1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i vegtrafikkloven om reglar til gjennomføring av europaparlaments- og rådsdirektiva (EU) 2014/45 og 2014/47 om periodisk kontroll av køyretøy og kontroll av nyttekøyretøy langs veg (køyretøykontrolldirektiva) i norsk rett.
Stortinget ga sitt samtykkje til å innlemme køyretøykontrolldirektiva i EØS-avtala i Prop. 144 S (2015–2016). Gjennomføringa i norsk rett krev endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (vegtrafikkloven) sine føresegner om kontroll langs veg og om køyretøyverkstader, jf. framlegget til endringar i §§ 13, 19, 19 a og framlegg til ny § 19 b.
Framlegget som skal gjennomføre køyretøykontrolldirektiva, gjeld endra heimel for kontroll langs veg i § 19 andre ledd, med krav om risikobasert kontroll, krav til kontrollutstyr og kompetanse hos kontrollpersonell. Vidare gjeld gjennomføringa av køyretøykontrolldirektiva nye føresegner om godkjenning, kompetanse og tilsyn med verksemder som gjennomfører periodisk kontroll av køyretøy (kontrollorgan) og tilsette i kontrollorgana i § 19 a. Framlegget gjeld heimel for nye krav til kompetanse, habilitet og vandel for kontrollørane og teknisk leiar i kontrollorgan og verkstad. Framlegget gjeld også heimel for godkjenning og tilsyn med opplæringsinstitusjonar som skal utdanne kontrollpersonell og krav til kompetanse hos dei som skal godkjenne og føre tilsyn.
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen òg fram forslag til endringar i vegtrafikkloven om reglar til gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 165/2014 av 4. februar 2014 om fartsskrivarar i vegtransport og om oppheving av forordning (EF) nr. 3821/85 og om endring av forordning nr. 561/2006 om køyre- og kviletid (fartsskrivarforordninga) i norsk rett. Ein fartsskrivar er eit teknisk apparat i tunge køyretøy nytta til å kontrollere at køyre- og kviletidsreglane blir følgde. Hovudformål med den nye forordninga er å redusere lovbrot, og å betre trafikktryggleiken, verne sjåførane og fremje like konkurransevilkår.
EØS-komiteen vedtok 3. juni 2016 (vedtak nr. 122/2016) å endre vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala, slik at fartsskrivarforordninga blir innlemma i EØS-avtala. Gjennomføringa i norsk rett gjer det nødvendig med lovvedtak, jf. Grunnlova § 26 andre ledd. Difor blei vedtaket i EØS- komiteen gjort med atterhald om samtykkje frå Stortinget. Gjennom denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gi sitt samtykkje til å godkjenne vedtaket i EØS-komiteen, og til å gjennomføre fartsskrivarforordninga i norsk rett. Vedtaket frå EØS-komiteen og forordning (EU) 165/2014 om fartsskrivar følgjer som vedlegg.
Gjennomføringa gjeld i hovudsak lovframlegget til 19 b om godkjenning av og tilsyn med verkstader, heimel for krav til kompetanse, habilitet og vandel for fartsskrivarverksemdene, og heimel for verkstaden si plikt til å støtte kontrollstyresmaktene i undersøkingar av om fartsskrivaren er manipulert mv.
I samband med gjennomføringa av EU-rettsaktene, foreslår departementet i tillegg i denne proposisjonen einskilde andre endringar i vegtrafikkloven sine føresegner om køyretøykontroll:
Dette gjeld endringar for verkstader som ikkje er kontrollorgan eller fartsskrivarverkstad i framlegg til § 19 b. Formålet er meir like lovføresegner om verkstader, å sikre god kvalitet på tenestene verksemdene leverer gjennom krav til godkjenning og tilsyn, og å hindre ulovleg arbeid på motorvogn.
Vidare gjer departementet framlegg om lovheimel for klårare, meir fleksible og effektive reaksjonar for forvaltninga, som bruk av stans og tvangsmulkt, jf. framlegget til §§ 19 a og 19 b.
Departementet gjer også framlegg om lovheimel for eventuelt å fastsette forskrifter om gebyr for godkjenning og tilsyn med kontrollorgan, verkstader mv., og for kontroll langs veg. Lovframlegget om gebyr for godkjenning er avgrensa til å dekke dei kostnadene det offentlege har i samband med tenestene. Lovheimelen for å innføre gebyr for tilsyn eller kontroll er likeeins avgrensa til tilfelle der det er avdekt regelbrot, feil eller manglar som krev oppfølging frå styresmaktene.
Lovutkastet inneheld også ein ny § 19 c om forskriftsheimel for kontroll av verksemder som driv handel med køyretøy og utstyr som krev godkjenning, som er ei vidareføring og ei presisering av gjeldande § 19, tredje ledd.
Vidare inneheld lovutkastet ei endring av vegtrafikkloven § 32 som fastsett at brot på køyre- og kviletidsreglane som blir avdekte i Noreg, kan bli sanksjonerte i Noreg uavhengig av i kva land brotet fann stad og at denne òg gjeld for føretak.
Lovframlegga i denne proposisjonen er i hovudsak utforma som heimlar for at departementet kan fastsette nærare forskrifter om gjennomføring.
Proposisjonen er inndelt på følgjande måte: Punkt 2 omhandlar bakgrunn og høyringa. Punkt 3 beskriv gjeldande rett og rettstilhøva i andre land. Punkt 4 til 8 gjeld lovframlegg og drøfting av høyringa. Punkt 9 gjeld innlemming av fartsskrivarforordninga. Punkt 10 omtaler økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaga. Punkt 11 gjeld merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget.