1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Samferdselsdepartementet legg med denne proposisjonen fram endringar i lov 10. desember 2004 nr. 82 om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF – lova).
Endringane skal bringe regelverket under Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk av 9. mai 1980 (COTIF) i samsvar med regelverk i EU og EØS-avtala om sikkerheit og tekniske forhold på jernbaneområdet, og gjer teksten i overeinskomsten meir tilgjengeleg og oppdatert.
På den 12. generalforsamlinga i organisasjonen 29.-30. september 2015 og den 13. generalforsamlinga 25.-26. september 2018 vart det vedtatt endringar i COTIF. Nytt vedlegg H, som vart vedtatt på den 13. generalforsamlinga, gjer det naudsynt å endre COTIF-lova. I og med at denne endringa i overeinskomsten gjer det naudsynt å endre lova, er det òg naudsynt med Stortinget sitt samtykke til å godkjenne endringane i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd.
Lovframlegget reiser etter departementets syn få prinsipielle spørsmål av noko særleg omfang. Endringane er i tråd med norsk jernbanepolitikk gjennom ei årrekkje under skiftande regjeringar, og bidreg til å styrke dei internasjonale jernbanesambanda i Europa, Asia og Afrika. Nasjonale myndigheiter i Noreg vil halde fram med å utøve myndigheit og treffe vedtak med verknad for Noreg på same måte som før ved etterleving av COTIF.
Endringane i COTIF i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.