9 Administrative og økonomiske konsekvensar
Ein del av det som er konkretisert som tiltak og endringar, vil kunna gjennomførast innanfor eksisterande budsjettrammer. Det mest omfattande administrative tiltaket gjeld ev. samanslåing av Bildende Kunstneres Hjelpefond, Fond for utøvande kunstnarar, Det norske komponistfond, Norsk kassettavgiftsfond og sekretariatsfunksjonane for Statens utval for stipend- og garantiinntekter til eit nytt Statens kunstfond. Det er ei endring som skal gjennomførast innanfor dei ressursrammene som einingane i dag disponerer til saman.
Innanfor ei auka løyvingsramme på 50 mill kroner vil Regjeringa prioritera følgjande ordningar og tiltak:
styrking av arbeidsstipend og andre stipend, spesielt slike som gjeld unge/nyutdanna kunstnarar
ny ordning med aspirantar ved kunstinstitusjonar
auka støtte til frie sceniske grupper
utvida ramme for utstillingsstipend
auka rammer for innkjøp av biletkunst og kunsthandverk frå samtida
ny ordning for kunst og det fleirkulturelle samfunnet administrert av Norsk kulturråd
styrkja Norsk kulturfond for å støtta nyvinnande prosjekt som gjeld bruk av informasjonsteknologi på kunstområdet
Konkretisering av desse tiltaka vil Kulturdepartementet koma tilbake til i budsjettsamanheng, første gong i framlegget til statsbudsjett for 1998.