1 Innleiing
Kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren varsla i spørjetimen i Stortinget 22. april 1998 at departementet ville leggje fram ei melding til Stortinget om tilleggspoeng ved opptaket til høgre utdanning hausten 1998 for elevar som tek folkehøgskole skoleåret 1997/98.
Bakgrunnen for saka er at Stortinget 17. juni 1997 gjorde følgjande vedtak:
«Studiesøkere som har fullført førstegangstjeneste, skal med virkning fra studieåret 1998/99 få uttelling i form av 3 konkurransepoeng ved opptak til høyere utdanning. Slike poeng kan ikke gis i tillegg til poeng for høyere utdanning/folkehøgskole, ettersom øvre tak for konkurransepoeng ved opptak til høyere utdanning skal være 3 poeng.»
Siste setning i vedtaket fører i praksis til at ein søkjar kan få 3 konkurransepoeng for anten høgre utdanning eller folkehøgskole eller førstegongsteneste, eller ein kombinasjon av dei tre kriteria. Departementet, som sjølv fastset forskrifta om opptak til statlege høgskolar, har innarbeidd vedtaket i forskrifta. Universiteta og dei vitskaplege høgskolane, som har fått delegert mynde til å halde fram med eigne forskrifter om opptak til år 2000, har i stor grad innarbeidd vedtaket i sine forskrifter. Kunsthøgskolane, som i stor grad bruker opptaksprøver eller innsendt kunstnarleg materiale ved rangeringa av søkjarar, har fått delegert mynde til å føre vidare sine eigne reglar til år 2000. Mest alle private høgskolar som tek del i det samordna opptaket, nyttar den forskrifta departementet har fastsett for dei statlege høgskolane.
Mange som går på folkehøgskole i skoleåret 1997/98, har i brev til departementet skrive at dei søkte og starta opp utdanninga i den tru at dei ville få 3 konkurransepoeng for folkehøgskole, sjølv om dei hadde høgre utdanning og/eller førstegongsteneste frå før. Dei viser til at Stortinget 14. januar 1997 vedtok:
«Med verknad frå og med skoleåret 1997/98 skal elevar som gjennomfører eit folkehøgskoleår på 33 veker, få utteljing i form av tre konkurransepoeng ved opptak til høgre utdanning i tillegg til alderspoeng, under føresetnad av skoledokumentasjon og registrert elevframmøte på 90 pst.»
Elevane viser til at dei først blei merksame på Stortinget sitt vedtak av 17. juni 1997 i januar 1998 då departementet i rundskriv orienterte om opptak til grunnutdanningar for skoleåret 1998/99. Dei krev derfor at det blir innført ei særordning der dei som går på folkehøgskole i skoleåret 1997/98 får 3 konkurransepoeng for dette ved opptak til høgre utdanning, i tillegg til konkurransepoeng dei har for høgre utdanning.
Regjeringa foreslår i denne meldinga at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i forskrift lagar ei særordning for desse elevane som vil gi dei tre poeng for folkehøgskole ved opptak til statlege høgskolar hausten 1998. På bakgrunn av at dette er i strid med Stortinget sitt vedtak 17. juni 1997, legg ein saka fram for Stortinget.