Prop. 62 L (2022–2023)

Endringar i Finnmarksloven (endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i Finnmarksloven (endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke)

I

I lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettshøve og forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark skal det gjerast følgande endringar:

I følgande føresegner skal uttrykket «Troms og Finnmark fylkesting» endrast til «Finnmark fylkesting»:

§ 7 andre ledd, § 16 første ledd, § 16 femte ledd og § 31 andre ledd.

I følgande føresegner skal uttrykket «Troms og Finnmark fylkesting» endrast til «fylkestinget»:

§ 7 sjette ledd, § 10 tredje ledd og § 10 sjette ledd.

§ 15 første ledd skal lyde:

Dersom Finnmarkseiendommen i bankinnskudd, kontanter og lignende har aktiva som fratrukket eventuell gjeld overstiger det som trengs av reserver for å sikre driften, kan styret beslutte at overskuddet helt eller delvis skal utbetales til Finnmark fylkeskommune, Sametinget eller allmennyttige formål som kommer Finnmarks innbyggere til gode.

I følgande føresegner skal uttrykket «statsforvalteren i Troms og Finnmark» endrast til «statsforvalteren»:

§ 18 andre ledd og § 46 første ledd.

II

Loven gjeld frå den tida Kongen fastset.