Prop. 88 S (2023–2024)

Utbygging og finansiering av E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus, kostnadsramme for rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane i Rogaland og forskotering i vegsaker

Til innhaldsliste

3 Kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane i Rogaland

Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet, side 113.

Prosjektet omfattar skredsikring av strekninga frå Lovraeidet til Rødsliane i Suldal kommune og inkluderer bygging av ein tunnel på om lag 3 km, i tillegg til 1,2 km hovudveg og 0,3 km med sidevegar. I krysset i Lovraeidet skal det òg byggjast ein kollektivterminal. Mellom krysset og tunnelpåhogg må det byggjast ei stor vegfylling med støttefylling. Før 2024 er det nytta om lag 30 mill. kr i statlege midlar i prosjektet.

Samferdselsdepartementet har tidlegare informert Stortinget om at bygginga av tunnelen ville krevje fråvik frå tunnelsikkerheitsforskrifta på grunn av stigninga i tunnelen. Etter nye vurderingar har Statens vegvesen kome fram til ei ny planløysing som ikkje krev fråvik frå tunnelsikkerheitsforskrifta. Denne ligg til grunn for vedtatt reguleringsplan.

I Prop. 1 S (2023–2024) opplyser Samferdselsdepartementet at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet, og at regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med forslag til kostnadsramme.

Den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet er no gjennomført. Kvalitetssikringa har omfatta prosjektstyringsunderlag og kostnadsoverslag. Det er noko skilnad mellom tala frå konsulenten og Statens vegvesen. Statens vegvesen foreslo ei styringsramme på 1 111 mill. 2022-kr og ei kostnadsramme på 1 229 mill. 2022-kr. Ekstern kvalitetssikrar har tilrådd ei styringsramme på 1 200 mill. 2022-kr og ei kostnadsramme på 1 430 mill. 2022-kr.

Det er stor grad av samsvar mellom ekstern kvalitetssikrar og Statens vegvesen sine vurderingar og tilråding til styringsramme. Statens vegvesen meiner at deira forslag til styringsramme er tilstrekkeleg for å styre prosjektet. Derfor foreslår Statens vegvesen at styringsramma blir fastsett til deira opphavlege tilråding på 1 111 mill. 2022-kr. Skilnaden mellom ekstern kvalitetssikrar og Statens vegvesen sine tilrådingar til kostnadsramme gjeld i hovudsak uvisse knytt til marknads-, tunnel- og byggherrekostnader. Statens vegvesen ser at uvisse knytt til desse forholda er vurdert noko for lågt i deira forslag og foreslår at kostnadsramma blir fastsett til konsulenten sitt forslag på 1 430 mill. 2022-kr. Rekna om til 2024-prisnivå blir styringsramma 1 195 mill. kr og kostnadsramma 1 538 mill. kr.

Etter ei samla vurdering legg Samferdselsdepartementet til grunn Statens vegvesen sitt forslag til styrings- og kostnadsramme. Departementet foreslår derfor ei kostnadsramme på 1 538 mill. 2024-kr, jf. forslag til romartalsvedtak. Som grunnlag for seinare prisomrekning blir prisnivået i 2022 nytta som referanse.

Det er lagt opp til anleggsstart på prosjektet i 2025, og det er venta opna for trafikk i 2028.