Prop. 70 LS (2022–2023)
Endringar i lov om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-lova) og samtykke til godkjenning av endringar av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 31. mars 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak og stortingsvedtak)
Proposisjonen inneheld framlegg til lovendringar som går ut på å ta inn i COTIF-lova nye krav om sikker togdrift, så det vert samanheng med tilsvarande krav som allereie gjeld etter EØS-avtala. I proposisjonen ber regjeringa òg om Stortingets samtykke til å godkjenne endringar i overeinskomsten som tar inn nye krav om sikker togdrift, vedteke 30. september 2015 og 26. september 2018.