3 Framlegg for Stortinget av konvensjon nr. 182 og tilråding nr. 190 om forbod mot barnearbeid og omgåande tiltak for å avskaffe dei verste formene for slikt arbeid, 1999
I samsvar med artikkel 19, punkt 6, i konstitusjonen for Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), skal den engelske teksten for konvensjonen og tilrådinga leggjast fram for Stortinget saman med norsk omsetjing.
Kommunal- og regionaldepartementet gjer merksam på at dette blir gjort i stortingsproposisjonen som Utanriksdepartementet vil fremme for å innhente løyve frå Stortinget til å ratifisere ILO-konvensjon nr. 182.