2 Endringsforslag
Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post 25 Forvalting og utvikling av kompensasjonsordning mv.
Gjennom handsaminga av Prop. 142 S (2019–2020) og Innst. 19 S (2020–2021) om økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet gav Stortinget ei løyving på 25 mill. kroner for 2020 på denne posten til handsaming av ordning for kompensasjon for reiselivet og støtte for store publikumsarrangement. Det er avklart at Brønnøysundregistra skal handsame ordninga, og regjeringa har gjort framlegg om at ho blir forlenga fram til utgangen av februar 2021, jf. omtale i Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) om endring av Prop. 1 S (2020–2021). Det er usikkert kor mykje av løyvinga som vil bli utbetalt i 2020. Det kan mellom anna ta tid før fakturaer for bistand til utvikling av digitale tenester for ordninga frå eksterne leverandørar kjem til utbetaling.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten blir tilført stikkordet kan overførast slik at eventuelle gjenståande løyving ved utgangen av 2020 kan bli overført til 2021, jf. framlegg til vedtak II, 1.
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Noreg er medlem av ei rekkje internasjonale organisasjonar og kommisjonar som er viktige for norsk nærings- og fiskeripolitikk. Ein av desse organisasjonane er det europeiske maritime sjøtryggleiksbyrået (EMSA). EMSA har til formål å sikre at Europakommisjonen og medlemslanda har tilgjengeleg naudsynt ekspertise og teknisk og vitskapeleg støtte for å gjennomføre eit høgt maritimt tryggleiks-, miljø- og arbeidsmiljønivå og hindre terrorverksemd gjennom eit harmonisert regelverk i EU. Noreg er medlem i EMSA med bakgrunn i EØS-avtalen. Medlemskapet sikrar deltaking i EU sitt lov- og regelverkarbeid og bidrar til å sikre norske interesser. Det blei budsjettert med ei kontingentutbetaling til EMSA på 14,7 mill. kroner for 2020. Endeleg kontingent i 2020 blei 16,7 mill. kroner. Aukinga har samanheng med valutakursendringar.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 38,8 til 40,8 mill. kroner.
Post 71 Miljøtiltak Raufoss
I 2020 er det løyvd 4,3 mill. kroner til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til 5,4 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner frå 4,3 til 5,4 mill. kroner.
Post 79 Kompensasjonsordning for utgifter til lovpålagt vedlikehald i sesongbedrifter
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 127 S (2019–2020) vedtok Stortinget ei løyving på 250 mill. kroner til ei kompensasjonsordning for bedrifter med lovpålagt vedlikehald. Søknadsfristen for ordninga var 15. september 2020. Ved utløp av søknadsfristen hadde Innovasjon Noreg fått 82 søknader med eit samla beløp til lovpålagte kostnader på i underkant av 128 mill. kroner. Innovasjon Noreg anslår at dei totale utbetalingane under ordninga vil bli på om lag 18 mill. kroner. Årsaka til det låge støttebeløpet er mellom anna at det reelle omsetningsfallet for mange bedrifter i denne kategorien ikkje blei så stort som først antatt. Det var ei føresetnad at søkarane hadde mottatt tilskot frå den generelle kompensasjonsordninga for næringslivet for dei månadene dei søkte støtte for. Dette inneber at føretaka måtte ha hatt eit fall i inntekt på meir enn 20 pst. i mars og meir enn 30 pst. i april og mai. Vidare ligg det avgrensingar i forskrifta for den generelle kompensasjonsordninga med omsyn til kor mykje samla støtte bedriftene kan ta imot for ein enkelt månad, som enkelte av søkarane hadde nådd. Det endelege tilskotet blei berekna med utgangspunkt i føretaket sitt dokumenterte kostnader til lovpålagt vedlikehald i perioden 12. mars – 31. oktober 2020. Kostnadene til lovpålagt vedlikehald viste seg å vera mindre enn først antatt. Endeleg vises det til at det i Prop. 127 S (2019-2020) blei presisert at behovet for løyving til ordninga var svært usikker.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 229,5 mill. kroner, frå 250 til 20,5 mill. kroner. Reduksjonen i løyvinga tek omsyn til forvaltningskostnader til Innovasjon Noreg, som ikkje er endeleg rekna ut enno.
Post 84 Førebels tilskotsordning for reiseliv på Svalbard
Ved handsaminga av Prop. 142 S (2019–2020) og Innst. 19 S (2020–2021) vedtok Stortinget å opprette ei førebels tilskotsordning for reiseliv på Svalbard med 25 mill. kroner. Regjeringa har sett iverk ei rekke økonomiske tiltak i 2020 for å avhjelpe konsekvensane av pandemien og smitteverntiltak. Deler av løyvinga til reiselivet på Svalbard vil truleg ikkje kome til utbetaling i inneverande år, men vil vere viktig òg til neste år for å bidra til å gjenoppbygge og omstille ei hardt ramma reiselivsnæring på Svalbard.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten blir tilført stikkordet «kan overførast», jf. framlegg til vedtak II, 2.
Kap. 902 Justervesenet
Post 01 Driftsutgifter
Situasjonen med koronavirus har medført lågare aktivitet for Justervesenet. Dei reduserte utgiftene kan likevel ikkje motsvare dei reduserte inntektene frå gebyr og sal av tenester, då Justervesenet i perioden har hatt utgifter sjølv om ein ikkje kunne utføre oppgåver som gav inntekter, mellom anna tilsyn. Dette gjeld mellom anna utgifter til løn og faste kostnader.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,2 mill. kroner, frå 124,5 til 122,3 mill. kroner.
Kap. 903 Norsk akkreditering
Post 01 Driftsutgifter
Prognosar tilseier at det blir noko lågare aktivitet innan Norsk akkreditering si kjerneverksemd enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2020. Som følgje av virusutbrotet er det gjennomført få stadlege bedømmingar.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, frå 56,2 til 46,2 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å redusere oppdragsinntektene med same beløp, jf. omtale under kap. 3903, post 01.
Kap. 904 Brønnøysundregistra
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til løn, pensjon og drift, mindre investeringar og oppdrag.
Ved stortingsvedtak 19. juni 2020, jf. Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020), blei løyvinga auka med 10 mill. kroner til utvikling av eit register over reelle rettshavarar. Framdrifta i prosjektet har midlertidig blitt lågare enn venta, mellom anna som følgje av arbeidet med forskrift for reelle rettshavarar. Brønnøysundregistra reknar med å bruke om lag 5,5 mill. kroner til prosjektet i 2020. Samstundes bør midlar til utviklingsprosjekt løyvast på post 21, og den resterande løyvinga til utvikling av register for reelle rettshavarar flyttast til post 21. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner øyremerka til register over reelle rettshavarar, og at 5,5 mill. kroner av disse blir omdisponert til post 21. Departementet vil kome tilbake til resterande løyving til prosjektet i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2021.
Vidare tilseier Brønnøysundregistra sine prognosar at etaten vil få ein meirinntekt på om lag 6,7 mill. kroner under kap. 3904, post 02, jf. omtale under denne posten. Posten har ein meirinntektsfullmakt, og det blir gjort framlegg om ei parallell justering.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med netto 3,3 mill. kroner, frå 359,4 til 356,1 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til støtte til utviklingsprosjekt for register i Brønnøysundregistra, jf. omtale under post 01.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner, frå 21,8 til 27,4 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal dekkje utgifter til prosjekt for ny registerplattform. Framdrifta i prosjektet er lågare enn venta i 2020. Lågare framdrift har medført forseinkingar i nokon leveransar, som mellom anna har medført redusert aktivitet i innføringsprosjektet og at Brønnøysundregistra utset planlagt oppbemanning i prosjektet då det ikkje synast hensiktsmessig å bemanne opp på dette tidspunktet. Kostnadsramma for prosjektet er den same, og endringa er berre er ei tidsforskyving.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 65 mill. kroner 2020, frå 188 til 123 mill. kroner.
Kap. 905 Noregs geologiske undersøking
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til løn, pensjon og drift, mindre investeringar og oppdrag. Ved handsaminga av Innst. 360 S (2019–2020) vedtok Stortinget ei startløyving på 10 mill. kroner i 2020 til bygging av eit nytt forskingsfartøy til bruk innanfor marin forsking og maringeologisk kartlegging. Samtidig blei det vedtatt ei bestillingsfullmakt på 60 mill. kroner knytt til anskaffinga.
Noregs geologiske undersøking reknar med å bruke rundt 4 mill. kroner til anskaffinga i 2020, i all hovudsak knytt til nokon av dei vitskapelege instrumenta til fartøyet. Anskaffinga av sjølve fartøyet er kompleks og må forskyvast i tid, slik at kontrahering av bygging først kan skje våren 2021. Samstundes bør ein slik anskaffing løyvast over post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald. Det vil ikkje bli behov for å føreta bestillingar knytt til fartøyet i 2020. Bestillingsfullmakta under posten kan derfor gå ut, jf. framlegg til vedtak IV.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, frå 199,9 til 189,9 mill. kroner.
Post 45 (ny) Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Ein viser til omtale under post 01.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å dekkje utgifter knytt til anskaffing av nytt forskingsfartøy på denne posten. NGU ventar å bruke om lag 4 mill. kroner til anskaffinga i 2020, medan resterande utgifter vil kome til utbetaling i etterfølgande år. For 2021 er det gjort framlegg om ei løyving på 40 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å løyve 4 mill. kroner på ny post i 2020.
Kap. 906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard
Post 31 Miljøtiltak Løkken, kan overførast
Løyvinga omfattar utgifter for gjennomføring av miljøtiltak i samsvar med tiltaksplan for Løkken gruver. Driftsstans ved nøytraliseringsanlegget har medført at utgiftene til kalk og straum har vore lågare enn venta i 2020.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 700 000 kroner, frå 7,5 til 6,8 mill. kroner.
Kap. 907 Norsk nukleær dekommisjonering
Post 01 Driftsutgifter
Som følgje av koronapandemien og forseinkingar i rekruttering av stillingar er utgiftene lågare enn rekna med. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, frå 50 til 40 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga blir nytta til utgreiingar og nødvendige oppryddingsrelaterte aktivitetar. På grunn av forseinka framdrift i oppryddingsprosjekta er det berekna at det blir ein mindreutgift på posten. Årsaka til forseinkinga er kompleks og skyldast mellom anna eksterne faktorar som er vanskeleg å føreseie. Dette er til dømes forseinkingar i handsaming av pålegg frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet og redusert aktivitet som skyldast koronapandemien.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 100 mill. kroner, frå 177 til 77 mill. kroner.
Post 30 Opprydding Søve
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020) blei løyvinga redusert med 19,6 mill. kroner, frå 21,6 til 2 mill. kroner. Arbeidet er starta opp. Norsk nukleær dekommisjonering og Institutt for energiteknikk har i hovudsak brukt eigne ressursar i arbeidet og reknar ikkje med å bruke meir enn om lag 500 000 kroner av løyvinga i 2020.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 2 mill. kroner til 500 000 kroner.
Kap. 909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk
Post 73 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk, overslagsløyving
Tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk er ei regelstyrt ordning. Overslagsløyvinga er såleis basert på venta utbetalingar etter gjeldande regelverk i budsjettåret 2020. Overslagsløyvinga blei økt med 89,7 mill. kroner ved handsaminga av Innst 360 S og Prop. 117 S (2019–2020). Ved handsaminga blei løyvinga auka som følgje av fleire sjøfolk og høgare lønsnivå. Samtidig blei det tatt høgde for kortsiktige permitteringar i passasjertransportsegmentet, som isolert sett reduserte løyvingsbehovet. Det blei i Innst. 360 S (2019–2020) vedtatt å oppheve makstaksgrensa for tilskotsmodellane skip i NIS, konstruksjons-skip i NIS og petroleumsskip i NOR.
Som følgje av ein nedgang i talet på sjøfolk i tilskotsmodellen for passasjerskip i NOR i utanriksfart og skip i NOR som betener strekningen Bergen–Kirkenes, og reduksjon i arbeidsgivaravgifta i tredje termin, vil løyvingsbehovet reduserast i 2020.
På dette grunnlaget gjer regjeringa framlegg om å redusere løyvinga med 75 mill. kroner, frå 2 263 til 2 188 mill. kroner.
Kap. 910 Sjøfartsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Med bakgrunn i auka inntekter under kap. 3910, post 03 gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke i løyvinga med 7 mill. kroner frå 434,3 til 441,3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3910, post 03.
Kap. 915 Regelrådet
Post 01 Driftsutgifter
Som følgje av koronapandemien har utgiftene til reiser og møter vore lågare enn venta i 2020.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 200 000 kroner, frå 11,2 til 11 mill. kroner.
Kap. 917 Fiskeridirektoratet
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten gjeld utgifter til ordninga med fiskeforsøk og utviklingstiltak, heretter omtalt som «ordninga». Delar av utgiftene er finansiert av inntekter over kap. 3917, post 22, og det er ein meirinntektsfullmakt knytt til posten.
Fiskeridirektoratet har no berre sporadiske inntekter frå forskingsfangst. Den delen av ordninga for fiskeforsøk og utvikling som tidlegare blei finansiert av fangstinntekter, blir no i all hovudsak finansiert av fiskeriforskingsavgifta.
Fiskeridirektoratet har dei siste åra bruttoført dei kostnadene til ordninga som har blitt finansiert med fiskeriforskingsavgift. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at desse utgiftene til ordninga i staden føres direkte mot kap. 917, post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, slik at utgiftene og inntektene knytt til denne delen av fiskeriforskingsavgifta ikkje blir ført dobbelt i statsrekneskapen.
I 2020 er det for første gong på nokre år gitt ein forskingskvote, som vil generere ei fangstinntekt på om lag 1 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner, frå 11,2 til 7,5 mill. kroner mot at kap. 3917, post 22 blir redusert tilsvarande.
Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast
Ein viser til nærare omtale under kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet, post 74 Fiskeriforskingsavgift om å redusere anslaget på innbetalt avgift i 2020. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner, frå 111,9 til 106,4 mill. kroner, mot at kap. 5574, post 74 blir redusert tilsvarande.
Post 45 (ny) Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 127 S (2019–2020) blei det løyvd 65 mill. kroner på kap. 926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, av dette 40 mill. kroner til oppgradering og vedlikehald av eksisterande forskingsfartøy og utstyr til kontrollfartøy. Av denne løyvinga er det avklart at 2,1 mill. kroner nyttast til utstyr til kontrollfartøy for Fiskeridirektoratet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 2,1 mill. kroner på posten.
Kap. 919 Ymse fiskeriføremål
Post 73 Tilskot til kompensasjon for CO2-avgift
Posten blei redusert frå 255 mill. kroner til 5 mill. kroner ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020).
Nye anslag frå Garantikassa for fiskarar viser at utgiftene i 2020 til administrasjon berre vil bli om lag 1 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner, frå 5 til 1 mill. kroner.
Post 74 Erstatningar, kan overførast
Posten dekkjer eventuell utbetaling av erstatning til fiskarar etter to erstatningsordningar:
erstatning som følgje av beslaglegging av fiskefelt etter vedtak i medhald av petroleumslova § 8-2 og FOR 2008-12-12-1357
kompensasjon til fiskarar for tapt fangsttid når dei lokaliserer, tek opp og bringar i land skrap som ikkje kjem frå petroleumsverksemd etter vedtak i medhald av petroleumslova § 10-18 og FOR-2009-06-19-700
Sakene blir handsama i erstatningsnemnder. Fiskeridirektoratet er sekretariat for nemndene.
Dei fleste sakene om erstatning gjeld økonomisk tap som følgje av seismikkinnsamling. Det er i 2020 utbetalt fleire og større erstatningar enn normalt, som følgje av at det blei skote seismikk rett før opning av 2. periode av blåkveitefisket i 2019.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner, frå 1,9 til 4 mill. kroner.
Kap. 922 Romverksemd
Post 51 Eigenkapital til Andøya Space Center, kan overførast
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 127 S (2019–2020) blei det gitt tilsegn med vilkår om inntil 282,6 mill. kroner i eigenkapital på post 51 og 83 mill. kroner i tilskot på post 76 til etablering av ein oppskytingsbase for småsatellittar på Andøya. Eigenkapital og tilskot skal utbetalast over fleire år, i takt med behovet prosjektet har for finansiering. Det er venta at det totale behovet for eigenkapital i 2020 vil vere 29 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 253,6 mill. kroner, frå 282,6 til 29 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet gjer samstundes framlegg om ei fullmakt til å kunne overskride løyvinga innanfor tilsegnsramma for eigenkapitalen på 282,6 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak V, 1. Eigenkapitalen vil bli utbetalt etter behov.
Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)
Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2020. Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020) blei det gitt ei tilleggsløyving på 7,6 mill. kroner for å kompensere for auka eurokurs. Det har vist seg at anslaget for eurokursen framleis var for lågt. I tillegg har løyvingsbehovet på posten blitt justert i samsvar med oppdatert betalingsprofil.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 12,5 mill. kroner, frå 232,9 til 245,4 mill. kroner.
Post 71 Internasjonal romverksemd
Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og EASP-avtalen og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, Radarsat. Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020) blei det gitt ei tilleggsløyving på 15,4 mill. kroner for å kompensere for endra valutakursar. Det har vist seg at anslaget for valutakursen framleis var for lågt. I tillegg har løyvingsbehovet blitt justert i samsvar med oppdatert betalingsprofil. Dette inneber at gjeldande løyving blir foreslått auka med 21,6 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 21,6 mill. kroner, frå 502,2 til 523,8 mill. kroner.
Post 73 EU sine romprogram
Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokurs og framdrift i programma har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2020. Dette inneber at gjeldande løyving blir foreslått auka med 10,3 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10,3 mill. kroner, frå 396 til 406,3 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til Andøya Space Center, kan overførast
Det vises til omtale under post 51. Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 127 S (2019–2020) blei det løyvd 83 mill. kroner til tilskot til Andøya Space Center. Det er venta at det totale behovet for utbetaling av tilskot i 2020 er 37 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 46 mill. kroner, frå 83 til 37 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet gjer samstundes framlegg om ei fullmakt til å kunne overskride løyvinga innanfor tilsegnsramma for tilskotet på 83 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak V, 2. Tilskotet vil bli utbetalt etter behov.
Kap. 923 Havforskingsinstituttet
Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast
Ein viser til nærare omtale under kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet, post 74 Fiskeriforskingsavgift, om å redusere anslaget på innbetalt avgift i 2020. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 9,5 mill. kroner, frå 204,5 til 195 mill. kroner, mot at kap. 5574, post 74 blir redusert tilsvarande.
Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
Post 70 Tilskot
Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. Endra valutakurs (euro) gir grunnlag for å endre løyvinga på posten.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 705 000 kroner, frå 10,8 til 11,5 mill. kroner.
Kap. 926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga dekkjer kostnader til drift av forskingsfartøy som Havforskingsinstituttet drifter på oppdrag av andre institusjonar, og motsvarast av tilsvarande løyving på kap. 3926, post 01. Frå 2019 drifter Havforskingsinstituttet òg det isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon», der hovuddelen av kostnadene skal refunderast av Universitetet i Tromsø og Norsk Polarinstitutt. Det er ikkje tatt omsyn i budsjettet for endringane i fartøyporteføljen.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 37 mill. kroner, frå 88 til 125 mill. kroner, mot ei tilsvarande auking på kap. 3926, post 01.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 127 S (2019–2020) blei det mellom anna løyvd 40 mill. kroner til oppgradering og vedlikehald av eksisterande forskingsfartøy og utstyr til kontrollfartøy. Av dette beløpet er det avklart at 2,1 mill. kroner skal nyttast til utstyr til kontrollfartøy for Fiskeridirektoratet, jf. omtale under kap. 917, post 45.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner, frå 107 til 104,9 mill. kroner.
Utbetring av resterande garantikrav for forskingsfartøyet «Kronprins Haakon»
Det nye isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» blei tatt over frå verftet 27. mars 2018. Ved utløpet av garantiperioden er det mange uoppgjorte garantikrav knytt til ulike feil og manglar ved fartøyet som er oppdaga etter levering. Etter Havforskingsinstituttet si vurdering er dette krav som ut frå kontrakten skal dekkjast av byggjeverftet. Dette blir avvist av verftet. Det er nødvendig å utbetre dei gjenståande manglane, og det blir lagt opp til at dette skal gjerast ved årsskiftet 2020/2021 og i første halvår 2021. Samla kostnad for utbetring av garantikrav og eventuelle prosesskostnader er berekna til 36 mill. kroner, ut over det som kan dekkjast av gjenståande løyving til anskaffing av fartøyet. Eventuelle prosesskostnader i 2020 kan dekkjast mellombels av eksisterande løyving på posten.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å gi Havforskingsinstituttet fullmakt til å foreta bestillingar ut over gitte løyvingar med inntil 34 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak III. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med framlegg om løyving i 2021.
Kap. 935 Patentstyret
Post 01 Driftsutgifter
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til driftsutgifter med 0,8 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak reduserte inntekter på kap. 3935, post 04. Som følgje av koronapandemien har ikkje bistandsprosjekt blitt gjennomført som planlagt, og tilskotet skal reduserast med 3,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3935, post 04. Samtidig har Patentstyret hatt utgifter til løn som må dekkjes sjølv om prosjekta er avlyst, og ekstraordinære utgifter som følgje av koronaepidemien.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 800 000 kroner, frå 284,2 til 283,4 mill. kroner.
Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I Saldert budsjett 2020 er det løyvd 22,8 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Dei samla utgiftene for 2020 er anslått til om lag 39,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 16,7 mill. kroner, frå 22,8 til 39,5 mill. kroner.
Kap. 2421 Innovasjon Noreg
Post 50 Innovasjon – prosjekt, fond
Innovasjon Noreg har gjennom 2020 mottatt betydelege tilleggsløyvingar på post 50. Gjennom Stortinget sitt vedtak 31. mars om endringar i statsbudsjettet knytt til økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet, jf. Innst. 216 S og Prop. 67 S (2019–2020), fekk selskapet ein tilleggsløyving på posten på totalt 3,72 mrd. kroner til innovasjonstilskot (2,1 mrd. kroner), etablerartilskot (500 mill. kroner), rentestøttefond (300 mill. kroner), tilskot til private innovasjonsmiljø (50 mill. kroner), tapsavsetjing for innovasjonslån pga. auka låneramme (720 mill. kroner) og tilskot til klynger (50 mill. kroner). Innafor ramma for innovasjonstilskot har Innovasjon Noreg sjølv satt av 50 mill. kroner til ei eige, mellombels mentorordning.
I tillegg fekk selskapet gjennom Stortinget sitt vedtak 19. juni ei ekstra løyving på 250 mill. kroner til omstilling av reiselivsnæringa, jf. Innst. 360 S og Prop. 127 S (2019–2020). Med løyvinga på 495 mill. kroner frå Saldert budsjett disponerer Innovasjon Noreg totalt 4,465 mrd. kroner på posten i 2020.
Selskapet opplever stor etterspurnad etter dei fleste ordningane, men ser at nokre av løyvingane truleg ikkje blir disponert fullt ut innan utgangen av året. Det vil venteleg stå att midlar til etablerartilskot, mentorteneste og tapsavsetjing for innovasjonslån.
Av ordninga innovasjonstilskot, med ei ramme på 2,1 mrd. kroner, er det gitt tilsegn for meir enn 1,5 mrd. kroner i byrjinga av oktober 2020. I tillegg har Innovasjon Noreg mottatt søknader for ytterlegare 1,3 mrd. kroner. Her vil truleg det meste av midla bli bundne opp i tilsegn innan utgangen av året. Det er ikkje sikkert at selskapet kan handsame alle søknadene og gi formelt tilsegn for alle midla innan årsslutt. Av den eigne ramma for mentortjenester vil venteleg under 50 pst. vere bunde opp ved årsslutt.
Innovasjon Noreg fekk òg ved Stortinget sitt vedtak 31. mars ei betydeleg auka låneramme for innovasjonslåneordninga, frå 1,4 til 3 mrd. kroner. Det blei samstundes øyremerka 720 mill. kroner ekstra til tapsfond. Ettersom kapasiteten til sakshandsaming og -avgjersler er avgrensa, er det usikkert om selskapet kan handsame alle søknadene og gi formelt tilsegn for heile låneramma innan årsslutt.
Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Prop. 142 S (2019–2020) og Innst. 19 S (2020–2021) å vidareføre og utvide tilskotsordninga for bedriftsutvikling i reiselivsnæringa til å inkludere messe- og konferansearrangørar. Vidare at det skulle vurderast om nyetablerte føretak, utan omsetning i referansemånader i 2019, kan bli inkludert i ordninga. Nærings- og fiskeridepartementet legg til grunn å inkludere nyetablerte føretak som kan dokumentere eit omsetningsfall på minst 30 pst. dei to siste månadene (i gjennomsnitt) før søknadstidspunktet, samanlikna med gjennomsnittleg omsetning i januar og februar 2020. Endringar i ordninga må bli fastsett innanfor rammene av EØS-avtalen sine statsstøttereglar og bli godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA).
Normalt skal den del av midla som er løyva over kap. 2421, post 50 og som ikkje er bunde opp i tilsegn ved utgangen av året, bli tilbakeført til statskassa året etter. Grunna den krevjande tilstanden i næringslivet og for å bidra til normal tilfredsstillande sakshandsaming i Innovasjon Noreg legg Nærings- og fiskeridepartementet som eit eingangstiltak til grunn at den del av løyvinga som er knytt til ekstraordinære koronatiltak og som ikkje blir bunde opp i tilsegn i 2020, kan nyttast i 2021.
Post 52 Låneordning for pakkereisearrangørar – tapsavsetjing
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 127 S (2019–2020) om økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet vedtok Stortinget ei løyving på 750 mill. kroner til tapsavsetjing for ei ny låneordning til pakkereisearrangørar. Låneordninga har ei ramme på 1,5 mrd. kroner. Det var venta eit større behov for lån til å betale ut refusjonar enn det næringa faktisk har hatt. I tillegg vil fleire søkarar få omgjort lån til tilskot når tilskotsdelen, jf. omtale under post 73 nedanfor, aukar til 40 pst. av refusjonsbeløpet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 631,5 mill. kroner, frå 750 til 118,5 mill. kroner.
Post 73 Tilskotsordning for pakkereisearrangørar
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 127 S (2019–2020) om økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet vedtok Stortinget ei løyving på 500 mill. kroner til ei tilskotsordning til pakkereisearrangørar. Førebels har Innovasjon Noreg utbetalt om lag 93,5 mill. kroner under ordninga, og søkarane har fått dekt 20 pst. av refusjonane til forbrukarar. Stortinget har vedtatt å gi tilskot tilsvarande 40 pst. av refusjonane samla, med ei øvre grense på 800 000 euro, om lag 8 mill. kroner. Søknadsinngangen har vore lågare enn føresett, og fleire søkarar har hatt mindre refusjonar enn opphavleg anslått.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 365 mill. kroner, frå 500 til 135 mill. kroner.
Post 74 Reiseliv, profilering og kompetanse, kan overførast
Arbeidet med å fremme eksport har eit stort innslag av brukarbetaling. I 2020 la Innovasjon Noreg opphavleg til grunn inntekter på 81 mill. kroner frå brukarar. Nye anslag viser om lag 50 mill. kroner lågare inntekter som følgje av pandemien. Selskapet har redusert kostnadene, men ein stor del av dei er faste, mellom anna tilsette og prosjektkostnadar, som alt er utbetalt.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 20 mill. kroner, frå 478 til 498 mill. kroner.
Post 75 Grøn plattform, kan nyttast under post 50, 71, 72 og 76
Stortinget har gitt løyvingar på til saman 333 mill. kroner til grøn plattform, som Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og Siva skal arbeide saman om. Løyvinga til Innovasjon Noreg er på 102,5 mill. kroner. Dette er tenkt som eit treårig prosjekt, og regjeringa har gjort framlegg om same løyvingar i 2021-budsjettet. Det er førebels usikkert kor mykje av løyvinga som kan bindast opp i 2020, og om noko av løyvinga vil bli nytta under postane 50, 71, 72 eller 76. Dette heng saman med korleis dei tre aktørane vel å innrette samarbeidet om plattforma.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten blir tilført stikkordet «kan overførast», jf. framlegg til vedtak II, 3.
Post 79 Tilskot til kondemneringsordning for skip
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020) blei det oppretta ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart. Målet med kondemneringsordninga er å bidra til at eldre skip i norske farvatn blir erstatta med null- og lågutsleppsfartøy. Stortinget har løyva 75 mill. kroner til ordninga i 2020. Ordninga blei oppretta og operativ i august 2020, og det vil ta tid frå tilsegn blir gitt til kvart enkelt tilskot er utbetalt fullt ut. Regjeringa har sett iverk ei rekke økonomiske tiltak i 2020 for å avhjelpe konsekvensane av pandemien og smitteverntiltak. Deler av løyvinga vil truleg ikkje kome til utbetaling i inneverande år, men vil vere eit sentralt verkemiddel òg til neste år.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten blir tilført stikkordet «kan overførast», jf. framlegg til vedtak II, 4.
Post 80 Næringstiltak Svalbard
Det er løyvd 2 mill. kroner for 2020 på denne posten som oppfølging av Strategi for innovasjon og næringsutvikling på Svalbard. Tilskot til dei enkelte prosjekta skal normalt utbetalast i takt med gjennomføringa av prosjektet, og det kan ta tid frå tilsegn blir gitt til alle formalia er på plass slik at tilskotet eller siste del av tilskotet kan utbetalast.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten blir tilført stikkordet «kan overførast», jf. framlegg til vedtak II, 5.
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag blir bruttoført, dvs. at beløpa blir utgifts- og inntektsført (akkumulert) kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolum. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2020 er basert på realiserte innlån og avdrag for resten av året. Innlåna har blitt noko lågare enn det som låg til grunn ved Saldert budsjett 2020. Dette inneber òg at avdraga blir redusert, jf. omtale under kap. 5325, post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,1 mrd. kroner, frå 58,9 til 57,8 mrd. kroner.
Post 91 Låneordning for pakkereisearrangørar – lån
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2020, vedtok Stortinget ei løyving på 1 500 mill. kroner til ei låneordning for pakkereisearrangørar. Det var venta eit større behov for lån til å betale ut refusjonar enn det næringa faktisk har hatt. I tillegg vil fleire søkarar få omgjort lån til tilskot når tilskotsdelen aukar til 40 pst. av refusjonsbeløpet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 263 mill. kroner, frå 1 500 til 237 mill. kroner.
Kap. 2429 Eksportkredittordninga
Post 90 Utlån
I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2020 blei det løyvd 5 mrd. kroner til utlån under statens eksportkredittordning, som Eksportkreditt Noreg forvaltar. Nytt anslag for utlån under ordninga er 6 mrd. kroner. Det er stor usikkerheit knytt til tidspunkt for utbetalingar framover.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 mrd. kroner, frå 5 til 6 mrd. kroner.
Kap. 2460 Garantiinstituttet for eksportkreditt
Post 90 Utbetaling ifølgje trekkfullmakt – alminneleg garantiordning
Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020) vedtok Stortinget å gi GIEK fullmakt til å trekkje opp lån på inntil 10 mrd. kroner for utbetalingar under Alminneleg garantiordning.
Det var anslått at lånebehovet i 2020 ville utgjere om lag 4,5 mrd. kroner, og at samla lånebehov ville bygge seg opp til 18 mrd. kroner i 2025. I løpet av året har risikoen i porteføljen auka. Det er større uvisse enn før om oppbygging av fordringar, inntekter og etatens behov for likviditet for å utbetale under garantiane.
Basert på opptrekk av lån og likviditetsanalysar frå GIEK per 30. september er nytt anslag på lånebehov 9 mrd. kroner i 2020, mens samla lånebehov er antatt å ville bli 14 mrd. kroner. Reduksjon i samla lånebehov skuldast i hovudsak valutakursjusteringar. Auka i lånebehov i 2020 skuldast i hovudsak at GIEK, i fleire saker har betalt ut under garantiane på eit tidlegare tidspunkt enn det som var lagt til grunn i Prop. 117 S (2019–2020).
GIEK arbeider aktivt med å inndrive fordringar. Det er stor uvisse om kor stor del av fordringane som vil kunne gjenvinnast. I Prop. 117 S (2019–2020) var det antatt at 30 pst. av fordringane vil kunne gjenvinnast. Vidare blei det opplyst at det var sannsynleg at inntekter under Alminneleg garantiordning ikkje ville dekkje utgifter under ordninga. Ved handsaming av Prop. 117 S (2019–2020) vedtok Stortinget derfor å sette av 10 mrd. kroner til å dekkje eventuelle tap under ordninga. Sjølv om risikoen i porteføljen har auka, er det likevel antatt at det er mest sannsynleg at gjenvinningsgrad vil vere 30 pst. Anslag på underbalanse er førebels innanfor avsetninga til eventuelt tap. GIEK vil framleis arbeide for å ivareta interessene til staten best mogeleg i alle enkeltsaker og i porteføljen som heilheit. Nærings- og fiskeridepartementet har tett oppfølgjing av situasjonen og vil halde fram med å orientere Stortinget om risikoen i porteføljen i dei ordinære budsjettprosessane.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,5 mrd. kroner, frå 4,5 til 9 mrd. kroner.
Kap. 2540 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Koronakrisa har ført til auka utbetalingar frå ordninga i 2020, som følgje av karantene-reglane. Det tar òg lengre tid å få ferdig fartøy som er på verkstad, og mange nybygg har blitt forseinka. Det gjer at utbetalingane av dagpengar til fiskarar har auka.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke overslagsløyvinga med 20 mill. kroner, frå 80 til 100 mill. kroner.