1 Innleiing
I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalte i 2017 var på kroner 17 240 519. I statsbudsjettet for 2018 er det løyvt kroner 18 400 000 på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.