1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kommunal- og distriktsdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag til endringar i lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper (IKS-loven).
Departementet foreslår at møte i representantskapet i interkommunale selskap (IKS) som offentleglova gjeld for, skal følgje dei same reglane om møteoffentlegheit som kommunale organ, kommunale føretak og interkommunale samarbeid etter kommuneloven. Reglane om møteoffentlegheit inneber krav om opne møte, kunngjering av møte og tilgjengeleggjering av møteinnkallingar, saksdokument og protokollar. Departementet foreslår vidare å lovfeste at teiepliktreglane i forvaltningsloven gjeld for dei som utfører teneste eller arbeid for eit interkommunalt selskap som offentleglova gjeld for.
Det blir òg foreslått fleire justeringar i økonomiføresegnene i IKS-loven, i hovudsak for å harmonisere desse med økonomiføresegnene i kommuneloven frå 2018.
Vidare foreslår departementet å redusere rolla staten har i organiseringa av selskapa. Det blir mellom anna foreslått å fjerne kravet om at departementet skal godkjenne oppløysinga av eit IKS. Proposisjonen inneheld vidare forslag om presisering av styreansvaret, krav om tal på styremedlemmer, godtgjering og at avtaleval skal kunne nyttast når kommunestyret vel medlemmer til representantskapet.