3 Statens petroleumsfond
Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Statens pensjonsfond er etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet frå same dato. Frå 2006 består fondet av Statens pensjonsfond – Utland (tidligare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond – Noreg (tidlegare Folketrygdfondet). Verksemdene i dei to fonda er ført vidare innanfor den nye overbygningen. Sidan dette er rekneskapen for 2005, gjeld omtalen under berre Statens petroleumsfond.
Inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond i 2005 var definerte i lov 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond. Inntektene var summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som blei overført frå statsbudsjettet, inntekt frå sal av aksjar i Statoil og avkastinga på formuen i fondet. Utgiftene til fondet var ei årleg overføring frå fondet etter vedtak i Stortinget 1 . Med utgangspunkt i innstillinga frå Finanskomiteen ved handsaminga av lova om fondet, var det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskottet på statsbudsjettet. I samsvar med handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskottet over tid svare til forventa realavkasting av Statens pensjonsfond – Utland, anslått til 4 prosent. Tabellane 3.1 og 3.2 viser balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond. Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala blir presenterte her til orientering.
Rekneskapen for Petroleumsfondet blei tidlegare ført etter dei same retningslinjene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 blei rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi. Denne føringsmåten vil bli ført vidare i 2006 for Statens pensjonsfond.
I 2005 hadde Statens petroleumsfond inntekter utan omvurderingar på til saman 312 410 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 275 544 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen mv. utgjorde til saman 36 866 mill. kroner i 2005. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2005 blei det overført 70 593 mill. kroner frå Petroleumsfondet til statsbudsjettet i 2005. Etter fråtrekk av forvaltningskostnader blei overskottet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar dermed 241 817 mill. kroner.
Omvurderingane i rekneskapen for Statens petroleumsfond i 2005 utgjorde i alt 124 283 mill. kroner. Av dette var 49 908 mill. kroner realiserte verdipapirgevinstar, og 36 521 mill. kroner var urealiserte gevinstar. Resultatet frå handlar i futures-marknaden, frå handlar i opsjonar og frå aksje- og rentebytteavtalar utgjorde 4 245 mill. kroner. Valutakursreguleringar utgjorde 33 610 mill. kroner, dvs. ein auke i verdien til fondet målt i norske kroner som følgje av svekking av kronekursen i 2005. Vidare blei det selt Statoil-aksjar for 12 478 mill. kroner i 2005. Avkasting og sal av Statoil-aksjar blei dermed på til saman 378 578 mill. kroner i 2005.
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda, medrekna sal av Statoil-aksjar og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsetjinga var 221 276 mill. kroner i 2005. Overføringane frå statskassa til fondet blei fordelt slik:
22,0 mrd. kroner 30. januar,
10,5 mrd. kroner 27. februar,
14,3 mrd. kroner 31. mars,
17,6 mrd. kroner 30. april,
18,9 mrd. kroner 31. mai,
18,6 mrd. kroner 30. juni,
18,8 mrd. kroner 29. juli,
21,6 mrd. kroner 31. august,
24,9 mrd. kroner 30. september,
27,8 mrd. kroner 31. oktober og
26,3 mrd. kroner 30. november.
Overføringane er korrigerte for at ein i 2004 overførte 3,9 mrd. kroner for mykje etter statsrekneskapen. Utan denne korreksjonen utgjorde overføringane for 2005 225,2 mrd. kroner. Det er 7,8 mrd. kroner meir enn netto avsetjing til Petroleumsfondet etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2005 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det blir korrigert for denne mellomrekninga saman med ei overføring til fondet tidleg i 2006.
Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og trekt frå samla godtgjering til Noregs Bank, viser rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2005 var på 1 390,1 mrd. kroner. Dette svarte også til marknadsverdien, jf. at rekneskapen no blir ført til marknadsverdi.
Midlane i Petroleumsfondet blir plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Petroleumsfondet etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i utfyllande retningslinjer definert nærare retningslinjer for forvaltinga. I forskrifta om forvaltinga av fondet heiter det at Finansdepartementet skal definere ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representere ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinjene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastinga til den såkalla differanseporteføljen, som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St. meld. nr. 1 (1997–98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosentpoeng sidan målet blei innført i 1998. Referanseporteføljen er sett saman av 60 prosent renteberande instrument og 40 prosent eigenkapitalinstrument.
Den 28. februar 2006 offentleggjorde Noregs Bank årsrapporten for Statens pensjonsfond – Utland 2 . Årsrapporten følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. I dokumentasjonsdelen i den vedlagte årsrapporten for fondet er det gitt ei samla liste over fondet sine aksjar og obligasjonar. For alle aksjeinvesteringane er det oppgitt namn på selskapet, marknadsverdi av aksjeposten og eigardel i selskapet. For obligasjonar er det oppgitt namn på utferdaren eller motparten og marknadsverdi av plasseringa. Alle investeringane er fordelte etter land.
Årsrapporten til Noregs Bank skildrar korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir som svarer til fondet sin konto i banken, blei forvalta i 2005. Den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 1 397,9 mrd. kroner ved utgangen av 2005. Avkastinga på dei utanlandske investeringane i fondet blei på 11,1 prosent for heile 2005, når ein målar i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastinga på aksje- og obligasjonsporteføljane, viser tala at aksjeinvesteringane gav ei avkasting på 22,5 prosent, medan avkastinga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 3,8 prosent Den vekta summen av avkastinga i dei to aktivaklassane svarer ikkje nøyaktig til totalavkastinga. Årsaka er at avkastingstala av året er bygde opp ved å kjede månadlege avkastingstal for aktivitetsklassane og for totalen kvar for seg.
Verdien av den norske krona svekka seg mot valutakorga til Petroleumsfondet i 2005. Dette førte til at verdien av fondet målt i norske kroner blei tilsvarande høgare. For heile året var totalavkastinga 14,3 prosent målt i norske kroner. Det er likevel avkastinga i utanlandsk valuta som er mest relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Den reelle avkastinga målt i utanlandsk valuta er utrekna til 8,7 prosent 3 . Avkastninga varierte gjennom året, men var positiv i alle kvartaler. Den samla avkastninga var høgast i 2. kvartal med 3,8 prosent og lågast i 1. kvartal med 1 prosent.
Tala for avkasting er bruttotal på den måten at forvaltingskostnadene ikkje er trekte frå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 3.2 er forvaltingskostnadene trekte frå. Dei samla kostnadene til forvaltinga blir dekte av avkastinga til fondet i samsvar med forvaltingsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2005 utgjorde dei samla kostnadene for Petroleumsfondet 0,078 prosent av kapitalen. Dette omfattar ikkje avkastingsavhengige honorar til eksterne forvaltarar. Samla utgjorde forvaltingsgodtgjeringa til Noregs Bank 1 239 mill. kroner i 2005. Ein viser til den vedlagte årsrapporten for fondet for nærare omtale.
Noregs Bank si forvalting av Pensjonsfondet – Utland blir revidert av revisjonen til Noregs Bank, men Riksrevisjonen utfører også eigne kontrollhandlingar. Noregs Banks revisjon er underlagt representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om fondet, er stadfesta av revisjonen til Noregs Bank. Den overordna revisjonen av Petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer revisjonen sin på det arbeidet som blir utført av revisjonen til Noregs Bank.
Tabell 3.1 Balanse for Statens petroleumsfond ved utgangen av 2005 (tal i mill. kroner)
Aktiva | Passiva | |||
---|---|---|---|---|
Konto i Noregs Bank1)2) | 1 397 896 | Eigenkapital | 1 390 118 | |
Mellomrekning med statskassa3) | 7 778 | |||
Sum | 1 397 896 | Sum | 1 397 896 |
1) I samsvar med forskrifta for forvalting av Statens petroleumsfond av 19. november 2004 blei fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskott i Noregs Bank. Noregs Bank plasserte desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.05 (tal i mill. kroner):
Kortsiktige fordringar inkl. innskott i utanlandske bankar 23 784
Pengemarknadsplasseringar i utanlandske finansinstitusjonar mot sikring i verdipapir 558 979
Innlån frå utanlandske finansinstitusjonar mot sikring i verdipapir -438 717
Utanlandske renteberande verdipapir 682 024
Utanlandske aksjar 576 683
Regulering av terminkontraktar og derivater -3 618
Samla portefølje før forvaltingsgodtgjering 1 399 135
Påkommen forvaltingsgodtgjering -1 239
Samla portefølje, rekneskapsført verdi 1 397 896
2) Per 31.12.05 hadde fondet kjøpt futures med ein samla marknadsverdi på 74 221 mill. kroner og selt futures på 88 091 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 8 546 mill. kroner og selt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 5 144 mill. kroner. Ved utgangen av 2005 hadde fondet kontraktar om kjøp og sal av valuta på termin for til saman 32 348 mill. kroner. Det var kjøpt rentebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 645 911 mill. kroner og selt rentebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 650 156 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på rentebyteavtaler på 33 mill. kroner og seld opsjonar på rentebyteavtalar for 129 mill kroner. Det var kjøpt aksjebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 33 201 mill. kroner og selt aksjebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 27 628 mill. kroner.
3) Statsrekneskapen viser at netto avsetjing til Petroleumsfondet i 2005 blei 7 778 mill. kroner lågare enn det som faktisk blei overført frå statskassa til fondet i 2005. Denne differansen utgjer per. 31.12.05 ei gjeld for fondet på statskassa som blir innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein reduksjon i overføringa til fondet i 2006. Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved den modifiserte durasjonen, var 6,2 prosent per 31. desember 2005.
Tabell 3.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (tal i 1 000 kroner)
Kap | Post | Tekst | 2004 | 2005 |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER: | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum: | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 43 177 321 | 61 588 538 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 70 443 171 | 103 293 386 | |
73 | Produksjonsavgift | 716 693 | 360 319 | |
74 | Arealavgift m.v. | 495 922 | 223 769 | |
Sum kap 5507 | 114 833 107 | 165 466 011 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen | 3 309 297 | 3 350 636 |
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda: | |||
01 | Pro- et kontra-oppgjeret | 118 986 | 233 073 | |
24 | Driftsresultat1) | 76 804 887 | 99 329 731 | |
30 | Avskrivingar | 14 609 777 | 12 914 084 | |
31 | Sal av SDØE-delar | 0 | 0 | |
50 | Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond | 490 368 | 887 569 | |
80 | Renter | 6 666 301 | 6 646 122 | |
81 | Renter, sal av SDØE-delar | 0 | 0 | |
85 | Renter på mellomrekneskapen | 11 081 | 24 167 | |
Sum kap 5440 | 98 701 401 | 120 034 746 | ||
5442 | Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen | |||
80 | Tilbakeføring av tilskudd | 1 955 | 0 | |
5685 | 80 | Utbyte STATOIL | 5 221 997 | 8 139 277 |
81 | Renter, ansvarleg lån | 0 | 0 | |
82 | Renter m.m. Sal av aksjar | 0 | 0 | |
Sum kap 5442/5685 | 5 223 952 | 8 139 277 | ||
UTGIFTER: | ||||
2440 | SDØE: | |||
22 | Fjerningsutgifter | -15 | 0 | |
25 | Pro- et kontra-oppgjeret | 98 462 | 686 | |
30 | Investeringar | 17 323 845 | 20 701 299 | |
50 | Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond | 1 113 000 | 731 000 | |
Sum kap 2440 | 18 535 291 | 21 432 985 | ||
2442 | Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel: | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 0 | 0 | |
70 | Tilskott | 125 261 | 14 177 | |
2443 | Forvaltingsselskap for SDØE: | |||
70 | Administrasjon | 0 | 0 | |
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda: | ||||
Overført til Statens petroleumsfond frå statsbudsjettet | 203 407 204 | 275 543 508 | ||
Renteinntekter og utbyte mv.2) | 33 255 122 | 36 866 049 | ||
Sum inntekter Statens petroleumsfond | 236 662 326 | 312 409 557 | ||
UTGIFTER: | ||||
Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet | 80 726 900 | 70 593 000 | ||
Overskott i Statens petroleumsfond | 155 935 426 | 241 816 557 |
1) Netto overskottsavtaler blir førte under kapitlet for driftsinntekter og -utgifter for Statens direkte økonomiske engasjement (kap 5440, post 24). I 2005 utgjorde netto overskottsavtaler føljande (tal i 1 000 kroner):
Inntekter 1 364 290
- utgifter 1 010
= Netto 1 363 280
2) Dette talet utgjorde i 2005 summen av desse postane (tal i 1 000 kroner):
Renteinntekter 27 815 267
Utbyte 10 308 703
Kurtasje -19 240
Forvaltingsgodtgjering -1 238 681
Sum 36 866 049
MEMO (tal i 1 000 kroner) | 2004 | 2005 |
---|---|---|
Overskott | 155 935 426 | 241 816 557 |
Resultat sal av Statoilaksjar m.v. | 9 858 596 | 12 478 314 |
Valutakursvinst/tap | -46 635 797 | 33 609 611 |
Urealiserte verdipapirvinstar/tap | 28 575 975 | 36 521 370 |
Realiserte verdipapirvinstar | 21 581 006 | 49 907 577 |
Resultat terminhandel valuta | -155 521 | - |
Resultat futures-kontraktar | 251 854 | 1 249 806 |
Resultat opsjonar | 21 021 | 443 |
Resultat aksjebytteavtalar | 393 109 | 1 238 595 |
Resultat rentebytteavtalar | -5 337 664 | 1 756 023 |
= Avkastning og sal av Statoil aksjar | 164 488 005 | 378 578 296 |
Inngåande saldo | 847 051 808 | 1 011 539 812 |
Saldo i Statens petroleumsfond per 31.12. | 1 011 539 812 | 1 390 118 108 |
Tabell 3.3 Resultat sal av aksjar i Statoil m.v.
Kap | Post | Tekst | 2004 | 2005 |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER: | ||||
4811 | Statoil ASA | |||
90 | Sal av aksjar | 9 858 596 | 12 478 314 | |
91 | Avdrag, ansvarleg lån | 0 | 0 | |
Sum kap 4811 | 9 858 596 | 12 478 314 |
Fotnotar
Overføringa frå fondet til statsbudsjettet blir fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.
Rapporten er om forvaltinga av Statens petroleumsfond i 2005.
I utrekninga av realavkastinga har Noregs Bank deflatert med ein vekta sum av konsumprisauken i dei landa som var i fondet sin referanseportefølje i 2005.