Prop. 50 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet 2020

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72

Olje- og energidepartementet følger opp planlegging og forhandlingar med industriselskapa om Langskip (fangst og lagring av CO2). Dette arbeidet har vore svært omfattande og har ført til behov for betydeleg ekstern bistand til mellom anna kvalitetssikring av avgjerdsgrunnlag og juridisk bistand i samband med forhandlingane og utarbeidinga av avtaleverket.

Det er foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til 41,5 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande reduksjon under kap. 1840, post 70 Administrasjon, Gassnova SF.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

Det er foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner, til 9,9 mill. kroner. Årsaka til auken er ei avrekning for «Intelligent Energy», som er eit avslutta EU-program innanfor energiområdet.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Posten dekker utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland (Olje for utvikling).

Det er foreslått å redusere løyvinga med 34 mill. kroner, til 85 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet og forseinkingar i ulike program som følge av virusutbrotet. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Posten dekker utgifter til Noregs vassdrags- og energidirektorats samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) og andre internasjonale rådgivingsoppdrag innanfor vass- og energisektoren for utviklingsland.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 22 mill. kroner, til 65 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet og forseinkingar i ulike program som følge av virusutbrotet. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar

Posten dekker utgifter til krisetiltak, som er tiltak som er nødvendige for hindre overhengande fare rett før, under og rett etter flaum- eller skredhendingar. Vidare dekker posten utgifter til hastetiltak, som er tiltak som må gjennomførst raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling, men der det er tid til forenkla planlegging og saksbehandling. Tilskot til kommunar for å utføre krise- og hastetiltak blir òg dekte under posten.

Det er foreslått å auke løyvinga til krise- og hastetiltak med 5 mill. kroner, til 50 mill. kroner. Årsaka til auken er mellom anna tiltak som følge av uvêret i Nord-Noreg i september, delutbetaling av tilskot til krisetiltak i Nittedal kommune og hastetiltak på Vestlandet i september.

Kap. 1840 CO2-handtering

Post 70 Administrasjon, Gassnova SF, kan overførast, kan nyttast under post 72

Posten dekker utgifter til Gassnovas administrasjon, mellom anna oppfølging av demonstrasjonsdelen av CLIMIT-programmet, oppfølging av arbeidet med Langskip (fangst og lagring av CO2) og ivaretaking av statens eigarinteresser i Teknologisenter Mongstad.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 100 mill. kroner. Årsaka til reduksjonen er lågare utgifter til Gassnovas oppfølging av Langskip i 2020. Ein viser til omtale og tilsvarande auke under kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad

Det er foreslått å redusere tilskotet til Teknologisenter Mongstad med 13 mill. kroner, til 180 mill. kroner. Årsaka til reduksjonen er avrekning av driftsutgifter for 2019 og lågare anslag for utgifter i 2020.

Post 72 Fullskala CO2-handtering, kan overførast, kan nyttast under post 70

Utgiftene til industriselskapa i forprosjektfasen og fram til investeringsavgjerda for fullskalaprosjektet er justerte ned i 2020.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 9 mill. kroner, til 206 mill. kroner.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 2.1 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2020 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post/ underpost

Gjeldande løyving 20201

Forslag til ny løyving 2020

Endring

Kap. 2440

30

Investeringar

28 000

28 000

-

Sum kap. 2440

28 000

28 000

-

Kap. 5440

24.1

Driftsinntekter

99 900

115 800

15 900

24.2

Driftsutgifter

-27 500

-28 400

-900

24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 100

-2 000

100

24.4

Avskrivingar

-22 900

-22 700

200

24.5

Renter av statens kapital

-2 600

-2 500

100

24

Driftsresultat

44 800

60 200

15 400

30

Avskrivingar

22 900

22 700

-200

80

Renter av statens kapital

2 600

2 500

-100

Sum kap. 5440

70 300

85 400

15 100

Kontantstraum til SDØE:

Innbetalingar2

99 900

115 800

15 900

Utbetalingar3

57 600

58 400

800

Netto kontantstraum frå SDØE

42 300

57 400

15 100

1 Gjeldande løyving for 2020 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 4. desember 2019 og seinare endringar i 2020 (revidert budsjett), jf. Prop. 117 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020)

2 Innbetalingar = driftsinntekter

3 Utbetalingar = investeringar + driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 15 900 mill. kroner, til 115 800 mill. kroner. Årsaka til auken er i hovudsak høgare prisføresetnader for olje og gass. Dette er motverka av noko lågare salsvolum. Overslaget baserer seg på ein oljepris for 2020 på 377 kroner per fat.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 900 mill. kroner, til 28 400 mill. kroner. Årsaka til auken er hovudsakleg høgare tariffkostnader og auka utgifter til kjøp av tredjepartsgass. Dette blir noko motverka av reduserte produksjonskostnader som følge av lågare prisar på straum og mindre endringar på fleire felt.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er redusert med 100 mill. kroner, til 2 000 mill. kroner.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 200 mill. kroner, til 22 700 mill. kroner.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 100 mill. kroner, til 2 500 mill. kroner.

Endringar i underpostane som er omtalte over, medfører at anslaget over SDØEs driftsresultat er auka med 15 400 mill. kroner, frå 44 800 mill. kroner til 60 200 mill. kroner.

Anslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka med 15 100 mill. kroner, frå 42 300 mill. kroner til 57 400 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 01 Gebyrinntekter

Virusutbrotet og oljeprisfallet tidlegare i år har ført til redusert verksemd i petroleumsnæringa og i aktivitetar som er gebyrpliktige. Dette har igjen ført til redusert refusjon av utgifter til tilsyn med ressursforvaltninga i petroleumsverksemda, gebyr ved registreringar i petroleumsregisteret og ulike løyve: undersøkingsløyve, seismiske løyve, utvinningsløyve og konsesjonssøknader.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, til 22 mill. kroner.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 34 mill. kroner, til 85 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 22 mill. kroner, til 65 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA

Post 85 Utbytte

Equinor ASA har utbetalt til saman 13,25 mrd. kroner i utbytte til Olje- og energidepartementet for tredje og fjerde kvartal 2019 og første kvartal 2020. For budsjettformål er det lagt til grunn eit kontantutbytte for andre kvartal 2020 som tilsvarer utbetalinga for første kvartal 2020.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 700 mill. kroner, til 15 000 mill. kroner.

Til forsida