St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

2 Konstituering og Val

2.1 Avslutning av den 56. generalforsamlinga

Den 56. generalforsamlinga vart formelt avslutta 9. september 2002.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 57. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 57. generalforsamling vart denne delegasjonen oppnemnd:

Delegerte:

Statsminister Kjell Magne Bondevik, leiar

Utanriksminister Jan Petersen, nestleiar

Ambassadør Ole Peter Kolby

Stortingsrepresentantar:

1. del av sesjonen

Sonja Irene Sjøli

Bror Yngve Rahm

Hallgeir Langeland

Per Erik Monsen

Bjørgulv Froyn

Finn Martin Vallersnes

2. del av sesjonen

Eirin Faldet

Ola D. Gløtvold

Karin Andersen

Synnøve Konglevoll

Kari Lise Holmberg

Jan Arild Ellingsen

Observatørar

Barne- og familiedepartementet

Landsorganisasjonen i Noreg, LO

Næringslivets Hovudorganisasjon, NHO

FN-sambandet

NGO-forum v/Human-Etisk forbund og Stiftelsen Menneskerettighetshuset

Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar, LNU

Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja

Noregs fredsråd

Folk og Forsvar

2.3 Organisering av den 57. generalforsamlinga

Den 57. generalforsamlinga vart opna 10. september 2002. Opningsdatoen var tilpassa markeringane av at det var eitt år sidan terroråtaka på New York og Washington DC. Generaldebatten starta 12. september og vart avslutta 20. september.

2.4 Konstituering og val

Den 57. generalforsamlinga valde Jan Kavan, tidlegare visestatsminister og utanriksminister i Tsjekkia, til president.

To nye medlemmer vart tekne opp på den 57. generalforsamlinga: Sveits 10. september 2002 og Aust-Timor 27. september 2002.

Den 57. generalforsamlinga valde desse fem statane som nye, ikkje-faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 2003-2004: Tyskland, Pakistan, Spania, Angola, Chile.

Den internasjonale parlamentariske unionen (IPU) fekk observatørstatus i Generalforsamlinga.

Til forsida