1 Innleiing
Etter Grunnlova § 75 bokstav i kan Stortinget mellom anna innvilge pensjonar frå statskassa.
I samband med søknader om pensjonar frå statskassa er departementet gitt fullmakt til fortløpande å ta stilling til søknader om pensjon, med atterhald om Stortingets endelege godkjenning. I proposisjonen her blir det lagt fram ei liste over pensjonar som departementet mellombels har innvilga i 2023, og som departementet no ber om Stortingets endelege godkjenning av.
Ein omtale av ordninga med pensjonar av statskassa og om dei pensjonane som denne proposisjonen gjeld, er gitte i punkt 2.
I 2023 blei det utbetalt 17 466 632 kroner i pensjon av statskassa. I statsbudsjettet for 2024 er det løyvt 17 800 kroner på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.