Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Same dag tok Svalbardlova (17. juli 1925 nr. 11) til å gjelde, og Svalbard har sidan den dagen vore ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg.

Svalbard er den nordlegaste delen av Noreg og ei øygruppe som omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av det totale landarealet i kongeriket. Spitsbergen er den største øya i Noreg, om lag på storleik med Nordland og Troms fylke til saman. Ein samanhengande kontinentalsokkel strekkjer seg nordover frå fastlandet og forbi Svalbard.

Det meste av Svalbard består av store og urørte villmarksområder, og berre sju plassar bur det folk eller er det fast aktivitet eller verksemd. Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Det var registrert 2993 personar som busette på Svalbard den 1. januar 2024. Longyearbyen er det største lokalsamfunnet og det administrative senteret på Svalbard, og 82 pst. av befolkninga på Svalbard budde i Longyearbyen i 2024. Det finst ikkje veg mellom samfunna på Svalbard. Ny-Ålesund har ein kortbaneflyplass med flysamband til og frå Longyearbyen. Utanom på øya Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at folkemengda i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2024 var på 2 617 personar, ein auke på 87 personar sidan 1. januar 2023.

Det var registrert til saman 366 fastbuande i Barentsburg og Pyramiden per 1. januar 2024. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund var det registrert ti busette på same tidspunkt.

Tabell 1.1 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar

År

2017

2018

2019

2020

2021

2022

2023

2024

Personar

2 145

2 214

2 258

2 428

2 459

2 504

2 530

2 617

Kjelde: SSB. «Befolkningen på Svalbard», https://www.ssb.no/befolkning/folketall/statistikk/befolkningen-pa-svalbard, publisert 17. april 2024.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Midlar blir overførte til Svalbard både over sjølve svalbardbudsjettet og over dei ulike fagdepartementa sine kapittel på statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett gir ei samla oversikt over inntekter og utgifter på Svalbard. Forslag til løyvingar for 2025 er omtalte nærmare under punkt 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 480, post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet. Dette er bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Proposisjonen gir vidare ei oversikt over regjeringa sine forslag til satsingar og prioriteringar på Svalbard og ei årleg oppsummering av utviklinga på øygruppa.

1.3 Prioriteringar i 2025

1.3.1 Melding til Stortinget om Svalbard

Regjeringa la 31. mai 2024 fram ei melding til Stortinget om Svalbard, Meld. St. 26 (2023–2024). Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) legg grunnlaget for ei stabil og føreseieleg forvaltning av Svalbard og legg føringar for aktiviteten i tida framover. Den praktiske oppfølginga av svalbardmeldingane skjer ved gjennomføring av konkrete tiltak og i arbeidet med svalbardsaker i departementa.

Svalbard er ein viktig del av Noreg, og det har alltid vore sterke nasjonale interesser knytte til forvaltninga av Svalbard. Svalbardmeldinga reflekterer dette. I meldinga foreslår regjeringa ulike tiltak som vil styrke nasjonal kontroll og byggje opp under norske samfunn på øygruppa. Nasjonal kontroll bidrar bl.a. til å nå dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken. Regjeringa foreslår i Meld. St. 26 (2023–2024) bl.a. å gjennomgå ansvaret for kritisk infrastruktur i Longyearbyen. For nærmare omtale av meldinga, sjå punkt 2.2.1.

I 2025 og framover vil regjeringa prioritere å følgje opp tiltak som bl.a. er omtalte i meldinga til Stortinget om Svalbard.

1.3.2 Andre prioriteringar i 2025

Kolkraftverket i Longyearbyen vart lagd ned hausten 2023 og erstatta med energiproduksjon ved dieselkraft. Ein skal gradvis og forsvarleg fase inn meir fornybar energi på sikt. Regjeringa har som intensjon at staten skal ta eit større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, t.d. gjennom Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske), og avklare ansvaret for energiforsyninga så snart som mogleg. Regjeringa har gitt Store Norske i oppdrag å gjennomføre ei konseptvalutgreiing av ulike alternativ for framtidig energiforsyning i Longyearbyen og ei tilstandsvurdering av eksisterande infrastruktur. Sjå punkt 2.2.3.4 for nærmare omtale av energiforsyninga i Longyearbyen.

Kostnadene for energiproduksjon i Longyearbyen har auka monnaleg som følgje av overgangen frå kol til diesel som energiberar. Regjeringa foreslo i samband med høvesvis nysalderinga av 2023-budsjettet og revidert nasjonalbudsjett for 2024 å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre, for å bidra til reduserte energiprisar. Regjeringa foreslår å løyve midlar i 2025 for å bidra til same formål, noko som òg vil gi auka føreseielegheit for befolkninga i Longyearbyen.

Regjeringa vil prioritere å følgje opp personkontroll og vareførselskontroll på Svalbard i 2025, og arbeide vidare med reglar om tryggleik i felt.

Auken i aktivitet utfordrar beredskapen på Svalbard, og regjeringa vil innføre avgrensing på talet på personar om bord på cruiseskip i territorialfarvatnet ved Svalbard. Regjeringa vil òg vurdere avgrensing på talet på cruiseskip som seglar i territorialfarvatnet ved Svalbard.

Regjeringa vil styrke norsk forskingsleiing på Svalbard gjennom etablering av Svalbard forskingskontor.

1.4 Offentlege myndigheiter på Svalbard

1.4.1 Sysselmeisteren på Svalbard

Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på Svalbard og varetek dei statlege interessene der.

Sysselmeisteren er både politimeister, og har same mynde som ein statsforvaltar. Kjerneoppgåvene til Sysselmeisteren er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalemakta og ansvar for miljøforvaltninga. Sysselmeisteren deltek i utforminga, utøvinga og oppfølginga av svalbardpolitikken.

Som politimeister leier Sysselmeisteren påtalemakta og verksemda elles i politiet og har same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmeisteren har ei sentral rolle i å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sjå punkt 2.2.3 om beredskap på Svalbard for nærmare omtale av Sysselmeisteren si rolle i arbeidet.

I eigenskap av rolla som statsforvaltar, utfører Sysselmeisteren ei rekkje sivile oppgåver som er delegerte frå ulike departement. Sysselmeisteren er vidare regional statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard. Sysselmeisteren har ansvaret for å handheve miljøregelverket og for oppsynet med at regelverket blir følgt.

Auka og meir samansett aktivitet på og rundt Svalbard, skaper fleire oppgåver for den lokale forvaltninga og gir andre og nye føresetnader for korleis Sysselmeisteren løyser oppdraget sitt. Dei samla oppgåvene til Sysselmeisteren gjer det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre vart oppretta i 2002 og har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Myndigheitsområdet til lokalstyret er Longyearbyen arealplanområde. Oppgåvene til Longyearbyen lokalstyre er av same type som oppgåvene til kommunane, men ansvarsområdet til Longyearbyen lokalstyre er snevrare, og ein yter færre velferdstenester enn på fastlandet. Som for kommunane følgjer oppgåver og ansvar av særlover, men ansvaret for infrastruktur er lagt til Longyearbyen lokalstyre direkte gjennom Svalbardlova. Det rettslege rammeverket for Longyearbyen lokalstyre følgjer av Svalbardlova 5. kapittel. Longyearbyen lokalstyre skal utøve mynda og verksemda si og sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor nasjonale rammer og ramma av norsk svalbardpolitikk.

Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to til tre gonger i året. Dialogen departementet har med lokalstyret, er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 med forskrift. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar og Longyearbyen lokalstyre skal sjå heile arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og skal vurdere om det trengst særskilde førebuingar. Sysselmeisteren på Svalbard fører tilsyn med korleis Longyearbyen lokalstyre følgjer opp pliktene.

1.4.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar, som er styrte av dei respektive fagdepartementa:

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF)

  • Kystverket

  • Statsbygg Svalbard

  • Skattekontoret på Svalbard

  • Norsk Polarinstitutt

  • Meteorologisk institutt

Svalbard Museum og Svalbard kyrkje får òg løyvingar over svalbardbudsjettet.

I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard, som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet. Det gjeld bl.a.

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

  • Miljødirektoratet

  • Riksantikvaren

  • Nav

  • Avinor

  • Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS)

  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus

  • Statens kartverk

  • Svalbard globale frøkvelv

  • Norsk helsenett SF

  • Forbrukartilsynet

  • Tolletaten

  • Nærings- og fiskeridepartementet, som forvaltar grunneigedom på Svalbard med lokalt tilsette.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Svalbardpolitikken er samansett av ulike politikkområde som alle er ramma inn av dei fem overordna måla for svalbardpolitikken. Måla vart første gong formulerte i samband med Stortinget si behandling av meldinga til Stortinget om Svalbard frå 1985, og har lege fast sidan då. Måla er

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • å halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Langsiktig forvaltning av Svalbard i tråd med dei stortingsforankra måla, medverkar til tryggleik for befolkninga på øygruppa og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen. Regjeringa legg vekt på å vidareføre dei lange linjene i forvaltninga av øygruppa, og måla som er nemnde ovanfor, er vidareførte i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål for polarpolitikken: godt forvalta polarområde

Longyearbyen var fram til slutten av 1980-talet eit samfunn prega av éin industri og éi stor verksemd, og administrasjonen av Svalbard reflekterte dette. Samfunnet og næringslivet har sidan blitt meir samansett. Alle departementa har i dag ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtalen under punkt 4. Departementa sitt sektoransvar gjeld på Svalbard som på fastlandet. Statsrådane er konstitusjonelt ansvarlege for fagområda til sine departement på Svalbard på same måte som i resten av landet. God forvaltning av Svalbard føreset god koordinering av svalbardsaker mellom departementa og på tvers av forvaltningsnivå. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å samordne polarsaker i statsforvaltninga og er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk.

Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Godt forvalta polarområde inneber at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Ein føresetnad for god forvaltning av polarområda er at ein ser verksemda til dei enkelte fagetatane, i samanheng og i eit breiare perspektiv.

2.2.1 Meld. St. 26 (2023–2024) – ny melding til Stortinget om Svalbard

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) har tidlegare vore lagde fram med om lag sju til ti års mellomrom. Den første heilskaplege meldinga til Stortinget om Svalbard vart lagd fram i 1975, og den førre i 2016. Meld. St. 26 (2023–2024) er nummer seks i rekkja av meldingar. Svalbardmeldingane signaliserer regjeringa sine mål og ambisjonar for forvaltninga av Svalbard, som blir forankra i Stortinget gjennom behandlinga der.

2.2.1.1 Bakgrunnen for ei ny svalbardmelding

Som dei tidlegare svalbardmeldingane beskriv også Meld. St. 26 (2023–2024) mål, utfordringar og moglege tiltak for Svalbard. Sidan den førre meldinga, frå 2016, har Longyearbyen i endå større grad endra seg frå eit samfunn basert på kolverksemd til eit meir moderne familiesamfunn med eit differensiert næringsliv. Samstundes har befolkninga auka og befolkningssamansetjinga endra seg. Svalbard er prega av auka aktivitet, ikkje minst i form av turisme med skip rundt øygruppa. Interessa for bruk av Svalbard i samband med forsking aukar, også frå det internasjonale forskingssamfunnet.

Klimaendringane er ein viktig del av utviklinga på og rundt Svalbard. Med eit varmare klima er kystområda på Svalbard lettare tilgjengelege for ulike typar fartøy. Vidare er den tryggingspolitiske situasjonen globalt og i Noreg sine nærområde prega av eit større alvor og er meir uføreseieleg enn då den førre svalbardmeldinga vart lagd fram i 2016.

2.2.1.2 Auka statleg styring og nasjonal kontroll for å styrke det norske familiesamfunnet på Svalbard

Svalbardmeldingane har bidratt til å leggje rammer for verksemd på øygruppa og bidratt til ei avstemd utvikling innanfor dei fem overordna måla. I Meld. St. 26 S (2023–2024) varslar regjeringa at ein vil vidareføre ein aktiv verkemiddelbruk i svalbardpolitikken og styrke statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard i tråd med utviklingstrekka som er omtalte ovanfor.

Regjeringa er oppteken av å sikre norsk eigarskap til viktig infrastruktur og eigedom, både på fastlandet og på Svalbard. Regjeringa varslar at ein vil styrke statleg kontroll med kritisk infrastruktur i Longyearbyen og gjennomgå ansvar og organisering. Regjeringa sin intensjon er at staten tek eit større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, t.d. ved at det statseigde selskapet Store Norske overtek ansvaret. Sjå elles omtale av energiforsyninga under punkt 2.2.3.4.

Vidare varslar regjeringa at ein vil styrke det norske familiesamfunnet i Longyearbyen. Delen av befolkninga i Longyearbyen som er norske borgarar, har gått ned sidan førre svalbardmelding. For å byggje opp under målet om å halde oppe norske samfunn på øygruppa, vil regjeringa innføre insentiv som gjer det meir attraktivt for nordmenn å flytte til og bli buande på Svalbard. Samstundes vil regjeringa vurdere tiltak som reduserer presset på velferds- og tenestetilbodet i Longyearbyen.

Andre tiltak som er varsla i meldinga, er besøksbidrag frå reisande til Longyearbyen, betre bustader innanfor ramma av bustadmassen før skreda i 2015 og 2017, utvida allmenngjeringsrett, etablering av eit eige Svalbard forskingskontor og regulering av omfanget av cruiseaktiviteten.

2.2.2 Koordinering av norsk polarpolitikk

2.2.2.1 Det interdepartementale polarutvalet

Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen). Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmynda til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statsråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året. Sysselmeisteren møter fast.

2.2.2.2 Lovgiving

Lovgiving er eit sentralt verkemiddel for å styre samfunnsutviklinga innanfor ramma av måla for svalbardpolitikken. Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard. EØS-avtalen gjeld ikkje for Svalbard, og Svalbard inngår ikkje i Schengen-samarbeidet.

Auka og meir variert aktivitet på Svalbard gjer at stadig fleire lover gjeld for øygruppa. Saman med raske klimaendringar bidrar dette til at lov- og forskriftsverk som gjeld for øygruppa, må fornyast og utviklast.

I samband med tidlegare stortingsmeldingar om Svalbard, er det slått fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt rammeverket for fastlandet, og at ny lovgiving for fastlandet som hovudregel skal takast i bruk for Svalbard, om ikkje særlege forhold taler mot det eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde for, og bli handheva likt på heile øygruppa. Regjeringa legg dette til grunn for arbeidet sitt med lovgiving for Svalbard.

Samstundes kan ikkje ny lovgiving alltid takast i bruk for Svalbard utan at det blir gjort tilpassingar. Det kan vere behov for overgangsordningar eller at lova tek til å gjelde for Svalbard på eit seinare tidspunkt. Andre former for innfasing kan òg vere nødvendig, t.d. fordi lokale verksemder har behov for omstilling. Tilpassingar kan vere nødvendig pga. t.d. folkerettslege, klimamessige, geografiske eller administrative forhold. Døme på det siste kan vere at det ikkje finst lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard som motsvarer dei på fastlandet.

På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Døme på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. I særskilde tilfelle vil ein kunne vurdere unntaksheimlar for visse typar aktivitet. I tillegg kan det vere formålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

FNs tryggingsråd kan vedta sanksjonar mot statar, personar eller einingar, med folkerettsleg bindande verknad. EU vedtek òg restriktive tiltak, som Noreg har slutta opp om med nokre få unntak. EU-sanksjonar som Noreg har slutta opp om, gjeld på Svalbard med mindre noko anna er angitt i den relevante forskrifta. Det er særleg sanksjonane mot Russland som er relevante på Svalbard. Det er innført restriktive tiltak mot russiske personar og verksemder og for handel og interaksjonar med russiske motpartar. Sanksjonane mot Russland blir gjennomførte i forskrift 15. august 2014 nr. 1076 om restriktive tiltak vedrørende handlinger som undergraver eller truer Ukrainas territorielle integritet, suverenitet, uavhengighet og stabilitet («sanksjonsforskrift Ukraina»).

2.2.2.3 Endringar i regelverk

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken krev at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga.

Kunnskapsdepartementet fastsette forskrifter med reglar for barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen 17. juni 2022. Forskriftene tok til å gjelde 1. august 2022. Ny opplæringslov vart vedteken av Stortinget 5. juni 2023 og tok til å gjelde 1. august 2024. Den 21. juni 2024 blei det fastsett ei ny forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen for å tilpasse reglane til den nye opplæringslova. Forskrifta tok til å gjelde 1. august 2024. Sjå punkt 4.10.1 for nærmare omtale.

Ny barnevernslov tok til å gjelde 1. januar 2023 og gjeld for Svalbard, med dei særreglane som er fastsette i forskrift.

Beredskapslova vart innført på Svalbard ved forskrift om anvendelse av lov 15. desember 1950 nr. 7 om særlige rådgjerder under krig, krigsfare og liknende forhold for Svalbard, fastsett ved kongeleg resolusjon 1. desember 2023 med heimel i beredskapslova. Ein vesentleg del av formålet med beredskapslova er å regulere ulovfesta prinsipp om konstitusjonell nødrett på førehand. Beredskapslova gir rammene for fullmaktene til regjeringa i situasjonar der Stortinget er avskore frå å utøve verksemda si, og inneheld enkelte lovbestemte særordningar. Lova gir òg heimlar for sentrale forskrifter om nasjonalt beredskapssystem.

Forslag til ny forskrift om tryggleik i felt på Svalbard var på høyring frå 31. august 2021 til 1. mai 2022. Sjå omtale i Prop. 1 S (2022–2023). Justis- og beredskapsdepartementet arbeider vidare med saka.

Forslag om endringar i motorferdselsforskrifta, leirforskrifta og alle verneforskriftene vart vedtekne i 2024 og tek til å gjelde 1. januar 2025.

Endringar i svalbardmiljølova om sjøfugl, isbjørn, lovbrotsgebyr, delegeringsheimlar og opprydding etter stans eller opphøyr av verksemd, vart vedtekne i 2024 og tek til å gjelde 1. januar 2025.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hatt på høyring eit forslag om å gjere allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard. Saka blir no behandla i departementet.

Regjeringa har varsla i Meld. St. 26 (2023–2024) at det er behov for å gjennomgå forskrift om register over befolkninga på Svalbard, og at ein bør vurdere tiltak som kan føre til betre etterleving av plikta til å melde flytting til og frå Svalbard og internt på Svalbard.

2.2.2.4 Statleg eigarskap på Svalbard

På Svalbard nyttar ein verkemiddel som ein ikkje nødvendigvis nyttar på same vis på fastlandet. Dette har samanheng med at det er særlege rammer for Svalbard og svalbardpolitikken. Eit av dei viktigaste verkemidla i samfunnsutviklinga på Svalbard er ulike former for statleg eigarskap, bl.a. til eigedom, grunn og infrastruktur.

Det har alltid vore knytt sterke nasjonale interesser til forvaltninga av øygruppa, og det er lang tradisjon for statleg eigarskap på Svalbard. Staten eig direkte eller indirekte fleire selskap på Svalbard. Blant dei selskapa som er eigde direkte av staten, finn ein Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK), Kings Bay AS, Bjørnøen AS og Universitetssenteret på Svalbard AS, som alle er statsaksjeselskap. Bakgrunnen for staten sin eigarskap i desse selskapa er bl.a. å bidra til å nå måla for svalbardpolitikken. Staten eig indirekte Svalbard Lufthavn AS, gjennom Avinor AS.

Staten eig vidare delar av andre selskap med aktivitet på Svalbard, t.d. halvparten av Kongsberg Satellite Services (KSAT) indirekte, gjennom Space Norway (som er heileigd av Nærings- og fiskeridepartementet). Den andre halvparten er eigd av Kongsberg Gruppen, kor staten har 50,004 pst. eigardel. KSAT er underlagt tryggingslova då selskapet har avgjerande betyding for ei rekkje grunnleggjande nasjonale funksjonar. Staten eig òg 53,97 pst. av aksjane i Telenor ASA, som gjennom dotterselskapet Telenor Svalbard AS har verksemd på Svalbard.

Staten er den største grunneigaren på Svalbard og eig ved Nærings- og fiskeridepartementet 98,75 pst. av all grunn direkte. I tillegg eig staten 0,75 pst. av grunnen indirekte, gjennom eigarskapen i Kings Bay AS og Bjørnøen AS.

Gjennom forvaltninga av eigarskapen til grunnen legg Nærings- og fiskeridepartementet til rette for aktivitet som støttar opp om måla for svalbardpolitikken. Sjå punkt 4.12.1 for nærmare omtale av grunnforvaltninga på Svalbard.

Kritisk infrastruktur er ein grunnleggjande føresetnad for aktivitet og opphald på Svalbard, og den fysiske infrastrukturen i Longyearbyen bidrar på den måten til å halde oppe norske samfunn på øygruppa. Regjeringa er oppteken av å sikre norsk eigarskap til bl.a. kritisk infrastruktur og eigedom på Svalbard. Svalbard er ei øygruppe utan større energi- eller vassystem, og den lokale tilgangen av slike tenester er avgjerande for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik er derfor spesielt viktig på Svalbard. Kontroll med infrastruktur og eigedom legg til rette for god forsyningstryggleik for t.d. energi, vatn og mat. Denne typen tiltak følgjer òg opp tilrådingar frå totalberedskapskommisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet iNOU 2023: 17 Nå er det alvor – Rustet for en usikker fremtid. I dette inngår vurderingar av framtidig organisering av energiforsyning og vassforsyning, med ev. etablering av reservedrikkevatn.

2.2.2.5 Svalbardlova hundre år

I 2025 er det hundre år sidan Svalbardlova tok til å gjelde, og Svalbard med det vart innlemma i Kongeriket Noreg. Regjeringa legg opp til å markere hundreårsjubileet.

2.2.3 Beredskap på Svalbard

2.2.3.1 Overordna om beredskapen på Svalbard

Dei naturgitte og geografiske føresetnadene til Svalbard gir særskilde utfordringar for samfunnstryggleik og beredskap. Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobiletet. Sektorprinsippet gjeld på Svalbard som elles i landet. Den enkelte sektoren har ansvar for å vurdere risiko, sårbarheit og ev. avbøtande tiltak.

Den lokale beredskapen er god. Dei etablerte ressursane, lokalbefolkninga, næringslivet og andre aktørar på Svalbard har stor evne og vilje til å handtere hendingar. Samstundes er ikkje beredskapen dimensjonert for å handtere større hendingar eller hendingar som skjer samstundes, over lang tid. I tilfelle større hendingar legg ein derfor til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Sysselmeisteren er den sentrale instansen for planlegging og gjennomføring av tiltak innan samfunnstryggleik og beredskap på øygruppa. Sysselmeisteren leier beredskapsrådet for Svalbard i eigenskap av å ha mynde som statsforvaltar. Rådet skal medverke til ei felles forståing av risiko og sårbarheit, med mål om ein samordna beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik.

Sysselmeisteren har ansvaret for redningstenesta og er som politimeister også leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Medlemmene i redningsleiinga overlappar i nokon grad med medlemmene i beredskapsrådet.

Sysselmeisteren utarbeider risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for eige ansvarsområde. Inneverande Svalbard-ROS gjeld for perioden 2022–2026. Analysen gir ei vurdering av bl.a. akutt forureining, atomhendingar, ulukker til sjøs, skred, flaum og cyberangrep. Sysselmeisteren har utarbeidd ein heilskapleg plan for oppfølging av analysen, med oversikt over risikoreduserande tiltak, ansvarsavklaringar og statusbeskrivingar. Sysselmeisteren har òg planverk for forsyningstryggleik m.m.

Beredskapslova vart innført på Svalbard ved kongeleg resolusjon 1. desember 2023. Etter forskrifta er Sysselmeisteren gitt same mynde som ein statsforvaltar, og Longyearbyen lokalstyre er gitt same mynde som ein kommune.

Eit forsterka reservesatellittsamband har vore operativt for Svalbard sidan 2022. Løysinga er i utgangspunktet etablert for tre år.

2.2.3.2 Klimaendringar og auka aktivitet

Norsk klimaservicesenter la i 2019 fram klimaprofil for Longyearbyen, der det går fram at Longyearbyen i framtida vil oppleve meir nedbør i form av regn, og auka snø- og bresmelting1. Endringane vil føre til fleire og større flaumar, og det vil oftare bli utløyst snø- og sørpeskred. Varmare vêr og meir nedbør gir auka slitasje på bygg og infrastruktur, som i større grad må bli sikra mot erosjon og ras.

Mindre is rundt Svalbard inneberer at seglingssesongen rundt Svalbard blir lengre, og området som er farbart for skip, blir større. Operasjonsområdet for søk og redning blir forstørra parallelt. Risikoen for skipsulukker i fjerntliggjande område aukar som følgje av auka aktivitet. Samstundes aukar risikoen og behovet for medisinsk evakuering frå fartøy som seglar langt unna Longyearbyen. Veksten i aktivitet på og rundt Svalbard inneber at det til tider er langt fleire menneske der enn det som tilgjengelege beredskapsressursar er dimensjonerte for. I Sysselmeisteren sin ROS-analyse er risikoen for ulukker til sjøs vurdert som overordna høg.

Tabell 2.1 Gjennomførte redningsoppdrag av Sysselmeisteren

År

Talet på redningsoppdrag

2019

59

2020

24

2021

32

2022

70

2023

86

Kjelde: Sysselmeisteren

Større aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare skjedd samstundes med ein auke i talet på redningsoppdrag. Det har vore ein nedgang i talet på seglingar i farvatna ved Svalbard i 2023 samanlikna med åra før. Talet på redningsoppdrag auka likevel. Ein må vente at det kan bli fleire redningsaksjonar i framtida.

Figur 2.1 Samla tal på fartøy med seglingar i farvatna ved Svalbard

Figur 2.1 Samla tal på fartøy med seglingar i farvatna ved Svalbard

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

2.2.3.3 Skred og flaum

Longyearbyen er utsett for skred, noko som blir forsterka av klimaendringane. Longyearbyen har vore råka av to store snøskred i nyare tid. I skredet i 2015 gjekk to menneskeliv tapt. Skredet i 2017 førte til store materielle skadar. I etterkant av skreda har store ressursar vore nytta for å hindre nye skredulukker i sentrumsområdet i Longyearbyen.

Sysselmeisteren, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om å førebyggje flaum- og skredskadar på Svalbard. NVE har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av skred- og flaumskadar. Svalbard er omfatta av NVE sin bistand til å førebyggje flaum- og skredskadar, på linje med kommunar på fastlandet.

Longyearbyen lokalstyre har etter forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre ansvar for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen.

Overvaking og varsling av flaum og skred bidrar til å redusere konsekvensar ved hendingar, og til auka tryggleik blant folk som bur og ferdast i utsette område. Meteorologisk institutt gir ut varsel om bl.a. nedbør som kan føre til lokal flaum og ulike former for skred. I tillegg til fysiske skredsikringstiltak er dei viktigaste tiltaka varsling og ev. evakuering ved skredfare.

Sysselmeisteren får i vintersesongen daglege vurderingar av lokal snøskredfare i Longyearbyen. NVE bidrar med dei skredfaglege vurderingane i varslinga. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for bestilling av observasjonane. Sysselmeisteren, i rolla som politimeister, tek avgjerder om evakuering og forbod mot ferdsel ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd.

NVE gjennomfører regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. Det har vore ei lokal varslingsteneste for Longyearbyen i perioden fram til permanente sikringstiltak vart ferdigstilte. Behovet for og ev. organisering av lokal varsling framover, er under vurdering.

Konsekvensane av skred i Longyearbyen er spesielt store for sentrumsområdet nedanfor området Lia og fjellet Sukkertoppen, og dessutan området langs Vannledningsdalen. Desse områda var særleg utsette for høvesvis snø- og sørpeskred. På bakgrunn av dette har områda blitt prioriterte for skredsikring.

Sikringstiltaka mot snøskred i området Lia vart igangsette i 2019 og fullførte i 2023, til ein kostnad av 170 mill. kroner. Sikringstiltaka består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida.

Sikringstiltaka mot sørpeskred frå Vannledningsdalen vart igangsette i 2022. Ein ventar at dei blir ferdigstilte i 2024, med eventuelle etterarbeid i 2025. Kostnaden for sikringstiltaka i Vannledningsdalen er 105 mill. kroner. Sikringstiltaka består av skrednett og erosjonssikra leievoll langs elva. NVE har stått for gjennomføringa av sikringstiltaka under Sukkertoppen og i Vannledningsdalen.

Skredvurderinga frå 2023 viser at skredfaren er monnaleg større enn det tidlegare kartleggingar har vist. Fleire bustader under fjellet Sukkertoppen lar seg heller ikkje sikre med fysiske installasjonar. Utgreiinga viser at Longyearbyen framleis vil vere sårbar for ulike typar skred etter at dei påbegynte fysiske sikringstiltaka er på plass. Etter at sentrumsområdet er sikra, er risikoen størst for bygningar i Nybyen og for delar av hamneområdet. Det er av fleire årsaker ikkje ønskjeleg å leggje til rette for personopphald og bustader i Nybyen, og området vil ikkje bli prioritert for skredsikringstiltak.

Sjå elles omtale av svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30, og punkt 4.4.1 for nærmare omtale av løyvingane til skredsikring.

2.2.3.4 Energiforsyning

Når ansvaret ikkje er lagt til staten eller andre, er Longyearbyen lokalstyre etter Svalbardlova ansvarleg for infrastruktur i Longyearbyen, t.d. energiforsyning. Longyearbyen lokalstyre eig og driv energiforsyninga i Longyearbyen. Tilgang på energi er avgjerande for annan infrastruktur, og forsyningstryggleik for energi har derfor svært høg prioritet.

Energiverket i Longyearbyen vart omdanna til eit eige AS frå 1. januar 2023, Svalbard Energi AS (SEAS). Energiverket gjekk frå å vere ei integrert eining i Longyearbyen lokalstyre til å bli eit heileigd AS under Longyearbyen lokalstyre.

Sysselmeisteren, i kraft av si mynde som statsforvaltar, har det koordinerande ansvaret for samfunnstryggleik på Svalbard. I dette inngår forsyningstryggleik for energi. I mars 2024 vurderte Sysselmeisteren at det var behov for å styrke reservekapasiteten, og sende bistandsanmodning for å få hjelp til å gjennomføre tiltak som på kort sikt ville betre redundansen i energiforsyninga i Longyearbyen. Forsvaret var den instansen som kunne levere kompatible strømaggregat raskast til Svalbard, og stilte aggregatsett til rådigheit for lokalsamfunnet i Longyearbyen, og bidro med nødvendig personell for oppkobling og opplæring.

Energiomstilling

Stortinget har slutta seg til dei overordna rammene for etablering og drift av ny energiløysing i Longyearbyen, jf. Innst. 117 S (2021–2022).

Kolkraftverket som forsynte Longyearbyen med kraft og varme, vart sett i drift i 1983. Kraftverket bar preg av den høge alderen, og vart stengd ned i oktober 2023. Ein gjekk då over til energiproduksjon med diesel som energiberar i Longyearbyen. På sikt skal fornybare energikjelder fasast inn i energiproduksjonen.

Kostnadene til energiproduksjon har blitt høgare i Longyearbyen etter overgangen frå kol til diesel. I samband med nysalderinga for 2023-budsjettet auka Stortinget løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med 50 mill. kroner etter forslag frå regjeringa, for å bidra til reduserte energiprisar i Longyearbyen. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 auka Stortinget løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med ytterlegare 125 mill. kroner til reduserte energiprisar i Longyearbyen, etter forslag frå regjeringa. Samstundes vart løyvinga auka med 42 mill. kroner til investeringar for å styrke forsyningstryggleiken for energi. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med 100 mill. kroner i budsjettet for 2025, for å leggje til rette for reduserte energiprisar i Longyearbyen.

Framtidig organisering og eigarskap i energiforsyninga

Regjeringa har varsla at ein vil gjennomgå ansvaret for kritisk infrastruktur i Longyearbyen. Regjeringa har som intensjon at staten tek eit større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, t.d. ved å overføre ansvaret til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Ansvaret for energiforsyninga skal avklarast så snart som mogleg. Regjeringa har gitt Store Norske i oppdrag å gjennomføre konseptvalutgreiing av ulike alternativ for energiforsyninga i Longyearbyen og ei tilstandsvurdering av eksisterande infrastruktur, med kapitalbehov. Arbeidet med konseptvalutgreiinga skjer i dialog med Longyearbyen lokalstyre og andre lokale aktørar. Det er òg etablert eit trepartssamarbeid mellom lokalstyret, Store Norske og Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) med formål å bidra til raskare utvikling av fornybare løysingar for energiforsyninga i Longyearbyen, samstundes som ein legg til rette for ny kunnskaps- og næringsutvikling. Det er ønskjeleg at samarbeidet fortset, og at ein gjennom arbeidet med energiomstillinga kan bidra til å byggje lokal kompetanse og verdiskapande aktivitet. På denne måten vil omstillingsarbeidet kunne gi verdifulle synergiar for lokalsamfunnet.

2.2.3.5 Kontroll med reisande til og frå Svalbard

Forskrift om kontroll av reisende til og fra Svalbard tok til å gjelde 6. mai 2022. Relevante delar av grenselova er dermed gjorde gjeldande for Svalbard, med nødvendige tilpassingar og føresegner som følgje av dei særlege kontrollbehova på øygruppa.

Sysselmeisteren handhever forskrifta og gjennomfører personkontrollen. Reisande til og frå Svalbard kan bli kontrollerte når dei kjem til Svalbard eller der dei melder seg eller blir trefte på, og i territorialfarvatnet om bord i sjøfartøy på veg til hamn eller indre farvatn på Svalbard. Sysselmeisteren kan overvake territorialfarvatnet og stadene der reisande kan kontrollerast, for å motverke at personar unndrar seg inn- og utreisekontroll.

Personkontroll blir i hovudsak gjennomført i mellombelse lokale ved Svalbard lufthamn, i felt og om bord på fartøy. Sysselmeisteren gjer eit utval basert på ulike kriterium, som kontroll av passasjerlister, og kontrollerer identiteten til personane.

2.2.3.6 Kontroll med vareførselen til og frå Svalbard

Forskrift om vareførselskontroll på Svalbard tok til å gjelde 6. mai 2022, same dag som forskrifta om kontroll av reisande til og frå Svalbard. Då ny lov om vareførsel tredde i kraft 1. januar 2023, vart det gitt ei ny forskrift om vareførselskontroll på Svalbard, heimla i denne lova.

Svalbard blei eige tollområde i mai 2022, og Tolletaten blei etablert med eiga eining for kontroll med vareførselen til og frå Svalbard.

Tolletaten gjennomfører fysisk kontroll med varer som blir førte inn til eller ut frå øygruppa. Ved Svalbard lufthamn kan ein i dag berre gjennomføre fysisk vareførselskontroll i avgrensa omfang, pga. storleiken på areala der. Tolletaten gjennomfører òg vareførselskontroll ved skip som kjem til Svalbard.

Det er lagt opp til at vareførselskontrollen med tida i størst mogleg grad bør samsvare med kontrollen på fastlandet, med ev. tilpassingar til dei lokale forholda. Sjå punkt 4.5.3 for nærmare omtale.

2.2.4 Longyearbyen – eit norsk lokalsamfunn

Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på Svalbard. Målet blir oppfylt gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen. Longyearbyen skal vere eit samfunn som medverkar til å støtte opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har medført ei stor omstilling for Longyearbyen. Longyearbyen har i dag eit differensiert næringsliv med verksemder innanfor ei rekkje næringar. Longyearbyen har samstundes utvikla seg til eit meir moderne familiesamfunn.

Ifølgje SSB var det registrert 2 617 innbyggjarar i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2024. 965 av desse var registrert utan tilknyting til det norske fastlandet, noko som utgjer 36,9 pst. av befolkninga. Til samanlikning var det 1. januar 2023 registrert 2 530 innbyggjarar, 886 av dei var registrert utan tilknyting til det norske fastlandet, noko som utgjorde 35 pst av befolkninga.

Longyearbyen er, og skal vere, eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er òg eit mål framover at Longyearbyen skal vere ein attraktiv stad for norske familiar, og at ein slik kan bidra til å oppfylle målet om norske samfunn på øygruppa. Tal frå SSB viser at levekåra i Longyearbyen i det store og heile verkar å vere noko over snittet for lokalsamfunn på fastlandet, sjølv om det er store variasjonar mellom grupper2.

Det er grunn til å følgje med på utviklinga i befolkningssamansetjinga, og det er viktig å leggje til rette for ein god balanse mellom norske og utanlandske statsborgarar i Longyearbyen. For å bidra til å halde oppe norske samfunn på øygruppa, vil regjeringa innføre insentiv for å gjere det meir attraktivt for nordmenn å flytte til og bli buande på Svalbard, jf. Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard.

Det er staten som forvaltar folketrygda, og som saman med Longyearbyen lokalstyre i hovudsak legg til rette for velferds- og tenestetilbodet i Longyearbyen. Med utviklinga ein har sett i seinare år når det gjeld befolkningssamansetjinga, ser regjeringa behov for å skilje i større grad mellom innbyggjarar med tilknyting til fastlandet og innbyggjarar som kjem direkte frå utlandet til Svalbard. Regjeringa vil vurdere om ein skal innføre arbeidsgivaravgift for norske arbeidsgivarar som sysselset personar som får medlemskapet sitt i folketrygda gjennom arbeid. Regjeringa vil òg vurdere om dei som får medlemskap på denne måten, skal ha ei høgare trygdeavgift, og om dei skal ha rett til å opparbeide ytingar som barnetrygd og kontantstønad. Eit tilsvarande skilje er allereie etablert gjennom at det no er krav om tre års butid på fastlandet for at utanlandske statsborgarar skal kunne stemme og stille til val i Longyearbyen.

Det er kostbart å leggje til rette for eit familiesamfunn på ei arktisk øygruppe, og ein auke i talet på innbyggjarar og aktivitet fører til auka utgifter for staten. Utviklinga i talet på innbyggjarar fører til press på tenestetilbodet, men også på infrastruktur som t.d. energi, veg og vassforsyning. Det offentlege finansierer og held ved like ein stor del av infrastrukturen i Longyearbyen. Det er ikkje ønskjeleg at samfunnet i Longyearbyen skal vekse utover dagens nivå, og ein skal ikkje leggje til rette for utvikling som utløyser behov for større investeringar i infrastruktur eller utviding av velferds- og tenestetilbodet. Bustadmassen skal ikkje vekse utover nivået frå før skreda i 2015 og 2017, sjå punkt 2.2.4.4 for nærmare informasjon om bustader i Longyearbyen.

Desse føringane vil saman med andre rammer for aktivitet og dei overordna måla for svalbardpolitikken, bidra til å fastsetje handlingsrommet for næringsverksemd og samfunnsutviklinga i Longyearbyen. I Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard gjer regjeringa greie for tiltak for å sikre at utviklinga held fram i tråd med målet om å halde oppe norske samfunn på øygruppa.

2.2.4.1 Reiseliv

Reiselivsnæringa er blant dei viktigaste næringane på Svalbard, og ho tingar også i stor grad varer og tenester frå andre næringar. Reiselivsaktiviteten på Svalbard er framleis prega av sesongvariasjonar, men det har over tid vore arbeidd for å utvide aktiviteten i skuldersesongane for å utnytte eksisterande kapasitet og bidra til heilårlege arbeidsplassar i reiselivsnæringa.

Talet på gjestedøgn ved kommersielle gjestestader var 139 371 i 2023, ein reduksjon frå 2022, då talet var 147 834. Det kom om lag 71 600 gjester via Longyearbyen hamn, 47 000 frå konvensjonelle cruiseskip og 24 600 frå ekspedisjonscruiseskip.

2.2.4.2 Besøksbidrag

Regjeringa vurderer at det er behov for at reisande til Svalbard i større grad bidrar til å finansiere utgifter til infrastruktur og anna offentleg tenesteyting som er ein føresetnad for reiseliv i Longyearbyen. Regjeringa vil utarbeide forslag til regelverk for besøksbidrag for Svalbard. Dei økonomiske og administrative konsekvensane vil bli utgreidde som ein del av forslaget. Delar av inntektene frå besøksbidraget skal komme Longyearbyen lokalstyre til gode.

2.2.4.3 Hamn

Kapasiteten på hamneinfrastrukturen i Longyearbyen er avgrensa. I tråd med Nasjonal transportplan 2025–2036 vil Kystverket kartleggje behov og deretter gjere ei ny vurdering av omfang, innretning og tidsplan for eit ev. nytt hamneprosjekt i statleg regi i Longyearbyen, og ev. foreslå konkrete tiltak som innspel til neste stortingsmelding om Nasjonal transportplan.

2.2.4.4 Bustad

Bustadpolitikken skal leggje til rette for utvikling av Longyearbyen innanfor måla og rammene i svalbardpolitikken. Det er ikkje eit mål at Longyearby-samfunnet skal vakse, og det er derfor ikkje ønskjeleg å leggje til rette for vekst i bustadmassen utover nivået frå før skreda i 2015 og 2017. Samstundes vil regjeringa halde fram arbeidet med å heve kvaliteten på bustadene i Longyearbyen. Eventuell utskifting av bustader må skje gjennom transformasjon og fortetting.

Det er i dag 1 309 bustader i Longyearbyen, og det offentlege eig meir enn 70 pst. av bustadene. Den store offentlege eigarskapen er dels ein historisk konsekvens frå tida som company town, men òg resultat av ei ønskt utvikling. Avgrensing i talet på bustader er dimensjonerande på innbyggjartal og aktivitet. Eigarskap til bustader og korleis ein forvaltar tilgangen til bustader, er eit viktig verkemiddel for å bidra til å utvikle Longyearbyen i samsvar med måla i svalbardpolitikken. Bustadmassen skal ha ein kvalitet og ei samansetjing som er attraktiv for norske arbeidstakarar og familiar.

Tilgangen til bustad er knytt opp til behovet for å kunne jobbe og opphalde seg i Longyearbyen. Ein legg derfor opp til at bustadene som hovudregel blir leigde ut til arbeidsgivarar, for vidareformidling til tilsette. Arbeidsgivarar som ikkje kan tilby bustad til arbeidstakarane sine, må dimensjonere verksemda si etter det. Med eit avgrensa bustadtilbod er det eit vesentleg omsyn å imøtekomme bustadbehovet til dei viktigaste samfunnsaktørane i Longyearbyen, innanfor både offentleg og privat sektor. Det inneber at det er, og skal vere ei tildeling der viktige samfunnsoppgåver blir prioriterte høgare enn andre. Andre offentleg eigde bustader kan leigast ut til private arbeidsgivarar som bidrar til at ein når måla for svalbardpolitikken.

Det er gjort eit arbeid med å samle forvaltninga av den offentleg eigde bustadmassen i selskapet Store Norske Boliger (SNB) og den statlege forvaltningsverksemda Statsbygg. Statsbygg kjøpte i 2021 bustadene til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). Arbeidet med å overføre bustadene som lokalstyret eig, til Statsbygg held framleis på. Ved å overta eigarskapen til bustadene får Statsbygg samstundes ansvaret for å dekke bustadbehovet til UNIS og lokalstyret.

Det er i dag få tilgjengelege areal for bustadbygging i Longyearbyen. Investeringar i nødvendig infrastruktur i samband med bustadbygging er svært kostbart i Arktis, og regjeringa ønskjer ikkje å leggje til rette for vekst som utløyser behov for denne typen investeringar. På kort og mellomlang sikt vil det samstundes truleg bli behov for investeringar for å halde oppe nivået på allereie eksisterande infrastruktur. Dette kan t.d. gjelde energiforsyninga, drikkevassforsyninga, VVA-systemet m.m.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2025

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2025 er på 697,3 mill. kroner, samanlikna med 611,9 mill. kroner i det vedtekne budsjettet for 2024. Dette er ein auke på 85,4 mill. kroner, dvs. ei endring på 14 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2025 er stipulert til 477 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 480, post 50 Tilskudd.

Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2024 var 406,5 mill. kroner.

For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet har ein foreslått å auke løyvinga på kap. 480, post 50 med 70,5 mill. kroner i 2025 samanlikna med saldert budsjett for 2024. Storleiken på løyvinga har variert frå år til år, og løyvinga har blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov.

Bortsett frå løyvinga på kap. 480 post 50 er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtalen under kap. 3030. Skatteinntektene for 2025 er budsjetterte til 215 mill. kroner. Anslaget for 2024 var på 200 mill. kroner. Sjå kap. 3030 for nærmare omtale av forventa skatteinntekter i 2025. Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 31 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er dei enkelte budsjettkapitla nærmare omtalte.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1 og 2)

For 2025 er det foreslått å løyve netto 1 185,9 mill. kroner på statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet på kap. 480 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2024 var 1 368,6 mill. kroner.

4.1 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

4.1.1 Helse, miljø og tryggleik

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for bl.a. forvaltninga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og tryggleiksforskrifter. Departementet har òg etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund, der sysselsetjinga av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagd lover og forskrifter som gjeld på Svalbard.

Arbeidstilsynet utfører dei same oppgåvene på Svalbard som på fastlandet, men aktiviteten blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet har bl.a. retta aktiviteten sin mot gruvedrift og byggje- og anleggsverksemd, og har følgt opp offentlege verksemder og private vekstnæringar. Innsatsen er slik tilpassa næringsstrukturen på Svalbard.

4.1.2 Allmenngjeringslova

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hatt på høyring eit forslag om å gjere allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard. Saka blir no behandla i departementet.

4.2 Barne- og familiedepartementet

4.2.1 Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet er etablert med kontor i Longyearbyen, som organisatorisk og budsjettmessig er ein del av tilsynet sitt kontor i Tromsø. Dei tilsette ved kontoret er del av ei hospiteringsordning. For tida er det fire hospitantar ved kontoret i Longyearbyen, som medverkar i den samla tenesteproduksjonen til Forbrukartilsynet.

4.2.2 Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om barnevernslovens anvendelse på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barnevernstiltak som blir sette i verk på fastlandet.

Alle krav om refusjon skal fremmast for Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Utgiftene til refusjon for barnevernsutgifter for Svalbard er i 2025 rekna til 1,85 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

4.2.3 Kontantstønad

Kontantstønadlova gjeld for personar som er busette på Svalbard, og som er medlemmer i folketrygda, jf. kontantstønadlova § 2, tredje ledd og folketrygdlova § 2–3.

Frå august 2024 blir kontantstønadperioden forkorta samanlikna med noverande ordning, slik at stønaden held fram dei sju første månadene av stønadsperioden og blir avvikla dei fire siste månadene. Med denne endringa kan familiar med barn i alderen 20–23 md. ikkje lenger få kontantstønad.

Det er i 2025 venta 600 000 kroner i utgifter til kontantstønad for barn busette på Svalbard, på kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskudd.

4.2.4 Barnetrygd

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard, og som er medlemmer av folketrygda, jf. barnetrygdlova § 3 og folketrygdlova § 2–3. Ifølgje tal frå SSB budde det 435 barn på Svalbard per 1. januar 2024. I 2025 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 9,6 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskudd.

4.3 Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet3

4.3.1 Bygg og eigedommar

Dei fleste av dei statlege eigedommane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen, inngår i den statlege husleigeordninga over kap. 2445 Statsbygg. Desse eigedommane er sysselmeistergarden, Statens hus i Longyearbyen, bustader, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmeisterens administrasjonsbygg, Svalbard kyrkje og nokre lagerbygg. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya og forskingsbygget til Norsk Polarinstitutt (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund, inngår òg i husleigeordninga.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard er på svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har ni tilsette. Tre av desse stillingane er finansierte over svalbardbudsjettet.

4.3.2 Tilsyn med satellittjordstasjonar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir frekvensløyve for all bruk av radiofrekvensar og fører særleg tilsyn med satellittjordstasjonar på Svalbard. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit samarbeider med Sysselmeisteren på Svalbard.

4.4 Energidepartementet4

4.4.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Energidepartementet har ansvar for statlege forvaltningsoppgåver for førebygging av flaum og skred. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan gi fagleg og økonomisk støtte til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og område som kan få støtte innanfor den gjeldande løyvinga. Ansvarsområdet til NVE på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred.

NVE har regional varslingsteneste for regionen Nordenskiöld Land. Det har vore ei lokal varslingsteneste for Longyearbyen i perioden fram til permanente sikringstiltak vart ferdigstilte. Behovet for og ev. organisering av lokal varsling framover er under vurdering.

Longyearbyen lokalstyre har ifølgje forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre eit ansvar for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når det blir varsla om fare for naturleg utløyste skred, blir lokalstyret kontakta for at dei skal vurdere oppfølgingstiltak, t.d. auka overvaking eller evakuering. Sysselmeisteren hjelper lokalstyret med gjennomføringa av tiltaka når det trengst. Sysselmeisteren vedtek og set i verk ferdselsforbod dersom det er aktuelt.

Sjå elles omtale under punkt 2.2.3.3 og kap. 0007 Tilfeldige utgifter.

4.4.2 Regulering av energiforsyninga i Longyearbyen

Etter at kolkraftverket i Longyearbyen vart nedlagt, og i samband med at det blir etablert ny energiforsyning er det behov for å sjå på kva rammer som skal gjelde for energiforsyninga i Longyearbyen. Energilova med tilhøyrande forskrifter er ikkje gjort gjeldande på Svalbard, og i dag blir det ikkje stilt sektorspesifikke krav til energiforsyninga i Longyearbyen. Energidepartementet har ansvaret for å utarbeide forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen. Arbeidet skjer i samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

4.5 Finansdepartementet

4.5.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging: lønnstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønnstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto lønn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn lønn og pensjon blir skattlagd på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir lønn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12 G, og med 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt, som t.d. kapital- og næringsinntekt, blir som utgangspunkt skattlagd med 16 pst. Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monnaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på fastlandet (22 pst.) for slike overskot. Formålet er bl.a. å hindre at nokon utnyttar det gunstige skattenivået på Svalbard for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

4.5.2 Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale under kap. 0022 Skattekontoret Svalbard. Svalbard skattekontor har bl.a. følgjande oppgåver:

  • å fastsetje skatt etter svalbardskattelova

  • å kontrollere personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder

  • å administrere registeret over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111

  • å behandle krav om refusjon av innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande, sjå omtale under punkt 4.7.2

  • å rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard

  • å omregistrere køyretøy, utferde førarkort og gjennomføre teoriprøver for Statens vegvesen.

4.5.3 Vareførselskontroll

Svalbard er eige tollområde, etablert i mai 2022. Tolletaten gjennomfører fysisk kontroll med varesendingar både i Longyearbyen og i Barentsburg.

Dagens kontroll er basert på ei minimumsløysing utan bl.a. dei varslings-, melde- og opplysningspliktene som gjeld på fastlandet. Ein legg opp til at kontrollen med tida i størst mogleg grad bør svare til kontrollen på fastlandet, med enkelte moglege tilpassingar til dei lokale forholda på Svalbard, med dei pliktene det inneber for aktørane i vareførselen. Tolletaten arbeider med å vidareutvikle kontrollen med vareførselen til og frå Svalbard. Eventuelle forslag til endringar i regelverk vil bli sende på høyring.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 32,5 mill. kroner på kap. 1610, post 01 og post 45 til vareførselskontroll på Svalbard.

4.5.4 Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for statistikk på Svalbard og har etablert tidsseriar for befolknings- og næringsutvikling og for offentleg sektor, som jamleg blir oppdaterte. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekker Svalbard, er samla under eit eige emne på ssb.no (https://www.ssb.no/svalbard). SSB leier statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for Svalbard-statistikk.

SSB leverte rapport 2023/36 Samfunnsforhold på Svalbard: befolkning økonomi og levekår i 2023.

4.6 Helse- og omsorgsdepartementet

4.6.1 Sjukehus

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord RHF får løyving på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 732, post 75. Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus skal sørge for akuttmedisinsk beredskap og andre helsetenester på Svalbard, tilpassa dei lokale forholda. Dette gjeld likevel ikkje helsetenester som arbeidsgivaren pliktar å sørge for etter kgl.res. 7. august 1925 nr. 3767 om bergverksordninga for Spitsbergen (Svalbard). Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og i havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar, i samarbeid med Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre, jf. smittevernlova og folkehelselova. I Barentsburg er det ei eiga helseteneste i regi av det russiske gruveselskapet. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdommar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. Det blir utført poliklinisk utgreiing og behandling og unntaksvis små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Lengda på innleggingar blir vanlegvis avgrensa i tid, slik at situasjonen blir avklart, anten for utskriving eller for at pasienten må overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet. Longyearbyen sjukehus har eit samarbeid med UNN Tromsø om bl.a. videobasert akuttmedisinsk konferanse, som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand når pasientar blir vurderte og behandla.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk nødmeldeteneste (AMK Tromsø), akutt hjelp, ambulanseteneste, bemanning på Sysselmeisterens redningshelikopter med anestesilege frå Akuttmedisinsk klinikk, UNN, og flyambulanse til fastlandet ved behov. Sjukehuset har ein beredskapsplan for større hendingar, som omfattar utviding av eigen kapasitet, mottak av støtte frå UNN Tromsø og medisinsk evakuering av pasientar. Longyearbyen sjukehus er knytt til nødkommunikasjonssystemet til Sysselmeisteren, men ikkje til nødnettet på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet ligg til primærhelsetenesta, bl.a. allmennlegeteneste, jordmor- og helsesjukepleiarteneste, fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har tannlegeteneste. Longyearbyen sjukehus har ikkje pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester, skal få desse i heimkommunen sin på fastlandet eller i heimlandet.

Helse Nord RHF er representert i arbeidet i EPPR (Emergency Prevention, Preparedness and Response), eit arktisk samarbeid for å skape større redundans på behandling i arktiske forhold på tvers av landa i staden for å evakuere pasientane til fastlandet.

4.6.2 Helseberedskap

Ambulanseflya til Luftambulansetenesta dekker Svalbard. Tenesta er eigd, organisert og finansiert av dei regionale helseføretaka, og ho føreset spesiell planlegging då det i store delar av året er avgrensa kapasitet på gjennomføring. Som ein del av den sivile beredskapen til EU, RescEU, er det etablert eit ambulansefly med fast base i Tromsø. Jetflyet vil, når det ikkje er på oppdrag i EU, bidra i beredskapen knytt til Svalbard. Ved større ulukker kan avtalane Helsedirektoratet har om forsterkingsressursar frå Forsvaret, sivil luftfart og andre land, løysast ut for å transportere medisinsk utstyr og personell frå fastlandet og evakuere skadde pasientar frå Longyearbyen.

4.6.3 Helsenettet

Norsk helsenett SF har ei eiga eining i Longyearbyen, med fem medarbeidarar. Norsk helsenett SF har i samarbeid med UNN og Helse Nord IKT knytt Longyearbyen sjukehus til stamnettet, noko som har styrkt kapasiteten, tryggleiken og beredskapen vesentleg.

4.7 Klima- og miljødepartementet

4.7.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard, med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard som regionalt apparat. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område innanfor Longyearbyen planområde.

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal følgje opp målet om å halde omfanget av villmarksprega område på Svalbard ved lag. Dette blir gjort gjennom eit utstrekt vern av område.

Reduksjon av påverknadsfaktorar som ferdsel, naturinngrep, forureining og hausting er den mest effektive, og ofte den einaste moglege, forma for klimatilpassing når det gjeld å ta vare på naturmangfald og kulturmiljø på Svalbard.

Utfordringar

Ingen stader i verda går oppvarminga raskare enn på Svalbard. Temperaturane der stig fem til sju gonger raskare enn det globale gjennomsnittet. I Longyearbyen har årstemperaturen auka med nesten 5 °C sidan 1971, og vintertemperaturen med nesten 8 °C. Nedbøren har auka med nesten 20 pst. i same periode. Sidan satellittmålingar starta i 1979, har det vore ein nedgang i havisutbreiing rundt Svalbard i april og september på høvesvis 9,8 pst. og 17,7 pst. per tiår. Delar av Svalbard kan forvente ein auke i årleg gjennomsnittstemperatur på 7–10 °C og ein auke i årsnedbør på 45–65 pst. fram mot 2100. Konsekvensane av klimaendringane er bl.a. kraftig tap av isbremasse, kraftig oppvarming og tining av permafrosten, som aukar erosjonsfaren, auka risiko for skred og mindre sjøis. Klimaendringar er den klart største menneskeskapte påverknaden på artar og økosystem på Svalbard, både på land og i sjø.

Ferdselen på Svalbard har auka, og det sjøbaserte reiselivet har dei siste åra utvida sesongen. Ein stor del av den auka aktiviteten har skjedd innanfor naturreservata og nasjonalparkane. Resultatet er auka risiko for forstyrring av dyrelivet og slitasje på natur og kulturminne, særleg i kystområda. I tillegg kjem faren for skipsulukker og akutt forureining.

Tiltak

Regjeringa vil halde fram med å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard, og føre vidare miljømåla og føresegner i svalbardmiljølova om restriktiv praksis for løyve til større naturinngrep utanfor planområda. Regjeringa vil vurdere endringar i svalbardmiljølova med føresegner.

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda, slik at ferdsel og annan aktivitet skjer i samsvar med verneformålet.

Regjeringa vil innføre avgrensing i talet på personar om bord på cruiseskip i territorialfarvatnet ved Svalbard, og vurdere avgrensing i talet på cruiseskip som seglar i territorialfarvatnet ved Svalbard.

Det er gjennomført fleire endringar i miljøregelverket, og Norsk Polarinstitutt vil følgje dette opp gjennom overvakingssystemet Miljøovervaking Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).

Det er ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga å kartleggje og vurdere tiltak i område med forureining i grunnen.

Sysselmeisteren held fram arbeidet med tiltaka i strategien frå 2021 for å redusere marin forsøpling på Svalbard.

Forvaltninga av kulturmiljø og kulturminne skal skje i samsvar med oppdatert kulturmiljøplan.

Miljøforvaltninga skal sjå til at areal- og samfunnsplanlegginga tek omsyn til klimaendringane og til naturen og kulturmiljøa innanfor planområda.

4.7.2 Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond gir tilskot til tiltak som har til formål å beskytte miljøet på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskudd fra Svalbards miljøvernfond, vedtektene til fondet og det årlege tildelingsbrevet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisende til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir gjorde av eit styre som er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Fondskapitalen og avkastninga blir i samsvar med svalbardmiljølova § 98 nytta til undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, årsaker til miljøpåverknad og miljøverknader av verksemd, til å rette opp att miljøtilstanden, til tilskot til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne og til informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Fondet skal ikkje brukast til å dekke dei ordinære administrative utgiftene og oppgåvene til miljøforvaltninga, eller ordinær drift.

Regjeringa foreslår for 2025 ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbards miljøvernfond på 18,6 mill. kroner.

Kap. 1472, post 50 skal nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578, post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond. Posten er auka med om lag 5,6 mill. kroner.

4.7.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis. Instituttet gir råd til sentralforvaltninga, Miljødirektoratet og Sysselmeisteren på Svalbard. Norsk Polarinstitutt skal bidra til å fremme norske interesser på Svalbard, i Polhavet og i dei nordlege havområda og skal ta vare på infrastruktur og strukturar for forskingssamarbeid i nord- og polarområda. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, som omfattar bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av infrastruktur for forskinga, oppdrag knytte til ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon.

Norsk Polarinstitutt leier Ny-Ålesund forskingsstasjon. Instituttet har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund og er kontaktpunkt i Ny-Ålesund for forskinga og aktivitet knytt til forskinga, jf. Strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Klima- og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Norsk Polarinstitutt.

Om lag 149,6 mill. kroner av forslaget til løyving for 2025 til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljødepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt er relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

Regjeringa vil styrke norsk forskingsleiing på Svalbard gjennom etablering av Svalbard forskingskontor, jf. Meld. St. 26 (2023–2024). Svalbard forskingskontor skal bestå av ressursar frå bl.a. Norsk Polarinstitutt

4.7.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Kings Bay AS er eit heileigd statleg selskap med hovudkontor i Ny-Ålesund. Kings Bay eig grunnen, infrastrukturen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund, og selskapet har ansvar for drift og utvikling av staden. Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene til staten i selskapet. Eigarskapen medverkar til å støtte opp om dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk og føringane for Ny-Ålesund.

Hovudoppgåva til Kings Bay AS er å leggje til rette for forskingsmiljøa i Ny-Ålesund, i tett dialog med Norsk Polarinstitutt. Kings Bay AS leiger ut 14 forskingsbygg til forskingsinstitusjonar frå ulike nasjonar. Om lag 20 forskingsinstitusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Kings Bay AS eig og held ved like den største samlinga av automatisk freda bygningar på Svalbard.

Selskapet er avhengig av tilskot frå statsbudsjettet for å utføre dei pålagde samfunnsoppgåvene. Tilskotet skal dekke investeringar, ev. driftsunderskot i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Utviklinga og forvaltninga av bygningsmassen, infrastrukturen og tenestetilbodet i Ny-Ålesund skal byggje opp under føringane i Meld. St. 26 S (2023–2024) og forskingsstrategien for Ny-Ålesund forskingsstasjon.

For 2025 foreslår regjeringa å løyve 82,2 mill. kroner til Kings Bay AS på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett, kap. 1473, post 70.

4.7.5 Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). For 2025 er det foreslått å nytte 25,1 mill. kroner til formålet. jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet på svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0019, der det er foreslått ei løyving på 8,4 mill. kroner.

4.8 Kommunal- og distriktsdepartementet5

4.8.1 Geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Statens kartverk driftar eit geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund. Målingane er ein del av eit globalt forskingssamarbeid. Observatoriet inneheld geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar og målingar mot kvasarar og måle endringar i det lokale tyngdefeltet og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner.

Observatoriet måler endringar på jorda og jordplateforskyvingar frå verdsrommet. Dette gir òg grunnlag for å overvake havis som smeltar, og endringar i havnivået.

Det gamle observatoriet ved flystripa er rive. Ved det nye observatoriet ved Brandallagunen jobbar ein med å installere laserinstrument (SLR) i samarbeid med NASA, medan VLBI-antennene er i drift.

Kostnadene til drift av observatoriet har auka, bl.a. som følgje av auka utgifter til husleige.

Regjeringa foreslår ei løyving på 17,2 mill. kroner på post 30 Geodesiobservatoriet, jf. vedlegg 1. Det er foreslått å løyve 19,7 mill. kroner til det geodetiske observatoriet i Ny-Ålesund i 2025 på post 01 Driftsutgifter.

4.8.2 Kartlegging og sjømåling

Landkartlegginga på Svalbard ligg til Norsk Polarinstitutt. For matrikkelføringa av eigedommar har Kartverket det same ansvaret som på fastlandet.

Statens kartverk har ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. I 2023 vart det ikkje utført sjømåling rundt Svalbard, då fartøyet ein nyttar til dette, ikkje var tilgjengeleg dei vekene ein gjennomfører sjømålinga.

I 2024 planlegg Kartverket sjømålingsaktivitet i 14 veker, noko som er vesentleg meir enn vanleg. Auken på om lag fire veker kjem av at Kartverket ønskjer å betre datagrunnlaget for navigasjon rundt Svalbard. Kostnaden per måledøgn er om lag 200 000 kroner. For 2025 planlegg Kartverket 10 veker med sjømålingsaktivitet. Kartverket planlegg sjømåling av område i Bellsund, Van Keulenfjorden, Hinlopenstretet, St. Jonsfjorden, Trygghamn, Ymerbukta, Borebukta og Vibebukta. Sjømåling på Svalbard er avhengig av gode vêr- og isforhold.

Fleire område har fått oppdaterte kart som er baserte på målingar frå 2018–2022, bl.a. Liefdefjorden, Raudfjorden, Røvigflaket, Fuglesongen, Moffen–Sjuøyane, Freemansundet, Bjørnsundet og Nordaustlandet–Olgastretet.

Figur 4.1 Planlagde område for sjømåling i 2024.

Figur 4.1 Planlagde område for sjømåling i 2024.

Kjelde: Kommunal- og distriktsdepartementet

Midlar til sjømåling blir løyvde på kap. 595 Statens kartverk. Midlane til å prosessere og gi ut kart over Svalbard er ikkje øyremerkte på posten.

Regjeringa foreslår at om lag 14 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til sjømåling og til å prosessere og gi ut kart i 2025, jf. vedlegg 1.

4.9 Kultur- og likestillingsdepartementet

4.9.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Museet er innlemma i det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettet kap. 0004 Svalbard Museum, får museet midlar over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

I 2023 hadde Svalbard Museum om lag 56 000 besøkande, det høgaste talet på besøkande nokon sinne.

For 2024 er det løyvd 2,2 mill. kroner i ordinært driftstilskot til Svalbard Museum på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett. Regjeringa foreslår ei løyving på 2,3 mill. kroner til Svalbard Museum over Det nasjonale museumsnettverket i 2025, jf. vedlegg 1.

Svalbard Museum mottar også løyving på svalbardbudsjettet, jf. omtale under kap. 0004, post 70.

4.9.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum har i 2023 vist to internt initierte og kuraterte utstillingar i dei nye lokala til kunstsenteret Nordover i Longyearbyen. Begge utstillingane er baserte på nyerverva verk til museet si samling.

4.9.3 Stiftinga Artica Svalbard

Formålet med stiftinga er bl.a. å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet og å styrke den kulturelle og kreative næringa på Svalbard. Regjeringa foreslår ei løyving på 3,1 mill. kroner til Artica Svalbard på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområdene, jf. vedlegg 1.

4.9.4 Andre tilskot

Regjeringa foreslår ei løyving på 234 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområdene, jf. vedlegg 1. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335, post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala. Svalbardposten fekk 1,2 mill. kroner i produksjonstilskot i 2023.

4.10 Kunnskapsdepartementet

4.10.1 Barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen (forskrift 17. juni 2022 nr. 1219) og forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen (forskrift 21. juni 2024 nr. 1103) regulerer høvesvis barnehage- og grunnopplæringsverksemda i Longyearbyen. Sistnemnde forskrift erstattar forskrift om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen (forskrift 17. juni 2022 nr. 1044), og blei gitt for å tilpasse reglane til den nye opplæringslova som tok til å gjelde 1. august 2024. Forskriftene vart utarbeidde med utgangspunkt i svalbardpolitikken. Barn og unge i Longyearbyen skal ha eit barnehage- og skuletilbod av god kvalitet. Samstundes gir svalbardpolitikken føresetnader som inneber at tilbodet og rettane i Longyearbyen er avgrensa samanlikna med fastlandet.

Forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen regulerer bl.a. ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, plikta Longyearbyen lokalstyre har til å ha eit barnehagetilbod, og i kva utstrekning barnehagelova med forskrifter gjeld for barnehagetilbodet i Longyearbyen. Forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen regulerer bl.a. ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, rett og plikt til grunnskuleopplæring og i kva utstrekning opplæringslova med forskrifter gjeld for opplæringstilbodet i Longyearbyen. Forskriftene gjeld for barnehage- og grunnopplæringsverksemd innanfor Longyearbyen arealplanområde.

Frå 1. august 2024 vart maksimalprisen i barnehage redusert til 2 000 kroner per månad. I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å vidareføre maksimalprisen nominelt på same nivå frå 1. januar 2025. Som kompensasjon for heilårseffekten av endringa i 2024 og nominell vidareføring i 2025 blir det blir foreslått å løyve 0,6 mill. kroner over kap. 480, post 50.

Midlar til drift av barnehagar og skular på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettet kap. 3 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre.

4.10.2 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. UNIS vart etablert i 1993 som ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon for å gi utdanning på universitetsnivå i arktiske studiar og bidra til å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform. Senteret medverkar òg til å representere og sikre norske interesser i Arktis og til å skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, med studentar og fastbuande forskarar med familiar.

Målet med tilskotet over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er høg kvalitet i utdanning og forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Studia ved UNIS har ein internasjonal profil, og studentmassen skal fordele seg om lag likt på norske og utanlandske utdanningsinstitusjonar. I 2023 var det studentar frå 48 nasjonar ved UNIS. Det var 46 pst. av studentane som kom frå studieprogram ved norske universitet, og 28 pst. av studentane ved UNIS var norske statsborgarar. Det vart i 2023 utført 197 studentårsverk, som er 11 færre enn i 2022. Det var 19 stipendiatar og 3 postdoktorar ved UNIS i 2023. Per 31. desember 2023 hadde UNIS 143 tilsette.

Regjeringa vil vurdere ulike tiltak for å auke delen norske studentar ved UNIS, jf. Meld. St. 26 (2023–2024).

Tilskotet til UNIS vart nominelt ført vidare frå 2022 til 2023, samstundes som kostnadene ved å drive undervisning og forsking på Svalbard auka. For å få budsjettet i balanse har UNIS bl.a. redusert studietilbodet med 20 plassar.

Regjeringa foreslår å løyve 184,1 mill. kroner til UNIS på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 274, post 70, jf. vedlegg 1.

4.10.3 Dei tidlegare studentbustadane i Nybyen

Dei nye studentbustadane på Elvesletta vart offisielt opna i oktober 2021. Bustadane har kapasitet til 300 studentar. Desse bustadane erstatta dei tidlegare studentbustadane som ligg i eit rasutsett område i Nybyen.

I påvente av ei avklaring av situasjonen for dei tidlegare studentbustadane, blir det foreslått å løyve 0,6 mill. kroner til Noregs Arktiske Studentsamskipnad i 2025 for å dekke drift av desse, jf. Prop. 1 S (2024-2025) for Kunnskapsdepartementet, kap. 270, post 74.

4.10.4 Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike tema og fagdisiplinar. Om ein ser bort frå store nasjonale investeringar i t.d. forskingsfartøy og -stasjonar, blir om lag 25 pst. av norsk polarforsking (om lag 375 mill. kroner i 2023) finansiert gjennom Noregs forskingsråd. Av dette er om lag 30 pst. svalbardrelevant forsking. Polarforskingsprogrammet (POLARPROG) utgjer om lag 5 pst. av norsk polarforsking og får midlar frå Kunnskapsdepartementet (om lag 77 mill. kroner, kap. 285, post 53) og Klima- og miljødepartementet (8 mill. kroner, kap. 1410, post 51) i 2023. Med den nye porteføljestyringa i Forskingsrådet blir polarforskingsprogrammet sett i samanheng med andre relevante program, særleg program knytte til klima/miljø og hav. Det gjeld òg forsking som skjer på Svalbard, og forsking om Svalbard. Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å koordinere og informere om forskingsverksemda på øygruppa.

Noregs forskingsråd har eit eige svalbardkontor, lokalisert i forskingsparken i Longyearbyen. Hovudoppgåva er å bidra til eit tydeleg norsk vertskap gjennom koordinering av forskinga på Svalbard. Verkemidla til svalbardkontoret er retta inn mot å styrke forskingssamarbeidet nasjonalt og internasjonalt. Svalbardkontoret er både leiar av og sekretariat for Svalbard Science Forum, og har ansvaret for Databasen Research in Svalbard (RiS), som inneheld ei oversikt over norsk og utanlandsk forskingsaktivitet på Svalbard og i havområda rundt. Ein viktig del av arbeidet til svalbardkontoret er fagleg rådgiving til Sysselmeisteren i samband med behandling av søknader om forskingsløyver.

Nettportalen Research in Svalbard (RiS) inneheld ei oversikt over forskingsprosjekt som er i gang på Svalbard. Databasen blir administrert av Forskingsrådet. Dei fleste forskingsprosjekta på Svalbard blir registrerte i portalen, og alle prosjekt som søker Sysselmeisteren om løyve eller Forskingsrådet om finansiering, skal vere registrerte i RiS. Det same gjeld alle prosjekt som inneber at ein oppheld seg i Ny-Ålesund. Portalen er den viktigaste kjelda til informasjon om forskingsprosjekt på Svalbard, og gir oversikt over den aktiviteten som skjer i felt. Forskingsrådet kvalitetssikrar at det er reelle forskingsaktørar og forskingsprosjekt som blir registrerte med prosjekt i RiS-databasen.

Forskingsrådet finansierer to støtteordningar (Arctic Field Grant og Strategic Field Grant) som stimulerer til internasjonalt vitskapleg samarbeid på Svalbard og rekruttering av neste generasjon polarforskarar.

Forsking og høgare utdanning har ei sentral rolle i norsk svalbardpolitikk. Denne rolla er styrkt i samband med den pågåande utfasinga av gruveverksemda. Forsking og høgare utdanning medverkar til å skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, og forsking er grunnlaget for all aktivitet i Ny-Ålesund.

Forskingsrådets forskingsstrategi for Ny-Ålesund blir følgd opp av Norsk Polarinstitutt, i nært samarbeid med forskingsaktørane og samarbeidsorganet deira, NySMAC (Ny-Ålesund Science Managers Committee).

4.10.5 Folkehøgskule på Svalbard

Svalbard folkehøgskule hadde sitt femte driftsår skuleåret 2023–2024 og medverkar til ein auke i talet på fastbuande nordmenn på Svalbard. Hausten 2023 gjekk det 71 elevar ved skulen, ein liten nedgang frå 2022. Skulen har halde til i mellombelse lokale fram til tidleg i 2023. No held skulen til i nye lokale som dei leiger av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Det nye skulebygget, kalla Campus Sjøskrenten, vart offisielt opna 2. mars 2023. Skulen er eigd av KFUK-KFUM Norge saman med Longyearbyen lokalstyre.

Svalbard folkehøgskule får eit ekstratilskot fordi det er dyrare å drive folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet. I 2024 fekk skulen 15,2 mill. kroner i ekstratilskot. Det ordinære tilskotet til Svalbard folkehøgskule i 2025 blir fastsett etter at denne proposisjonen er lagd fram. Det er foreslått å løyve midlane på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 253, post 70, jf. vedlegg 1.

4.10.6 Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit norskinitiert internasjonalt samarbeid for å utnytte infrastrukturen for tverrfagleg forsking på jordsystemet på Svalbard, dvs. forsking på samanhengane mellom havstraumar, atmosfæriske og geologiske forhold og utbreiing av is, snø, planter og dyr. SIOS kunnskapssenter (SIOS KC) leverer bl.a. tenester for betre tilgang til infrastruktur og data, organiserer kampanjar for betre integrering og utnytting av observasjonssystemet og koordinerer den norske noden av SIOS (SIOS InfraNOR). SIOS KC blir evaluert i 2024.

4.10.7 EISCAT

EISCAT (European Incoherent Scatter) er ein internasjonal vitskapleg organisasjon som driv fem store radaranlegg der ein studerer vekselverknader mellom sola og den øvre atmosfæren til jorda i dei nordlege delane av Fennoskandia. Medlemmene i EISCAT er forskingsråd og institutt i Finland, Japan, Kina, Noreg, Storbritannia og Sverige. EISCAT har hovudkontor i Sverige (Kiruna). Radaranlegga ligg i Sverige, i Finland, i Fastlands-Noreg og på Svalbard (to anlegg). For tida blir det gjennomført ei oppgradering av anlegga på fastlandet, kalla EISCAT_3D. Oppgraderinga omfattar nye radarstasjonar som skal auke forståinga av partikkelrørsler i den øvre atmosfæren, bl.a. knytte til nordlys. EISCAT_3D gjer det mogleg å studere partikkelrørsler i større område av atmosfæren til same tid. Noregs forskingsråd dekker det norske bidraget til EISCAT_3D på til saman 288 mill. kroner fram til og med 2024.

4.11 Landbruks- og matdepartementet

4.11.1 Svalbard globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet har det øvste ansvaret for Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er verdas største tryggingslager for frø til mat og landbruksformål. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard, og eit kjøleanlegg sørger for at lagringstemperaturen for frøa blir ideell. Statsbygg eig og forvaltar bygningane til frøkvelvet. Landbruks- og matdepartementet driftar frøkvelvet saman med partnarane Nordisk Genressurssenter (NordGen) og Global Crop Diversity Trust.

4.12 Nærings- og fiskeridepartementet

4.12.1 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 98,75 pst. av all grunn på Svalbard. Nærings- og fiskeridepartementet forvaltar all statleg eigd grunn på Svalbard direkte, gjennom lokalkontor i Longyearbyen. All bruk av statens grunn på Svalbard krev samtykke frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Gjennom eigarskap til grunnen kan departementet bidra til å leggje til rette for ei utvikling i tråd med rammene for svalbardpolitikken. Det er behov for å vurdere grenser mellom ulike ansvarlege partar når det kjem til leigeforhold, ansvar for kulturminne m.m. på Svalbard.

4.12.2 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925. DMF forvaltar òg utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. DMF tildeler utmål, gir råd og rettleiing om og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med verksemd som er i gang, og med opningane på nedlagde gruver. DMF skal informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at ein òg tek omsyn til ressurs- og miljøaspekta. Sjå elles nærmare omtale av DMF i kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Prop. 1 S (2024–2025) for Nærings- og fiskeridepartementet.

DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutredninger og avgrensing av planområdene på Svalbard. Etter gjeldande praksis skal Sysselmeisteren i slike saker fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument i samråd med DMF.

DMF skal bidra til auka verdiskaping ved å leggje til rette for langsiktig tilgang til ressursar basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og foredling av mineral i Noreg. Ut frå denne verksemdsideen skal DMF sørge for at dei geologiske ressursane på Svalbard i størst mogleg grad blir forvalta og utnytta heilskapleg, i tråd med dei svalbardpolitiske måla og bergverksordninga.

4.12.3 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Gruve 7

Statens mål som eigar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) går fram av Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap – Statens direkte eierskap i selskaper. Her står det bl.a. at målet er «kostnadseffektiv og stabil produksjon av kull til kullkraftverket i Longyearbyen». Drifta av Gruve 7 har gått med underskot dei siste åra, dels pga. låge kolprisar. Stortinget har historisk løyvd tilskot til å dekke underskotet.

Longyearbyen lokalstyre avgjorde hausten 2021 at kolkraftverket skulle stengast ned, og lokalstyret sa samstundes opp avtalen med SNSK om levering av kol. Som følgje av dette og den økonomiske situasjonen til Gruve 7, bestemte styret i SNSK våren 2021 at produksjonen i gruva skal avsluttast og oppryddinga av gruva starte så snart kolkraftverket i Longyearbyen er stengt ned. Med bakgrunn i dagens marknadssituasjon for kol kom SNSK i 2022 til semje med ein av dei store industrikundane sine om framleis å levere kol til industriproduksjon fram til sommaren 2025. Avtalen gjer at SNSK får teke ut dei tilgjengelege kolreservane i Gruve 7 på forretningsmessig grunnlag, og at det ikkje er behov for driftstilskot frå staten i resten av driftsperioden.

Samstundes med at drifta i Gruve 7 er forlengd, arbeider SNSK vidare med planlegginga av oppryddinga etter kolverksemda. Avviklinga av Gruve 7 blir eit ytterlegare steg på vegen i omstillinga av SNSK. Oppryddingskostnadene og framdrifta vil avhenge av kva krav som blir sette av miljømyndigheitene. Nærings- og fiskeridepartementet avventar styret sine vurderingar av korleis oppryddinga kan gjennomførast på ein effektiv og god måte, irekna storleiken på oppryddingskostnadene og forslag til finansiering.

4.12.4 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

Stortinget har bestemt at kolverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) i Svea og Lunckefjell skal avviklast, jf. Innst. 8 S (2017–2018). Det vart samstundes bestemt å setje i gang opprydding i området. Målet for oppryddingsprosjektet var at det skulle gjennomførast så kostnadseffektivt som mogleg innanfor dei rammene som miljømyndigheitene hadde sett. Arbeidet var delt opp i tre fasar: Lunckefjell fase 1, Svea fase 2A og Svea fase 2B. Den siste fasen, oppryddinga i Svea fase 2B, starta opp våren 2021 og vart ferdig hausten 2023.

SNSK er pålagt av miljømyndigheitene å etablere eit overvakingsprogram etter at prosjektet er avslutta. Ein legg opp til at programmet vil starte opp i 2025, og vare i om lag 20 år. Regjeringa foreslår ei løyving på 0,5 mill. kroner til SNSK for miljøtiltak i Svea og Lunckefjell i 2025 for gjennomføring av overvakingsprogrammet. Regjeringa foreslår vidare fullmakt til å gi tilsegn om løyving i seinare budsjetterminar for inntil 9,5 mill. kroner for gjennomføring av overvakingsprogrammet i Svea og Lunckefjell. For nærmare omtale av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell visar ein til Prop. 1 S (2024–2025) for Nærings- og fiskeridepartementet.

4.12.5 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ein medlemsbasert organisasjon for reiselivsnæringa på Svalbard og i Longyearbyen. Svalbard Reiselivsråd hadde 80 verksemder som medlemmer ved årsskiftet 2023/2024.

Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å støtte opp under arbeidet til selskapet og å byggje opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken, særleg målet om bevaring av området si særeigne villmarksnatur og målet om å halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Tilskotet skal nyttast til arbeid som gjer at reiselivsaktiviteten bidrar til å nå måla for svalbardpolitikken, bl.a. gjennom å samle næringa for å utvikle tenlege retningslinjer for reiselivsaktiviteten, skaffe informasjon om reiselivsaktivitet i området og ta hand om fellesoppgåver som drift av heilårleg turistinformasjon. Tilskotet skal vidare nyttast til implementering av nasjonal politikk om berekraftig reiseliv og opplæring av guidar og turleiarar. Sjå nærmare omtale av reiseliv under punkt 2.2.4.1.

Regjeringa vil leggje til rette for at reiseliv skal vere eit viktig grunnlag for samfunnet i Longyearbyen framover òg. Utviklinga skal skje i form av auka kvalitet framfor auka kvantitet, og innanfor miljømåla for Svalbard.

Regjeringa foreslår å løyve 3,6 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900, post 74.

4.12.6 Næringstiltak

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere attraktivt for seriøse verksemder å drive næringsutvikling på Svalbard på ein måte som byggjer opp under måla i svalbardpolitikken. Regjeringa foreslår å løyve til saman 5,7 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard i 2025. Forslaget fordeler seg slik:

  • 1,4 mill. kroner på kap. 920 Norges forskningsråd, post 50 Tilskudd til næringsrettet forsking

  • 2,3 mill. kroner på kap. 2421 Innovasjon Norge, post 50 Tilskudd til etablerere og virksomheter, inkl. tapsavsetninger

  • 2,0 mill. kroner på kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 75 Tilskudd til særskilte prosjekter, kan overførast.

Regjeringa foreslår å vidareføre ei øyremerking på 1,4 mill. kroner til verkemiddel for næringsretta forsking på Svalbard, innanfor løyvinga til Forskingsrådet. Regjeringa foreslår òg å vidareføre ei øyremerking på 2,3 mill. kroner i løyvinga til Innovasjon Noreg, til arbeid med innovasjon og næringsutvikling på Svalbard. Vidare foreslår regjeringa å løyve 1,05 mill. kroner til Longyearbyen lokalstyre sitt næringsarbeid, og 1,1 mill. kroner til Arctic Safety Centre ved Universitetssenteret på Svalbard, til saman 2,15 mill. kroner.

4.12.7 Romverksemd

Svalbard har ei geografisk plassering som er gunstig både for å utforske atmosfæren og for å laste ned satellittdata. Plasseringa er grunnen til at EU har valt å leggje sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus til Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg har delteke i Galileo sidan 2009 og i Copernicus sidan 2011. For programperioden 2021–2027 har EU samla alle romprogramma sine i eitt program. Romprogrammet vart teke inn i EØS-avtalen hausten 2021. Norsk deltaking i EUs romprogram er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap og omsyn til klima og miljø. Satellittane til Space Norway AS, som skal gi breibandkommunikasjon i heile Arktis, vart skote opp 12. august 2024.

Regjeringa foreslår å løyve 579,7 mill. kroner til norsk deltaking i romprogrammet til EU på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett.

4.12.8 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) i nærleiken av Longyearbyen vart offisielt opna i 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

SvalSat lastar ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner, og styrer òg desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan laste ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

4.12.9 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund er eigd av Andøya Space AS, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Gruppen (10 pst.). Formålet med SvalRak er å skyte opp forskingsrakettar. Plasseringa nær den magnetiske nordpolen gjer at målingane frå rakettane har stor vitskapleg verdi.

4.13 Samferdselsdepartementet

4.13.1 Posten

Posten Bring AS, tidlegare Posten Noreg AS, utfører samfunnspålagde posttenester på Svalbard. Posten krev ikkje statleg kjøp i 2025 knytt til plikter på Svalbard. Frakt av postsendingar skjer i dag med fly og frakteskip. I postlova § 10 er det krav om at prisen på leveringspliktige posttenester skal vere kostnadsorienterte og overkommeleg prisa. Sidan 2004 har det vore eit pristillegg for lettgods til og frå Svalbard. I 2023 vart tillegget fjerna for tenesta Noregspakke Stor, som følgje av at desse pakkene no blir frakta med skip til og frå Svalbard.

4.13.2 Svalbard lufthamn

Svalbard lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS, der Avinor eig alle aksjane. Lufthamna er i praksis det einaste moglege sambandet mellom øygruppa og fastlandet og har derfor avgjerande betyding både lokalt og nasjonalt. Frå lufthamna opererer rutefly og ambulansefly mellom fastlandet og øygruppa, i tillegg til chartertrafikk og lokal flytrafikk mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Samla reiste 167 519 passasjerar over Svalbard lufthamn i 2023. Det er ein nedgang på 7 277 passasjerar frå 2022. Talet på flyrørsler med rutefly var på om lag same nivå som i 2022, med til saman 1 163 rørsler. Trafikken til Ny-Ålesund var i 2023 på om lag same nivå som i 2022.

Svalbard lufthamn hadde i 2023 eit overskot på 20,6 mill. kroner, samanlikna med eit underskot på 65,6 mill. kroner i 2022. Svalbard lufthamn AS får regelmessig overføringar frå morselskapet Avinor AS. I 2023 betalte morselskapet 70,5 mill. kroner i driftsvederlag til Svalbard lufthamn AS. Svalbard lufthamn AS hadde i 2023 utgifter på 51 mill. kroner til opprydding av forureina grunn etter pålegg frå Miljødirektoratet. I 2024 er det avsett 25,6 mill. kroner til vidare opprydding.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet 2025

Den følgjande oversikta viser rekneskapstal for 2023, vedteke budsjett for 2024 og forslag til løyving på svalbardbudsjettet for 2025. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet. Nærmare omtale av svalbardrekneskapen 2023 finst i Meld. St. 3 (2023–2024) Statsrekneskapen 2023.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Utgifter

645 347

611 921

697 289

Inntekter

232 858

205 373

220 289

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Pst. endr. 24/25

0001

Tilskudd til Svalbard kirke

5 782

6 000

6 230

3,8

0003

Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

216 273

174 200

281 620

61,7

0004

Tilskudd til Svalbard Museum

14 499

14 900

15 470

3,8

0005

Sysselmesteren (jf. kap. 3005)

91 650

90 100

95 500

6,0

0006

Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 3006)

236 325

258 000

266 199

3,2

0007

Tilfeldige utgifter

49 773

38 200

0

-100,0

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 191

2 400

2 490

3,8

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard

2 240

2 450

2 540

3,7

0017

Norsk Polarinstitutt – refusjon

3 900

4 100

4 250

3,7

0018

Navigasjonsinnretninger

5 549

4 500

4 750

5,6

0019

Meteorologisk institutt – husleie Bjørnøya og Hopen

7 822

8 100

8 400

3,7

0020

Statsbygg, Svalbard

2 372

2 400

2 500

4,2

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

6 557

6 570

7 340

11,7

Sum kategori 06.80

644 933

611 921

697 289

14

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Postgr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Pst. endr. 24/25

01–23

Driftsutgifter

354 301

374 120

389 219

4,0

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

50 110

38 600

500

-98,7

50–58

Overføringer til andre statsregnskaper

220 173

178 300

285 870

60,3

70–89

Overføringer til private

20 349

20900

21700

3,8

Sum under departementet

644 933

611 920

697 289

14

Tabellen ovanfor viser postgruppe for 2023 på dei postane løyvinga er plassert på i 2025.

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Pst. endr. 24/25

3005

Sysselmesteren (jf. kap. 0005)

6 959

3 300

3 300

0

3006

Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 0006)

2 613

500

500

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

0

0

0

0

3022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

270

0

270

-

3030

Skatter og avgifter

223 016

201 573

216 219

7,3

3035

Tilskudd fra statsbudsjettet

412 489

406 548

477 000

17,3

Sum kategori 06.80

645 347

611 921

697 289

14

Fotnotar

1.

Klimaprofil for Longyearbyen, Norsk klimaservicesenter 2019

2.

Samfunnsforhold på Svalbard, SSB 2023/36

3.

Departementet vart oppretta 1. januar 2024. Før dette var departementet ein del av Kommunal- og distriktsdepartementet.

4.

Departementet skifta namn 1. januar 2024. Fram til dette heitte departementet Olje- og energidepartementet.

5.

Frå 1. januar 2024 er fleire fagområde og oppgåver som tidlegare høyrde inn under Kommunal- og distriktsdepartementet, flytta til det nye Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Til forsida