14 Merknader til dei einskilde føresegna
Til kapittel 2 A Tilsynsråd for kriminalomsorgen:
Departementet foreslår at straffegjennomføringslova får eit nytt kapittel 2 A med reglar om tilsynsråd. Etter utkastet skal kapittelet innehalde fem føresegner; § 9 Tilsynsrådets oppgaver, § 9 a Gjennomføringen av tilsynsarbeidet, § 9 b Oppnevning av medlemmer til tilsynsrådet, § 9 c Taushetsplikt og § 9 d Forskrifter. Utkastet inneber at gjeldande § 9 går ut av kapittel 2, og i endra form går inn i det nye kapittel 2 A.
Til § 9:
Det visast til punkt 5 og 6, punkt 7.2 og 7.3 og punkt 11.4 i proposisjonen her.
Første ledd første og andre punktum fastset mandatet for tilsynsrådet. Tilsyn med institusjonane i kriminalomsorga skal skje regelmessig, og inneber mellom anna fysiske inspeksjonar. Ordet institusjon er vald for å inkludere dei ulike innretningane kor kriminalomsorga husar domfelte og innsette. Fengsel med høgt sikkerheitsnivå, forvaringsanstaltar og ungdomseiningar, og fengsel med lågare sikkerheitsnivå og overgangsbustader er døme på slike institusjonar. I tillegg er einingar som husar forvaringsdømte som er lauslatne til tvungent opphald i institusjon eller kommunal bustad, inkludert. Tilsynsrådet skal ikkje føre tilsyn med institusjonar som ikkje heilt eller delvis ligg under kriminalomsorga sitt ansvar, til dømes sjukehus eller annan institusjon kor domfelte gjennomfører straff. For innsette i institusjon, skal tilsynsrådet føre tilsyn med at dei blir handsama i samhøve med gjeldande rett, og at deira velferd varetakast. Dette inneber at verksemda til tilsynsrådet ikkje er avgrensa til reint rettslege tilhøve. Tilsynsrådet kan ta opp tilhøve uavhengig av om det er kriminalomsorga eller andre styresmakter som er ansvarlege for dei aktuelle tilhøva, og må vidareformidle funn som ikkje kriminalomsorga har ansvar for til tilgrensande tilsynsmynde for oppfølging. For domfelte som gjennomfører straff utanfor ein institusjon som kriminalomsorga har heilt eller delvis ansvar for, skal tilsynsrådet sjå til at dei blir handsama i samhøve med gjeldande rett. Tilsynsrådet skal ha ein ombodsliknande funksjon, og har ikkje mynde til å treffe rettsleg bindande avgjerd.
Andre ledd slår fast at tilsynsrådet skal vere uavhengig i sitt arbeide. Det følgjer av same føresegn at tilsynsrådet ikkje kan bli instruert om si vurdering av den einskilde sak, lovtolking eller utøving av skjønn.
Føresegna set grenser for kva føringar departementet kan gje etter første ledd eller etter § 9 d.
Til § 9 a:
Første ledd andre punktum set grenser både for kva andre styresmakter kan beslutte, og for kva enkeltpersonar eller andre kan krevje frå rådet. Etter føresegna kan ingen krevje av tilsynsrådet at det går inn i ein konkret sak.
Første ledd tredje punktum regulerer kven tilsynsrådet skal vende seg til med sine merknader etter det einskilde tilsynet. Etter ordlyden står tilsynsrådet fritt med omsyn til om det vil framføre sitt bodskap ovanfor den aktuelle eininga eller til eit overordna nivå i kriminalomsorga. Ofte vil det beste vere først å ta opp saker med den konkrete eininga. I vurderinga er det relevant å leggje vekt på kva for avvik det er tale om, kor alvorleg avvik det er tale om, og kven som best kan følgje opp avviket.
Andre ledd kodifiserer at tilsyn kan skje både varsla og uvarsla, og at tilsynsrådet må få tilgang til fysiske omgivnader og opplysingar som trengst for å gjennomføre tilsynet. Føresegna inneber mellom anna at rådet kan be eininga om utskrift frå sakshandsamingssystema, og om rapportar og oversikter som viser bruk av ulike kontrolltiltak og tvangsmiddel. Etter tredje punktum har kriminalomsorga, eller dei som utfører arbeid eller teneste for kriminalomsorga, plikt til å medverke slik at tilsynsrådet får utført tilsyn. Sjølv om føresegna føreset ein plikt til medverknad, inneber ikkje føresegna at den einskilde tilsette har ei rettsleg forklaringsplikt for rådet. For unntak frå teieplikta for tilsette i kriminalomsorga, sjå § 9 c. Nærare regler om kriminalomsorgens oppgåve under tilsyn kan fastsetjast i forskrift, sjå § 9 d.
Det følgjer av andre ledd siste punktum at domfelte og innsette skal kunne kommunisere fortruleg med tilsynsrådet. Dette gjeld både skriftleg og munnleg kommunikasjon. Kriminalomsorga må leggje til retter for ukontrollert kommunikasjon både under og mellom besøk frå tilsynsrådet.
Tredje ledd regulerer deltaking frå tilsynsrådet ved inspeksjon i institusjon. Det følgjer av første punktum at stadlege tilsyn skal gjennomførast med minst to medlemar. Av siste del av setninga følgjer det vidare at både eit medlem oppnemnd etter § 9 b første ledd første punktum og eit medlem oppnemnd etter § 9 b første ledd andre punktum så langt mogleg delta i tilsynet. Grunngjevinga for dette er særleg at det vil bidra til at dei som saman inspiserar ei eining har ulik bakgrunn, men òg leggje til rette for at tilsynsarbeidet totalt sett blir heilskapleg. Uttrykket «så langt mulig» markerer at kravet til deltaking ikkje er ei absolutt føresetnad for å gjennomføre stadlege tilsyn. Er det praktisk vanskeleg å oppnå den aktuelle fordelinga, kan tilsynet som eit unntak gjennomførast med to personar frå same oppnemnde gruppe. Dette kan òg vere ei løysing der det konkrete tilsynet krev ein spesiell kompetanse som berre finst i den eine gruppa. Det skal likevel alltid delta minst to medlemar ved institusjonsbesøk. Tilsynsrådet vil stå fritt til å delta med fleire medlemar, noko som kan vere praktisk ved inspeksjon av støre einingar.
Tredje ledd andre punktum inneheld eit forbod mot deltaking ved tilsynsrådets besøk i einingar. Forbodet gjeld òg ved andre former for tilsyn. Føresegna vil òg kunne utelukke deltaking i tilfelle der det ikkje vil liggje føre ugildheit etter forvaltningslova. Sidan tilsynsrådet skal ha ein ombodsfunksjon, oppstår det ikkje spørsmål om ugyldigheit som følgje av brot på § 9 tredje ledd eller på forvaltningslova.
Fjerde ledd slår fast at tilsynsrådet skal rapportere årleg om sitt arbeide til departementet og Kriminalomsorgsdirektoratet, og at rådet òg kan ta opp særskilde tema utanom årsrapportane. Årsrapport og andre meldingar etter § 9 a fjerde ledd er meint som verktøy for å ta opp tilhøve av generell karakter. Det er ikkje meininga at dokumenta skal innehalde informasjon som er underlagt teieplikt. Heile dokumentet skal publiserast. Om ein slik rapport eller melding likevel inneheld informasjon som er omfatta av teieplikt, må rapporten anonymiserast før den blir publisert.
Til § 9 b:
Det visast til punkt 8 i proposisjonen her.
Første ledd første punktum gjeld oppnemning av leiar, nestleiar og ytterlegare eitt medlem. Oppnemning etter første punktum skal skje på grunnlag av faglege og personlege eigenskapar som gjer vedkommande skikka.
Første ledd andre punktum gjeld for oppnemning av lokale medlemar av tilsynsrådet. Talet på oppnemnde medlemar må vere av eit omfang som gjer det mogleg for tilsynsrådet å gjennomføre sine oppgåver på eit forsvarleg vis. Føresegna krev at alle fylka skal vere representerte mellom medlemane oppnemnd etter andre punktum. Ved oppnemninga skal det leggjast vekt på personlege kvalifikasjonar for å drive tilsynsarbeid. Mynde til å oppnemne etter andre punktum ligger hjå departementet. Departementet skal vurdere kor mange medlemar det er naudsynt å oppnemne etter § 9 b første ledd andre punktum.
Det følgjer av første ledd fjerde punktum at både nestleiar og dei andre medlemane av tilsynsrådet som hovudregel skal oppnemnast for fire år, men at funksjonstida kan vere to år viss dette er naudsynt for å oppnå at ikkje alle eller nesten alle medlemane sluttar til same tid. Leiar skal etter tredje punktum nemnast opp for ein periode på seks år. Det er naturleg at leiar sit noko lenger enn andre medlemar. Det er adgang til gjenoppnemning for ein periode for alle medlema av tilsynsrådet, men det er ikkje eit krav på slik gjenoppnemning.
Andre ledd stiller opp særskilde krav for å kunne oppnemnes til tilsynsrådet. For alle i tilsynsrådet krevst det etter andre ledd andre punktum at dei oppfyller krava som etter domstollova § 70 gjeld for å kunne veljast til utvala av meddommarar, med unntak for kravet etter § 70 andre ledd nr. 4 om å ha bustad i ein bestemt kommune. I dette ligg for det første at den som oppnemnast må ha tilstrekkelege norskkunnskapar, og elles vere personleg skikka til oppgåva. Vidare krevst det mellom anna at den som skal bli medlem må ha fylt 21 år, og ikkje ha fylt 70 år når oppnemningsperioden startar. For leiar krevst det etter andre ledd første punktum dessutan at vedkomande må oppfylle krava for å vere dommar. I dette ligg mellom anna at vedkomande må vere utdanna jurist. Kravet om at det mellom dei tre i leiinga bør ligge føre barnefagleg og helsefagleg kompetanse, inneber at det så langt rå er skal finnast slik kompetanse i leiinga til ei kvar tid. Det er ikkje satt spesifikke krav til kva for grad av helse- og barnefagleg kompetanse som krevst. De særskilde krava til nestleiar og den faste medlemen er ikkje meint å innebere ei anna øvre aldersgrense for disse enn for dei andre medlemane.
Tredje ledd første punktum regulerer fråtreding frå verv. Etter fjerde leddskal det ved ledigheit oppnemnast eit nytt medlem for ein full periode. Det vil altså ikkje vere avgjerande kor lang tid medlemen som sluttar hadde igjen av sin oppnemningstid.
Til § 9 c:
Det visast til punkt 11 i proposisjonen her.
Medlemane av tilsynsrådet har teieplikt etter reglane i forvaltningslova. For at dette skal vere tydeleg, er det presisert i § 9 c første ledd. Vidare bestemmer føresegna at ein som er medlem av tilsynsrådet eller gjer teneste for rådet, har teieplikt om det som vedkommande får vite om tilhøve av betyding for sikkerheita ved gjennomføringa av straff. Døme på slik kunnskap kan vere bygningsmessige tilhøve, brann- og evakueringsinstrukser, informasjon om ulike sikkerheitstiltak, trusselvurderingar, eller andre opplysingar som vedkjem sikkerheita under gjennomføring av straff. Sistnemnde gjeld tilsvarande for tilsette i, eller ein som utfører teneste eller arbeid for kriminalomsorga, jf. straffegjennomføringslova § 7 bokstav h.
Andre ledd inneheld heimel for at kriminalomsorga og andre forvaltningsorgan som leverer tenester til domfelte og innsette, kan formidle opplysingar om innsette til tilsynsrådet. Føresegna opna berre for opplysingar som er underlagt teieplikt etter forvaltningslova, ikkje profesjonsbestemt teieplikt som er heimla i sektorlovar, som til dømes helsepersonellova. Formidlinga er vidare begrensa til å gjelde tilfelle der informasjonsdelinga er naudsynt for at tilsynsrådet skal kunne utføre oppgåvene sine, og retten omfattar ikkje deling av fleire opplysingar enn naudsynt. I dette ligg mellom anna at det ikkje skal gis meir detaljerte opplysingar enn det som må til, og at føresegna ikkje er ein generell heimel for å vidareformidle til tilsynsrådet opplysingar som kriminalomsorga har innhenta etter straffegjennomføringslova § 7 a andre ledd. Reglane gjer ikkje endring i moglegheita for å dele opplysingar som har heimel i forvaltningslova §§ 13 a og 13 b.
Til § 9 d:
Her finst heimel til at departementet kan gi nærare føresegner om ulike administrative sider ved verksemda til tilsynsrådet. Med unntak for tilhøve som har ei sikkerheitsmessig side, vil det vere viktig at føresegna gis i ei form som sikrar kontradiksjon, notoritet og innsyn for ålmenta.