1 Innleiing
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp to nye investeringsprosjekt og endre kostnadsramma på eit tidlegare godkjent prosjekt.
Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.
Dei investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar er alle i samsvar med inneverande langtidsplan for forsvarssektoren, og ligg også inne i forslaget til ny plan for den komande fireårsperioden.
Proposisjonen har følgjande innhald:
Godkjenning av kostnadsramme for eit nytt materiellprosjekt: Prosjekt 5007 – artillerilokaliseringsradar.
Godkjenning av kostnadsramme for eit nytt eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Ørland – utbetring av taksebanane Y og A4-A7.
Endring av kostnadsramma for eit tidlegare godkjent eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Evenes – fasilitetar for maritime patruljefly.