Prop. 91 L (2015–2016)
Endringar i utlendingslova (pågriping og fengsling i samband med 48-timarprosedyren)
Tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet 5. april 2016, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å innføre ein heimel for å pågripe og eventuelt fengsle utlendingar som får asylsøknaden sin handsama i hurtigprosedyren for openbert grunnlause søknader (48-timarprosedyren). Pågriping og fengsling på dette grunnlaget skal kunne vare i maksimalt 72 timar.