Prop. 8 LS (2017–2018)
Endringar i vegtrafikkloven (køyretøykontroll og fartsskrivar) og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 122/2016 i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 165/2014
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 3. november 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak og stortingsvedtak)
Det blir foreslått endringar i vegtrafikkloven for å gjennomføre EU-rettsakter om krav til periodisk kontroll av køyretøy, kontroll av nyttekøyretøy og fartsskrivarar. Det blir også foreslått enkelte andre endringar som m.a gjeld krav til køyretøyverkstader. Stortinget blir gjennom proposisjonen invitert til å samtykkje til at ei ny fartsskrivarforordning blir innlemma i EØS-avtala.