3 Om stadnamn
3.1 Kulturminneverdien til eit stadnamn
Formålet med stadnamnlova er etter § 1 «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna». Stadnamna er ein del av vår felles kulturarv. Dei gir opplysningar om språk, terreng, ferdselsårer, dyreliv, plantevekst, militære varslingssystem, kyrkjeleg styring, folkelege gjeremål, ordbruk, arbeid, tenkjemåte og levevis.
I merknadene til § 1 i forarbeida til gjeldande lov, Prop. 105 L (2014–2015) Endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.), står det at det ikkje berre er «det språkhistoriske innhaldet i eit namn som er verneverdig, men også sjølve forma namnet har i nedervd lokal uttale».
Stadnamnlova fekk ved lovrevisjonen i 2005 ein ny paragraf, § 3 Namnevern. Vernet det her er tale om, er eit vern til støtte for traderinga av namnet. Det vil seie at lova, jf. formålsparagrafen, fremjar aktiv bruk av stadnamna som er i tråd med den tradisjonelle, lokale namngivinga på staden. Intensjonen til lovgivaren var samtidig å hindre at for eksempel eit kommersielt eller historisk interessant stadnamn som ikkje har tilknyting til ein bestemt stad eller eit bestemt namneobjekt, fortrengjer den namnetradisjonen som har tilknyting til eit bestemt namneobjekt. Det må understrekast at stadnamnlova likevel ikkje skal vere til hinder for samfunnsutvikling og endringar i administrative inndelingar, for eksempel ved kommunesamanslåingar. Når administrative ordningar blir endra, må også bruken av stadnamna endre seg noko.
3.2 Internasjonalt arbeid med stadnamn
Stadnamn er immaterielle kulturminne. Historisk sett er det den materielle delen av kulturarven som har vore omfatta av eit rettsleg vern. Det gjeld både nasjonalt og internasjonalt. Innanfor UNESCO-systemet fekk den materielle kulturarven ein konvensjon i 1972 med verneføresegner for verdas natur- og kulturarv. Noreg ratifiserte i 2007 UNESCOs konvensjon av 17. oktober 2003 om vern av den immaterielle kulturarven, jf. St.prp. nr. 73 (2005–2006). Stadnamn er ikkje nemnde særskilt i konvensjonen, men i ei utgreiing gjord av Kulturrådet ved implementeringa av konvensjonen, er stadnamna nemnde under det som konvensjonen kallar munnlege tradisjonar og uttrykk. Kulturrådet skriv: «Selv om person- og stedsnavn til en viss grad blir tatt hånd om av egne lover, er de likevel viktige å synliggjøre som immaterielle kulturuttrykk i henhold til konvensjonen.»1 Ein ratifikasjon av UNESCO-konvensjonen inneber ikkje at Noreg har forplikta seg til eit bestemt nivå for vern av stadnamna. Departementet legg til grunn at forslaga til lovendringar i dette notatet er innanfor rammene av det som følgjer av UNESCO-konvensjonen.
Ein viktig funksjon stadnamna har i offentleg samanheng, er å identifisere eit namneobjekt så eintydig som mogeleg. I FN-organet United Nations Group of Experts on Geographical Names (UNGEGN), der Noreg har vore aktiv i mange år, blir dette følgd opp internasjonalt. FNs mål er å etablere praktiske og eintydige skriftformer. FN tilrår nasjonal standardisering, også der fleire organ gjer vedtak om skrivmåte, slik tilfellet er i Noreg.2
3.3 Internasjonale konvensjonar og nasjonale rammer for å verne og fremje kvensk og samisk
Grunnlova § 108 og dei folkerettslege pliktene overfor samisk språk og kultur ligg til grunn for forvaltninga av samiske stadnamn. Noreg har også plikt til å verne kvenske stadnamn etter den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar. Ved lovrevisjonen i 2005 bad Kommunal- og regionaldepartementet om at stadnamnlova særleg skulle sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale plikter. Dette omsynet vart teke inn i § 1 andre ledd: «Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.»
I rapporten frå Europarådets ekspertkomité frå 2015 om «Norges anvendelse av Minoritetsspråkpakten», går det fram at «den juridiske rammen for bruk av samiske, kvenske og finske stedsnavn er den beste praksis som finnes i Europa».3
I NOU 2016: 18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk er stadnamnlova omtalt som eit effektivt og sentralt tiltak for å sikre og fremje samisk språk og kultur:
«Samiske stedsnavn er en sentral del av samisk kulturarv. Eldre samiske stedsnavn er immaterielle kulturminner. Stedsnavnene inneholder ofte landskapsinformasjon og er kilde til kunnskap om områdene. Samiske stedsnavn er informasjon på samiske språk rettet spesielt til samiskspråklige, men også til andre som oppholder seg i området. Synliggjøring av samiske stedsnavn på kart, i registre og på skilt er derfor av vesentlig betydning både av hensyn til godt kulturvern og i mange tilfeller også av hensyn til samfunnssikkerhet.»
Dei same vurderingane av kva stadnamn betyr som språklege kulturminne, gjeld også norske og kvenske stadnamn. Det er likevel rett å seie at samiske og kvenske stadnamn treng eit særleg vern. Det er ein tilleggsdimensjon ved det å verne samiske og kvenske stadnamn, som ikkje gjeld for norske stadnamn. Norske stadnamn kan kome i posisjon til å fortrengje både samiske og kvenske namn frå område der desse språka har tradisjon.
Kapittel 20 i NOU 2016: 18 Hjertespråket gir ein historisk bakgrunn for situasjonen for samiske stadnamn:
«Den historiske fornorskingen av samiske navn var en form for kolonisering. Det var et politisk virkemiddel for å hevde herredømme over nordområdene, og hadde en spesiell rolle i assimileringspolitikken. Myndighetene har gjennom fornorskningshistorien ofte benyttet ulike midler for å skape norske navn utfra opprinnelige samiske navn. Dette har bidratt til å opprettholde hierarkiet mellom norske og samiske stedsnavn der norske stedsnavn fortsatt i dag blir sett på som de «riktige» navnene sammenliknet med de samiske navnene, som ofte bygger på muntlig tradisjon.»
I arbeidet med utgreiinga hadde utvalet i mandat å gjennomgå språkreglane i samelova og føresegner om samisk språk i andre lover. Utvalet hadde i oppdrag å utgreie og eventuelt fremje forslag til endringar i slikt lovverk.
Heilt overordna er stadnamnlova i NOU 2016: 18 Hjertespråket omtalt som eit verkemiddel som i nokon mon bøter på fornorskingspolitikken: «Særlig etter at stadnamnlova kom i 1990 har en reintrodusering av samiske stedsnavn blitt en viktig del av språkpolitikken med å få samiske navn i offentlig bruk.»
Som mindretalsspråk blir samisk og kvensk utsett for eit ekstra press. Dei samiske og kvenske stadnamna er mindre kjende blant folk, det er færre som brukar dei, og dei er til ein viss grad også dårlegare dokumenterte enn norske namn. I tillegg er dei samiske og kvenske representantane ofte i mindretal i kommunestyre osv. Samisk og kvensk har kortare tradisjon som skriftspråk. Brukarar av samiske språk er derfor ikkje så sikre på kva rettskrivingsnormer som gjeld. Kvensk fekk ikkje eigen skriftspråkstandard før i 2016. Vanlege folks kunnskap om rettskrivingsnormene i samiske språk og i kvensk er også svakare enn tilsvarande for norsk rettskriving. Som språklov gir derfor stadnamnlova også tilgang til språk og er ein formidlar av rettskrivingsnormer i regionale variasjonar. Slik er stadnamnlova med på å styrkje språkbruken og statusen til samisk og kvensk språk i offentleg bruk. Samstundes formidlar lova immaterielle kulturminne.
Departementet har vurdert forslaga til tiltak som det samiske språkutvalet har kome med i kapittel 20 om stadnamn i NOU 2016: 18 Hjertespråket.
Departementets vurdering fell i stor grad saman med dei vurderingane som kom fram i høyringssvara frå Kartverket og Språkrådet.4 Vurderinga er at nokre av dei tiltaka som det samiske språkutvalet foreslår, er svært arbeidskrevjande eller vanskelege å følgje opp i praksis. Samstundes er Kulturdepartementet samd i analysen språkutvalet gjer av situasjonen for dei samiske stadnamna. Den delen av stadnamnlova som skal sikre at dei samiske stadnamna blir vidareførte i bruk, er ikkje godt nok etterlevd. Derfor er usynleggjeringa av dei samiske stadnamna framleis eit problem som må løysast, ifølgje det samiske språkutvalet:
«Utvalget mener en utfordring i arbeidet med samiske stedsnavn ligger i at det er en tendens til at navnemyndighetene vedtar bare norske navn, og ikke benytter muligheten til å fastsette samiske navn eller flerspråklige navn. Utvalget mener dette særlig gjelder der kommunene vedtar nye veinavn, adressenavn eller adressetilleggsnavn. Bruken av bare norske stedsnavn er også gjennomgående innen forvaltningsområdet for samisk språk.»
Det kjem fram av utvalsarbeidet at samiske namn som er registrerte og vedtekne, likevel ikkje blir tekne i bruk når skilt blir fornya. Dette skjer sjølv om lova stiller tydelege krav om at samiske namn skal takast i bruk av det offentlege.
3.4 Lovrevisjonen 2014–2015
Som oppfølging av Innst. S. nr. 124 (2008–2009) om representantforslag fra stortingsrepresentantene Øyvind Halleraker og Olemic Thommessen om endring av bruksnavn (eiendomsnavn) uten grunneiers samtykke vart det gjort endringar i § 6 i stadnamnlova, jf. Prop. 105 L (2014–2015), Innst. 323 L (2014–2015) og Lovvedtak 99 (2014–2015).
Endringane tok til å gjelde 1. juli 2015, og dei medførte at grunneigaren fekk rett til å avgjere skrivemåten av bruksnamn (namn på gardsbruk eller annan eigedom). Kartverket er framleis formelt vedtaksorgan i sakene, men dersom grunneigaren kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer på eigedomen, har vore i bruk som bruksnamn, skal skrivemåten kunne vedtakast utan vidare. Ein konsekvens av endringa er at det i gjeldande lov er tillate at eit namn på brukseigedom kan få ein skrivemåte som ikkje er i tråd med offisiell rettskriving, dersom grunneigaren ønskjer dette. Det er likevel krav til dokumentasjon på at skrivemåten har vore i offentleg bruk. Samtidig vart det gjort endringar som skal tydeleggjere kva kulturminneverdien til stadnamna er.
3.5 Ny forskrift i 2017
Kulturdepartementet vedtok 23. mai 2017 ny forskrift om stadnamn. Den gamle forskrifta om skrivemåten av stadnamn frå 2007, som hadde ein kompleks struktur, vart samtidig oppheva. Forskrifta frå 2007 inneheldt blant anna ein språkleg rettleiingsdel.
Målet med forskriftsrevisjonen i 2017 var å gjere nødvendige endringar som følgje av lovrevisjonen i 2015, og å stille vedtaksorgana friare i prosessen med å vedta skrivemåte. Hovudgrepet var å ta den språklege rettleiingsdelen ut av forskrifta for å tydeleggjere at desse føringane er retningslinjer, og ikkje direkte påbod. Nye utfyllande skrivereglar vart godkjente 22. oktober 2018, og ligg på nettsidene til Språkrådet.5
3.6 Avgrensa lovforslag i 2017
I høyringsnotatet datert 5. desember 2017 viste departementet til at kommunane alt i utgangspunktet har eit vidt sjølvstyre i stadnamnsaker. Kommunane har som hovudregel den endelege kompetansen til å velje stadnamn i sitt område. Dette følgjer av den negativt avgrensa kompetansen til kommunane, som inneber at dei kan gjere kva dei vil, så lenge det ikkje er ulovleg eller oppgåva er lagd til andre. Kompetansen er likevel positivt avgrensa gjennom føresegnene om namnevern i § 3 i stadnamnlova. Desse avgrensingane skal sikre omsynet til å bevare nedervde og tradisjonsrike stadnamn. Endringsforslaget frå departementet innebar at éi av desse avgrensingane skulle fjernast, men berre når det gjaldt norske stadnamn, ikkje kvenske og samiske stadnamn. Slik ville kommunane stå friare til å byte ut eit nedervd stadnamn med eit nytt namn eller med eit anna namn som ikkje har tradisjon på det same namneobjektet.
I og med at endringsforslaget opna for at kommunane kunne byte ut nedervde stadnamn, vart det foreslått ein skjerpa saksbehandlingsregel. Forslaget var at stadnamntenesta skulle gi råd om både namnsetjing, namneskikk og skrivemåte før kommunen gjer vedtak. Grunngivinga for dette var at kommunane ville få eit betre avgjerdsgrunnlag for å gjere vedtak i tråd med formålet i stadnamnlova om å vidareføre nedervde stadnamn i bruk.
For å vareta det særlege behovet for vern som samiske og kvenske stadnamn har, var ikkje stadnamn på desse språka omfatta av lovforslaget.
KS og dei fleste kommunane var positive til endringsforslaga. Men forslaget om endringar i føresegnene om namnevern i § 3 i lova møtte sterk motbør frå fagmiljøa.
Innvendingane mot forslaget var at vernet av stadnamn som kulturminne ville bli alvorleg svekt. Vidare meinte fleire høyringsinstansar at forslaget kunne føre til at private, økonomiske interesser i større grad ville få gjennomslag for sine namneønske og dermed fortrengje tradisjonsrike stadnamn til fordel for nydanna namn eller namn utan tradisjon som namn på namneobjektet. Det vart uttrykt uro for om kommunane har tilstrekkeleg kunnskap om det historiske opphavet og utbreiinga til stadnamna til å gjere vedtak i tråd med god namneskikk. Fleire peikte også på at forslaget ville skape eit uheldig skilje mellom samiske og kvenske namn på den eine sida og norske namn på den andre.
3.7 Den praktiske funksjonen til eit stadnamn
Stadnamn har ein sentral praktisk funksjon i offentlege samanhengar, ikkje berre som kulturminne. Behovet for klar og sikker stadfesting av objekt, formasjonar og fenomen inneber at skrivemåten av stadnamn som er i offentleg bruk, er kvalitetssikra og konsistent innanfor og mellom forvaltningsnivå.
Stadnamnlova er med på å leggje stadnamna til rette for samfunnet, slik at dei kan nyttast til praktiske formål, til bruk i eigedomsregister og til namnsetjing på kart. Adressefunksjonen er det viktigaste ved stadnamna. Derfor er det viktig å ta vare på og bruke dei stadnamna som lettar orienteringa. Dersom ein er i Øvre gate, er det lett å orientere seg til Nedre gate. Fiskarkroken ligg truleg ikkje så langt frå Hamnegata, og gruppenamn som Rudsbakken, Rudssaga og Rudsvegen gjer at ein raskt finn fram til garden Rud. God namneskikk, og vidareføring av gamle namn på gateadresser, har derfor også praktiske fordelar ved seg, noko kommunane bør vere bevisste på.
Fotnotar
https://www.kulturradet.no/documents/10157/a12b2499-0e89-4548-96f5-a63bacf843eb
http://ksng.gugik.gov.pl/english/files/UN_resolutions.pdf
https://www.regjeringen.no/contentassets/2c8f69f165e047809d46708684f71b2a/ministerkomiteens_6_evalueringsrapport_norsk.pdf
Høyringssvara ligg her: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing--nou-201618-hjertespraket--forslag-til-lovverk-tiltak-og-ordninger-for-samiske-sprak/id2523831/?factbox=horingssvar
https://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/utfyllande-reglar-om-skrivematen-av-norske-stadnamn/