St.meld. nr. 40 (2004-2005)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2004

Til innhaldsliste

3 Moderniseringsdepartementets merknader til Personvernnemndas årsmelding for 2004

Behandling av klagesaker

Personvernnemnda avgjer klagar over Datatilsynets avgjerder. Tidlegare behandla Moderniseringsdepartementet saker som fall utanfor bruksområdet for personopplysningsloven. I 2004 kom Justisdepartementets Lovavdeling til at Personvernnemnda er rette instans til å behandle alle klagar over Datatilsynets avgjerder, med unntak av reint administrative avgjerder. Dette vil truleg føre til at Personvernnemnda vil få nokre fleire saker enn tidlegare.

Talet på klagesaker som kom inn til nemnda i 2004 var på omlag same nivå som tidlegare år. Erfaring viser likevel at sakene blir meir komplekse og at fleire saker er av prinsipiell karakter. Særleg spørsmål vedrørande forsking og personvern – og forholdet til samtykke – har vist seg vanskelege. Ein stor del av klagesakene gjeld tvil om tolkinga av føresegnene i personvernlovgivinga. Vedtaka blir lagde ut på Personvernnemndas heimeside, http://www.personvernnemnda.no. Sakene blir presenterte på ein slik måte at dei i tillegg til å avgjere den konkrete saka også kan medverke til avklaring av gjeldande rett.

Ny Personvernnemnd frå 2005

I samsvar med personopplysningsloven er medlemmene i Personvernnemnda oppnemnde for fire år av gongen med høve til å bli oppattnemnde for ytterlegare fire år. Medlemmene er utpeikte i kraft av sine kunnskapar innanfor bestemte saksområde, og ikkje som representantar for bestemte interesseorganisasjonar eller liknande. Målet er at nemnda skal ha ein samansett kompetanse innanfor personvernspørsmål og til å avvege personvernspørsmål mot andre samfunnsmål. For å unngå at alle medlemmene må skiftast ut frå 2009, blei enkelte av medlemmene skifta ut trass i at dei har gjort ein god jobb i nemnda.

Stortinget nemnde hausten 2004 oppatt professor Jon Bing og juridisk rådgivar Gro Hillestad Thune som høvesvis leiar og nestleiar av nemnda for perioden 2005 til 2008. Dei andre medlemmene av nemnda blei høvesvis oppattnemnde og oppnemnde av regjeringa. Advokat Siv Pedersen, seniorrådgivar Hanne Bjurstrøm, adm. dir. Tom Bolstad, førsteamanuensis Jostein Halgunset og førsteamanuensis Leikny Øgrim utgjer dei andre medlemmene av nemnda for noverande periode. I tillegg blei det oppnemnd personleg vara for kvart av medlemmene.