7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Den faktiske avviklinga av dei to samkommunane som eksisterer i dag, vil kunne føre til meirarbeid og -kostnader for dei involverte kommunane. Omfanget og kostnadene som følgjer av dette, vil kunne variere. Dersom samkommunen løyser seg opp, og kommunane i samarbeidet går inn for èin ny samanslått kommune, kan dette føre til færre kostnader. Der samarbeidet blir løyst opp, og det blir bestemt at oppgåvene skal førast tilbake til dei enkelte kommunane, kan kostnadene bli større.
Departementet legg ikkje opp til at kostnadene som oppstår i samband med avvikling av modellen, vil bli dekte. Departementet vil her peike på at samkommunane får ein avviklingsperiode fram til 1. januar 2020, noko som vil gi dei involverte god tid til å planleggje og avvikle samarbeidet, slik at avviklingskostnadene blir reduserte. Departementet føreslår derfor at dei kostnadene som kjem med avviklinga, skal dekkjast innanfor dei gjeldande rammene.