3 Kostnadsramme for E6 Megården–Sommerset i Nordland
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet, side 120.
Prosjektet er ei delstrekning av strekninga E6 Megården–Mørsvikbotn i Sørfold kommune i Nordland. Dette prosjektet er i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 opphavleg planlagt starta opp i fyrste seksårsperiode. I Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet er det sett av midlar til oppstart av delstrekninga Megården–Sommerset.
Prosjektet E6 Megården–Mørsvikbotn omfattar dei tre delstrekningane Megården–Sommerset, Sommerset–Tverrdalen (Leirfjordbrua) og Tverrdalen–Mørsvikbotn. Samfunnsmåla for strekninga er eit transportsystem som fremjar regional utvikling i landsdelen og regionen, gir gode vekstvilkår for næringslivet i nordområda og oppfyller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Prosjektet blir gjennomført trinnvis, med oppstart av delprosjektet Megården–Sommerset fyrst. Ny veg på denne strekninga blir 21,4 km, det vil seie 5,9 km kortare enn dagens veg. Seks av dei eksisterande tunnelane som ikkje innfrir krava i tunnelsikkerheitsforskrifta blir erstatta av tre nye tunnelar med ei total lengde på 13,8 km. Det skal òg byggjast to større bruer, mellom anna ei bru på 550 meter over Tørrfjorden. Reisetida blir redusert med om lag 10 minutter.
I Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet opplyser departementet at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2) av delprosjektet, og at departementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag til kostnadsramme. Det blei i 2021 gjennomført KS2 av heile strekninga E6 Megården–Mørsvikbotn. Hausten 2023 blei det gjennomført ein supplerande analyse av KS2 for delstrekninga E6 Megården–Sommerset.
Kvalitetssikrar føreslår ei styringsramme på 5 790 mill. 2022-kroner og ei kostnadsramme på 6 670 mill. 2022-kroner. Statens vegvesen sitt forslag til styrings- og kostnadsramme til KS2 var høvesvis om lag 500 mill. kr og 270 mill. kr lågare enn dette. Skilnaden mellom forslaga frå kvalitetssikrar og Statens vegvesen gjeld hovudsakleg tunnel- og byggherrekostnader og vurdering av uvisse knytt til klima, marknad, gjennomføringsevne og lokale forhold. Statens vegvesen meiner at kvalitetssikrar har vurdert førstnemnde kostnader for høgt, men samtidig at kostnader knytt til uvisse for klima og miljø er vurdert noko for lågt i Statens vegvesen sitt forslag. Statens vegvesen har difor justert opp sitt forslag til styrings- og kostnadsramme, og føreslår ei styringsramme på 5 400 mill. 2022-kr og ei kostnadsramme på 6 600 mill. 2022-kr.
Etter ei samla vurdering legg Samferdselsdepartementet til grunn Statens vegvesen sitt forslag, og Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 7 283 mill. kr i 2024 prisnivå, jf. forslag til romartalsvedtak. Som grunnlag for seinare prisomrekning blir prisnivået frå 2022 brukt som referanse.
Det er lagt opp til anleggsstart i 2025 og trafikkopning i 2031.