3 Utbyggingskostnadar og framdriftsplan
Stad skipstunnel er omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029. Investeringsramma i meldinga er på 2 874 mill. kroner, omrekna til 2021-kroner. Det blei gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i 2018. Kvalitetssikringa gav eit kostnadsoverslag som låg vesentleg over investeringsramma i Nasjonal transportplan 2018–2029. Samferdselsdepartementet gav på denne bakgrunn Kystverket i oppdrag å gjennomgå prosjektet for å få redusert kostnadane ned mot nivået i transportplanen. Kystverket ferdigstilte gjennomgangen i 2019 og foreslo kostnadsreduserande tiltak. Forslaga ville medføre forholdsvis store endringar i gjennomføringa av prosjektet. Det blei derfor gjennomført ei forenkla kvalitetssikring av det justerte prosjektet. Den oppdaterte kvalitetssikringa var ferdig i november 2020, med tilråding om ei kostnadsramme på 3 298 mill. kroner og ei styringsramme på 2 782 mill. kroner. Tala frå kvalitetssikringa er omrekna til 2021-kroner, og er utan meirverdiavgift. Ferdigprosjekterings- og anleggsfasen er estimert å ta i alt fem år.
Tilrådinga frå kvalitetssikrar ligg 556 mill. kroner over overslaget frå Kystverket for kostnadsramma og 386 mill. kroner over styringsramma. Tilrådinga frå kvalitetssikrar er basert på mellom anna meir oppdaterte prisestimat for samanliknbare prosjekt. På denne bakgrunn foreslår departementet at kostnadsoverslaga frå kvalitetssikrar blir lagt til grunn for prosjektet. Dette gir ei kostnadsramme på 4 090 mill. kroner og ei styringsramme på 3 450 mill. kronar, medrekna meirverdiavgift. Meirverdiavgifta utgjer høvesvis 792 mill. kroner og 668 mill. kroner. Kostnadsestimata er oppgitt i 2021-kroner.