Prop. 5 L (2024–2025)
Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2025 m.m.)
Tilråding frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet 1. november 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld forslag til endringar i folketrygdlova og enkelte andre lovar. Nokre av endringane er nødvendige for å følga opp forslag som er fremma i Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet. Proposisjonen inneheld også andre forslag. Det gjeld mellom anna ein ny heimel i arbeidsmarknadslova til å gi forskrift om ytingar under deltaking i forsøk med arbeidsmarknadstiltak og endringar i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem som inneber at slike oppdragstakarar i Oslo kommune får pensjonsopptening i pensjonsordninga. Mange av forslaga elles gjeld rettingar i tilvisingar, endringar som følge av endringar i andre lover og enkelte andre tekniske endringar.