1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår i denne proposisjonen endringar i lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova).
Departementet foreslår å innføre eit nytt grunnlag for pågriping og fengsling i utlendingslova § 106. Forslaget inneber at det vil vere høve til å vurdere pågriping og eventuelt fengsling av ein utlending som har levert ein asylsøknad som presumptivt er openbert grunnlaus og difor vert handsama i særskilt hurtigprosedyre. Den aktuelle hurtigprosedyren er den såkalla 48-timarprosedyren, nærare omtalt i avsnitt 3.3 nedanfor. Etter lovforslaget skal pågriping og fengsling åleine på grunnlag av hurtigprosedyre maksimalt kunne vare i 72 timar. Generelle vilkår for fengsling og andre tvangsmiddel, til dømes kravet om forholdsmessigheit, vil gjelde også i slike saker. Vidare vil heimelen for pågriping og fengsling eksplisitt gjere unntak for mindreårige og barnefamiliar.
Føremålet med å pågripe og eventuelt fengsle i samband med 48-timarprosedyren er for det første å sikre at utlendingen er tilgjengeleg under prosedyren og ikkje forsvinn før søknaden er avgjort, eventuelt i samband med at søknaden vert trekt. Vidare vil det at søkjaren er i politiet si forvaring leggje til rette for rask uttransportering når prosedyren er avslutta og søknaden eventuelt er avslått.
Departementet viser i denne samanheng til at om lag 90 personar av dei som fekk avslag gjennom 48-timarprosedyren i 2015 ikkje er uttransportert, og at over 90 prosent av desse er registrert som forsvunne eller utan kjend adresse, jf. avsnitt 3.3 nedanfor. Politiet har også erfart at einskilde personar i denne gruppa forlét mottak for å utføre kriminelle handlingar. Det er grunn til å tru at desse personane allereie i utgangspunktet har kriminelle intensjonar, og misbruker asylinstituttet med dette føremålet.
Departementet foreslår ei i hovudsak tilsvarande endring i utlendingslova § 105, slik at ein også vil kunne vurdere pålegg om meldeplikt eller bestemt opphaldsstad overfor personar i 48-timarprosedyren. I somme tilfelle kan det vere tilstrekkeleg og tenleg å bruke desse mindre inngripande tvangsmidla heller enn fengsling. Pålegg etter § 105 vil, i motsetnad til den nye heimelen i § 106, også kunne vere aktuelt overfor mindreårige og barnefamiliar. Det vil heller ikkje gjelde noko 72-timargrense.
Vidare foreslår departementet ei endring i utlendingslova § 106 a første ledd. Her er det lista opp moment det skal leggjast vekt på i vurderinga av om det er fare for at ein utlending vil unndra seg effektuering av eit negativt vedtak, noko som er eit sjølvstendig fengslingsgrunnlag etter § 106 første ledd bokstav b. Departementet foreslår at det faktum at utlendingen har fått ein søknad om opphaldsløyve avslått som openbert grunnlaus, skal vere eitt av desse momenta. Dersom det ligg føre unndragingsfare, vil det kunne vere grunnlag for fengsling også ut over 72-timargrensa i den nye fengslingsheimelen i dei tilfella det er naudsynt.
I proposisjonen skisserer også departementet særskilte rutinar og reglar om rettshjelp for dei aktuelle sakene. Desse vil bli gjennomført ved endringar i aktuelle retningslinjer og forskrifter, dersom Stortinget vedtek lovforslaget.