5 Vegen vidare
Med ansvaret for internasjonal fred og tryggleik står Tryggingsrådet i FN i ei særstilling som utanrikspolitisk arena. Det må handtere mange av dei aller vanskelegaste sakene på den internasjonale dagsordenen og ta avgjerder som har vidtrekkande følgjer. For dei valde medlemmene inneber dette at dei må ta på seg eit direkte ansvar dei elles ikkje har. Noreg tok dette ansvaret. Ved nært samarbeid med dei andre medlemmene av Rådet greidde vi å skape oppslutning om eigne framlegg og prioriteringar. Samtidig var vi med på å samle Tryggingsrådet bak viktige avgjerder og vedtak og dermed òg med på å styrkje autoriteten til Rådet og FN.
Utfordringa no vert å bruke dei erfaringane vi hausta og den kunnskapen vi tileigna oss i Tryggingsrådet, i det breiare utanrikspolitiske engasjementet vårt og i vårt vidare arbeid med mange av dei same problemstillingane vi stod overfor i Rådet.
For det vidare arbeidet med konfliktførebygging, konflikthandtering og fredsbygging innanfor den breiare FN-ramma vil erfaringane frå Tryggingsrådet vere svært nyttige. Dette gjeld ikkje minst innsatsen vår for å styrkje FN si evne til å planleggje og gjennomføre fredsoperasjonar, mellom anna i den vidare oppfølginga av Brahimirapporten. Frå arbeidet vårt i Tryggingsrådet veit vi betre enn før kvar skoen trykkjer. Det gjeld òg engasjementet vårt til støtte for ei meir heilskapleg tilnærming til konfliktførebygging og fredsbygging, som involverer all sidene ved arbeidet til FN, mellom anna tryggingssektorreform, menneskerettsdimensjonen, det humanitære området og utviklingsaspekta. Vidare gjeld det den støtta vi gav til arbeidet med økonomiske drivkrefter i krigar og konfliktar, som det etter tryggingsrådserfaringa vil verte lettare å rette inn mot sanksjonsinstrument eller andre konkrete verkemiddel.
Også for rolla vår i fredsfreistnadene i Midtausten og engasjementet vårt i ei rekkje andre konfliktar og fredsprosessar har medlemskapen i Tryggingsrådet gjeve verdifull innsikt og erfaring. Når det gjeld Etiopia og Eritrea og Somalia, er det arbeidet vårt i Tryggingsrådet som i stor grad har lagt sjølve grunnlaget for vårt vidare engasjement.
Noreg gjekk inn i Tryggingsrådet med eit ynske om å medverke til at det internasjonale samfunnet sine innsatsar på militære, politiske, humanitære, utviklingspolitiske og andre område skulle verte samkøyrde og gjensidig forsterkande. Medlemskapen i Tryggingsrådet har forsterka medvitet om at vi lever i ei stadig meir kompleks verd, og at vi difor må evne å sjå det internasjonale engasjementet vårt og interessene våre på ulike område i ein heilskapleg samanheng - for å kunne føre ein politikk som verkeleg heng saman. Dette føreset òg at vi greier å trekkje på den kunnskapen og den erfaringa som ligg i dei utanrikspolitiske forskingsinstitusjonane våre og i mange av dei frivillige organisasjonane våre. Her ligg kanskje den langsiktige hovudvinsten vi fekk dei to hektiske åra vi sat i Tryggingsrådet i FN. Regjeringa vil vidareføre ei inkluderande tilnærming til utviklinga av FN-politikken.
Dei tiltaka som blir nemnde i meldinga til Stortinget om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane (FN) 2001-2002, vil bli gjennomførde innanfor Utanriksdepartementet sine eksisterande budsjettrammer.