5 Kontrollordningar
5.1 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde
I St. prp. nr. 1 (1996-97) heiter det: «Innen området ressursforvaltning er hovedmålet å legge til rette for et forsvarlig ressursuttak som sikrer et høyt varig utbytte fra ressursene». For å kunne nå denne målsettinga for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving er fysisk kontroll med all fiskeaktivitet. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetjing av fiskefangstar.
I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen. Kontrollen blir utøvd av Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet og den ytre etaten til direktoratet med 7 regionkontor, inklusive eit inspektørkorps langs kysten.
Kystvakta er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for kontrollen på havet, i første rekkje utanfor 4 n. mil. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei indre kystvakt som skal gjennomføre fiskerioppsynet innanfor grensa på 4 n. mil. Fiskerioppsynstenesta til den indre kystvakta skal etter planen kombinerast med ei rekkje andre oppgåver, bl.a. for politi-, toll- og miljøstyresmakter.
Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i særlege område og i spesielle fiskeri. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetjing og eksport av fisk. Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa.
Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. I denne fasen blir det kontrollert at fisket skjer med riktig reiskap, til rett tid og på rett område. Ein kontrollerer også fangstsamansetjinga og at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Når det gjeld fangst av sjøpattedyr (sel og kval) var det til og med 2003 inspektørar på alle fartøy under heile fangstperioden. Med verknad frå 2004 er inspektørordninga på kvalfangstfartøya halvert. Frå 2006 er talet på inspektørar ytterligare redusert og er no 6-7 inspektørar på vel 30 fartøy. Frå og med 2005 er det montert ferdsskrivarar (blue-box) på alle kvalfangstfartøya. Dette reduserer behovet for inspektørar. På sel- og kvalfartøya kontrollerer inspektørane om bord i fartøya også at avlivinga skjer i tråd med regelverket. I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet satt i verk ei ordning med å ha inspektørar om bord på enkelte norske og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar.
På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn, det vil seie innanfor 4 n. mil. Det er derfor sett i verk ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Ytre etat er til stades på desse fiskefelta. Ved landing blir fangstsamansettinga kontrollert, og oppfiska kvantum blir belasta kvoterekneskapen.
For å føre kontroll med utanlandsk fiske i Noregs økonomiske sone etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som er basert på bruk av edb. Databasen inneheld opplysningar om fiske- og fangstaktiviteten til utanlandske fartøy og er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.
Utanlandske fartøy som får løyve til å fiske i norske jurisdiksjonsområde er pålagde å rapportere fangstane til Fiskeridirektoratet. Denne rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (melding om fiskestart). Fangstane skal gis opp i kg rund vekt og i dei enkelte fiskeslag. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før det seglar ut sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og gi opp kor mykje fisk som er teken sidan den siste fangstmeldinga blei sendt (melding om avslutning av fiske). Alle dei meldingstypane som er nemnt ovanfor blir kontinuerleg lagt inn i kvotekontrollsystemet, og gir dermed Fiskeridirektoratet ei oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde, både om kor mange fartøy som deltek i fiske, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis også dei opplysningane som er kravd for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska.
Frå 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom satellittsporing også kunnskap om kor fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde og kan derfor sette i verk meir målretta kontroll.
Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet og satellittsporingsdatabasen. Opplysningane vil under kontroll på feltet bli halde opp mot opplysningane som går fram av fangstdagboka til fartøyet, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake, eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet og satellittsporingsopplysningane er såleis særs viktige reiskap i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.
For å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62ºN, og fordi ein var kjent med at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62ºN, blei det innført ei ordning i desse områda der utanlandske fartøy skal melde seg til Kystvakta for kontroll på eitt av sju kontrollpunkt ved avslutning av fiske. Ordninga tok til å gjelde frå 1994. Som ein del av rapporteringsordninga i NØS nord om 62ºN skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tolv timar før det kjem til kontrollpunktet. For ringnotfartøy er fristen 4 timar.
På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62ºN, blei ei tilsvarande ordning sett i verk 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62ºN. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eitt av tre nærmare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før fartøyet kjem til kontrollområdet, eller før fartøyet kjem til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld også når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild.
Erfaringane syner at ordningane med sjekkpunkt sør og nord om 62ºN i NØS har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.
5.2 Kontrollsamarbeid
Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar. Noreg har kontrollavtalar med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen og Portugal. I tillegg har Noreg inngått kontrollavtalar med Russland, Færøyane, Island, Grønland og Canada.
Kontrollavtalen som blei inngått mellom Noreg og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike avtaler og er den fyrste avtalen Noreg inngår som også omfattar gjensidig rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Ein håpar dette blir eit viktig bidrag i arbeidet med å få kontroll over det ulovlege fisket i Barentshavet og over landingar av fisk til europeiske hamner. Noreg vil arbeide vidare for å revidere avtalane med dei andre europeiske landa, og i samarbeid med EU-kommisjonen styrke den samla kontrollinnsatsen i Nordaust – Atlanteren.
Eit viktig nytt framsteg i kontrollsamanheng er etablering av satellittsporing av fiskefartøy.
Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren. Plikta til å spore er gjennomgåande knytta til fartøy over 24 meter største lengde.
Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett størrelse, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Det er også sett krav om satellittsporing av alle fartøy i NEAFC-området. I NAFO-området er det krav om 100 % dekning av satellittsporing og bruk av observatørar på alle fartøy.
5.3 Tiltak mot uregulert fiske
I avtalen mellom Noreg og Russland er partane samde om å setje visse vilkår til dei kvotane dei gir til tredjeland. Som vist til i avtalane med Færøyane og Grønland, har dei to landa plikta å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar som er tildelte av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanom Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde i Barentshavet. Også Island har plikt til å halde seg til den kvoten som går fram av «Smottholsavtalen».
Noreg og Canada underteikna 30. juni 1995 ein avtale om bevaring og handheving på fiskeriområdet, jf. Ot.prp. nr. 3 (1995-96). Både for Noreg og Canada som kyststatar er spørsmålet om effektiv regulering av fiskebestandar som vandrar mellom nasjonale soner og det opne hav særs viktig. Avtalen føregreip på mange måtar FN-avtalen om fiske på det opne hav av 4. august 1995. Etter avtalen kan Noreg og Canada borde, inspisere og ransake eit fartøy som fører flagget til den andre parten i nærmare avgrensa område på det opne hav. Partane kan også bringe opp fartøy og innleie rettsforfølging dersom det ligg føre prov på at dei har teke del i fiskeriaktivitetar som undergrev gjeldande verne- og forvaltningstiltak.
Det kan nemnast at norske styresmakter dei seinare åra har innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den sokalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Dette gjeld fartøy som fører utanlandsk flagg, då det i forhold til norske fartøy er mogleg å sanksjonere på anna vis. Fiskeridirektoratet ser til at fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn blir nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Vidare kan slike fartøy nektast å føre norsk flagg, og ein kan nekte landing av fangst i Noreg. Også for utanlandske fartøy som bryt regelverket i norske farvatn har ein klare moglegheiter for sanksjonar. Regionale organisasjonar som NEAFC og NAFO har og innført svartelisting av fartøy som fisker ulovleg.