1 Innleiing
Regjeringa orienterer i denne meldinga om utsetjinga av det planlagde innkjøpet av nye middelstunge transportfly til Luftforsvaret. I st prp nr 57 (1996-97) foreslo Regjeringa å erstatte Luftforsvarets seks middelstunge transportfly av typen C-130 Hercules med nye fly. Ved behandlinga av Innst S nr 303 (1996-97) jfr St prp nr 57 (1996-97) slutta Stortinget seg til tilrådinga og gav Forsvarsdepartementet fullmakt til å starte opp prosjektet. I St prp nr 1 (1997-98) orienterte departementet om framdrifta i prosjektet.
Etter ein ny gjennomgang av Forsvaret sine langsiktige anskaffelsesplaner viser det seg at det ikkje er mogeleg å gjennomføre innkjøpet av nye middelstunge transportfly innanfor gjeldene økonomiske råmar utan at det går utover andre strukturrelaterte prosjekt med høgare prioritet. På denne bakgrunnen avgjorde Forsvarsdepartementet i desember 1997 at innkjøpet av nye middelstunge transportfly måtte utsetjast.