St.meld. nr. 11 (1997-98)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1997 og fisket etter avtalene i 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

3 Dei ulike fiskeriavtalene for 1997

I tråd med det avtaleverket som det er gjort greie for i St meld nr 49 (1994-95), fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land. Dei viktigaste forhandlingane er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det blir også ført forhandlingar med EU, på vegner av Danmark og Sverige, om reguleringstiltaka i Skagerrak og Kattegat. I tillegg fører Noreg forhandlingar med Polen og EU (på vegner av Sverige), og trepartsdrøftingar med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. Noreg tek óg del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriorganisasjonane NAFO og NEAFC.

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES (International Council for the Exploration of the Sea). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og nasjonalstatane langsmed Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av det marine miljøet og dei marine ressursane. ICES har ein rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACFM (Advisory Committe on Fisheries Management). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årleg råd om fangstmengd for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Kartet nedanfor viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Figur 3.1 

Figur 3.1

Fiskeridepartementet utnemner forhandlingsdelegasjonar med representantar frå Fiskeridepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Utenriksdepartementet, Norges Fiskarlag og enkelte andre berørte organisasjonar i fiskerinæringa som Norsk Sjømannsforbund og Fiskerinæringens Landsforening.

Før dei årlege forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeridepartementet konsultasjonar med dei berørte organisasjonane og institusjonane i næringa. På desse møta blir det gjort greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa blir drøfta. Her blir grunnlaget lagt for kva som skal vere instruksen for forhandlingsdelegasjonen. Denne instruksen blir endeleg klarert av fiskeriministeren. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeriministeren seg med resten av Regjeringa.

3.2 Kvoteavtalene for 1997

Avtaler om gjensidige fangstkvotar

Noreg - Russland

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det mogleg å fiske torsk også i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet (norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde). Partane avtaler også fordelinga av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland, blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noregs økonomiske sone og 40 % til Russlands økonomiske sone (RØS). Avtala opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på fellesbestandane i den andre parten si sone. Avtala inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.

Kvoteavtala mellom Noreg og Russland blei underskriven i Tromsø 15. november 1996, jf. vedlegg 1: protokoll frå 25. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen.

For 1997 har Noreg og Russland fastsett ein TAC for norsk arktisk torsk på 850.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk. I tillegg kjem 40.000 tonn norsk kysttorsk. Det er avsett ein kvote til tredjeland på 104.000 tonn. Av dette kan 34.000 tonn fiskast i Svalbardområdet. Resten av kvoten til tredjeland, som er på 70.000 tonn, er fordelt med 42.000 tonn til NØS og 28.000 tonn til RØS. Dette er ein auke samanlikna med 1996 då totalkvoten var på 700.000 tonn. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg i 1997. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 399.000 tonn, medrekna dei 40.000 tonna norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk, er på 387.000 tonn.

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland sett ein totalkvote på 210.000 tonn. Dette er ein auke frå 170.000 tonn i 1996. Av denne er det avsett ein kvote til tredjeland på 10.000 tonn, som er delt med 6.000 tonn til NØS og 4.000 tonn til RØS. Russland har overført 4.000 tonn norsk arktisk hyse til Noreg for 1996. Etter overføring er den norske kvoten på 104.000 tonn og den russiske på 96.000 tonn.

Den vaksne delen av torske- og hysebestandane nord for 62o N oppheld seg størsteparten av året i Noregs økonomiske sone og i fiskevernsona ved Svalbard, mens det i Barentshavet aust for gråsona i hovudsak er yngre fisk. For å sikre ei optimal utnytting av desse ressursane og for å unngå fiske på ungfisk, tillét Noreg at Russland fiskar store delar av torske- og hysekvotane sine i Noregs økonomiske sone. I 1997 kan Russland fiske 150.000 tonn torsk og 25.000 tonn hyse av sine kvotar i Noregs økonomiske sone. Noreg har høve til å fiske 50.000 tonn torsk og 10.000 tonn hyse av sine kvotar for 1997 i Russlands økonomiske sone.

Det er frå 1. januar 1997 iverksett påbod om bruk av sorteringsrist i trålfisket etter torsk og hyse i nærmare definerte område av Barentshavet. Innføringa av sorteringsrist vil ha ein positiv verknad for forvaltninga av torsk- og hyseressursane, og er resultat av eit langvarig og grundig samarbeid om forskning og utprøving av ristteknologi mellom dei to landa.

På bakgrunn av bestandssituasjonen for lodde er Noreg og Russland samde om at det ikkje skal vere tillate å fiske på denne bestanden i 1997.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 1997, er Russland tildelt ein kvote på 2.000 tonn snabeluer (Sebastes mentella), 1.000 tonn vanleg uer (Sebastes marinus) som uunngåeleg bifangst, 2.500 tonn sei som bifangst og 2.000 tonn steinbit som bifangst. I tillegg kan Russland drive eit prøvefiske avgrensa til 750 tonn reker i fiskerisona ved Jan Mayen og dessutan 50.000 tonn kolmule i same sona og i eit nærmare avgrensa område i Noregs økonomiske sone. Kvoten for snabeluer er redusert samanlikna med 1996 elles er desse kvotane uendra.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite har den russiske parten sett forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 1997. Med unntak av eit avgrensa kystfiske med konvensjonelle reiskapar, er det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 1997. Dei same reguleringane galdt i 1996.

Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 1997, har Noreg fått ein kvote på 3.000 tonn reker i russisk økonomisk sone. I tillegg tillét Russland at Noreg driv eit forsøksfiske etter haneskjell i russisk sone, på vilkår som skal drøftast nærmare.

Noreg og Russland er samde om at fisket på bestandar som ikkje er kvoteregulerte berre skal skje som bifangst i kvoteregulerte fiskeri og har tildelt kvarandre ein gjensidig bifangstkvote på 3.000 tonn. Desse bifangstkvotane kan aukast etter nærmare avtale, dersom den praktiske avviklinga av fisket krev det.

På slutten av 60-talet sette Russland, på eksperimentelt grunnlag, ut kongekrabbe (Paralithodes camtchatica) i Barentshavet. Krabben kjem opphavleg frå Okhotskhavet. Etter utsetjinga har krabbebestanden auka og sidan 1979 har ein funne kongekrabbe også i norske farvatn. På møte i Den blanda fiskerikommisjonen i 1992 blei det gjort vedtak om at Noreg og Russland skulle intensivere og koordinere undersøkingane av krabbebestanden, for å skape eit vitskapleg grunnlag for forvaltninga av denne nye fellesressursen. Som ledd i forskingssamarbeidet blei det i 1994 opna for vitskapleg fangst av kongekrabbe. Fangsten blei då sett til 11.000 eksemplar til kvar av partane. Denne forskningsfangsten er seinare utvida og partane kan ta 15.000 eksemplar kvar hausten 1997/vinteren 1998.

Innanfor ramma av fiskerikommisjonen blir det kvart år nedsett ei felles arbeidsgruppe for å drøfte reguleringstiltak for selfangsten. Russland kan fange 2.500 vaksne dyr av grønlandssel og 2.800 vaksne dyr av klappmyss i Vesterisen. Noreg kan ta ein kvote i Østisen på 5.000 grønlandssel medrekna årsungar. Russiske styresmakter har opplyst at det ikkje vil vere aktuelt å fangste sel i Vesterisen i 1997.

Innanfor ramma av Den blanda fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 blei partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 blei dei samde om å sette ned eit permanent utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren. Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom dei to landa si kystvakt og kontrollmyndigheiter, medrekna utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata. Partane er også samde om at når dei inngår kvoteavtaler med tredjeland, skal desse landa forplikte seg til å avgrense sitt fiske til dei kvotar som er tildelt av kyststatane, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs eller Russlands fiskerijurisdiksjonsområde. Det skal gjennomførast ein aktiv kontroll med tredjeland sitt fiske i Barentshavet, slik at fisket blir stansa når dei tildelte kvotane er oppfiska. Partane er samde om å vidareføre dette samarbeidet i 1997.

På kommisjonsmøtet ble det lagt fram eit forslag til en felles norsk - russisk metode for å utarbeide omrekningsfaktorar. Partane beslutta at metoden skal leggjast til grunn ved fastsetjing av slike faktorar i framtida.

På møte i Den blanda fiskerikommisjonen i 1995 blei det gjort avtale om å nedsetje ei felles arbeidsgruppe for utvida næringssamarbeid på fiskerisektoren. Arbeidsgruppa skal kartleggje samarbeidsområde innanfor fiskeria og avleidd verksemd, og identifisere barrierar som er til hinder for eit slikt samarbeid. Målsettinga er på sikt å skape balanse i fiskerisamarbeidet og auke handelen til felles nytte. Arbeidsgruppa er no oppnemt for tre år, og ho skal rapportere årleg til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen.

Noreg - EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalene

På grunnlag av rammeavtala med EU om fiskerier, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtaler om Noregs og EUs fiske i Nordsjøen, Barentshavet og vest av Dei britiske øyane. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtala inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig tilgang til den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengd for bestandane. Det har frå 1978 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen.

Eit anna element i kvoteavtalene er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane. Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av eit tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

Utfordringar i fiskerisamarbeidet

Noreg og EU har i løpet av dei siste tjue åra hatt eit nært samarbeid om ressursforvaltning. Arbeidet har gitt resultat, men det er framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga. Dette ser vi til dømes for konsumfiskbestandane i Nordsjøen, der fiskeinnsatsen har vore for høg i høve til bestandsgrunnlaget. Det er også eit problem at Noreg og EU forvaltar desse bestandane ulikt. Noreg har eit forbod mot utkast av fisk i NØS, mens EU i si sone pålegg fiskarane å kaste ut fisk som anten er under minstemålet, er fiska i strid med gjeldande bifangstreglar, eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.

Viktige fiskebestandar som torsk, hyse, sei og kviting har over dei siste tjuefem til tretti åra blitt sterkt utnytta. Så mykje som 60 % av den enkelte bestanden blir fiska opp kvart år. Dette gjer utviklinga og veksten i bestandane særleg avhengig av rekruttering. Den vitskaplege rådgjevinga har gjennom heile nitti-talet vore å redusere uttaket på desse bestandane. Gjennom ei meir forsiktig beskatning, der ein auke i rekrutteringa til bestandane ikkje blir tatt ut i form av auka totalkvotar, har Noreg og EU dei siste åra starta arbeidet med å byggje opp att sentrale konsumfiskbestandar.

Fiskerisamarbeidet med EU er både omfattande og komplisert og derfor ikkje alltid konfliktlaust. Det er særleg på to område at Noreg hittil ikkje har kome fram til tilfredsstillande løysingar med EU. Dette gjeld sild og makrell.

Noreg og EU inngjekk i 1986 ei avtale om delinga av sildebestanden i Nordsjøen. Etter avtala skal Noreg ha ein del av totalkvoten, som varierer med storleiken på gytebestanden. Di større gytebestanden er, di større kvote skal Noreg ha. Den norske andelen varierer etter sildeavtala mellom 25, 29 og 32 % av totalkvoten.

Forskarane i ICES har gjennom offisielle tal vist at det blir fiska store mengder ungsild i Nordsjøen. Det er i det heile særs uheldig å fiske ungsild fordi denne silda skal rekruttere til den vaksne, fiskbare delen av sildebestanden (gytebestanden). Fisket av ungsild medverkar til å forsinke veksten i gytebestanden av nordsjøsild og har såleis verknad på den norske andelen av silda.

Problema med manglande kontroll over det totale uttaket av sild har ført til at bestandssituasjonen for nordsjøsild er svekt. I følgje ACFM er gytebestanden framleis under 800.000 tonn. Forskarane viser til at dette er den nedre grensa bestanden kan liggje på dersom ein skal sikre rekruttering til bestanden (MBAL/Minimum Biological Acceptable Level/det biologisk lågaste akseptable nivå) og dermed ei berekraftig utnytting av sildebestanden. Til samanlikning er det i sildeavtala av 1986 sett som mål å byggje opp gytebestanden av nordsjøsild til 2,2 millionar tonn.

Når det gjeld makrellen, er denne bestanden den einaste som ikkje formelt sett er delt mellom Noreg og EU etter vanleg mønster for dei fellesbestandane som blir regulerte i det tosidige avtaleverket. Det blir derfor inngått årlege ad hoc-ordningar, der Noreg i dag har drøye 31 % av makrellkvoten.

Norske fiskarar meiner Noreg har krav på ein mykje høgare del av makrellbestanden enn 31 %. Dette har samanheng med endringar i utbreiinga av makrellen, med ei meir nordleg og austleg utbreiing, slik at mykje av den fiskbare delen av makrellen oppheld seg i ein lengre del av året i Noregs økonomiske sone.

Arbeidet framover

Noreg er både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen i Bergen i mars 1997, i ein prosess med EU i spørsmålet om dei langsiktige tiltaka i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess - frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalene om behovet for å endre beskatningsmønstret i Nordsjøen - til semje om eit samarbeid for å søkje tekniske løysingar på problema. Dei store endringane må difor kome i dei meir langsiktige prosessane som Noreg og EU allereie har starta og som Noreg er ein pådrivar for i dei årlege kvoteforhandlingane.

Det er innanfor ramma av den bilaterale fiskeriavtalen at Noreg og EU kan treffe dei tiltaka som må til for å gjenopprette balansen i Nordsjøen. Samstundes er det viktig å ikkje tape av syne at dei tiltaka som skal gjelde for fellesbestandane i Nordsjøen berre kan få gjennomslag når det er semje om dei mellom Noreg og EU. EU sine reguleringar i småsildfisket som blei iverksett i 1996 og som er vidareførte i 1997, må ein kunne ta til inntekt for at det er politisk vilje til endring i gamle forvaltningsmønster.

I dei meir langsiktige prosessane må ein fokusere på dei ulike fisketeknikkane som blir brukte og på behovet for meir selektiv reiskap. Uttaket av fisk må skje på ein måte som gjer at vi tar opp den store fisken og lar småfisken unnsleppe, for å vekse seg større.

I ein rapport som blei utarbeidd i tilknytning til Nordsjøkonferansen i Bergen blir det peikt på at når det til dømes gjeld torsk, har det ikkje vore store avvik mellom rådgjevinga til havforskarane, dei anbefalte kvotane, dei fastsette kvotane og dei rapporterte landingane. Likevel har den faktiske fiskedødeligheita vore mykje høgare enn forutsett. Årsaka til dette er feilrapporterte eller urapporterte fangstar og landingar og utkast av fisk. Det er av den grunn ikkje nok å innføre meir selektive fiskereiskap og å stengje fiskefelt i delar av sesongen. Det må også iverksetjast effektive kontolltiltak slik at regelverket blir følgd og fangstmeldingane blir korrekte.

Utkast av fisk utgjer eit særleg og samansett problem. Det inneber at fisk blir kasta over bord og difor ikkje landa. Denne fisken blir ikkje ein del av fangststatistikken sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Som vist til over praktiserer EU utkastpåbod. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å få tilstrekkeleg med verdifull fisk. Resten blir kasta ut og fører til at gjeldande forvaltningstiltak blir undergravne. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit stort avvik mellom registrert fiskedødeligheit og faktisk dødeligheit.

Frå norsk side blei det på midten av 1980-talet arbeidd med å endre dei grunnleggjande reglane for fiske. Målet var å hindre at fiskarane fiska undermåls fisk. Utkastforbodet var i den samanhengen eitt av fleire tiltak. Det blei kravd at fiskaren skifta fangstfelt for å unngå å få ei ulovlig innblanding av undermåls fisk. Det blei iverksett overvåking av fiskefelta i Barentshavet som grunnlag for å stengje og opne fiskefelt og det blei gitt føresegner om bruk av selektiv reiskap så som sorteringsrist. I makrellfisket blei det utvikla ein måte for administrativ avregning av fartøykvotane (G 6-ordninga), for å hindre at småmakrellen blei kasta ut.

På ministerkonferansen i Bergen var det semje om at dei viktigaste styrande elementa i forvaltninga skal vere føre vàr-prinsippet og prinsippet om berekraftig forvaltning basert på den best tilgjengelege vitskap og rådgjeving. For å hindre at fiskebestandane kommer i ein alvorleg situasjon, må det setjast minste felles nivå (minimum target levels) for dei ulike bestandane. Dette inneber at forvaltarane må be om råd frå havforskarane i forhold til ei tryggleikssone som ligg over det biologisk lågaste akseptable nivå. Dette arbeidet krev utførleg vitskapleg innsats og blir nå fulgt opp overfor Det internasjonale havforskningsrådet. Rådet vil få i oppgåve å gje nærmare råd i forhold til føre vàr-prinsippet. Ei slik oppgåve er krevjande og forutset at Nordsjølanda satsar aktivt på eit auka samarbeid om ressursforskning.

På ministerkonferansen var det semje om behovet for liknande kontrolltiltak som dei Noreg og EU allereie er samde om i den bilaterale kvoteavtala: skjerpa kontroll og overvåking av ressursuttaket i Nordsjøen, utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og å undersøke moglegheitane for å innføre satellittovervaking. Ei anna viktig målsetting er harmonisering av dei tekniske fiskerireguleringane og kontrollføresegnane. Når det gjeld utkastproblematikken blei det oppnådd prinsipiell semje om at eit utkastforbod er eit mogleg tiltak i forvaltninga. Eit heilt naudsynt første skritt for å rette på situasjonen i Nordsjøen, er å få betre oversikt over dei mengdane fisk som blir kasta overbord. EU var villig til å gjennomgå dei økologiske og økonomiske verknadene av og fordelane med å innføre eit forbod.

Oppfølginga av desse tiltaka har og vil fortsatt ha sin naturlege plass i den bilaterale kvoteavtalen med EU.

1997-avtala

Etter tre forhandlingsrundar blei Noreg og EU, i Brussel 11. desember 1996, samde om ei kvoteavtale for 1997, jf. vedlegg 2.

I medhald av kvoteavtala mellom Noreg og EU for 1995 blei det sett ned ei felles arbeidsgruppe som har evaluert forvaltninga av konsumfiskbestandane i Nordsjøen. Frå norsk side ser ein det altså som ei sentral oppgåve å få EU til å betre sitt forvaltningsregime når det gjeld beskatningsmønstret generelt. I kvoteavtala for 1997 legg Noreg og EU vekt på å vidareføre arbeidet med forvaltninga av konsumfisk i Nordsjøen med særleg prioritet og vekt på utkastproblemet. Men også andre område, som selektivitet i fiskereiskapen, stenging av område og sesongmessig fiskeforbod skal vurderast som aktuelle tiltak. Havforskarar frå Noreg og EU skal møtast igjen i midten av juni 1997 for å drøfte slike og andre relevante reguleringstiltak som kan føre til ein offensiv i forvaltninga i Nordsjøen.

Den alvorlege bestandssituasjonen for viktige fiskeslag som makrell og sild, gir også grunn for uro.

Noreg og EU vidarefører også i avtala for 1997 den fleirårige forvaltningsstrategien for å byggje opp att bestandane av sild, makrell og raudspette. Desse bestandane har vore særleg sterkt beskatta dei seinaste åra.

Partane er samde om å gjennomføre konsultasjonar for å vurdere og kome med framlegg om tiltak som kan inngå i eit nytt forvaltningsregime for nordsjøsild og tilknytte fiskeri. Dette regimet skal setjast i verk frå 1. januar 1998. Partane er også samde om at landing av industrifangstar i 1997 berre kan skje i havner kor man har kontrollsystem for å måle innslaget av sildebifangstar.

Ein liknande arbeidsplan skal setjast i verk for å vurdere det gjeldande forvaltningsregimet for makrell. Dette arbeidet omfattar vurderingar av forvaltningsområde, kontroll og handheving, tekniske reguleringar, deling av bestanden, tilgang til fiskeområde og fleksibilitet i fisket, økonomiske faktorar og andre relevante sider ved forvaltningsregimet. På grunnlag av ein slik dokumentasjon skal partane vurdere ulike tiltak for å forbetre forvaltningsregimet for makrell. Etter planen skal eit eventuelt revidert regime setjast i verk frå 1. januar 1998.

Kontroll med uttaket av fisk står sentralt i arbeidet for å få i stand ei betre forvaltning av dei felles fiskebestandane i Nordsjøen. Noreg og EU er derfor i avtala for 1997 samde om å styrkje samarbeidet om kontroll og handheving mellom anna gjennom å utveksle informasjon om landingar frå den andre parten sine fartøy og frå tredjelands fartøy, i deira respektive nasjonale hamner. Partane er samde om å utveksle observatørar ved kontroll av fisket og partane skal i 1997 samarbeide om ei harmonisering av målemetodane for vatninnhald i landingar av pelagiske artar.

Noreg har allereie inngått kontrollavtaler med enkelte medlemsland i EU så som Irland, Skottland og Danmark. Det er eit arbeid på gong for å få laga ei liknande kontrollavtale med Sverige.

Følgjande kvotar gjeld i 1997 for fellesbestandane i Nordsjøen (tonn):

KvoteKvote
FiskeslagTACtil Noregtil EU
Torsk115.00010.550104.450
Hyse114.00025.22088.780
Sei115.00059.80055.200
Kviting74.0007.40066.600
Raudspette77.0001 )2.89074.110
Makrell52.75533.94016.950
Sild159.00046.110112.890

1) Seinare aukt til 91.000 tonn for 1997.

For dei felles konsumfiskbestandane i Nordsjøen er det sett kvotar i tråd med havforskaranes rådgjeving. Dette inneber reduksjonar i kvotenivåa for torsk, hyse og raudspette. Noreg har overført mindre kvantum til EU frå dei norske kvotane av torsk, hyse og raudspette. Elles inneber avtala ei mindre oppjustering av totalkvotane for kviting og sei. Kvoten for sild ligg på omlag same nivå som i 1996. EU har på autonom basis fastsett ein bifangstkvote sild i industritrålfisket i Nordsjøen på 24.000 tonn. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si økonomiske sone i Nordsjøen.

Totalkvoten for makrell er i 1997 sett til 407.365 tonn som i 1996. 52.755 tonn kan fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 93.510 i norsk økonomisk sone nord for 62o N og i internasjonalt farvatn og 261.100 tonn kan takast i EUs jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtala med EU på 127.450 tonn.

Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 1997 (tonn):

Kvote tilKvotar
FiskeslagNoreg itil EU i
EU-sonanorsk sone
Augepål20.00050.000
Tobis30.000150.000
Kolmule255.0001.000
Blålange1.000
Lange11.000
Brosme5.000
Kombinert kvote2.000
Pigghå1.100
Brugdelever100
Håbrann200
Reker3001.080
Hestmakrell5.000
Anna5.00011.000

Avtala inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane. Samanlikna med i 1996 er det endringar i den norske kolmulekvoten i EU-sona. Kvoten er auka frå 249.000 tonn i 1996 til 255.000 tonn i 1997. Den norske rekekvoten i EU-sona er auka frå 100 tonn til 300 tonn.

EU har følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62o N i 1997 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk arktisk torsk35.650
Norsk arktisk hyse4.000
Sei4.000
Uer2.000
Blåkveite (bifangst)100
Anna (bifangst)450

Auken i torskekvoten frå 1996 til 1997 er ein følgje av vilkåra i brevvekslinga av 2. mai 1992, jf. St meld nr 49 (1994-1995). Seikvoten er redusert frå 7.000 tonn til 4.000 tonn i 1997. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen, har EU sidan 1986 då Portugal og Spania vart medlemmer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. Dette kvantumet var i 1997 på 1.500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70o N.

Noreg er i 1997 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Sild vest av 4o V4.900
Brisling25.000
Blåkveite (EU-sona)1.700
Reker (Grønlands sone)2.500
Blåkveite (Grønlands sone)2.650
Kveite (Grønlands sone)400
Skolest og isgalt (Grønlands sone)1.950
Lodde (Grønlands sone)25.000
Uer (Grønlands sone)2.000

Den norske sildekvoten er noko redusert frå i 1996 då kvoten var på 6.200 tonn. Blåkveitekvoten ved Grønland er auka med 400 tonn frå i 1996 og det er ein marginal auke også i kvoten for skolest og isgalt. Inntil 85 % av blåkveitekvoten ved Grønland kan fiskast med trål. Noreg fekk i 1997 for første gongen oppretta ein kvote for uer i grønlandsk sone.

Noreg og EU inngjekk 13. mai 1995 ei lisensavtale. Avtala fastset talet på fartøy frå EU som kan delta i dei ulike fiskeria i NØS. Det er inga avgrensing i talet på norske fartøy som kan tildelast lisens i EUs farvatn. Avtala er vidareført i 1997

Noreg - EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalene om fisket i Skagerrak/Kattegat blir inngått på grunnlag av trepartsavtala av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegner av Danmark og Sverige.

Avtala fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på tradisjonelt fiskemønster i området. Fordelingsmønstret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark) har tradisjonelt fått tildelt størstedelen av dei enkelte kvotane. I og med Sveriges medlemskap i EU står no det utvida EU for det klart største fisket.

Etter to forhandlingsrundar blei Noreg og EU 28. november 1996 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 1997.

Følgjande kvotar gjeld for 1997 (tonn):

KvoteKvote
FiskeslagTACtil Noregtil EU
Torsk16.10052015.580
Hyse7.0002906.710
Kviting15.20028014.920
Raudspette11.20022010.980
Sild80.00010.67069.330
Brisling40.0003.00037.000
Reker10.5004.8905.610

Totalkvotane for torsk, hyse, sild og brisling blei i lys av bestandssituasjonen reduserte frå 1996 til 1997.

Etter den tosidige fiskeriavtala mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsatt for Nordsjøen også i Skagerrak.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. I fleire år har det vore eit problem at det blei fiska store mengder ungsild frå Nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak. Det er som nemt tidlegare i seg sjøl uheldig å fiske på sild som ikkje er vaksen. I tillegg er det eit problem at desse fangstane fram til 1996 ikkje blei avrekna på dei fastsette kvotane. Ungsildfisket i Skagerrak/Kattegat har ein negativ innverknad på utviklinga for Nordsjøsilda, som frå før er i ei dårleg forfatning. Noreg har derfor lenge kravd at det må setjast inn tiltak som får slutt på ungsildfisket.

Totalkvoten for sild i konsumfisket er som vist ovanfor sett til 80.000 tonn i 1997. Det er fastsett bifangskvote på 10.000 tonn sild i brislingfiske. I industritrålfisket er det fastsatt bifangstkvote på 20.000 tonn sild. Desse tiltaka representerer ein kraftig reduksjon av uttaket av nordsjøsild i Skagerrakområdet.

I avtala for 1997 er partane samde om å fortsetje samarbeidet for å utvikle eit prøvetakingssystem som kan gi betre kunnskap om alders- og artssamansetjinga i sildefiskeria i Skagerrak. Denne kunnskapen skal leggjast til grunn for ei betre sildeforvaltning i området. Partane er samde om at det er nødvendig å få etablert eit nytt forvaltningssystem for sild og tilknytte fiskeri i Skagerrak. Det nye regimet skal iverksetjast frå 1. januar 1998.

Noreg - Færøyane

Dei årlege avtalene mellom Noreg og Færøyane gir partane gjensidig tilgang til fiske i dei økonomiske sonene. I forhandlingane med Færøyane blir det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i fisket.

Kvoteavtala mellom Noreg og Færøyane for 1997 blei inngått i Oslo 3. mai 1997. Etter avtala er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen. Basert på historisk fiske har Færøyane også fiskerettar i fiskevernsona rundt Svalbard.

I NØS nord for 62o N har Færøyane i 1997 høve til å fiske 3.200 tonn norsk arktisk torsk, 1.000 tonn norsk arktisk hyse og 300 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite). Dette inneber ein auke i i torske- og hysekvotane samanlikna med i 1996. Blåkveite og uer kan berre takast som bifangst. Færøyane har i tillegg fått ein kvote på 6.000 tonn kolmule og 3.000 tonn makrell. Dette er ein reduksjon i makrellkvoten frå 3.980 tonn i 1996. Makrellkvoten kan også fiskast i Nordsjøen nord for 57o 30' N. Det er tildelt inntil 6.000 tonn kolmule som forsøksfiske i et nærmare avgrensa område. Dette kvantum kan også fiskast sør om 62o N som ein del av kolmulekvoten sør for 62o N.

I dei årlege avtalene mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei årrekkje gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noregs økonomiske sone. I 1997 har Færøyane gjennom denne ordninga fått høve til å fiske 100 tonn norsk arktisk torsk, 50 tonn norsk arktisk hyse og 50 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noregs økonomiske sone nord for 62o N.

I kvoteavtala pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelte av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk- eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 5.000 tonn kolmule. Dette er same kvantum som i 1996.

I Noregs økonomiske sone sør om 62o N er Færøyane tildelt 20.000 tonn augepål, tobis, kolmule og brisling. Av dette kan 2.000 tonn vere brisling. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.900 tonn sei og 500 tonn sild. Sei og sildekvotane er reduserte samanlikna med 1996. Desse kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 5.000 tonn hestmakrell. Desse kvotane kan også fiskast nord for 62o N.

Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 1.760 tonn norsk arktisk torsk og inntil 425 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for berekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona.

I Færøyanes økonomiske sone er Noreg for 1997 tildelt ein kvote på 5.150 tonn botnfisk av artane lange, brosme, sei og blålange. Dette er ei videreføring samanlikna med i 1996. Innanfor botnfiskkvoten må kvantumet sei ikkje overstige 1.500 tonn. I kvoten på 5.150 tonn botnfisk skal bifangstar av andre artar, på inntil 1.200 tonn, medreknast. Det er ein føresetnad at fisket skal skje med garn og line. Likevel kan seikvoten fiskast med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner.

I færøysk sone er Noreg i tillegg tildelt ein kvote på 300 tonn pigghå/håbrann som forsøksfiske, 5.000 tonn hestmakrell, 27.000 tonn kolmule og 100 tonn brugdelever. Dette er ei vidareføring av kvotenivåa frå i 1996. Den norske makrellkvoten i færøysk sone er redusert frå 10.200 tonn i 1996 til 9.000 tonn i 1997. Noreg kan i tillegg drive eit direkte prøvefiske med garn på 300 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb. Noreg har dessutan bedt om løyve til eit prøvefiske på djupt vatn. Vilkåra for eit slikt fiske skal fastsetjast etter nærmare kontakt mellom fiskeristyresmaktene.

Noreg - Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtaler mellom Noreg og Grønland sidan 1991. Avtala begynner no å få ein struktur som begge partane er tilfredse med. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg blåkveite frå EU i grønlandske farvatn. Norske fiskarar utnyttar kvotane på blåkveite fullt ut. For grønlandske fiskarar er kvotetildelinga av norsk arktisk torsk svært viktig. Det har til no ikkje vore noko praktisk interesse for å utnytte den grønlandske konsumfiskkvoten i Nordsjøen.

Etter protokollen av 15. januar 1997 kan grønlandske fiskarar i 1997 ta følgjande kvantum i norske jurisdiksjonsområde:

  • I NØS nord for 62o N: 3.150 tonn norsk arktisk torsk og 950 tonn norsk arktisk hyse

  • I NØS sør for 62o N: 1.000 tonn torsk, hyse, sei og annan konsumfisk, av kvoten kan det fiskast maksimalt 200 tonn torsk.

Dette er ein marginal auke i kvotane for torsk og hyse samanlikna med i 1996.

I avtala har grønlandske styresmakter til liks med dei færøyske, forplikta seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar som Grønland blir tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde.

Noreg er tildelt følgjande kvantum i Grønlands sone:

  • Ved Vestgrønland: 700 tonn blåkveite

  • Ved Austgrønland: 250 tonn blåkveite, 1.000 tonn uer (oceansk type) og 400 tonn kveite

  • Ved Vest- og Austgrønland: 950 tonn torsk

Dette er ein reduksjon i blåkveitekvoten ved Vestgrønland samanlikna med 1996. Reduksjonen er kompensert med ein auke i kveitekvoten ved Austgrønland.

Grønlandske styresmakter har frå 1. januar 1996 innført forbod mot trålfiske etter blåkveite i grønlandske farvatn. Det blei likevel for 1996 gjort unntak frå forbodet for et norsk trålfiske av inntil 85 % av Noregs blåkveitekvotar. Unntaket gjeld også dei blåkveitekvotane Noreg får av EU i grønlandske farvatn. Same unntak er gjort for fisket i 1997.

Avtala inneheld føresegner om utøvinga av fisket.

Som ein del av avtala kan Grønland i 1997 fiske 1.000 tonn av sin torskekvote tildelt av Russland, i NØS nord for 62o N. Dette under føresetnad av at den norske torskekvoten i grønlandske farvatn blir auka med 250 tonn og Grønlands konsumfiskkvote i Nordsjøen blir redusert med 250 tonn.

Om loddebestanden ved Island - Grønland - Jan Mayen

Etter tre rundar med forhandlingar blei ei revidert avtale mellom Noreg, Grønland/Danmark og Island om forvaltninga av loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen, inngått den 29. juni 1994. Avtala gjeld loddesesongane frå og med 1. juli 1994 til og med 30. april 1998. Det er høve til å forlengje avtala med to år av gongen med mindre ein av partane seier ho opp seinast seks månader før utløpet av den opphavlege avtaleperioden, eller ein tilleggsperiode. Etter avtala skal partane innan 1. juni og 1. desember kvart år fastsetje ein førebels og ein endeleg TAC for den sesongen som startar 1. juli og varer til og med 30. april det etterfølgjande året.

Partane blei i tråd med tilrådinga frå ICES samde om å setje ein TAC for loddesesongen 1996/1997 på 1.600.000 tonn. Fordelinga mellom partane er 11 % kvar til Noreg og Grønland og 78 % til Island. Etter dette blei den norske kvoten på 176.000 tonn. I tillegg blei Norge tildelt 25.000 tonn lodde frå EU for eit fiske i grønlandsk sone i kalenderåret 1996. I januar 1997 fekk Norges Sildesalgslag tilsagn på å kjøpe den resterande grønlandske kvoten på 23.450 tonn.

Norske fiskarar kan kvar reguleringssesong ta 60 % av Noregs del av den totalkvoten dei tre partane fastset, i islandsk sone i perioden fram til 15. februar i området nord for 64o 30' N. Dette utgjorde eit kvantum på 105.600 tonn i loddesesongen 1996/1997. I tillegg kunne 14.070 tonn av kvoten kjøpt frå Grønland takast i den islandske sona.

Avtaler om einsidige fangstkvotar

Noreg - Polen

Tildelingane til Polen omfattar ein avgrensa kvote på konsumfiskartar i Nordsjøen og eit mindre kvantum kolmule ved Jan Mayen og i Noregs økonomiske sone nord for 62o N. Dei polske kvotane er reduserte dei seinaste åra i takt med den negative utviklinga i konsumfiskbestandane i Nordsjøen. Det er hovudsakleg fisket i Nordsjøen som er av interesse for polske fiskarar, og då særleg fisket etter sei. Kvotane i Nordsjøen har til vanleg blitt godt utnytta. Den polske kvoten blir teken i sommarmånadene då verforholda er mest gunstig for dei relativt små fartøya som går i Nordsjøen.

Kvotedrøftingane med Polen blei førte i Gdynia 5. - 6. februar 1997. Polske fiskarar kan etter avtala ta følgjande kvanta fisk i norske jurisdiksjonsområde i 1997:

  • I NØS nord for 62o N: 3.000 tonn kolmule og 100 tonn bifangst av andre artar

  • I NØS sør for 62o N: 880 tonn torsk, hyse, kviting og sei. Av dette kvantumet kan maksimum 800 tonn vere sei og maksimum 80 tonn bifangst av torsk, hyse og kviting.

  • I fiskerisonen rundt Jan Mayen: 5.000 tonn kolmule

Etter ønske har Polen i 1997 fått ein samlekvote for konsumfisk i Nordsjøen, med avgrensingar i det totalt tillatne kvantumet av sei innanfor kvoten. Avtala inneber ein mindre auke i tildelingane til Polen i Nordsjøen i 1997 samanlikna med 1996 og har samanheng med auken i totalkvoten for sei i Nordsjøen i 1997.

Når det gjeld fisket etter norsk arktisk torsk i fiskevernsona rundt Svalbard, er den polske kvoten fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for berekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. I samsvar med dette kan Polen i 1997 fiske eit kvantum torsk i Svalbardsona på 2.635 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 850.000 tonn.

Avtala inneheld ei formulering om at kvotetildelingane til Polen i norske farvatn er avhengige av at polsk fiske i Svalbardsona til kvar tid skal avgrensast i samsvar med den biologiske bestandssituasjonen og behovet for ei rasjonell forvaltning av dei ulike fiskebestandane i området. Polen forpliktar seg også til ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er fastsette for bestanden.

Noreg - EU (Sverige)

Kvoteavtala om svensk fiske i norsk del av Nordsjøen i 1997 blei underskriven av Noreg og EU i Brussel 11. desember 1996.

Strukturen i avtala med Sverige har vore stabil og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri. Kvotenivået har halde seg nokolunde stabilt på nittitalet. Eit unntak er kvotane for reker og makrell, der det har vore mindre endringar i tråd med utviklinga i bestandssituasjonen for desse artane. Utnyttingsgraden for dei enkelte kvotane er god. Det er stor interesse for kvotane av konsumfisk, makrell, reker og sild.

Svenske fiskarar fekk følgjande kvotar i norske farvatn i 1996:

  • I NØS sør for 62o N: 500 tonn torsk, 930 tonn hyse, 1.1050 tonn sei, 190 tonn sammenlagt av lyr og kviting , 150 tonn reker, 850 tonn sild, 240 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Avtala inneber kun marginale endringar i kvotane samanlikna med i 1996.

Anna fleirsidig fiskerisamarbeid

NAFO

Noreg har kvoterettar i NAFOs reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Vidare kan Noreg fiske på ein mindre felleskvote av blåkveite i område 3. Noreg har sidan 1993 fiska reker i 3M (Flemish Cap).

Kartet nedanfor viser NAFOs reguleringsområde.

Figur 3.2 

Figur 3.2

Noreg har i 1997 ein kvote på 555 tonn torsk i underområde 3M. Torskekvoten i 3 M er ikkje blitt fiska dei seinaste åra. Det er forbod mot eit direkte fiske av lodde i NAFO-området. Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men blei regulert med innsatsbegrensningar (antal fartøy og fiskedøgn) i 1997. Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1.985 fiskedøgn. Island har som einaste medlem i NAFO reservert seg mot vedtaket og har fastsett ein autonom rekekvote.

Det er gjort vedtak om at det skal vere 100 % observatørdekning og 35 % dekning med omsyn til satellittsporing ved fiske i NAFOs reguleringsområde.

NEAFC

NEAFC sitt myndigheitsområde er avgrensa til områda utanfor 200-milsonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjerde vedtak om reguleringstiltak innanfor dei økonomiske sonene dersom ein medlem ønskjer og støtter at eit reguleringstiltak settes i verk. Av bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar opent hav, er mellom anna kolmule, uer og norsk vårgytande sild.

NEAFC har for 1997 fastsett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn.

NEAFC gjorde i 1996 vedtak om begrensningar i uttaket på oceanisk uer i Irmingerhavet. Det er også i 1997 sett ein totalkvote i uerfisket på 153.000 tonn. Russland og Polen har reservert seg mot denne reguleringa i NEAFC. Etter vedtaket i NEAFC har Noreg ein kvote på 6.000 tonn uer i Irmingerhavet i 1997.

NEAFC har gjort vedtak om at fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon, skal avgrensast til 127.000 tonn i 1997. Dette kvantum utgjer ein del av den totalkvoten for norsk vårgytande sild i 1997, som blei vedteken av EU, Færøyene, Island, Noreg og Russland i Oslo 14. desember 1996, sjå omtale nedanfor.

Avtalen om bevaring, rasjonell utnytting og forvaltning av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren

Noreg, Russland, Island og Færøyane underskreiv den 6. mai 1996 ein protokoll om forvaltningssamarbeid for norsk vårgytande sild i 1996.

Avtala fastsette ein totalkvote som vart fordelt mellom dei fire partane. I tilknytning til avtala blei det inngått bilaterale avtaler mellom dei fire partane om løyve til å fiske delar av kvotane i dei andre partane sine økonomiske soner.

Avtala inneheldt også føresegner om at dei fire partane skulle søkje å oppnå semje med andre relevante partar slik at bestanden kan forvaltast som ein heilskap. Mellom anna skulle partane gjennom NEAFC samarbeide for å fastsetje reguleringar i fisket på sildebestanden i områda utanfor dei økonomiske sonene. Desse reguleringane skal vere grunnlagde på prinsippa i FN-konvensjonen om fiske på det opne hav av.

Regulering av norsk vårgytende sild i Nordaust-Atlanteren i 1997

På grunnlag av avtala av 6. mai 1996 forhandla EU, Færøyene, Island, Noreg og Russland fram ei avtale om fisket av norsk vårgytande sild i 1997. Avtala vart underskriven i Oslo 14. desember 1996. Partane fastsette ein totalkvote på 1.500.000 tonn. Innanfor denne totalkvoten skal fisket til dei fem partane samla avgrensast til 1.498.000 tonn i 1997 fordelt med 125.000 tonn til EU, 315.000 tonn til Færøyane og Island, 854.000 tonn til Noreg og 204.000 tonn til Russland.

I samband med protokollen har Noreg inngått bilaterale avtaler med EU, Færøyane, Island og Russland om løyve til å fiske i deira fiskerisoner:

  • EU kan fiske 40.000 tonn sild i NØS nord om 62o N eller i fiskerisona rundt Jan Mayen. Av dette kvantumet kan inntil 30.000 tonn fiskast i NØS nord om 62o N. Noreg kan fiske 10.000 tonn sild i EU-farvatn nord om 62o N.

  • Færøyane kan fiske inntil 37.000 tonn sild av sin kvote i NØS nord om 62o N eller i fiskerisona ved Jan Mayen. Av dette kvantumet kan maksimalt 30.000 tonn fiskast i NØS nord om 62o N. Etter avtala kan norske fiskarar fiske 37.000 tonn sild i færøysk sone i 1997.

  • Island kan fiske 233.000 tonn sild i fiskerisonen ved Jan Mayen eller i NØS nord om 62o N. Maksimum 10.000 tonn av dette kvantumet kan fiskes i NØS nord om 62o N. Norske fartøy kan fiske 166.000 tonn sild i Islands økonomiske sone.

  • Russland kan fiske 150.000 tonn sild i NØS nord om 62o N og 12.000 tonn i fiskerisona rundt Jan Mayen.

Til forsiden