3 Medisinsk bakgrunn
Spontanabortar før 12. veke viser seg som regel som ei kraftig bløding, og dei skjer ofte utanfor sjukehus. Det er derfor sjeldan behov for retningslinjer for sjukehuset si handtering av tidlege spontanabortar.
Spontanabortar mellom 12. og 22. veke kjem oftast av sjukdom hos kvinna eller fosterskade som gjer at barnet ikkje vil leve opp. Denne typen spontanabortar skjer oftast på sjukehus. Fosteret er som regel intakt og blir undersøkt på patologisk avdeling for om mogleg å finne årsaka til spontanaborten.
Den vanlegaste metoden for svangerskapsavbrot fram til utgangen av 12. veke er at abortinngrepet blir utført som eit kirurgisk inngrep. Fosteret er ikkje intakt etter inngrepet, og abortmaterialet vil ikkje vere synleg for kvinna. Ved medikamentelt utført svangerskapsavbrot (abortpille), som kan nyttast fram til utgangen av 9. svangerskapsveke, blir fosteret støytt ut som ved ein spontanabort. Det vil seie at fostervevet, morkakevevet og eventuelt fosteret kan bli synleg for kvinna. Abortpilla er no teken i bruk ved mange sjukehus. Auka bruk av medikamentelt utførte svangerskapsavbrot tidleg i svangerskapet fører til at fleire kvinner vil kunne sjå fosteret.
Svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke blir som hovudregel utført medikamentelt med metodar som fører til rieaktivitet i livmora. Fosteret er intakt etter inngrepet.