3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2002
I tråd med dei etablerte rammeavtalene fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.
Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2002 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. I tillegg har Noreg ført kvoteforhandlingar med Polen.
Noreg har også samarbeid om gjennomføring av trepartsavtala med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen, og med Island om kvotebytte og oppfølging i tråd med Smottholavtala.
Det er også gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland.
Noreg tek vidare del i forhandlingane om makrell både i forhold til trepartsavtala mellom Noreg, EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg er dessutan med i forhandlingane om etablering av eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule.
Noreg er medlem og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriorganisasjonane NAFO («Northwest Atlantic Fisheries Organization») og NEAFC («North East Atlantic Fisheries Commission»). Frå norsk side deltek ein også i IWC («International Whaling Commission») og NAMMCO («North Atlantic Marine Mammal Commission») i forhold til forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR («Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources») er Noreg representert på organisasjonen sine møter. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT («International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas») som observatør. Noreg er dessutan medlem i den regionale forvatningsorganisasjonen SEAFO («South East Atlantic Fisheries Organization»).
3.1 Det førebuande arbeidet
Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. ICES har ein rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.
Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.
3.2 Kvoteavtalane for 2002
Avtalar om gjensidige fangstkvotar
3.2.1 Noreg - Russland
Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.
I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde. Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland, blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noreg si økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russland si økonomiske sone (RØS). Avtala opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i den andre parten si sone. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland. Avtala inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.
Kvoteavtala for 2002 mellom Noreg og Russland vart underskriven i St. Petersburg 10. november 2001.
Partane vart samde om å føre vidare avtalen som dei inngjekk året føre om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 395.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk for kvart av åra 2001-2003. Det same gjeld kvoten på 40.000 tonn norsk kysttorsk for kvart av åra. Med den treårige kvoten forventar partane å redusere fiskepresset og byggje opp gytebestanden i perioden. I alle høve vil torskebestanden framleis vere utanfor føre-var grensen som er sett for fiskedødelegheit. Difor har Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen no sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til langsiktige forvaltingsstrategiar for mellom anna norsk arktisk torsk.
Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 55.900 tonn. Av dette kan 15.800 tonn verte fiska i fiskevernsonen ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 23.300 tonn til NØS og 16.800 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg i 2002. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 195.550 tonn, medrekna 40.000 tonn norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk, er på 183.550 tonn.
For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland sett ein totalkvote på 85.000 tonn, det same som kvoten var i 2001. Det er sett av ei hysekvote til tredjeland på 4.400 tonn, som er delt med 2.640 tonn til NØS og 1.760 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 2002. Etter overføring er den norske kvoten på 46.300 tonn og den russiske på 34.300 tonn.
Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtala er Noreg og Russland for 2002 samde om lik høve til å fiske torsk og hyse i partane sine soner. I 2002 kan såleis Russland fiske 140.000 tonn torsk og 20.000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone. Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.
I perioden 1993-1999 vart det ikkje fiska lodde i Barentshavet. I 1999 vart det opna opp for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80.000 tonn, og for 2000 og 2001 vart kvoten auka til høvesvis 435.000 og 630.000 tonn. For 2002 er det fastsett ein kvote på 650.000 tonn lodde. Den norske delen er på 390.000 tonn og den russiske på 260.000 tonn.
Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 2002, er Russland tildelt ein kvote på 2.000 tonn snabeluer (Sebastes mentella) for eit direkte fiske. Det er forbod mot eit direkte fiske av uer nord om 70°N. Russland har likevel høve til eit direkte fiske som ledd i ei vitskapleg kartlegging av uerbestanden. Vidare har Russland ein samla kvote på 1.500 tonn av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer som bifangst, 5.000 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse og 2.000 tonn steinbit for eit direkte fiske og bifangst.
I tillegg kan Russland fiske 41.542 tonn kolmule i eit nærmare avgrensa område i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 4 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3.000 tonn andre artar som bifangst.
I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 2002. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskap, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2002.
Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 2002, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit, 1.000 tonn flyndre og 500 tonn andre artar som bifangst. Noreg kan også fange 5.000 grønlandssel i Austisen.
På møtet i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2000 vart partane samde om å opne for kommersiell fangst av kongekrabbe frå sesongen hausten 2002/vinteren 2003. På kommisjonsmøtet hausten 2001 blei det fastsatt ein totalkvote på 400.000 krabbar for denne sesongen, fordelt med 300.000 krabbar til Russland og 100.000 til Noreg.
Kontroll
Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere «Det permanente utvalg for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren». Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom dei to landa sine kontrollmyndigheiter, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.
Noreg og Russland innførte satelittsporing av fiskefartøy i kvarandre sine soner frå 1. september 2000. Under forhandlingane i Tromsø i november 2000 vart det vidare underteikna eit memorandum om kontrollsamarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta på norsk side og Murmanrybvod og Grensetenesta på russisk side. Dette dokumentet formaliserer i stor grad samarbeidet om utveksling av informasjon og inspektørar, og styrker kontrollen med fiskeria i begge land.
Det permanente utval vil i 2002 føre vidare arbeidet med felles omregningsfaktorar for fiskeprodukter. Utvalet skal også mellom anna føre vidare arbeidet med løysingar på problema med bifangst av kongekrabbe i andre fiskeri.
3.2.2 Noreg - EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)
Strukturen i avtalane
På grunnlag av rammeavtala med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane samt EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtala inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsette største tillatne fangstmengd (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 fram til ei avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.
Eit anna element i kvoteavtala er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.
Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.
I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.
Etablering av forvaltningsstrategiar og betring av beskatningsmønsteret
Både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen, er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalene, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Noreg og EU inngjekk i 1997 ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. I 1999 vedtok Noreg og EU forvaltningsstrategiar for sei, torsk, hyse og raudspette som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Det står att å få på plass ein forvaltningsstrategi for kviting.
I samarbeidet mellom Noreg og EU er det vidare ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen.
I samanhang med arbeidet med betring av beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teke i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken («highgrading»). Resten blir kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Fisken som blir kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedødelegheit og faktisk dødelegheit. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU.
I samband med den såkalla «torskekrisa» inngjekk Noreg og EU i 2001 eigne avtalar om særskilde tiltak for å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er framleis svært dårleg, og då særleg for nordsjøtorsken. Noreg og EU vart i kvoteavtalen for 2002 difor samde om å fortsette det felles arbeidet med å forbetre beskatninga av botnfisk. Totalkvoten for torsk vart ført vidare på same låge nivå som i 2001, og i tillegg vil partane i 2002 samarbeide om retningsliner for å utrekne kvotar som sikrar oppbygging av bestanden og halde fram med arbeidet med å prøve ut selektive reiskap.
Makrell
Fram til 1999 fastsette Noreg og EU ein «referanse-TAC» for makrell i Nordaust-Atlanteren, som i tillegg til kvotar til Noreg og EU omfattar ein kvote avsett til Færøyane. Fisket i internasjonalt farvatn, som har vore oppe i relativt store kvanta, vart for første gong regulert i 1999 (sjå punkt 3.3.4).
Forvaltningsregimet for makrell har vore gjenstand for usemje mellom Noreg og EU ei lang rekke år. Hovudproblemet er deling av kvota mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at et ein har eit rettkomme krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EU si side.
Det vert i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområder. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og beskatningsmønster, har Noreg gjort framlegg om overfor EU å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som fordelast mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Eit tilleggsproblem er at EU fastsett ein særskilt makrellkvote i bestanden sitt sørlegaste utbreiingsområde (Biscaya).
Gjennomgang av sildeavtala i 2001
Noreg og EU inngjekk i 1997 ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. Avtala vart iverksett 1. januar 1988 og løyste eitt av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet med EU.
Noreg har etter avtala ein fast del på 29 % av totalkvoten for sild i Nordsjøen, medan EU har 71 %. Avtala har som siktemål å sikre eit rasjonelt beskatningsmønster og stabile uttak. Ho inneber også mål for forvaltninga og set grensar for fiskedødelegheit på dei ulike komponentane av bestanden, samt lågast akseptable nivå for gytebestanden.
Forskarane i ICES har gjennom offisielle tal vist at det over tid vart fiska store mengder ungsild i Nordsjøen. Det er i det heile særs uheldig å fiske ungsild, fordi denne silda skal rekruttere til den vaksne fiskbare delen av sildebestanden (gytebestanden). Fisket av ungsild medverkar til å utsette veksten i gytebestanden av nordsjøsild. Eit særleg viktig element i silderegimet er derfor at fisket etter ungsild blir redusert og kontrollert.
Partane inngjekk i 2001 ei ny treårig avtale om forvaltning av nordsjøsild. Denne avtala byggjer på dei same prinsippa som avtala frå 1997.
Kontroll
Generelt er arbeidet for å skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen ei viktig oppgåve: til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000. Vidare er det eit hovudmål å sikre harmonisering av kontrollføresegnene. I denne samanhangen vil Noreg og EU føre vidare eit samarbeid om prosedyrar for veging av fangstar, vatntrekk og omrekningsfaktorar for å sikre lik kvoteavrekning. Partane har avtala at arbeidsgruppa som er nedsett for dette føremålet skal møtast og føreslå ein standardisert verdi for vatntrekket frå vekta av landa pelagisk fisk før 1. juli 2002. Målet er at Noreg og EU skal bli einige om ein felles vatntrekksprosent under kvoteforhandlingane for 2003.
2002-avtala
Etter tre forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 15. desember 2001, ei kvoteavtale for 2002.
Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2002 (tonn):
Fiskeslag | TAC | Kvote til Noreg | Kvote til EU |
Torsk | 49.300 | 7.880 | 40.920 |
Hyse | 104.000 | 21.725* | 82.275 |
Sei | 135.000 | 70.200 | 64.800 |
Kviting | 41.000 | 4.100 | 36.900 |
Raudspette | 77.000 | 3.980* | 73.110 |
Makrell | 72.944 | 47.386 | 23.693 |
Sild | 265.000 | 76.850 | 188.150 |
* Kvote til Noreg etter overføring av respektive: 2.195 tonn hyse, og 1.500 tonn raudspette til EU.
Kvoteavtala for 2002 reflekterer den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Fiskedødelegheiten for torsk, hyse og kviting er redusert med 30% samanlikna med 2000. Situasjonen for seibestanden har teke seg opp, og kvoten er difor auka frå i 2001. Sildekvoten er på same nivå som i 2001, og det er sett ein bifangstkvote på 36.000 tonn Nordsjøsild i EU sitt fiske etter andre artar i Nordsjøen i 2002. Kvoten for raudspette er litt redusert frå 2001. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.
Totalkvoten for makrell er i 2002 sett til 568.165 tonn mot 556.065 tonn i 2001. Av totalkvoten for 2002 kan 72.944 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 130.621 tonn i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N og i internasjonalt farvatn og 364.600 tonn kan fiskast i EU sitt jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtala med EU på 178.007 tonn.
Tabell 3.2 Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2001 (tonn):
Fiskeslag | Kvote til Noreg i EU-sona | Kvotar til EU i norsk sone |
Augepål | 5.000 | 50.0001 |
Tobis | 35.000 | 150.000 |
Kolmule | 120.000 | 1.000 |
Blålange | 500 | |
Lange | 9.500 | |
Brosme | 5.000 | |
Kombinert kvote | 600 | |
Pigghå | 200 | |
Håbrann | 100 | |
Reker | 100 | 900 |
Hestmakrell | 1.600 | |
Andre artar | 5.000 | 11.000 |
1 Frå 2002 kan EU maksimalt ta 19 000 tonn kolmule som bifangst i dette fisket.
Avtala inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.
Avtala for 2002 inneber at den norske kolmulekvoten i EU-sona er redusert med 70.640 tonn frå 2001. Augepålkvoten er halvert, medan kvoten på tobis er auka med 5.000 tonn. Dei andre norske kvotane på fellesbestandane er på same nivå som i 2001. EU sine kvotar i norsk sone på fellesbestandane er ikkje endra frå 2001.
Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62°N i 2002 (tonn):
Fiskeslag | Kvote |
Norsk arktisk torsk | 16.355 |
Norsk arktisk hyse | 1.850 |
Sei | 3.240 |
Uer | 1.500 |
Blåkveite (bifangst) | 100 |
Anna (bifangst) | 450 |
EU sine kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62°N for 2002 er uendra frå 2001. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen har EU, sidan 1986 då Portugal og Spania vart medlemer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. I tråd med brevveksling av 2. mai 1992 pliktar Noreg å gje EU ein uerkvote på permanent basis, som er eit tilleggskvantum i høve til den uerkvoten EU vart tildelt som følgje av Spania og Portugal si tiltreding. Dette kvantumet er i 2002 på 1.500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70°N.
Tabell 3.4 Noreg er i 2002 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):
Fiskeslag | Kvote |
Brisling (EU-sona) | 35.000 |
Blåkveite (EU-sona) | 950 |
Reker (Grønlands sone) | 2.500 |
Blåkveite (Grønlands sone) | 1.975 |
Uer (Grønlands sone) | 1.000 |
Kveite (Grønlands sone) | 400 |
Skolest og isgalt (Grønlands sone) | 1.000 |
Lodde (Grønlands sone) | 6.700 |
Den norske brislingkvoten er auka frå 10.000 tonn til 35.000 tonn, medan dei resterande kvotane, deriblant dei kommersielt viktige kvotane for reker, uer og kveite ved Grønland, er uendra frå 2001 til 2002.
3.2.3 Noreg - Færøyane
Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i partane sine soner. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket.
Kvoteavtala mellom Noreg og Færøyane for 2002 vart inngått i Oslo 18. desember 2001. Etter avtala er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.
I NØS nord om 62°N har Færøyane i 2002 høve til å fiske 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 350 tonn hyse, 350 tonn sei og 40 tonn andre artar (uer og blåkveite). Samanlikna med 2001, er torskekvota og kvota på andre artar på same nivå, medan kvota på sei har hatt ei auke og hysekvota ei reduksjon på 45 tonn. Færøyane sin seikvote skal også dekkje bifangst i fiske etter torsk og hyse.
Færøyane har fått ein kvote på 1.730 tonn makrell nord om 62°N. Kvoten er 40 tonn høgare enn kvoten i 2001. Avtala opnar også for at makrellkvoten kan bli fiska i Nordsjøen nord om 57°30'N.
Færøyane kan fiske inntil 500 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Denne kvota er vesentleg redusert frå 2001. Loddekvoten for 2002 vart sett til 6.000 tonn. Dette er ei reduksjon på 1.000 tonn frå kvoten i 2001.
I avtala for 2002 har Færøyane høve til å fiske inntil 7.860 tonn makrell i NØS nord om 57°30'N av den nasjonale færøyske kvoten avtala i trepartsforhandlingane mellom EU, Færøyane og Noreg.
I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland, i Noreg si økonomiske sone. I 2002 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2.600 tonn norsk arktisk torsk, 300 tonn hyse og 280 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N. Færøyane kan også overføre eit kvantum på 7.000 tonn lodde tildelt av Russland for fiske i NØS nord om 62°N i 2002. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS, skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.
I kvoteavtala pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.
Av den samla kvoten av andre artar nord om 62°N på 40 tonn tildelt av Noreg og 280 tonn tildelt av Russland, kan Færøyane ikkje fiske meir enn 150 tonn uer. Uer og blåkveite kan berre takast som bifangst.
I Noreg si økonomiske sone sør om 62°N er Færøyane tildelt 8.000 tonn augepål, 5.000 tonn tobis, 6.000 tonn kolmule, 500 tonn brisling og 280 tonn andre arter. Kvotane omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei og sild. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.400 tonn sei og 1.200 tonn sild. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 400 tonn hestmakrell. Kvotane av håbrann/pigghå og hestmakrell kan også bli fiska nord om 62°N. Hestmakrellkvoten er redusert med 2.600 tonn i forhold til kvoten i 2001. Dei andre kvotane er tilsvarande kvotane i 2001.
I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 100 tonn kolmule, og 50 tonn reker som prøvefiske utanfor 4. n. mil. Begge kvotane er redusert samanlikna med 2001.
Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 818 tonn norsk arktisk torsk og inntil 197 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Færøyane pliktar å avgrense det færøyske rekefisket i fiskevernsona ved Svalbard i samsvar med gjeldande norske forskrifter.
I Færøyane si økonomiske sone er Noreg i 2002 tildelt ein kvote på 5.222 tonn botnfisk av artane lange, brosme, sei og blålange. Innanfor botnfiskkvoten må kvantumet sei ikkje overstige 1.000 tonn. Kvoten på 5.222 tonn botnfisk omfattar 1.200 tonn bifangst av andre artar. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel bli fiska med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner. Dei lisensierte fartøya kan fiske i eit nærmare angitt område (Færøybanken) i inntil 10 dagar kvar tur, likevel ikkje ut over 30 dagar i løpet av 2002.
I Færøyane si økonomiske sone har Noreg i tillegg fått ein kvote på 35.000 tonn kolmule som er ein reduksjon på 12.000 tonn. Noreg er også tildelt 6.600 tonn makrell, ei auke på 2.500 tonn. Noreg kan i tillegg fiske 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske og drive eit direkte prøvefiske med garn på 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb. Hestmakrellkvoten er også for 2002 fastsett til 250 tonn.
Med referanse til trepartsavtala om makrell mellom Noreg, EU og Færøyane av 9. november 2001, var partane samde om at alt fiske etter Nordaust-Atlantisk makrell bør vere gjenstand for felles forvaltning og såleis inngå i totalkvoten for partane sine jurisdiksjonsområde (den såkalla «referanse TAC»).
3.2.4 Noreg - Grønland
Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reke, blåkveite, uer og lodde frå EU i grønlandske farvatn.
Etter protokollen av 9. januar 2002 kan grønlandske fiskarar i 2002 ta følgjande kvanta i norske jurisdiksjonsområde:
I NØS nord om 62°N: 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 330 tonn norsk arktisk hyse, 950 tonn norsk arktisk sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsonen ved Svalbard. Nord om 62°N er torskekvoten på same nivå som i 2002, medan hysekvoten er auka med 50 tonn og seikvoten er auka med 250 tonn. Som ein del av avtala kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Seikvoten nord om 62°N kan nyttast til eit direkte fiske og til bifangst i Grønland si samla torskefiske i norsk sone i Barentshavet.
I avtala pliktar Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sine jurisdiksjonsområder.
I NØS sør om 62°N har Grønland 1.100 tonn torsk, hyse, sei og annan botnfisk. Av denne kvoten kan Grønland fiske maksimalt 1.000 tonn sei og maksimalt 100 tonn torsk.
Noreg har følgjande kvanta i Grønland si sone i 2002:
Ved Vest-Grønland: 600 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2002, kan trålfiske finne stad sør for 64°30'N eller nord om 68°N med inntil 6 trålarar i sona samstundes.
Ved Aust-Grønland: 525 tonn blåkveite, 300 tonn uer fisket med pelagisk trål, 100 tonn uer fisket med bunntrål og 393 tonn kveite.
Ved Vest- og Aust-Grønland: 600 tonn torsk. I tillegg kjem 150 tonn av andre artar som bifangst. Bifangsten var før regulert med ein prosentsats. Blåkveitekvoten ved Vest-Grønland er på same nivå som i 2001, medan blåkveitekvoten ved Aust-Grønland er auka med 225 tonn.
Uerkvoten ved Aust-Grønland er auka med 200 tonn, medan kveitekvoten ved Aust-Grønland er på same nivå som i 2001. Den norske torskekvoten ved Grønland har ikkje vore utnytta, og er i avtala for 2002 redusert med 100 tonn.
Det var semje om at Noreg i løpet av 2002 skal ta initiativ til å inngå ei avtale om kontrollsamarbeid. Ei avtale om satellittsporing av fiskefartøy ved fiske i partane sine soner blei inngått 1. oktober 2001.
3.2.5 Noreg - Island
Gjennom den trilaterale avtala av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet («Smottholsavtala»), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet («Smottholsavtala» er gitt ei omtale i St meld nr 49 (1998 - 1999)). Den bilaterale avtala mellom Noreg og Island også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.
Etter den bilaterale avtala kan Island i 2002 fiske 3.660 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62°N. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Island si økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For 2002 er loddekvoten sett til 13.980 tonn.
3.2.6 Noreg - EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)
Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat vert inngått på grunnlag av trepartsavtala av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.
Avtala fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på tradisjonelt fiskemønster i området. Fordelingsmønstret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.
Noreg og EU vart 15. desember 2001 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2002.
Tabell 3.5 Følgjande kvotar gjeld for 2002 (tonn):
Fiskeslag | TAC | Kvote til Noreg | Kvote til EU |
Torsk | 7.100 | 230 | 6.870 |
Hyse | 6.300 | 265 | 6.035 |
Kviting | 2.000 | 36 | 1.964 |
Raudspette | 6.400 | 128 | 6.272 |
Reker | 10.150 | 4.730 | 5.420 |
Sild | 80.000 | 10.670 | 69.330 |
Brisling | 50.000 | 3.750 | 46.250 |
Totalkvoten for torsk er auka med 100 tonn, medan totalkvoten for hyse er auka med 2.300 tonn i forhold til kvoten i 2001. Kvotane for kviting og raudspette har gått noko ned, medan kvotane for reker, sild og brisling er uendra samanlikna med 2001.
Etter den tosidige fiskeriavtala mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen, også i Skagerrak. Etter same avtala kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak og i EU-sona av Nordsjøen i 2002.
Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidligare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak er dei siste åra vesentlig redusert i forhold til tidlegare. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 21.000 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2002.
Avtaler om einsidige fangstkvotar
3.2.7 Noreg - EU (Sverige)
Strukturen i avtala med Sverige har vore stabil og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri.
Kvoteavtalen om svensk fiske i norsk del av Nordsjøen i 2001 vart underskriven av Noreg og EU i Brussel 15. desember 2001.
Svenske fiskarar fekk følgjande kvotar i norske farvatn i 2002:
I NØS sør for 62°N: 200 tonn torsk, 880 tonn hyse, 1350 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 140 tonn reker, 850 tonn sild, 240 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Torskekvoten er nær halvert frå 2001, medan kvotane for hyse og sei er auka. Alle dei andre kvotane er ført vidare frå 2001.
3.2.8 Noreg - Polen
Tildelingane til Polen har dei siste åra omfatta ein avgrensa kvote på konsumfiskartar i Nordsjøen og eit mindre kvantum kolmule ved Jan Mayen og i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N. Det er hovudsakleg fisket i Nordsjøen som er av interesse for polske fiskarar, og då særleg fisket etter sei. Dei polske kvotane er gradvis blitt reduserte i takt med den negative utviklinga i konsumfiskbestandane i Nordsjøen.
Kvoteavtala med Polen vart skriven under i Bergen 18. januar 2002. På grunn av den dårlege tilstanden til kolmulebestanden fekk ikkje Polen kolmulekvotar nord for 62°N og i fiskerisonen rundt Jan Mayen i 2002. Polske fiskarar kan etter avtala ta følgjande kvanta fisk i norske jurisdiksjonsområde i 2002:
I NØS sør om 62°N: 825 tonn torsk, hyse, kviting og sei. Av dette kvantumet kan maksimum 750 tonn utgjere sei og maksimum 75 tonn bifangst av torsk, hyse og kviting. Denne kvoten er på same nivå som i 2001.
Avtala inneheld ei formulering om at kvotetildelingane til Polen i norske farvatn er avhengige av at polsk fiske i Svalbardsona skal avgrensast i samsvar med den biologiske bestandssituasjonen og behovet for ei rasjonell forvaltning av dei ulike fiskebestandane i området. Polen pliktar også ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er fastsette for bestanden.
Når det gjeld fisket etter norsk arktisk torsk i fiskevernsona rundt Svalbard, er den polske kvoten fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekning av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. I samsvar med dette kan Polen i 2002 fiske eit kvantum norsk arktisk torsk i Svalbardsona på 1.225 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 395.000 tonn. Dette er på same nivå som i 2001.
Tildelinga til Polen i fiskevernsonen ved Svalbard går utanom kvoteavtala og fisket blir regulert etter ei årleg norsk forskrift om regulering av torskefisket i fiskevernsona ved Svalbard.
Partane inngjekk dessutan ei ny avtale om gjensidig satellittovervaking for fartøy over 24 meter. Overgangsordninga med å sende manuelle posisjonsmeldingar vart utvida til også å gjelde i 2002.
3.3 Fleirsidig fiskerisamarbeid
3.3.1 Regulering av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren
Ei avtale om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren i 2002 vart inngått mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island i London 9. november 2001. Partane fastsette ein totalkvote på 851.500 tonn for 2002. Dette er ei vidareføring av totalkvoten for sild for 2001. Innanfor totalkvoten for 2002 skal fisket til dei fem partane samla avgrensast til 850.000 tonn i 2001, fordelt med 71.260 tonn til EU, 46.420 tonn til Færøyane, 132.080 til Island, 484.500 tonn til Noreg og 115.740 tonn til Russland.
Partane stadfesta forvaltningsstrategien for norsk vårgytande sild som dei vart samde om i 1999. Strategien er basert på føre vár prinsippet og vil hindre eit nytt samanbrot i sildebestanden. Eit hovudelement i strategien er at ein bind seg til å leggje til grunn lave nivå for fiskedødelegheit i forvaltninga av silda. Partane vart dessutan samde om at dersom bestanden kjem under føre-var grensa, skal partane som eit minimum innføre ein lineær reduksjon i fiskedødelegheitsrata på eit avtalt nivå.
I samband med protokollen har Noreg inngått bilaterale avtalar med EU, Færøyane, Island og Russland om løyve til å fiske i partane sine fiskerisoner:
EU kan fiske 22.920 tonn sild i NØS nord om 62°N eller i fiskerisona rundt Jan Mayen. Av dette kvantumet kan inntil 17.000 tonn bli fiska i NØS nord om 62°N. Noreg kan fiske 5.920 tonn sild i EU-farvatn nord om 62°N.
Færøyane kan fiske inntil 20.900 tonn sild av sin kvote i NØS nord om 62°N eller i fiskerisona ved Jan Mayen. Av dette kvantumet kan maksimalt 17.000 tonn bli fiska i NØS nord om 62°N. Etter avtala kan norske fiskarar fiske 20.900 tonn sild i færøysk sone i 2000. Noreg skal overføre 1.300 tonn av sin sildekvote til Færøyane.
Island kan fiske 132.080 tonn sild i fiskerisonen ved Jan Mayen eller i NØS nord om 62°N. Maksimum 5.900 tonn av dette kvantumet kan bli fiska i NØS nord om 62°N. Norske fartøy kan fiske 94.200 tonn sild i Island si økonomiske sone.
Russland kan fiske 85.000 tonn sild i NØS nord om 62°N og 7.200 tonn i fiskerisona rundt Jan Mayen. Russland vil gi 1.300 tonn sild av sin kvote til Noreg.
3.3.2 Regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
Ei trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart første gong underskriven 12. juni 1989. Rammeavtala om reguleringane i loddefisket er reforhandla tre gonger, 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i dei andre partane sine soner kvar loddesesong.
Siste trepartsavtala varer i tre år og kan etter dette forlengjast med to år om gongen. Noreg sin prosentdel er på 8 % av totalkvoten, Island har 81 % og Grønland 11 %. Noreg kan fritt fiske lodde i grønlandske farvatn. I Island si økonomiske sone kan norske fiskarar ta inntil 35 % av den norske kvoten fram til 15. februar kvar sesong.
Den endelege totalkvoten vart sett til 1.300.000 tonn loddesesongen 2001/2002.
Noreg har ein kvote på 104.000 tonn lodde (8 % av TAC), i tillegg kjem 6.700 tonn tildelt av EU for kalenderåret og loddekvoten tildelt av Island på 13.980 tonn for eit fiske fram til 15. februar 2003 jamfør den bilaterale avtala mellom Noreg og Island.
3.3.3 Forhandlingar om eit forvaltningsregime for kolmule
Sidan 1999 har dei landa som er definert som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland - saman med Russland som spesielt invitert part arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden.
Desse partane er samde om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ein separat NEAFC regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Partane er såleis samde om at for å få til ein NEAFC regulering av kolmulefisket i internasjonalt farvatn, må ein først etablere eit kyststatsregime. Sidan Russland er ein viktig aktør i kolmulefisket i internasjonalt farvatn er Russland spesielt invitert til å delta i desse forhandlingane, sjølv om Russland ikkje er tildelt status som kyststat.
Kyststatane hadde sitt første møte i Brussel 9.-10. februar 2000, og ein har førebels hatt ni slike forhandlingar, utan å kome til ei endeleg løysing.
3.3.4 Regulering av makrell
På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremja Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget blei vedteke mot stemmene til Russland og Island.
Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei to partane kunne begynne forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttført 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ei avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren i 2000. 17. november 2000 vart det inngått ei tilsvarande avtale for 2001. Avtala for 2002 fastsett ein totalkvote på 586.500 tonn for sonene til kyststatane. Dette er ei auke på 12.500 tonn i forhold til kvoten i 2001.
Kvoten ligg likevel klart innafor eit biologisk forsvarleg uttak, og vil kunne medverke til å sikre eit høgt bestandsnivå. Avtala inneber ein kvote på totalt 32.100 tonn til Færøyane, inkludert 11.900 tonn generert frå internasjonalt farvatn. Fordelinga mellom Noreg og EU er gjenstand for bilaterale forhandlingar. Dette er følgt opp i den bilaterale kvoteavtala mellom Noreg og EU for 2002 (sjå punkt 3.2.2).
Totalkvoten for makrell i 2001 på 586.500 tonn var utgangspunkt for drøftingane på årsmøtet i Den Nordaust - Atlantiske fiskerikommisjon om en regulering i 2002 av makrellfisket i internasjonalt farvatn. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 66.400 tonn. Av denne kvoten vart det sett av 38.000 tonn til Russland, 24.400 tonn til kyststatane og 4.000 tonn til tredjeland. Island har framsett ein formell reservasjon. Den formelle reservasjonen frå Island si side, er ein protest på at Island ikkje har fått aksept for sitt krav om å bli godkjent som kyststat til makrellen.
3.4 Regionale forvaltningsorganisasjonar
3.4.1 NAFO
Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO, fastset kvotar i internasjonalt farvatn i området mellom Grønland, Canada og USA. Konvensjonen som NAFO er grunnlagd på omfattar i prinsippet alle bestandar i området, utanom laks, tunfisk, sverdfisk og kval. For bestandar som vandrar mellom kanadisk sone og NAFO-området fasett NAFO reguleringar og kontrolltiltak i samråd med Canada.
Figur 3.2 viser NAFO sitt reguleringsområde.
3.4.2 NEAFC
Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen, NEAFC, sitt myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak blir sett i verk. Av bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar det opne hav, er mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.
Figur 3.3 viser NEAFC sitt reguleringsområde.
3.4.3 IWC, NAMMCO OG CITES
Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei bærekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøter og andre møter om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunden av det. For 2002 har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 674 dyr. Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurderinga av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Den norske kvoten er basert på desse prosedyrane.
Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/
Den nord-atlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, skal ta avgjerder om sjøpattedyrbestandar i det Nord-Atlantiske området og arbeidet konsentrerer seg om småkval og sel. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen.
Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/
Konvensjonen om internasjonal handel av trua dyre- og planteartar, CITES («Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora»), regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som enten er trua av utrydding eller som kan bli det om ikkje handelen blir regulert. I 1993 vart vågekval ført opp på liste I under CITES. Dette inneber eit forbod mot handel med produkt av vågekval. Noreg har reservert seg mot denne listinga fordi vågekvalen ikkje fyller kravet om å vere trua av utrydding. Noreg har arbeidd for å få opna for kontrollert handel, ved å fremje forslag om å endre listinga av vågekval. Dette vart for tredje gong søkt oppnådd på CITES sin partskonferanse i april 2000, utan at ein fekk det nødvendige 2/3 fleirtal. Etter ei samla vurdering vart det frå norsk side i januar 2001 bestemt at ein likevel vil opne for eksport av norske produkt av vågekval under bestemte vilkår. Det skal vere nytt partsmøte i CITES i 2002. Noreg vil ikkje fremje nytt forslag om nedlisting på dette møtet.
Meir informasjon finst på CITES sine heimesider: http://www.cites.org/
3.4.4 CCAMLR
Kommisjonen for bevaring av marine levende ressurser i Antarktis, CCAMLR, vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for dei ulike artane i kommisjonen sitt område, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemene. I utgangspunktet er det såleis ope for eit «olympisk» fiske, men til ein viss grad blir kvotane delte etter avtale mellom dei statane som driv det konkrete fisket. Det er for tida ingen norske fartøy som fiskar i området.
Noreg fastsette den 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busett i Noreg og som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter.
Noreg tok del på CCAMLR sitt årsmøte i 2001. Det har lenge vore fokusert på det ulovlege og uregulerte fisket etter Patagonsk tannfisk i dei økonomiske sonene og uregulert fiske på det opne hav innan konvensjonsområdet. Fisket blir utøvd både av fartøy som fører flagg til CCAMLR-medlema og fartøy under framandflagg. Det har i det siste vore rapportert om urovekkjande mange fangster teke utanfor CCAMLR området, både av medlemar og ikkje-medlemar. CCAMLR har i løpet av dei siste åra skipa ei rekke tiltak for å motvirke denne aktiviteten, men problemet med det uregulerte fisket er ikkje løyst.
Noreg la i 1999 fram eit dokument som gjorde greie for det norske systemet for «svartelisting» av fartøy som har drive uregulert fiske innanfor forvaltningsområdet til regionale fiskeriorganisasjonar. Dette innspelet vart handsama og vedteke einstemmig på CCAMLR sitt årsmøte i 2000. På årsmøtet i 2001 vart det teke viktige nye steg for å gjere det vanskelegare å drive slikt ulovleg og uregulert fiske. Det vart lagt grunnlag for fleire nye tiltak med sikte på å leggje press på flaggstatar involvert i slikt fiske, for å få disse til å føre skikkeleg kontroll med eigne fiskefartøy. Vidare vart det framheva som viktig å ha klare og konsistente vilkår for identifisering av land som ikkje samarbeidar, samt at effektive tiltak vart fatta ovanfor flaggstatar for å hindre ulovleg fiske. Det kom ikkje fram indikasjonar på møtet om at norske interesser er involvert i det ulovlege fisket.
Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å vise at Patagonsk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er teke i samsvar med CCAMLR sitt regelverk eller teke utanfor CCAMLR-området. Det bør gjennomførast ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Det er skipa eit eige fond i CCAMLR der medlemslanda kan overføre verdien av fangstar som vert konfiskert i samband med handheving av systemet.
Meir informasjon finst på CCAMLR sine heimesider: http://www.ccamlr.org/
3.4.5 ICCAT
Noreg er ikkje medlem av Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, men deltek som observatør. Bakgrunnen for norsk deltaking er særleg interessa for makrellstørje. Noreg hadde eit omfattande fiske etter makrellstørje på femti- og sekstitalet, men fisket tok slutt i 1986. Det er no teikn som tyder på at makrellstørja kan ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster i norske farvatn.
Totalkvoten for makrellstørje i Nord-Atlanteren og Middelhavet i 2002 er p.t. ikkje fastlagt. Totalkvoten for 2001 er basert på dei aktuelle medlemsstatane sine fangstar rapportert til ICCAT i åra 1993/1994, valfritt kva år som blir lagt til grunn. Noreg har ikkje rapportert fangstar til ICCAT i åra 1993/1994 og får difor ikkje tildelt kvote. Det er sett i gang ein prosess i ICCAT for å utvikle nye og annleis kriteria for fordeling av tunfisk. Noreg vil ta stilling til medlemsskap i ICCAT i løpet av 2002.
Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.es/
3.4.6 SEAFO
Den søraust-atlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert 20. april 2001.
Målet med organisasjonen er langsiktig vern og berekraftig bruk av marine ressursar i området. Noreg har underteikna konvensjonen, men ikkje ratifisert. Regjeringa vil fremje ei Stortingsproposisjon om samtykke til inngåing av avtala i løpet av hausten 2002. Ved ratifisering av konvensjonen vert Noreg offisielt medlem av SEAFO. Dei andre medlemane er Angola, Sør-Afrika, Namibia, Storbritannia, EU, Sør-Korea og USA. Dei norske kommersielle interessene i SEAFO - området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida.