Prop. 67 L (2020–2021)

Endringar i vallova (assistanse ved stemming)

Til innhaldsliste

8 Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019

8.1 Innleiing

Departementet gjennomfører evalueringar av valgjennomføringa etter kvart val. I kapittelet omtalast evalueringane som blei gjennomført ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Departementet gjer også greie for regjeringa si arbeidsgruppe for å styrke motstandsdyktigheita mot påverknad ved val, som starta opp i forkant av valet 2019.

8.2 Evaluering av valgjennomføringa

8.2.1 Om evalueringa

På oppdrag frå departementet har Oslo Economics gjennomført ei evaluering av Valdirektoratets tenester til kommunar og fylkeskommunar ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Formålet med evalueringa er å belyse om Valdirektoratet har løyst oppgåvene sine på ein formålstenleg måte, og å få kartlagt korleis kommunane vurderer tenestene direktoratet leverer til dei. Evalueringa gjeld bruken av valadministrasjonssystemet EVA, opplæring av valansvarlege, brukarstøtte til kommunar og fylkeskommunar og informasjonsarbeidet til Valdirektoratet. Oslo Economics har samtidig gjennomført ei undersøking som samlar inn informasjon og statistikk om den praktiske gjennomføringa i kommunane og fylkeskommunane (valgjennomføringsundersøkinga). Formålet med denne undersøkinga er mellom anna å få tidsseriedata om korleis kommunane gjennomfører valet. Funna blir også brukte som innspel til eventuelle forslag til endringar i regelverket på valområdet. Rapportane frå begge undersøkingane finst på nettsidene til departementet.

8.2.2 Stor tilfredsheit med tenestene til Valdirektoratet

Evalueringa viser at over 90 prosent av kommunane er fornøgde eller svært fornøgde med tenestene Valdirektoratet har levert før og under gjennomføringa av valet. Den samla tilfredsheitsscoren for alle tenestene og løysingane er 4,3 på ein skala frå 1 til 5.

EVA Admin, som er ein del av valadministrasjonssystemet EVA, får særleg høg score. Systemet blir brukt til ei rekke oppgåver i den administrative gjennomføringa av valet (grunnlagsdata, listeforslag, manntal, mottak av førehandsstemmer, elektronisk avkryssing på valdagen, valoppgjer etc.). Respondentane i undersøkinga gir EVA Admin ein score på 5,4 på ein skala frå 1 til 6.

Eit stort fleirtal av respondentane har oppgitt at kvaliteten på tenestene til Valdirektoratet har blitt betre sidan det førre valet. Kommunane gir mellom anna ein høgare score for opplæringa i 2019 enn ved evalueringa av stortingsvalet i 2017.

Evalueringa viser at tilfredsheita når det gjeld EVA Skanning, har gått noko ned samanlikna med evalueringa i 2017. EVA Skanning er programvara som blir brukt til gjennomføring av maskinell oppteljing. Fleire kommunar gav tilbakemelding om at dei meiner tolkingsmotoren i løysinga bør forbetrast. Kommunane opplevde at fleire stemmesetlar enn forventa måtte tolkast manuelt av ein valmedarbeidar i staden for at tolkingsmotoren gjorde dette. Mange kommunar gav også tilbakemelding om at programvara ikkje var tilstrekkeleg testa og kvalitetssikra i direktoratet.

8.2.3 Funn frå valgjennomføringsundersøkinga

Valgjennomføringsundersøkinga gir departementet nyttige data om korleis kommunane gjennomfører valet lokalt. Spørsmåla i denne undersøkinga er ikkje knytte til tenestene til Valdirektoratet, men dreier seg om lokal organisering av valet og andre praktiske spørsmål.

I 2019 blei kommunane stilt spørsmål mellom anna om avtalen med sending av førehandsstemmer, digitale valkort, kommunesamanslåing og manuell oppteljing av stemmesetlar. Erfaringa med bruk av digitale valkort er omtalt i kapittel 7.4.

Sending av førehandsstemmer

Nesten alle kommunane var fornøgde med bruken av avtalen Valdirektoratet inngjekk med Bring om ekspress-sending av førehandsstemmer.

Kommunesamanslåing

Kommunane blei i undersøkinga spurde om samarbeidet om valgjennomføringa mellom kommunar som skal slå seg saman, fungerte bra. Det var berre tre kommunar som svarte at samarbeidet var dårleg eller svært dårleg. Det var derimot elleve kommunar som svarte at samanslåinga skapte store eller svært store utfordringar. Dei peikte da på at valorganisasjonane hadde ulik kultur og ulike rutinar, og at det var store avstandar og mange vallokale.

Manuell foreløpig oppteljing av stemmesetlar

24 prosent av kommunane som svarte på undersøkinga, har oppgitt at manuell oppteljing har vore utfordrande å innfri. Fleire store kommunar er representerte i denne kategorien. Dei trekker fram at det krev betydelege menneskelege ressursar, tid og plass. Enkelte kommunar meiner i tillegg at manuell teljing bidrar til mistillit til valsystemet, fordi det alltid vil vere til dels betydelege avvik mellom manuell og maskinell teljing. Samtidig svarer 74 prosent av kommunane at dette kravet ikkje var utfordrande å innfri.

8.2.4 Oppfølging av evalueringane

Departementet gav Valdirektoratet i tildelingsbrevet for 2020 i oppdrag å følge opp evalueringa av gjennomføringa av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 og sametingsvalet i 2017 innanfor alle tenesteområda til direktoratet. Forslag til oppfølging av evalueringane blei sende til departementet i februar 2020. Direktoratet har gått igjennom alle evalueringane og vurdert funna opp mot dei aktuelle tenestene. Direktoratet opplyser om at dei vil prioritere å forbetre programvara for skanning av stemmesetlar, større sikkerheit i dataløysingane og vidareutvikling av informasjonstiltak.

8.3 Tiltaksplan for å styrke motstandsdyktigheita mot utanlandsk påverknad

Regjeringa oppretta i forkant av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 ei breitt samansett arbeidsgruppe med mandat til å utarbeide ein tiltaksplan for å styrke motstandsdyktigheita mot påverknadskampanjar og hybride truslar mot valgjennomføringa. Arbeidsgruppa blei leia av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hadde representantar frå Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Valdirektoratet, Politiets sikkerheitsteneste (PST), Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Etterretningstenesta (E-tenesta) og Medietilsynet.

Regjeringa lanserte i juni 2019 ein tiltaksplan med ti tiltak som skulle styrke motstandsdyktigheita mot slike truslar i valgjennomføringa. Planen blei utarbeidd med utgangspunkt i det gjeldande trusselbiletet. Blant tiltaka var utlysinga av eit forskingsoppdrag om kartlegging av utanlandsk informasjonspåverknad under valet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet inngjekk kontrakt med SINTEF, som leverte rapporten i november 2019. SINTEF baserte undersøkingane sine på opne kjelder og gjennomførte ein systematisk analyse av nokre utvalde digitale plattformer. Rapporten viser at dei ikkje fann nokon klare teikn til utanlandsk påverknad ved kommunestyre- og fylkestingsvalet på dei utvalde plattformene. Eit anna tiltak som ble gjennomført, var ein kampanje frå Medietilsynet om korleis befolkninga kan avdekke falske nyheiter, og ein kvalitativ studie av politisk påverknad av førstegongsveljarar på sosiale medium. I tillegg blei det sendt ut ein brosjyre til alle listekandidatar ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i juli 2019. Brosjyren gav konkrete tips for å unngå påverknad og hindre at informasjon kjem på avvegar. Brosjyren blei utarbeidd av NSM, Etterretningstenesta og PST, og var ein revidert versjon av brosjyren som blei send ut ved stortingsvalet i 2017.

Arbeidet med å ivareta og styrke sikkerheita i valgjennomføringa blir vidareført fram mot stortings- og sametingsvalet i 2021. Deltakarane i arbeidsgruppa har meldt at den tverrdepartementale dialogen er styrkt, og at dei no er betre rusta til å kunne bidra til ein meir koordinert respons dersom uønskte hendingar skulle inntreffe. Arbeidsgruppa er vidareført med eit revidert mandat, og vil jobbe vidare for å styrke motstandsdyktigheita mot påverknad fram mot stortingsvalet i 2021. Gruppa vil foreslå nye tiltak dersom det er behov for det.

Til forsida