2 Forslag om justering i vedtekne rammer for prosjektet rv 13 Ryfast i Rogaland
Det er for prosjektet rv 13 Ryfylkesambandet (Ryfast) i Rogaland vedteken eit særskilt unnatak frå ordinære retningslinjer for fastsetjing av takstar for takst- og rabattsystemet. Jf. Prop. 44 S (2019–2020)/Innst. 194 S (2019–2020).
I tråd med lokalpolitiske vedtak er det lagt til grunn at økonomien i prosjektet og takstane skal bli vurdert på nytt når den faktiske trafikken er kjend, eitt år etter at innkrevjinga er starta (mars 2021).
Prosjektet står ferdig. Siste del av prosjektet, Hundvågtunnelen, blei opna for trafikk i april 2020. Ryfylketunnelen blei opna for trafikk i desember 2019.
Prosjektet er opna for trafikk utan at bompengeinnkrevjinga er sette i gong. Årsaka er at Statens vegvesen har hatt utfordringar med den spanske leverandøren av vegkantutstyret. Statens vegvesen har sagt opp kontrakten med leverandøren, med konsekvens at tidspunktet for oppstart av innkrevjinga er utsett. Statens vegvesen har starta arbeidet med å få på plass ny leverandør. Det er venta at innkrevjinga vil kunne starte i februar 2021. Dette er likevel så vidt usikkert at ein må ta høge for at dette fyrst vil kunne skje i april 2021.
Situasjonen som er oppstått i prosjektet er uheldig. Samferdselsdepartementet er trygg på at Statens vegvesen sørgjer for at ny leverandør for vegkantustyret kjem på plass så snart som praktisk mogeleg slik at innkrevjinga for prosjektet kan startast.
Ettersom det er uklart, når innkrevjinga kan startast opp, meiner Samferdselsdepartementet at ein bør fråfalle kravet om at evalueringa av økonomien og takstane for prosjektet skal skje i mars 2021. Departementet meiner at det bør fasthaldast at gjennomgangen av økonomien i prosjektet og vurderinga av takstane skal skje eitt år etter at innkrevjinga er sette i gong.
Etter gjeldande bompengeavtale med bompengeselskapet er det staten som skal finansiere bompengeselskapet sine utgifter som følgje av eventuelle utsetjingar i tidspunktet for oppstart av innkrevjinga. I samsvar med denne avtalen kan bompengeselskapet krevje erstatning frå Statens vegvesen for renter og administrative kostnader ved forsinka ferdiggjering av innkrevjingsutstyret. Samferdselsdepartementet tek sikte på å kome tilbake til Stortinget på eigna måte så snart det ligg føre ei oversikt over kva kostnader det vil vere snakk om.