Prop. 61 L (2022–2023)
Endringar i lov om interkommunale selskaper (møteoffentlegheit, økonomiforvaltning m.m.)
Tilråding frå Kommunal- og distriktsdepartementet 24. mars 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Kommunal- og distriktsdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag til endringar i lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper (IKS-loven). Departementet foreslår mellom anna endra reglar om møteoffentlegheit for representantskapet i interkommunale selskap, fleire justeringar i økonomiføresegnene og å redusere rolla staten har i organiseringa av selskapa.