gjennom avtalane DSB har med leverandørar av Nødnett. Utgiftene blir førte på kap. 451, post 45, og DSB fakturerer kundane for dette.

Investeringar på vegner av Nødnett-brukarane

Departementet foreslår å auke løyvinga med 31,2 mill. kroner, med tilsvarande auke på kap. 451, post 45, jf. omtale under post 45.

Post 05 Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett

Løyvinga omfattar inntektene DSB har frå abonnementsordninga i Nødnett. Stortinget har i Budsjett-innst. S nr. 4 (2004–2005), Innst. S. nr. 104 (2006–2007) og Innst. 371 S (2010–2011) slutta seg til at brukarane skal dekke driftsutgiftene etter kvart som Nødnett blir bygd ut og teke i bruk, og at utgiftene skal dekkast innanfor budsjettrammene etatane har på gjeldande tidspunkt. Forventa brukarbetaling er basert på prinsippa for brukarbetaling som vart gjorde greie for i St.prp. nr. 30 (2006–2007), St.prp. nr. 30 (2006–2007) og Prop. 100 S (2010–2011), og på at fleire tek nettet i bruk.

Løyvinga dekker refusjonar for tenester og produkt kundar av Nødnett blir tilbodne utover abonnementsordninga i Nødnett. Det inneber refusjonar for linjeleige til og drift av kommunikasjonssentralutstyr og til refusjonar for drift og vedlikehald av nettverkskomponentar som blir bestilte og betalte av enkeltbrukarar. Vidare vil det i samband med utbygginga kunne komme utgifter for DSB som skal refunderast av leverandøren. Omfanget av desse refusjonane varierer.

Abonnementsinntekter Nødnett

Det har vore ein jamn auke i talet på brukarar av Nødnett. Departementet foreslår derfor at løyvinga knytt til abonnementsinntekter blir auka med 10 mill. kroner.

Utgifter på vegner av Nødnett-brukarane

Departementet foreslår å auke løyvinga med 7,8 mill. kroner, med tilsvarande auke på kap. 451 post 22, jf. omtale under post 22.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3451, post 05, med 17,8 mill. kroner.

Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar knytte til oppfølging av prosjektet. Løyvinga omfattar vidare ein tiltaksplan for dagens Sea King-redningshelikopterflåte som skal bidra til å halde oppe drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er tekne i bruk. Det blir teke sikte på å setje i drift ein redningshelikopterbase i Tromsø i løpet av 2022. Løyvinga på posten dekker kostnader i samband med dette arbeidet. I same prosess blir vurdert moglegheiter for inngåing av ny kontrakt knytt til redningshelikoptertenesta for Sysselmannen på Svalbard, herunder å sjå operasjonen på begge basane i samanheng.

Vedlikehaldsprogrammet for dagens Sea King-redningshelikopterflåte

Den høge alderen til Sea King-maskinene fører til ein utfordrande driftssituasjon og behov for meir vedlikehald. Det er sett i verk eit eige vedlikehaldsprogram for Sea King-flåten for å sikre forsvarleg beredskap og drift fram til alle dei nye redningshelikoptra er i operativ drift.

Som følgje av at ein større del av kostnadene knytt til vedlikehald av motorar og komponentar først kjem til neste år, blir det foreslått å redusere løyvinga med til saman 125 mill. kroner, med ein tilsvarande reduksjon under Forsvarsdepartementets kap. 4791, post 01.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 454, post 01 med 125 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten dekker investeringar i samband med kjøp av nye redningshelikopter.

Alle dei nye redningshelikoptera er planlagt å vere i drift i løpet av 2022. I samband med Stortinget sin behandling av Prop. 101 S (2014–2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Justis- og beredskapsdepartementet (redusert kostnadsramme for anskaffelse av nye redningshelikoptre mv.), jf. Innst. 267 S (2014–2015), blei kostnadsramma for kjøp av nye redningshelikopter mv. satt til 14,045 mrd. kroner inkl. mva. Berekningar tilseier at denne vil bli overskriden, noko som er knytt til bl.a. samla framdrift og auka valutautgifter. I Prop. 101 S (2014–2015) står det at det, på lik linje med det som er vanleg i denne typen kjøp, ikkje er tatt høgde for valutakursusikkerhet i kostnadsramma og at vesentlege endringar i valutakursane kan medføre høgare eller lågare utbetalingar til leverandøren enn det som ligger til grunn for kostnadsramma. Det er fortsatt usikkerhet om kostnadsanslag og arbeid med vurdering av dette går føre seg. Justis- og beredskapsdepartementet planlegger å fremme forslag om ny kvalitetssikra kostnadsramme seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021. Det er i samband med dette relevant å vurdera enkelte sider av innkjøpet, herunder gjeldande fremdriftsplan. Justis- og beredskapsdepartementet vil komma tilbake til saka på eigna måte.

Som følgje av at leveringa av dei nye redningshelikoptera er forseinka, er tidspunkta for milestolpebetalingane for prosjektet endra. Det er behov for å sette av noe meir midlar til forventa tillegg. Saman med forskyvingar i utgifter til eigedom, bygg og anlegg, kjøp av diverse utstyr, utsettelse av utbetring av landingsplassar ved sjukehus og andre mindre endringar i utbetalingar fører dette til at kostnadene til prosjektet blir mindre enn forventa i 2020.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 164,6 mill. kroner.

Kap. 455 Redningstjenesten

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar, i konkrete redningstilfelle, vidare refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.

Det er eit auka behov på posten som følgje av hendingar som krev større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn tidligare. Refusjonar til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta har og auka utover vanleg prisutvikling.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker hovudsakleg utgifter til juridisk bistand i straffesaker til personar som har rett til advokatbistand i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande av eller etterlatne etter den fornærma. Posten er regelstyrt. På bakgrunn av analysar av rekneskapstal og forventa utvikling i 2020 foreslår departementet å auke løyvinga med 94,5 mill. kroner.

Kap. 469 Vergemålsordningen

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgifter til verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjersle og utgifter til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.

Fylkesmennene har dei siste åra i stor grad fasa ut bruken av advokatverje med timebetaling etter offentleg salærsats i saker som ikkje krev juridisk kompetanse. Samstundes har det vore reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkarar. Dette har ført til lågare forbruk på posten. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 5 mill. kroner i 2020.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelpslova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltningsorgan som fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda m.m. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelpslova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ.

Det har vore reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkarar dei siste åra. Samstundes har det vore nedgang i delen som får tilgang til fri rettshjelp ved økonomisk behovsprøving. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 52,3 mill. kroner.

Kap. 474 Konfliktråd

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker drift av 12 konfliktråd fordelt på 22 kontor og drift av Sekretariatet for konfliktråda (Sfk). Departementet har i 2020 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 474, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3474 post 02.

Ruskontraktprosjekt – parallelljustering

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 3474, post 02.

Kap. 3474 Konfliktråd

Post 02 Refusjoner

Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar. Inntekta under posten er venta å bli 1,4 mill. kroner høgare enn budsjettert. Dei auka inntektene kjem av ei betaling frå Fylkesmannen i Trøndelag som støttar Ruskontraktsprosjektet. Konfliktrådet i Trøndelag leier prosjektet.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke under kap. 474, post 01.

Kap. 475 Bobehandling

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker statens ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle der buet

eller den som ber om konkurs (rekvirenten), ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2020 foreslår departementet å redusere løyvinga med 28,6 mill. kroner.

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

Post 50 Tilskudd

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 480, post 50, med 1 mill. kroner. Når det gjeld sjølve svalbardbudsjettet, har departementet dette forslaget:

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 0018 Navigasjonsinnretningar, post 01 Drift og vedlikehald, med 1,0 mill. kroner. Utgiftene til drift og vedlikehald av navigasjonsinnretningar på og ved Svalbard har vore lågare enn det som vart løyvd i samband med Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak

Løyvinga på posten dekker utgifter staten har til drift av statlege mottak for asylsøkarar.

Smitteverntiltak i asylmottak

Sidan mars har Utlendingsdirektoratet (UDI) sett i verk fleire tiltak for å avgrense smitte og spreiing av covid-19 i asylmottaka. Tiltaka vart sette i verk med heimel i fullmakt gitt av Stortinget til å auke innkvarteringskapasiteten, sjølv om det førte med seg auka behov for løyving over kap. 490, postane 21 og 60, jf. Innst. 16 S (2019–2020), romartalsvedtak V. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 vart det vedteke å løyve 41,8 mill. kroner på post 21 til tiltak som var strengt nødvendige, jf. Prop. 117 S og Innst. 360 S (2019–2020). Det har ikkje vore nødvendig å setje i verk ytterlegare omfattande tiltak i mottaka. Nokre av tiltaka som vart sette i verk, blir forlengde ut 2020. På denne bakgrunnen blir det isolert sett foreslått å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner. Kostnadsoverslaget føreset at det ikkje skjer større smitteutbrot i mottak resten av året.

Færre bebuarar på asylmottak

Vidare er det eit mindrebehov på posten knytt til lågare driftskostnader, færre bebuarar og lågare bebuarretta utgifter enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Isolert sett inneber dette at behovet for løyving på posten blir redusert med 19,2 mill. kroner.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 16,9 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting

Løyvinga på posten dekker utgiftene UDI har i samband med tolking og omsetjing under behandlinga av asylsaker. Det har komme færre nye asylsøkarar enn tidlegare venta, og prognosen for vedtak har blitt redusert. Dette inneber redusert behov for tolking. Vidare har UDI i mindre grad nytta tolkar som er sjølvstendig næringsdrivande, enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Sjølvstendig næringsdrivande tolkar har ein høgare timepris enn tolkar som er tilsette på timekontraktar, fordi faktura inkluderer meirverdiavgift.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 12,7 mill. kroner.

Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak

Det er forventa færre asylsøkarar og dermed færre bebuarar i mottak, samstundes som det er mindre bruk av barnehageplassar og omsorgsplassering enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Isolert sett inneber det at det berekna løyvingsbehovet på posten vart redusert med 4,8 mill. kroner.

Som følgje av oppdaterte overslag for smitteverntiltak i asylmottak, som omtalt under post 21, er det nødvendig å auke løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner.

Saml foreslår departementet å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner.

Post 70 Stønader til beboere i asylmottak

Løyvinga på posten dekker økonomiske ytingar til livsopphald og andre nødvendige ytingar for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv. Satsane for økonomiske ytingar blir differensierte blant anna på bakgrunn av søknadsstatus og familiestatus. I tillegg kan bebuarar søke om nødvendige tilleggsytingar ved behov.

Sjølv om det har vore noko reduksjon i talet på bebuarar, har det òg vore noko høgare utgifter til nødvendige tilleggsytingar per bebuar enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Det er samla likevel eit redusert behov for løyvingar på posten.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner.

Post 72 Internasjonalt migrasjonsarbeid, og assistert retur og reintegrering i hjemlandet, overslagsbevilgning

Løyvinga på posten skal bidra til at personar som har fått endeleg avslag på søknaden om vern, og andre personar utan lovleg opphald i Noreg, returnerer til heimlandet. Løyvinga skal òg leggje til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet. Posten finansierer stønadsordningar og tilskotsordningar som kan nyttast til informasjons- og motivasjonsarbeid som skal bidra til assisterte returar eller tilbakevending frå Noreg.

I Prop. 1 S (2019–2020) vart måltalet for returar redusert frå 300 til 250. Ved ein inkurie vart ikkje forslaget til løyving justert i samsvar med det nye måltalet, og det blir isolert sett foreslått å redusere løyvinga med 9,5 mill. kroner knytt til dette.

Vidare har det på grunn av virusutbrotet blitt gjennomført færre returar enn det som tidlegare har vore lagt til grunn, og prognosen for talet på assisterte returar er derfor redusert til 180. Samstundes har kostnadene til kvar retur blitt høgare grunna virusutbrotet. Desse forholda bidrar samla til eit redusert behov på 3,5 mill. kr.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.

Post 73 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak, kan nyttes under kap. 291, post 60, kan overføres

Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet UNHCR og eventuelt andre organisasjonar, som International Organization for Migration (IOM), gjer med overføring av flyktningar. Grunna virusutbrotet vil det bli vanskeleg å nå målet om å fylle alle dei 3 000 plassane frå kvoten for overføringsflyktningar i 2020. Førebels legg ein til grunn at 2 000 plassar blir fylte opp i år. Anslaget er usikkert. I tråd med tidlegare praksis og som varsla i Prop. 1 S for 2021 ønskjer regjeringa å overføre ubrukte plassar til 2021. For at vedtak om opphald i Noreg og innreise skal kunne fattast utan ytterlegare forseinkingar, blir det foreslått at ubrukte løyvingar som er meint for desse plassane på kap. 490, post 73, blir overførte til neste år.

Departementet foreslår at posten blir tilført stikkordet kan overførast.

Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres

Løyvinga skal dekke kontingentar og andre innbetalingar til internasjonale samarbeidsorgan. Kontingentane som løyvinga dekker, blir utbetalte i utanlandsk valuta. Grunna endringar i valutakurs blir det foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres

Løyvinga på posten dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og reiseutgifter for flyktningar som vender tilbake til heimlandet. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar.

I 2020 er det 3 015 plassar for overføringsflyktningar på kvoten. Grunna virusutbrotet vil det bli vanskeleg å nå målet om å fylle alle plassane i 2020. Førebels legg ein til grunn at 2 000 plassar blir fylte opp i år. Anslaget er usikkert. I tråd med tidlegare praksis og som varsla i Prop. 1 S for 2021 ønskjer regjeringa å overføre ubrukte plassar til 2021. For at vedtak om opphald i Noreg og innreise skal kunne fattast utan ytterlegare forseinkingar, blir det foreslått at ubrukte løyvingar som er meint for desse plassane på kap. 490, post 75, blir overførte til neste år. Departementet foreslår ingen endring i løyvinga i 2020.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter

Visse utgifter på kap. 490, post 01 og 72, knytte til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og for at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Som følgje av endringar på kap. 490, post 72, og justering i berekningsgrunnlaget på kap. 490, post 01, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 53 000 kroner.

Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. På bakgrunn av foreslåtte endringar på kap. 490, post 21, 60 og 70, og justeringar i berekningsgrunnlaget foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 38,1 mill. kroner.

Post 07 Tolk og oversetting, ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til tolking, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.

På bakgrunn av foreslåtte endringar på kap. 490, post 22, foreslår departementet å redusere løyvinga med 11,7 mill. kroner.

Post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC.

På bakgrunn av endringane på kap. 490, post 72, foreslår departementet å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under post 21

Løyvinga på posten dekker utgifter til drift av Utlendingsnemnda (UNE).

Grunna virusutbrotet har ulike aktivitetar og tiltak ikkje latt seg gjennomføre som planlagt. Saksinngangen har òg vore lågare enn det som tidlegare har vore lagt til grunn, og det har dermed ikkje vore nødvendig å erstatte alle fråtredingar i 2020. Det er eit mindrebehov knytt til dette på 2,5 mill. kroner.

I saldert budsjett vart det løyvt 7,5 mill. kroner til UNE for å gjennomføre lovendringane knytte til tilbakekall av statsborgarskap og for å byggje ned talet på ubehandla saker i denne porteføljen. UNE har fått inn færre saker av denne typen enn kva tidlegare prognosar tilsa. Det har derfor vore mogleg å nytte eksisterande kapasitet i UNE til å behandle sakene. Dette inneber eit mindrebehov på 7,5 mill. kroner.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 vart det løyvt 2 mill. kroner til å handtere saker knytte til ei eingongsløysing for utlendingar med lang opphaldstid i Noreg, med føresetnad om forskriftsendring i juni. Grunna virusutbrotet har iverksetjing av forskriftsendringa vorte forseinka. Dette inneber eit mindrebehov på posten i 2020 på 2 mill. kroner. Ein legg no til grunn at forskriftsendringa vil tre i kraft i 2021, og regjeringa har derfor foreslått ei løyving i Prop. 1 S (2020–2021) for å handtere desse sakene.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 12 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under post 01

Løyvinga på posten dekker utgifter i samband med nemndmøter. Det er mindrebehov på posten på høvesvis 2 mill. kroner og 0,2 mill. kroner knytte til tilbakekallssaker og eingongsløysingar for utlendingar med lang opphaldstid i Noreg, jf. omtale under post 01. Grunna virusutbrotet har det òg vore gjennomført færre fysiske nemndmøter enn i ein normalsituasjon. Dette inneber eit mindrebehov på posten på 5,3 mill. kroner.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 7,5 mill. kroner.

Til forsida