St.meld. nr. 33 (2003-2004)

Om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Til innhaldsliste

2 Konstituering og val

2.1 Avslutning av den 57. generalforsamlinga

Den 57. generalforsamlinga vart formelt avslutta 15. september 2003.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 58. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 57. generalforsamling vart denne delegasjonen oppnemnd:

Delegerte:

Utanriksminister Jan Petersen, leiar

Utviklingsminister Hilde F. Johnson, nestleiar

Ambassadør Johan Løvald, nestleiar

Stortingsrepresentantar:

1. del av sesjonen

Berit Brørby

John I. Alvheim

Øystein Djupedal

Reidar Sandal

Ivar Østberg

Heidi Larssen

2. del av sesjonen

Karita Bekkemellem Orheim

Kjell Engebretsen

Trine Skei Grande

Hans Kristian Hogsnes

Bjørn Jacobsen

Dagrun Eriksen

Observatørar:

Landsorganisasjonen i Noreg, LO

Næringslivets Hovudorganisasjon, NHO

FN-sambandet

NGO-forum for menneskerettar

Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar, LNU

Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja

Norsk kvinnesaksforening

Noregs fredsråd

2.3 Organisering av den 58. generalforsamlinga

Den 58. generalforsamlinga vart opna 16. september 2003. Generaldebatten starta 23. september og vart avslutta 3. oktober.

2.4 Konstituering og val

Den 58. generalforsamlinga valde Julian Robert Hunte, utanriksminister i St. Lucia, til president.

Den 58. generalforsamlinga valde desse fem statane som nye, ikkje-faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 2004-2005: Algerie, Benin, Brasil, Filippinane, Romania.

Den 58. generalforsamlinga valde desse atten statane som nye medlemmer av ECOSOC for perioden 2004-2006: Armenia, Bangladesh, Belgia, Belize, Canada, Colombia, Dei sameinte arabiske emirata, Indonesia, Italia, Mauritius, Namibia, Nigeria, Panama, Polen, Sør-Korea, Tunisia, Tanzania, USA. I tillegg vart Tyrkia vald til å fylle plassen etter Portugal, som valde å trekkje seg før medlemsperioden var over.

Verdsturismeorganisasjonen (WTO) fekk status som særorganisasjon i FN.

Det var første gong sidan 1985 at familien av FN-særorganisasjonar vart utvida.

Til forsida