Prop. 5 L (2024–2025)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2025 m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i følgande lover:

  • Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

  • Lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse

  • Lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

  • Lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser

  • Lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere

  • Lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester

  • Lov 10. juni 2005 nr. 51 om norsk statsborgerskap

  • Lov 12. februar 2010 nr. 4 om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem

  • Lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor

  • Lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse

  • Lov 24. november 2023 nr. 83 om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (opphevelse av minstegrensen for rett til medlemskap)

Som følge av forslag som er lagde fram i Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet 2025, er det nødvendig med endringar i reglane som inneber at dagpengane ikkje blir reduserte som følge av at mottakaren samtidig får utbetalt tenestepensjon frå ei pensjonsordning som er utforma i samsvar med prinsippa om nøytralt og fleksibelt uttak. Dette er bakgrunnen for forslaget om endringar i folketrygdlova § 4-26 første ledd bokstav a.

Vidare, som følge av forslag i statsbudsjettet for 2025, blir det også foreslått ei utviding av kven som kan få skjermingstillegg i alderspensjonen frå folketrygda etter å ha mottatt uføretrygd ved fylte 67 år, jf. folketrygdlova § 19-9 a. Forslaget inneber å utvide skjermingsordninga til også å omfatte uføre fødd i perioden 1954 til 1962.

I lov 24. november 2023 nr. 83 om endringar i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover blir det foreslått ei overgangsordning ved oppheving av minstegrensa for rett til medlemskap i lovfesta offentleg tenestepensjonsordning.

I arbeidsmarknadslova blir det foreslått ein ny heimel til å gi forskrift om ytingar under deltaking i forsøk med arbeidsmarknadstiltak.

I lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. blir det foreslått ein heimel til å gi forskrift om delt pensjonsgrunnlag. Delt pensjonsgrunnlag gjeld tilfelle der pensjonsgrunnlaget ikkje berre skal bereknast av sluttlønna, men også av eit tidlegare pensjonsgrunnlag.

Endringa i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem inneber at oppdragstakarar i Oslo kommune også får pensjonsopptening i pensjonsordninga.

Forslaga til endringar i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse gjeld presiseringar knytt til innføringa av nye reglar om offentleg AFP for dei som er fødde i 1963 eller seinare.

Det blir også foreslått enkelte rettingar, presiseringar og lovtekniske justeringar som dels gjer reglane tydelegare og dels lovfester gjeldande praksis.

Innhaldslistene i innleiinga til folketrygdlova og til dei enkelte kapitla i folketrygdlova blir oppheva.

Reglane om forsørgingstillegg i folketrygdlova §§ 3-24 til 3-26 blir oppheva fordi det tidlegare er vedtatt at tillegga fell heilt bort frå 1. januar 2025. Som ei følge av opphevinga av reglane om forsørgingstillegg, blir det foreslått lovtekniske justeringar og tilpassingar i folketrygdlova §§ 3-3, 12-15, 19-3, 19-8 og 22-16 og i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse §§ 3 og 4.

I folketrygdlova kapittel 4 om dagpengar under arbeidsløyse blir det foreslått endringar som inneber klargjeringar, forenklingar og lovfesting av gjeldande praksis.

I folketrygdlova kapittel 11 om arbeidsavklaringspengar blir det foreslått fire mindre endringar som inneber klargjering og forenkling av regelverk til fordel for mottakarane av stønaden.

I folketrygdlova kapittel 13 blir det foreslått endringar i tilvisingar som følge av endringar i andre kapittel i folketrygdlova og i andre lover.

I statsborgarlova foreslår departementet ei presisering i § 2 første ledd for å gjera det tydeleg at Sysselmeisteren på Svalbard kan behandle personopplysningar til eigne formål, på same måte som andre aktørar som behandlar saker etter statsborgarlova. Det blir vidare foreslått ei oppdatering av pliktsubjektet i lova i § 29 b første ledd bokstav j, og ein inkurie i § 7 tredje ledd blir retta opp.

I dei tre tenestepensjonslovene for Statens pensjonskasse, apotekverksemd og sjukepleiarar blir det presisert at uførepensjon ikkje skal bli inntektsavkorta for overgangsstønad etter folketrygdlova kapittel 15 og 17 A, også når uførepensjonen er ein bruttopensjon, det vil seie i dei tilfella det ikkje er noka uføreyting frå folketrygda saman med tenestepensjonen.

Overskriftene til samordningslova §§ 24 a og 24 c blir endra slik at det tydeleg kjem fram kven som er omfatta av føresegnene. Vidare blir omtala av bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning tatt ut av tre føresegner i samordningslova. Det er fordi det ikkje lenger er nokon som får slik pensjon.

Forslaget som gjeld AFP-tilskottslova, gir heimel til Arbeids- og velferdsdirektoratet til å fastsette forholdstal for arbeidstakarar fødde i 1963 eller seinare ut frå prinsippa som kjem fram av folketrygdlova § 19-7.

Lovforslaget gjeld også retting av skrivefeil og av ei feil tilvising i arbeidsmarknadslova.

Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 femte ledd kan ein unnlate å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, då dei kan vere unntatt frå offentlegheit etter offentleglova § 22. Forslaga som følger av framlegget til statsbudsjett, har derfor ikkje vore på høyring. Dei forslaga som ikkje inneber nokon realitetsendringar, har heller ikkje vore på høyring, sidan høyring av desse har blitt rekna som «åpenbart unødvendig», jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd tredje kulepunkt.

Forslaget om lovheimel for Statens pensjonskasse til å inngå avtale med andre pensjonsleverandørar om fordeling av kostnader for ny avtalefesta pensjon (AFP) i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse har heller ikkje vore på høyring. Forslaget blir likevel fremja då det er nødvendig å få på plass ein slik heimel før pensjonsutbetalingane startar frå 2025. Det vil i praksis ikkje vera mogleg å gjennomføre ei høyring av forslaget før dette, og høyring kan derfor unnlatast i samsvar med utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd første kulepunkt.

Til forsida