2 Erklæringar og sluttkommuniké frå ministermøta
2.1 MINISTERMØTE I DET NORDATLANTISKE RÅDET I BERLIN, 3. JUNI 1996
Sluttkommuniké
1. Vi møttest i dag i Berlin, hovudstaden i det sameinte Tyskland, byen som i over fire tiår stod som symbolet på den vellukka politikken alliansen har ført og på det transatlantiske samhaldet. Som ein samla by står han no fram som symbolet på partnarskap og samarbeid i ein ny tidsalder.
2. Her i Berlin har vi teke eit stort steg framover i å forme det nye NATO, eit NATO som tek på seg nye oppdrag som m.a. IFOR. Vi har i dag gjort vedtak som skal føre vidare den pågåande tilpassinga av strukturane i alliansen slik at han meir effektivt kan utføre alle sine oppdrag på grunnlag av ein sterk transatlantisk partnarskap - å byggje opp ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet innanfor alliansen, å føre vidare prosessen med å opne alliansen for nye medlemer og å vidareutvikle sterke samarbeidsband med alle partnarland, noko som òg vil omfatte ei vidare styrking av det gode tilhøvet vi har til Ukraina, og å utvikle ein sterk, stabil og varig partnarskap med Russland.
3. Dette nye NATO er vorte ein integrert del av den framveksande, breitt grunnlagde, samarbeidsbaserte europeiske tryggingsstrukturen. I Bosnia-Hercegovina medverkar vi, saman med mange av våre nye partnarar og andre land, gjennom den fleirnasjonale IFOR-styrken til å gjere slutt på krig og konflikt i landet og å byggje fred i regionen. Denne felles innsatsen, den største militære operasjonen i alliansen si historie, viser vegen for det framtidige tryggingssamarbeidet i heile det euro-atlantiske området.
4. Vi har i dag sett ny fart i prosessen med tilpassing og reform i alliansen, som tok til på NATO-toppmøtet i London i 1990 og vart ført vidare på toppmøtet i Brussel i 1994. Vi har teke omsyn til dei omfattande endringane som har skjedd i tryggingsmiljøet i Europa etter kvart som nye demokrati har slege rot, og følgt opp det nye strategikonseptet som vi vedtok i 1991, og har ut frå dette omorganisert og effektivisert dei politiske og militære strukturane og prosedyrane våre; vi har redusert styrke- og beredskapsnivået monaleg og omdanna styrkane våre for å setje dei betre i stand til å utføre dei nye oppdraga innanfor krisehandtering, samstundes som vi har teke vare på evna til kollektivt forsvar. I tillegg har vi gjennomført eit aukande tal desentraliserte aktivitetar saman med partnarane våre. Vi ynskjer å setje den tilpassa alliansen betre i stand til å oppfylle sitt hovudføremål: fred og tryggleik i det euro-atlantiske området.
5. Mykje er oppnådd, men tida er no inne for å ta eit avgjerande steg framover i å gjere alliansen gradvis meir fleksibel og effektiv, og såleis betre i stand til å møte nye utfordringar. Difor er vi fast bestemte på å:
tilpasse strukturane i alliansen. Ein sentral del av denne tilpassinga er å byggje ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet innanfor NATO, noko som vil setje alle europeiske allierte i stand til å medverke meir samla og effektivt til alliansen sine oppdrag og aktivitetar som eit uttrykk for vårt felles ansvar, til å handle sjølve slik det krevst og til å styrkje den transatlantiske partnarskapen;
vidareutvikle evna vår til å utføre nye roller og oppdrag i samband med konfliktførebygging og krisehandtering og like eins alliansen sin innsats mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen, men på same tid ta vare på evna til kollektivt forsvar; og
yte eit sterkare bidrag til trygging og stabilitet i heile det euro-atlantiske området ved å utvide og utdjupe dialogen og samarbeidet med partnarane våre, særleg gjennom PFP og NACC, og ved å vidareutvikle dei viktige relasjonane med Russland og Ukraina, mens vi framleis stiller oss opne for nye medlemer gjennom den utvidingsprosessen vi har etablert og styrkjer banda til andre organisasjonar som medverkar til tryggleiken i Europa.
6. Vi gler oss i dag over framgangen som er oppnådd i den indre tilpassinga av alliansen på grunnlag av vedtaka som vart gjorde på toppmøtet i Brussel i 1994, særleg:
fullføringa av CJTF-konseptet. Ved å tillate ei meir fleksibel og mobil utplassering av styrkar, mellom anna til nye oppdrag, vil dette konseptet gjere det lettare å organisere beredskapsoperasjonane i NATO, å gjere bruk av samla men delelege militære ressursar i operasjonar leia av VEU og å la nasjonar utanfor alliansen delta i operasjonar som IFOR. Vi oppmodar no Militærkomiteen om å leggje fram tilrådingar for Rådet om iverksetjinga av dette konseptet på ein måte som alle allierte kan vere nøgde med og som tek omsyn til arbeid som er igangsett for å tilpasse dei militære strukturane og prosedyrane;
opprettinga av den politiske koordineringsgruppa (PCG), som vil fylle behovet for nærare samordning av politiske og militære synsmåtar, særleg i dei nye NATO-oppdraga;
dei første resultata av langtidsstudien til militærkomiteen, som vil resultere i tilrådingar om ein militær kommandostruktur som er betre tilpassa den noverande og framtidige euro-atlantiske tryggingssituasjonen. Vi gjev militærkomiteen i oppdrag å arbeide vidare med langtidsstudien i tråd med vedtaka vi har gjort i dag;
fullføring av dei opphavlege arbeidsplanane til den politisk-militære seniorarbeidsgruppa for spreiingsspørsmål (SGP);
møtet seinare denne månaden i Det nordatlantiske rådet (forsvarsministrane), der alle dei 16 NATO-landa vil ta del.
7. I arbeidet med å tilpasse alliansen for å gjere han betre i stand til å oppfylle sine roller og oppdrag med alle allierte som deltakarar, vil vi ha tre grunnleggjande mål som rettesnor.
Det første målet er å sikre den militære effektiviteten til alliansen slik at han, i det skiftande tryggingsmiljøet Europa står overfor, vert i stand til å fylle si tradisjonelle oppgåve innanfor kollektivt forsvar, og gjennom fleksible og avtala prosedyrar å ta på seg nye roller under skiftande omstende, på grunnlag av:
ein fornya, samla, fleirnasjonal kommandostruktur som speglar den strategiske situasjonen i Europa og gjer det mogeleg for alle allierte å delta fullt ut, og som er i stand til å ta på seg alle oppdrag gjennom prosedyrar som vert å definere i samsvar med vedtak i Rådet;
hovudkvarter med strukturar som gjer dei lettare å flytte og styrkar som er meir mobile, begge delar slik innretta at dei kan haldast ved lag over lengre tid;
evne til å la partnarland delta i større omfang, og til å integrere nye medlemer i militærstrukturen til alliansen;evne til å setje i verk NATO-operasjonar utanom artikkel 5, der ein rettar seg etter prinsippet om eitt system som er i stand til å utføre fleire funksjonar. Vi vil vidareutvikle fleksible ordningar som kan stå for ulike typar oppdrag og ta omsyn til nasjonale avgjerder om deltaking i kvar einskild operasjon, på grunnlag av styrken i eksisterande NATO-ordningar. Desse operasjonane kan variere innbyrdes med omsyn til bidrag frå dei allierte, og, etter vedtak i Rådet frå sak til sak, med omsyn til ulike sider ved militær kommando og kontroll. CJTF-konseptet står sentralt i planane våre når det gjeld å mønstre styrkar til beredskapsoperasjonar og å organisere kommandoen over dei innanfor alliansen. I tråd med målsetjinga om å byggje den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor NATO, bør desse ordningane tillate alle europeiske allierte å spele ei større rolle i NATOs militær- og kommandostruktur, og, når det høver, i beredskapsoperasjonar som alliansen tek på seg;
auka politisk-militært samarbeid, særleg gjennom PCG, og effektiv utøving av politisk kontroll ved Det nordatlantiske rådet gjennom militærkomiteen;
behovet for kostnadseffektivitet.
Det andre målet er å sikre den transatlantiske tilknytinga på grunnlag av:
varetaking av alliansen som sentralt konsultasjonsforum for medlemene og som politisk møtestad for å einast om saker som gjeld tryggings- og forsvarspliktene til dei allierte etter Washington-traktaten;
vidareutvikling av den sterke partnarskapen mellom nordamerikanske og europeiske allierte, både politisk og militært, der dei nordamerikanske allierte framleis engasjerer seg i heile kommando- og styrkestrukturen;
vilje til å forfølgje felles tryggingsmålsetjingar gjennom alliansen der det er mogeleg;
fullt innsyn mellom NATO og VEU når det gjeld krisehandtering, om nødvendig også gjennom felles konsultasjonar om korleis påkommande situasjonar skal takast hand om.
Det tredje målet er å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen. Denne identiteten vil utnytte det godtekne CJTF-konseptet fullt ut, vere grunnlagd på sunne militære prinsipp og ha støtte i tilstrekkeleg militær planlegging, og såleis gjere det mogeleg å etablere militært samhøyrande og effektive styrkar som kan operere under politisk styring og strategisk rettleiing av VEU.
Som eit vesentleg element i utviklinga av denne identiteten vil vi saman med NATO og VEU førebu oss på VEU-leia operasjonar (mellom anna gjennom planlegging og øving av kommandoelement og styrkar). I slike førebuingar innanfor alliansen bør det takast omsyn til at alle europeiske allierte skal kunne delta, mellom anna i europeiske kommandoordningar, dersom dei ynskjer det. Grunnlaget for slik deltaking vil vere:
utpeiking innanfor alliansen av dei typar samla men delelege ressursar, aktiva og støtteaktiva, og dessutan, for å førebu VEU-leia operasjonar, samla men delelege hovudkvarter, hovudkvarterelement og kommandoposisjonar, som vil vere nødvendige for å kommandere og gjennomføre VEU-leia operasjonar og som kan stillast til disposisjon etter vedtak i NAC;
utarbeiding av høvelege fleirnasjonale europeiske kommandoordningar innanfor NATO, i tråd med og under full utnytting av CJTF-konseptet, som kan førebu, støtte, kommandere og gjennomføre dei VEU-leia operasjonane. For å utføre desse funksjonane må aktuelt personell dobbeldisponerast innanfor kommandostrukturen i NATO. Slike europeiske kommandoordningar bør vere identifiserbare, og ordningane bør vere tilstrekkeleg samkøyrde til at ein militært samhøyrande og effektiv operasjonsstyrke kan opprettast fort.
Vidare vil alliansen støtte utviklinga av ESDI innanfor NATO ved, på oppmoding frå og i samråd med VEU, å gjennomføre militær planlegging og øvingar med tanke på illustrerande VEU-oppdrag som VEU peikar ut. På grunnlag av politisk rettleiing frå VEU-rådet og NAC bør det i samband med slik planlegging som eit minimum:
utarbeidast relevant informasjon om mål, omfang og deltaking for illustrerande VEU-oppdrag;
fastslåast krav til planlegging og øving av kommandoelement og styrkar for illustrerande VEU-leia operasjonar;
utarbeidast høvelege planar som vert å leggje from for VEU-rådet via militærkomiteen og NAC til gjennomgang og godkjenning.
NATO og VEU bør bli samde om ordningar for gjennomføring av slike planar. NAC vil godkjenne frigjeving av NATO-ressursar og kapasitetar til VEU-leia operasjonar, halde seg informert om bruken av dei gjennom overvaking etter råd frå dei militære styresmaktene i NATO og gjennom regelmessige konsultasjonar med VEU-rådet, og fortløpande vurdere bruken av dei.
8. På grunnlag av dei retningslinene som er godkjende i dag, har vi gjeve Det permanente rådet i oppdrag, etter råd frå dei militære styresmaktene i NATO:
å gje rettleiing og utvikle konkrete framlegg til vidare tilpassing av strukturane og prosedyrane i alliansen;
å utvikle høvelege tiltak og ordningar for gjennomføring av føresegnene i nr. 7 med omsyn til den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen. Av ordningar som må utarbeidast i detalj, kan nemnast føresegner for utpeiking og frigjeving for VEU av NATO sine evner, aktiva, hovudkvarter og hovudkvarterelement i samband med oppdrag som skal utførast av VEU; eventuelle nødvendige tillegg til eksisterande ordningar for informasjonsdeling i samband med gjennomføring av VEU-operasjonar og korleis det skal haldast konsultasjonar med NAC om bruken av NATO sine aktiva og evner, mellom anna korleis NATO skal føre tilsyn med bruken av slike aktiva;
og å rapportere til desembermøtet vårt med tilrådingar til vedtak.
9. Som ein del av dette arbeidet har vi gjeve Det permanente rådet i oppdrag å gjennomgå det pågåande arbeidet med NATOs militære kommandostruktur og å rapportere til oss på vårt neste møte med tilrådingar.
10. Det andre aspektet ved tilpassinga av alliansen er å utvikle evna vår til å utføre nye roller og oppdrag som operasjon Joint Endeavour. Den NATO-leia gjennomføringsstyrken (IFOR) gjennomfører med hell dei militære sidene ved fredsavtalen i Bosnia-Hercegovina, ein avtale av historisk verdi for utviklinga av fred, tryggleik og forsoning i regionen. IFOR-operasjonen har ført NATO saman med 16 ikkje-medlemsland frå Europa, Nord-Afrika, Midtausten og Asia i ein samla og effektiv fredskoalisjon. Dette omfattar 12 av partnarane våre i NACC og PFP, noko som strekar under vårt felles engasjement for nye typar samarbeidsbasert tryggleik i Europa. Den russiske medverknaden understrekar både den evna alliansen har til å byggje praktiske nye partnarskapar og den vesentlege rolla Russland har i det nye internasjonale tryggingsmiljøet.
I dei seks månadene IFOR har vore utplassert, har styrken gjort sitt til å gje folk i Bosnia-Hercegovina ny tru på at fred er mogeleg. Eit trygt miljø er i ferd med å bli røyndom. Styrkane til dei tidlegare krigførande partane er skilde, og er i ferd med å demobilisere og flytte til kaserneområde. IFOR vil ikkje tolerere truslar mot freden eller inngrep i retten til å reise fritt. IFOR vil halde fram med å oppfylle sitt mandat på ein upartisk og rettferdig måte.
IFOR støttar i aukande grad opp om gjennomføringa av dei sivile sidene ved fredsavtalen innanfor sitt noverande mandat, så lenge dette ikkje kjem i vegen for det primære militære oppdraget. Eit vellukka sivilt oppdrag er nøkkelen til varig fred og rehabilitering, særleg gjennom økonomisk og sosial atterreising, gjennomføring av frie val, tilbakeføring av fangar og fordrivne personar og oppretthalding av lov og orden. Pågriping av krigsforbrytarar og etterforsking av krigsbrotsverk er avgjerande for å skape rettferd og varig fred i Bosnia Hercegovina.
Vi rosar arbeidet til Den høge representanten og vil framleis støtte han i den vanskelege samordningsoppgåva han har teke på seg. Vi merkjer oss med glede at IFOR samarbeider effektivt med kontoret hans. IFOR samarbeider òg effektivt med andre sivile organisasjonar, mellom dei kontoret til FNs høgkommissær for flyktningar, i si planlegging av tilbakeføringa av flyktningar og fordrivne personar; arbeidet til Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) med å etterforske krigsbrotsverk og stille krigsforbrytarar for retten; med Den internasjonale politistyrken i arbeidet med å byggje opp att lov og orden; med Den internasjonale raudekrosskomiteen med omsyn til humanitære spørsmål; og med Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) når det gjeld dei oppgåvene denne har med å førebu og gjennomføre val og med rustingskontroll og tillitskapande tiltak. I denne samanhengen ber vi partane sluttføre ein subregional rustingskontrollavtale innan 11. juni, slik fredsavtalen føreset.
Krigen i Bosnia-Hercegovina er slutt, men freden er framleis usikker. Tidsrommet fram til september vil vere avgjerande for førebuingane til val i Bosnia-Hercegovina - ein viktig etappe på vegen mot demokrati og atterreising. På bakgrunn av kompleksiteten og omfanget av denne oppgåva vil IFOR behalde om lag same styrkenivå som no til etter valet, som etter fredsavtalen seinast må haldast i september, og vil behalde sin samla kapasitet til desember, då IFOR-mandatet går ut.
IFOR er òg parat til å yte beredskapsstøtte som avtalt til UNTAES i Aust-Slavonia når freden vert realisert der.
Vi rosar profesjonaliteten, pliktkjensla og motet til alle IFOR-deltakarar, samla og enkeltvis, og uttrykkjer djup medkjensle med familiane til dei som har ofra livet eller er blitt skadde i freden si teneste.
NATO har vore med på å skape ein visjon om fred gjennom samarbeid, også mellom tidlegare motstandarar. Alle våre land er djupt engasjerte, direkte og gjennom internasjonalt samarbeid, i å leggje tilhøva til rette for varig fred og atterreising ved å fremje gjensidig tillit, rettferd, forsoning og militær stabilitet. Verdssamfunnet kan gje støtte og råd, men folket og leiarane i Bosnia-Hercegovina og regionen må sjølve ta ansvar for å byggje freden. Vi oppmodar alle partar om å ta fatt på desse oppgåvene med fornya kraft og fullt ut å oppfylle lovnaden om å gjennomføre fredsavtalen.
11. Ein avgjerande del av tilpassinga av alliansen er handling med rot i vedtaket frå toppmøtet i Brussel i 1994 om å intensivere og utvide den politiske og forsvarsmessige innsatsen i alliansen mot dei farane som spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen representerer. Spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (NBC) gjev framleis grunn til sterk uro for NATO, sidan slik spreiing kan vere ein direkte trussel mot tryggleiken i verda. Det er framleis vårt mål å hindre at spreiing skjer, eller i motsett fall å reversere spreiinga med diplomatiske middel. NATO som forsvarsallianse må bere ansvaret for å sikre middel til å verne medlemene mot dei risikoane som spreiinga av NBC og leveringsmiddel for slike våpen representerer.
12. Som ein del av den samla tilpassinga har alliansen halde fram med å tilpasse seg til den nye tryggingssituasjonen Europa står overfor ved å styrkje relasjonane med partnarland og med andre internasjonale organisasjonar, som spelar ei viktig rolle for å auke tryggleiken og stabiliteten i det euro-atlantiske området. Dette mønsteret av veksande, ope og gjennomsynleg samarbeid er blitt eit sentralt trekk ved den samarbeidsbaserte tryggleiken som alliansen står for.
13. Vi seier oss på nytt forplikta til å opne alliansen for nye medlemer. Utvidingsprosessen er på rett spor, og vi er overtydde om at tilpassinga av alliansen sett under eitt vil lette denne prosessen. Som det vart vedteke i desember i fjor, nyttar vi ein tredobbel prosess for å komme vidare i førebuingane i år: vi fører ein intensivert dialog med interesserte land, vi arbeider med ei vidare styrking av PFP både for å hjelpe mogelege nye medlemer med å bli med og for å få i stand ein sterk og langsiktig partnarskap med NATO for andre, og vi ser på dei indre tilpassingane som krevst ved utviding. Vi har i dag gått gjennom utviklinga på kvart av desse områda, og gler oss over den jamne framgangen som skjer. Vi har fått ein rapport om dei pågåande konsultasjonane i den individuelle, intensiverte dialogen med til no 15 interesserte land. Gjennom denne dialogen får dei høve til auka innsikt i alliansen og til å setje seg inn i implikasjonane ved ei NATO-utviding, og dei som siktar mot medlemskap får kjennskap til konkrete og praktiske detaljar ved medlemskap i alliansen. Dialogen vil bli aktivt vidareført i månadene som kjem. Vi er tilfreds over å merkje oss den nasjonale innsatsen partnarar gjer som utfylling til arbeidet vårt. Vi vil sikre at synsmåtar på utvidinga vert tekne med i våre drøftingar og vedtak i samband med den indre tilpassingsprosessen i alliansen. Vi ser fram til ein rapport frå generalsekretæren på neste møtet vårt i desember, der vi vil vurdere framgangen og vegen vidare.
Vi stadfester at det er vår faste vilje at prosessen for å opne alliansen for nye medlemer ikkje må skape nye skiljelinjer i Europa eller isolere noko land. Vårt mål er som før å få i stand eit stadig tettare og djupare samarbeid med alle partnarar i NACC og PFP som ynskjer å utvikle slike relasjonar med oss. Utvidinga av alliansen er i tråd med ein breiare samarbeids- og integrasjonsprosess som alt er i gang i dagens Europa, og som omfattar EU og VEU til liks med OSSE, Europarådet og andre europeiske institusjonar. Vår strategi er å vere med på å byggje ein brei europeisk tryggingsarkitektur basert på ekte samarbeid over heile Europa.
14. Partnarskap for fred er blitt eit permanent element i det europeiske tryggingssamarbeidet, og har vist seg verdifull i den pågåande IFOR-operasjonen. Vi er særleg nøgde med at 12 partnarar har gått saman med oss i denne operasjonen, der det er drege nytte av røynslene og samvirket som er opparbeidd dei siste to åra ved at tropper frå partnarlanda har delteke i felles PFP-øvingar og andre PFP-aktivitetar. Denne første felles erfaringa i IFOR stakar ut kursen for framtidig tryggingssamarbeid. Vi vil gjerne sikre at samarbeidstilhøva som er utvikla mellom allierte og partnarar i samband med IFOR-operasjonen, vil styrkje partnarskapen også i framtida. Vi vil setje i verk vidare tiltak for å engasjere partnarane sterkare i den innsatsen vi gjer for å fremje tryggleiken gjennom regionalt samarbeid, mellom anna ved å leggje til rette for deltaking i CJTF på eit tidleg stadium. Dette vil vere særleg viktig etter kvart som alliansen tilpassar seg for å fylle sine nye oppgåver.
Vi gler oss over at alliansen og partnarane saman har nådd langt på vegen mot dei måla som er sette for PFP gjennom NAC-kommunikeet frå desember 1995. Den breie interessa og den aktive deltakinga av partnarland har bore Partnarskap for fred langt framover på kort tid.
Vi ser stadig etter måtar å styrkje omfanget og innhaldet i PFP-samarbeidet på. Vi ser difor med glede på rapporten frå Det permanente rådet om dei ekstra tiltaka som kan treffast på kort sikt, særleg utvidinga og utdjupinga av planleggings- og revisjonsprosessen for PFP, som vil auke framdrifta mot større funksjonelt samvirke, og intensiveringa av arbeidet med sivil-militære relasjonar og forsvarspolitikk og -planlegging.
Det permanente rådet bør òg sjå nærare på ideane som er skisserte i generelle vendingar i rapporten om styrking av PFP på lengre sikt. Meir konkret bør vi gje partnarane auka høve til å ta på seg ei større rådgjevande rolle i utforminga av PFP-program, mellom anna i evaluering og oppgradering av samvirkemålsetjingar og øvingsprogram for PFP. Partnarane bør òg engasjerast på ulike nivå i planlegginga av øvingsprogram og andre militære PFP-aktivitetar gjennom Koordineringscella, og med NATO-overkommandoane (MNC-ane) og underordna kommandoeiningar når det gjeld operativ detaljplanlegging. I tillegg bør vi sikre at samarbeidsrelasjonane som partnarar og allierte no utviklar i IFOR, held fram i framtida som ein del av regionale samarbeidsprogram for PFP.
15. Vi ser fram til vårt 6. møte med partnarar i Det nordatlantiske samarbeidsrådet i morgon. Rådet gjev oss eit forum for regulære, multilaterale konsultasjonar om politiske og tryggingsmessige spørsmål. Saman med Partnarskap for fred medverkar Det nordatlantiske samarbeidsrådet, særleg ved at partnarland deltek på brei front i fleire NATO-baserte komitear, stadig sterkare til tryggleik og stabilitet i Europa ved å utdjupe samhandlinga og utvikle felles tilnærmingsmåtar. Vi er nøgde med resultata av dei meir fokuserte diskusjonane i NACC, særleg når det gjeld å fremje gode naboskap og å utvikle sivil-militære relasjonar. Vi ser fram til å utdjupe denne prosessen. Når vi møtest neste gong i desember, vil vi ta føre oss framdrifta i arbeidet med å styrkje NACC si rolle og å vidareutvikle samarbeidet mellom allierte og partnarar, på grunnlag av ein rapport frå Det permanente rådet.
16. Vi stadfester vår sterke støtte til dei pågåande politiske og økonomiske reformene i Russland. Om nokre dagar skal det haldast presidentval i Den russiske føderasjonen. Vi vonar at dette valet vil markere ei vidare konsolidering av reformprosessen i Russland.
Vi er framleis overtydde om at utviklinga av ein sterk, stabil og varig partnarskap mellom NATO og Russland er eit vesentleg tryggingselement i det euro-atlantiske området. Vi ynskjer alle å ha sterke og konstruktive bilaterale relasjonar med Russland, og nære samarbeidsbaserte, vidtrekkande relasjonar mellom NATO og Russland. Vi har teke initiativ til ei lang rekkje kontaktar, konsultasjonar og program for å styrkje partnarskapen. Her i Berlin strekkjer vi på ny ut ei hand til Russland med tilbod om venskap, partnarskap og samarbeid.
Vi ser med glede på det substansielle bidraget Russland har ytt til IFOR i gjennomføringa av dei militære sidene ved fredsavtalen frå Paris. Vi er nøgde med den rådande ånda av samarbeid, felles mål og felles innsats for å sikre operativ militær effektivitet. Vi vonar at desse røyslene nært samarbeid vil ha ein varig og positiv verknad på tilhøvet oss imellom. Desse røynslene viser at vi kan samarbeide effektivt i spørsmål som gjeld fred og stabilitet i Europa. Dei viser veg mot oppbygginga av samarbeidsbaserte tryggingsstrukturar i Europa med NATO og Russland som aktive deltakarar.
Vi er nøgde med at det har vore ført viktige konsultasjonar i eit 16+1-format, mellom anna om situasjonen i det tidlegare Jugoslavia, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, trygg og sikker demontering av kjernefysiske våpen og om CFE-avtalen, og at samarbeidet held fram på ulike aktivitetsområde i NATO. Vi er nøgde med underteikninga av eit omforeint momorandum om sivil kriseplanlegging og katastrofeberedskap mellom alliansen og det russiske ministeriet for sivilforsvar, krisetilstandar og eliminering av følgjene av naturkatastrofar. Vi ynskjer å utvide omfanget av og utdjupe intensiteten i relasjonane med Russland, både på politisk og militært nivå, i tråd med den tilnærmingsmåten som vart fastsett i dokumentet «Område for omfattande, forbetra dialog og samarbeid mellom NATO og Russland» som vi vedtok i juni 1995. Vi føreslår på ny å komme fram til ei politisk ramme for relasjonane mellom NATO og Russland der det vert arbeidd vidare med grunnleggjande prinsipp for tryggingssamarbeid og for utvikling av permanente mekanismar for politiske konsultasjonar.
17. Vi er framleis overtydde om at eit uavhengig, demokratisk og stabilt Ukraina er ein av nøkkelfaktorane for stabilitet og tryggleik i Europa. Vi er nøgde med den aktive deltakinga frå Ukraina si side i Det nordatlantiske samarbeidsrådet og Partnarskap for fred. Sidan det siste møtet vårt er relasjonane mellom NATO og Ukraina utdjupa som følgje av gjennomføringa av dokumentet om utvida relasjonar mellom NATO og Ukraina, som vart vedteke i september 1995, og gjennom Ukraina si aktive deltaking i IFOR. Vi gler oss over utdjupa dialog og samarbeid på så ulike område som sivil kriseplanlegging, vitskaplege saker og informasjonsverksemd. I denne samanhengen merkjer vi oss med glede tilbodet frå Ukraina om å yte støtte til utvida informasjonstiltak frå NATO si side i dette landet. Vi ynskjer å utvikle samarbeidsaktivitetane våre ytterlegare gjennom konkret arbeid på dei områda som vart fastsette i dokumentet frå september 1995, og å nytte ytterlegare høve til å styrkje substansen i tilhøvet. Vi ser med glede på kunngjeringa som kom for litt sidan om at alle kjernefysiske våpen er overførte frå ukrainsk territorium for demontering, i samsvar med den trilaterale erklæringa som USA, Russland og Ukraina skreiv under i Moskva i januar 1994.
18. Vi er fast bestemte på å styrkje informasjonsarbeidet til NATO i Russland og Ukraina i samråd med regjeringane der. Vi har gjeve Det permanente rådet i oppdrag å setje i verk konkrete tiltak i den lei.
19. Vi vil òg vidareutvikle samarbeidstilhøvet vårt til alle statar som nyleg er blitt sjølvstendige, både bilateralt og gjennom alliansen. Demokratisk og økonomisk utvikling og sjølvstende, suverenitet og territorial integritet for desse landa også i framtida, er vesentlege faktorar for stabilitet og tryggleik i det euro-atlantiske området.
20. Vi er nøgde med dei aukande tilknytingane mellom NATO og VEU, og er fast bestemte på å utvide og utdjupe samarbeidet vårt med VEU på grunnlag av dei avtala prinsippa komplementaritet og innsyn. Vi ser med glede på inngåinga av ein tryggingsavtale mellom organisasjonane og den ramma avtalen fastset for utveksling av informasjon som er avgjerande for å kunne arbeide mot våre felles tryggingsmålsetjingar. Vi vonar at dette vil bane veg for meir intensivt samarbeid. Vi er glade for at det som svar på mandatet vi har gjeve Det permanente rådet er utpeika fleire område for fokusert samarbeid mellom NATO og VEU (felles møte om Middelhavs-dialogen dei kvar for seg fører og utveksling av informasjon om tilhøvet til Russland og Ukraina). Vi vil undersøkje utsiktene til utvida samarbeid også på andre område. Vi legg vekt på konsultasjonane oss imellom om spørsmål av felles interesse, mellom anna i fellesmøte mellom råda i VEU og NATO. Vi ser med glede på at møta mellom Det permanente rådet i VEU og SACEUR er tekne opp att.
Vi støttar framleis VEU sitt arbeid for å styrkje utviklinga av sine eigne operative evner, og ser med glede på vedtaka som vart gjorde i samband med dette under ministerrådet i VEU i Birmingham sist månad.
21. Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) har ei vesentleg rolle å spele for tryggleik og stabilitet i Europa. Vi seier oss på nytt forplikta til å støtte OSSE si breie tilnærming til tryggingsspørsmål og den pågåande prosessen med å utvikle ein tryggingsmodell for det 21. hundreåret. Vi verdset effektiviteten til OSSE når det gjeld å hindre, styre og løyse konfliktar og arbeidet til Høgkommissæren for nasjonale minoritetar. Dette er viktige bidrag til regional stabilitet som vi også heretter vil støtte og arbeide for å styrkje.
OSSE spelar ei avgjerande viktig rolle i Bosnia-Hercegovina, og medverkar til gjennomføringa av sivile sider ved fredsavtalen, særleg ved å føre tilsyn med førebuingane til og gjennomføringa av dei første vala, ved å fremje og kontrollere menneskerettane og ved å overvake iverksetjinga av tillits- og tryggingsskapande tiltak og forhandlingane om rustingsavgrensingar. Desse oppgåvene er eit stort bidrag til å byggje ein rettferdig og stabil fred i regionen. IFOR støttar OSSE sine oppgåver, særleg førebuingane til val, ved å medverke til å skape eit trygt miljø og å fremje fridomen til å reise. Vi er òg glade for den praktiske støtta NATO har kunna gje OSSE gjennom verifiseringskoordinasjonsavdelinga si som hjelp til å etablere tiltak for å verifisere rustingskontrollelementa i fredsavtalen. Vi støttar den vidare utviklinga av slikt pragmatisk samarbeid mellom NATO og OSSE.
Vi er framleis djupt uroa over utviklinga i Tsjetsjenia, som har valda så mykje liding og så mange tap. Vi ser med glede på at ein våpenstillstand vart annonsert i Tsjetsjenia, og ser fram til at denne vert fullt og effektivt gjennomført. Vi oppmodar til vidare meiningsfylte forhandlingar som kan føre til ei fredeleg løysing på konflikten etter vidare vennskapleg mellomkomst av OSSE. Vi støttar innsatsen Minskgruppa gjer for å oppnå ei politisk løysing på konflikten i og rundt Nagorno-Karabakh.
Vi ser med glede på kontaktane som er oppretta mellom Det nordatlantiske rådet og den sitjande OSSE-formannen. Vi vil føre vidare innsatsen for å styrkje dialogen mellom NATO og OSSE om spørsmål av felles interesse, mellom anna gjennom overordna representasjon på ministermøte, og, på meir rutinemessig basis, gjennom Den internasjonale staben.
22. Vi støttar den pågåande fredsprosessen i Midtausten, og ber alle deltakarane forplikte seg til denne framover. Vi seier oss på nytt overtydde om at tryggleik og stabilitet i Middelhavsområdet har mykje å seie for tryggleiken i Europa. Vi legg særleg vekt på framgangen i Middelhavs-dialogen med ikkje-NATO-land. Egypt, Israel, Jordan, Mauritania, Marokko og Tunisia deltek i dag i den politiske dialogen som er i gang. Vi gler oss over interessa dialoglanda viser og over samtalane som alt er haldne. Vi er overtydde om at denne dialogen er eit bidrag til ei betre gjensidig forståing med sikte på å bidra til stabilitet i området. Vi pålegg Det permanente rådet å rapportere om aktivitetane på grunnlag av dialogen på møtet vårt i desember.
23. Vi støttar sterkt opp om arbeidet Nedrustingskonferansen gjer for å oppnå eit ekte og tilstrekkeleg verifiserbart totalforbod mot alle kjernefysiske prøvesprengingar seinast innan september i år, og for å få i gang forhandlingar om ein avtale om forbod mot produksjon av spaltbart materiale på grunnlag av det eksisterande mandatet.
Vi strekar under at START-avtalane er viktige for internasjonal stabilitet og tryggleik, og rosar USA og Russland for å ha oppfylt START I. Vi ser med glede på ratifiseringa av START II i senatet i USA i januar i fjor og ber innstendig Den russiske føderasjonen ratifisere snarast.
Vi ser fram til snarleg iverksetjing og full gjennomføring av Konvensjonen om kjemiske våpen, og stør sterkt opp om forsøk som er i gang på å forhandle fram eit etterlevingskontrollsystem for Konvensjonen om biologiske og giftige våpen.
Vi oppmodar sterkt om at Avtalen om opne luftrom snarleg vert ratifisert av dei statane som ikkje alt har gjort dette.
24. Vi ser med glede på det vellukka utfallet av tilsynskonferansen for CFE-avtalen i Wien. Sluttdokumentet som dei 30 partane i avtalen vart samde om, stadfester at dei alle forpliktar seg til å verne om integriteten til avtalen og å oppnå full gjennomføring av denne. Den vellukka konferansen stadfester at CFE-avtalen er og blir ein hjørnestein for tryggleik og stabilitet i Europa. Vi ber dei partane som enno ikkje har oppfylt reduksjonsforpliktingane sine om å gjere dette så snart som mogeleg.
Vi merkjer oss med glede at ei samarbeidsløysing er oppnådd i flankespørsmålet. Dette er eit viktig steg for å sikre at avtalen vert fullt ut gjennomført og sikra vidare integritet. I denne samanhengen strekar vi under det viktige i full respekt for suvereniteten til dei involverte partane. Dette stadfester at grunnstrukturane i avtalen framleis er relevante, mellom anna prinsippet om soneavgrensingar. Vi ser fram til at dette vert gjennomført fullt ut og i rett tid.
Dei allierte ser med glede på at partane i avtalen er samde i å gå inn i diskusjonar med sikte på å definere rekkevidda og parametrane for ein prosess med sikte på å betre funksjonen til avtalen i eit skiftande miljø. Dei ser fram til å delta aktivt i dette arbeidet saman med dei andre partane, og tek sikte på å rapportere om første framdrift ved neste OSSE-toppmøte i Lisboa i desember 1996, mellom anna med tilrådingar om vegen framover.
25. Vi støttar alle tiltak for å slå ned terrorismen, ei verdsomspennande plage som er ei kjelde til stor uro for oss alle. Vi ser med glede på at merksemda og samarbeidet med omsyn til terrorisme har vore aukande sidan sist vi møttest, og merkjer oss med glede konklusjonane frå toppmøtet i Sharm-el-Sheikh og arbeidet som er gjort av det internasjonale samfunnet i dei relevante fora.
26. Vi er djupt takksame overfor regjeringa i Tyskland som har vore vertskap for dette møtet.
2.2 MØTE I DET NORDATLANTISKE RÅDET I FORSVARSMINISTERSESJON I BRUSSEL, 13. JUNI 1996
Sluttkommuniké
1. For første gong på 30 år møttest NATO-forsvarsministrar på Det nordatlantiske rådets nivå i Brussel den 13. juni 1996. Denne historiske hendinga stadfester den livsviktige rolla alliansen spelar som hovudfundament for stabilitet, tryggleik og samarbeid i det euro-atlantiske området. Vi møtest òg mens styrkar frå alliansen deltek i operasjon JOINT ENDEAVOUR, den største og mest komplekse operasjonen NATO nokon gong har teke på seg, eit oppdrag som skal vere med på å skape fred og stabilitet i Bosnia-Hercegovina. Kollektivt forsvar er framleis kjernefunksjonen til alliansen, men dagens utfordringar når det gjeld fred og stabilitet i Europa sett under eitt, er meir mangearta og komplekse enn dei NATO stod overfor i dei første fire tiåra. For å møte desse utfordringane treng vi styrkar, strukturar og prosedyrar som kan reagere effektivt på situasjonar som spenner frå kollektivt forsvar til krisehandtering og fredstrygging, og som kan medverke til å gje alliansen ei breiare tilnærming til tryggingsspørsmål.
2. Alliansen har gjort vidtrekkande endringar sidan 1990 når det gjeld å tilpasse seg til det nye tryggingsmiljøet. Vi har redusert styrkane og beredskapsnivåa våre mykje, og styrkane våre er reorganiserte i samsvar med Strategikonseptet for at dei skal kunne utføre oppdraga sine meir effektivt. Vedtaka som stats- og regjeringssjefane våre gjorde på møtet i januar 1994 var eit landemerke i prosessen med å vidareutvikle alle sider ved alliansen, mellom anna tilpassinga av prosedyrane og strukturane, relasjonane med partnarane og intensiveringa av innsatsen mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen.
3. Vi såg med stor glede på vedtaka som utanriksministrane i alliansen gjorde i Berlin den 3. juni for å føre vidare den pågåande tilpassinga av strukturane i alliansen. Vi godkjende og vil halde oppsyn med og føre vidare dei forsvarsmessige og militære sidene ved desse vedtaka. Vårt mål er å tilpasse alliansen for å sikre eit effektivt, verknadsfullt og fleksibelt NATO også i framtida, å gjere det i stand til å utføre alle sine oppdrag med alle allierte som deltakarar, basert på at vi er parat til å følgje opp felles tryggingssmåletjingar gjennom alliansen der det er mogeleg, og med deltaking frå alle allierte å byggje ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet (ESDI) innanfor NATO. Som forsvarsministrar er vi fast bestemte på å gjere vårt til å forme det nye NATO.
4. Vi såg med glede på godkjenninga av CJTF-konseptet (Combined Joint Task Forces), og merkte oss særleg at det vil bli lagt til rette for at alle allierte kan delta i CJTF-kjerner oppretta i alliansens hovudkvarter. Slike CJTF - fleirnasjonale formasjonar som kan utføre fleire oppgåver og som vert oppretta i konkrete naudsituasjonar - vil utgjere eit meir fleksibelt og effektivt middel til å setje alliansen i stand til å mønstre styrkar på kort varsel. CJTF-konseptet vil òg vere med på å betre samarbeidet med VEU. Det vil dessutan gjere det lettare for ikkje-medlemsland i NATO å delta i dei nye oppdraga til alliansen.
5. Vi påla NAC i permanent sesjon i samråd med dei militære NATO-styresmaktene å gå vidare med gjennomføringa av CJTF-konseptet, som ei prioritert oppgåve og på ein måte som alle allierte kan vere nøgde med, særleg dei delane som gjeld lokalisering, storleik, tal og struktur på CJTF-element ved hovudkvarter og driftsprosedyrar for desse, samstundes som ein tek omsyn til det pågåande arbeidet med den framtidige kommandostrukturen for NATO. Det bør her mellom anna leggjast til rette for at partnarar kan delta i CJTF på eit tidleg stadium. Det bør skje ei vidare samordning med VEU. Vi oppmoda Det permanente rådet om å rapportere om framgangen på vårt neste møte i desember. Vi vedtok at det som ein del av denne prosessen burde haldast ei øving så snart som mogeleg, basert på at ein CJTF vert utkommandert til ein NATO-leia beredskapsoperasjon. Vi inviterer òg VEU til å samarbeide med NATO om å førebu ei seinare CJTF-øving basert på ein VEU-leia operasjon.
6. Vi instruerte Militærkomiteen om snart å utarbeide mandat for ei kapasitetskoordineringscelle. Denne vil yte personellstøtte til militærkomiteen i saker som gjeld krisesituasjonar og assistere militærkomiteen i å gje planleggingsrettleiing til dei øverstkommanderande i NATO. Vi har òg instruert dei militære NATO-styresmaktene om å utarbeide mandat for ein planleggingsstab som skal stå for sentraliserte planleggingsfunksjonar for CJTF-hovudkvarter og samordning med alle aktuelle hovudkvarter, med styrkar som vil kunne gjere teneste under eit CJTF-hovudkvarter og med planleggingscella i VEU der det er aktuelt.
7. Eit nøkkelaspekt ved den pågåande tilpassinga av alliansen er gjennomgangen av kommandostrukturen i NATO. Vi såg med glede på den vedvarande framgangen i langtidsstudien til militækomiteen, særleg godkjenninga av militærkomiteen sitt reviderte direktiv for militær gjennomføring av alliansestrategien, som utgjer det konseptuelle grunnlaget for å føre vidare prosessen med å tilpasse den militære strukturen i alliansen.
8. Vi gav militærkomiteen pålegg om å halde fram arbeidet med langtidsstudien på grunnlag av vedtak som vart gjorde i Berlin. I dette vidare arbeidet bør det òg takast omsyn til behovet for ein enkelt, fleirnasjonal kommandostruktur som respekterer prinsippet om einskapleg kommando, der alle nasjonar bør ha ei tilpassa rolle, som er i stand til å utøve sin kjernefunksjon innanfor kollektivt forsvar og som gjennom fleksible og avtala prosedyrar kan ta på seg nye roller under dei skiftande tilhøva ved full utnytting av CJTF-konseptet; til behovet for å gjere NATO meir effektivt og fleksibelt; til vidare engasjement frå dei nordamerikanske allierte si side i heile kommando- og styrkestrukturen; til utvikling av ESDI innanfor alliansen med deltaking av alle europeiske allierte; til behovet for å kunne absorbere ei utviding utan større omstrukturering og til behovet for kostnadseffektivitet. Innsparingar bør ikkje vere einaste drivkrafta bak tilpassingane, men alt bør gjerast for å redusere driftsutgiftene. Det bør utviklast ordningar som gjev partnarland auka høve til deltaking. Vi bad Det permanente rådet gje ytterlegare politiske rettleiing dersom det trengst. Vi ser fram til rask framgang i fullføringa av denne oppgåva og har bede Det permanente rådet i samråd med dei militære styresmaktene i NATO om å leggje fram tilrådingar om mogelege hovudtrekk ved ein framtidig kommandostruktur og sentrale tilknytte spørsmål på det neste møtet vårt i desember.
9. Vi såg med glede på opprettinga av ei politisk koordineringsgruppe (PCG), som etter pålegg vil stå for politisk-militær rådgjeving til støtte for Rådet når det gjeld å ha hand om og sikre rettidig styring med alliansen sine militære operasjonar, særleg krisehandteringsoperasjonar. Gruppa vil òg gje råd i samband med politikk og prosedyrar i tilknyting til dette og bidra til Rådet sine avgjerder i andre saker av politisk-militær karakter i tilpassinga av alliansen.
10. Vi støttar den tildelinga av oppdrag til Det permanente rådet som går fram av paragraf 8 i kommunikeet frå forsvarsministermøtet i Berlin den 3. juni. Rådet bør føre nøye tilsyn med framdrifta i dette arbeidet, og rapportere med tilrådingar til vedtak også til oss på vårt neste møte. Vi bad Generalsekretæren leggje fram ein framdriftsrapport på det uformelle møtet vårt i Bergen 25.-26. september.
11. Vidare har vi, som ein del av NATO-bidraget til utviklinga av ESDI innanfor alliansen, gjeve våre faste representantar i oppdrag å gå gjennom forsvarsplanleggingsprosessen - i samråd med dei militære NATO-styresmaktene og med deltaking frå alle allierte - for å sikre at han også heretter utviklar dei styrkar og evner som trengst for å utføre alle alliansen sine oppdrag, og i tillegg er i stand til innanfor alliansen å støtte alle europeiske allierte i arbeidet med å leggje planar for gjennomføring av VEU-leia operasjonar. Dette arbeidet bør vere fullført i tide til at det kan vurderast på desembermøtet vårt.
12. Vi har bede Rådet føre tilsyn med arbeidet med langtidsstudien, gjennomføringa av CJTF-konseptet og tilpassinga av alliansen i samsvar med prinsippa som vart vedtekne i Berlin, mellom anna oppbygginga av ESDI innanfor alliansen med deltaking frå alle allierte, for å sikre at desse oppgåvene vert gjennomførte på ein rask, konsekvent og gjensidig kompatibel måte, og å rapportere til oss i desember.
13. Alliansen medverkar sterkt i den innsatsen det internasjonale samfunnet gjer for å skape fred i det tidlegare Jugoslavia ved å leie den internasjonale styrken (IFOR), som har som mandat å sikre at dei militære føresegnene i fredsavtalen vert oppfylte. Alle dei allierte og 16 ikkje-medlemsstatar i NATO samarbeider nært om å gjennomføre dette krevjande oppdraget. IFOR har streka under behovet for å utvide virkefeltet til PFP frå fredstrygging, humanitære operasjonar, leiting og berging til å omfatte alle alliansen sine nye oppdrag.
14. Vi rosar IFOR for resultata styrken har oppnådd. Denne komplekse operasjonen har alt gjort mykje for å etablere eit stabilt miljø der freden kan byggjast. Dette har vore mogeleg takk vere motet, dugleiken og offerviljen til styrkane frå alliansen og andre deltakarar i operasjonen. Vi hyllar den uegoistiske innsatsen til desse mennene og kvinnene, og profesjonaliteten og viljestyrken dei har vist. Vi stadfester vår tillit til at dei vil vere i stand til å utføre sine krevjande oppgåver. Vi uttrykkjer vår djupaste medkjensle med familiane til dei som har gjeve livet i freden si sak i Bosnia Hercegovina.
15. Vi diskuterte dei utfordringane IFOR kan ventast å bli stilt overfor under resten av mandatperioden. Den siste merkesteinen som var fastsett i det militære vedlegget til fredsavtalen var den 18. april (D+120). Det militære oppdraget til IFOR vil framleis vere svært viktig frå no av og fram til mandatet går ut. Vi ber partane oppfylle fredsavtalen fullt ut, og vil insistere på full etterleving av føresegnene i det militære vedlegget.
16. Vi merkte oss tilfreds at IFOR i aukande grad - så langt ressursane og behova i samband med det primære oppdraget tillet det - støttar dei sivile sidene ved fredsavtalen, mellom anna på område som gjennomføring av val, tilbakeføring av flyktningar og fordrivne personar og oppretthalding av lov og orden. Ved å sikre eit trygt miljø og fremje retten til å ferdast fritt vil IFOR dessutan gjere ein viktig innsats for å leggje tilhøva til rette for frie og rettferdige val. Vi vil òg halde fram med å støtte arbeidet til Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia. Pågriping av krigsforbrytarar og etterforsking av krigsbrotsverk er avgjerande for å skape rettferd og varig fred i Bosnia-Hercegovina.
17. Vi stadfeste at IFOR, på grunn av den store oppgåva styrken står framfor, vil ha om lag same styrkenivå som no ut september, då vala skal avviklast. Den samla kapasiteten vil vere uendra til mandatet går ut. Vi inviterte Det permanente rådet til å sikre at den militære planlegginga held fram i samsvar med dette.
18. Vi såg med glede at rustingskontroll utgjer eit stabilitetsfremjande element i det tidlegare Jugoslavia. Avtalen om tillits- og tryggingsskapande tiltak er eit lovande utgangspunkt for å fremje samarbeidsvilje og tillit mellom partane. Vi oppmoda dei aktuelle partane til å byggje vidare på dette og å sikre eit lågast mogeleg rustingsnivå som kan tryggje kvar part og stette behovet for å unngå eit rustingskappløp i regionen. Vi sa oss leie for at partane enno ikkje hadde inngått ein avtale om sub-regional rustingskontroll, og bad dei rydde all usemje av vegen og inngå den avtalen som er forhandla fram.
19. I samband med at admiral Leighton Smith snart går av, takkar vi for den uvurderlege innsatsen han har gjort som sjef for IFOR.
20. Forsvarsinnsatsen vår når det gjeld risikoane ved spreiing er ein integrert del av den pågåande tilpassinga av alliansen til det nye tryggingsmiljøet. Denne innsatsen vil òg spele ei viktig rolle i forbetringa av NATO-evnene og vil gje alliansen betre samla kapasitet til å gjennomføre alle sine pålagde oppdrag. Særleg innsåg vi behovet for å leggje større vekt på vern av utplasserte styrkar. Sjølv om førebygging er vårt fremste mål, er vi klar over at spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (NBC) og leveringsmiddel for slike våpen utgjer ein risiko for NATO og kan vere ein direkte militær trussel.
21. I denne samanhengen merkte vi oss med glede avslutninga av arbeidsprogrammet til Seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål (DGP) som det vart gjort opptakt til på toppmøtet i Brussel i 1994, og vi slutta oss til DGP sine tilrådingar for å auke alliansen si militær evne til å møte dei risikoane spreiing av NBC-våpen utgjer. Denne evna vil vere til støtte for NATO sine sentrale mål i arbeidet mot spreiing: å hindre at spreiing skjer eller å reversere spreiing med diplomatiske middel, å avskrekke frå bruk og å verne NATO sine territorium, befolkningar og styrkar mot NBC-angrep. Den monalege framgangen DGP har gjort dei to siste åra er eit solid fundament for vidare samarbeid mellom alle allierte - og med partnarar der det er aktuelt - om relevante forsvarsspørsmål i tilknyting til spreiing. Det er vedteke ein framskunda handlingsplan som omfattar ordningar for å definere nye styrkemål for dei aktuelle allierte. Vi ser fram til å motta oppfølgingsrapportar frå DGP og andre aktuelle NATO-organ om framdrifta i arbeidet med å styrkje dei allierte sine evner, mellom anna om utsikter for felles finansiering/innkjøp eller fleirnasjonal innsats og om vidare politikkutvikling.
22. Vi sa oss svært nøgde med utviklinga i Partnarskap for fred, som aukar tryggleiken og stabiliteten i det euro-atlantiske området. PFP vil spele ei uvurderleg rolle i å førebu nye medlemer på ansvaret og krava som tiltreding til alliansen inneber. PFP vil òg tene som eit middel til å styrkje relasjonane med partnarland som ikkje går med i alliansen med det første eller i det heile, og dermed hindre at det oppstår nye skiljeliner i Europa. Vi ser med glede på rapporten frå Rådet om forbetringar i partnarskapen, og vil spele ei aktiv rolle i å føre vidare dei forsvarsmessige og militære sidene ved desse forbetringane. Vi merkjer oss ansvaret vi har for å skaffe ressursar til partnarskapsprogramma, og oppmodar Det permanente rådet om å leggje fram tilrådingar som vi kan vurdere i desember for å sikre at det finst tilstrekkelege ressursar til å støtte utviklinga av partnarskapen.
23. Arbeidsprogrammet for partnarskapen for 1996 til 1998 representerer framfor alt ein markert auke i omfanget av og talet på PFP-aktivitetar, alle med den målsetjing å fremje forståinga mellom alliansen og partnarane og evna til - og vanen med - å handle saman til beste for freden. Vi ser det viktige i det aukande forsvarsrelaterte samarbeidet på område som sivil-militære relasjonar, forsvarsinnkjøp, luftforsvar, utvikling av forsvarspolitikk og sivil beredskapsplanlegging. Meir omfattande samarbeid på desse og andre område vil styrkje den politisk-militære karakteren i partnarskapen. Vi ser med glede at Austerrike har vedteke å ta del i planleggings- og revisjonsprosessen for PFP (PARP), og på den gode framgangen deltakarane i denne prosessen har gjort for å nå samvirkemåla.
24. Den direkte praktiske verdien av partnarskapen er blitt levande demonstrert under operasjonane i Bosnia-Hercegovina, der 12 partnarar samarbeider med allierte og andre ikkje-NATO-land i IFOR. Denne operasjonen har drege nytte av erfaringa og den auka samvirkeevna som er opparbeidd gjennom PFP-aktivitetar, særleg fellesøvingar og PARP.
25. Vi var samde om behovet for å utdjupe og utvide PFP-programmet og PARP vidare. Vi vil vurdere vidare steg i den lei i lys av erfaringane med IFOR, mellom anna i kva grad samvirkemålsetjingar for partnarar bør tilpassast for å dekkje alle alliansens nye oppdrag. Vi vil gje partnarane auka høve til å ta større ansvar i utforminga av samarbeidsprogram der partnarar i større grad vert engasjerte i innsatsen for å fremje tryggleik gjennom regionalt samarbeid. Vi gav dei faste representantane våre i oppgåve å sjå på og leggje fram konkrete forslag til møtet vårt i desember. I så måte ser vi med glede på og støttar forslaget om ei felles, fortløpande evaluering partnarane og dei allierte imellom av lærdom som kan dragast av det politiske og militære samarbeidet i IFOR, med sikte på å bruke denne lærdomen til å styrkje PFP.
26. Vi sa oss på nytt forplikta til å opne NATO for nye medlemer, slik det vart gjort opptakt til på møtet mellom stats- og regjeringssjefane i NATO i januar 1994. Den intensiverte dialogen med interesserte partnarar som no er i gang, er eit viktig steg i denne prosessen. Vi såg med glede på framdrifta til dags dato i denne dialogen, og ventar at han vil halde fram på ein måte som gjer at partnarane får ei betre forståing av konkrete og praktiske detaljar ved medlemsskap i alliansen, og at NATO får vite meir om kva einskilde partnarar kan bidra med.
27. Vi merkte oss den førebels rapporten frå Generalsekretæren om dei indre tilpassingane som krevst for at alliansen framleis skal vere effektiv ved ei utviding. Vi var samde om det vil vere viktig i dette arbeidet å ta omsyn til andre sider ved den indre tilpassinga av alliansen. Vi ser fram til å vurdere framgangen på dette området på vårt neste møte.
28. Utviklinga ein stabil og varig partnarskap mellom NATO og eit så tungt og viktig land som Russland er vesentleg for tryggleiken i det euro-atlantiske området. Vi ser med glede på dei viktige stega som til no er tekne innanfor konsultasjonar og samarbeid mellom NATO og Russland, og ynskjer å utvide omfanget av desse og utdjupe relasjonane med Russland både på politisk og militært nivå, basert på både multilateral og nasjonalt støtta verksemd. Vi minte om framlegga som alliansen gjorde i september i fjor om ein forbetra dialog og om ei politisk ramme som skulle vere rettesnor for tryggingssamarbeidet og konsultasjonane mellom oss, og vil ville sjå med glede på utviklinga av permanente mekanismar for politiske konsultasjonar. Vi ser fram til diskusjonane vil skal ha med Russland i morgon.
29. Samarbeidet mellom alliansen og Russland i IFOR har særleg vore verdt å merkje seg. For å fremje målsetjinga vår om styrkte kontaktar mellom alliansen og dei russiske militærstyresmaktene har vi gjeve Det permanente rådet i oppgåve å utstyre dei militære NATO-styresmaktene med mandat til å vurdere korleis ein kan byggje vidare på røynslene med nært og meiningsfylt samarbeid i IFOR-operasjonen, mellom anna med tanke på eit permanent liaison-kontor liknande det som vart oppretta for IFOR. Slikt samarbeid kan tene som katalysator for vidare utvikling av den typen forhold mellom NATO og Russland som vi søkjer - grunnlagt på gjensidig respekt, tillit og venskap.
30. Vi legg stor vekt på alliansen sine relasjonar med Ukraina. Vi er overtydde om at eit uavhengig, demokratisk og stabilt Ukraina har ei viktig rolle å spele når det gjeld å styrkje stabiliteten i Europa. Vi var svært nøgde med å merkje oss at alle kjernefysiske våpen no er overførte frå ukrainsk territorium for demontering. Utviklinga av det forbetra tilhøvet som det var semje om i fjor, er i gang. Vi er nøgde med Ukraina si aktive deltaking i Partnarskap for fred, og Ukraina gjer ein verdifull innsats i operasjon JOINT ENDEAVOUR. Vi ville sjå med glede på endå nærare samarbeid. Vi ser med glede på Ukraina sitt engasjement i bilaterale og regionale samarbeidstiltak som den polsk-ukrainske fredstryggingbataljonen og øvinga Peace Shield som vart halden nyleg.
31. Vi ser med glede på framgangen i den politiske dialogen med fleire av landa ved Middelhavet og aktivitetsprogrammet som er vedteke innanfor desse rammene. Vi er overtydde om at denne dialogen med middelhavslanda, som i dag omfattar Egypt, Israel, Jordan, Mauritania, Marokko og Tunisia, medverkar til betre gjensidig forståing med sikte på å skape stabilitet i regionen. Vi vil for vår del gå inn for å støtte den vidare utviklinga av denne dialogen.
32. Vi såg med glede på det positive utfallet av tilsynskonferansen for CFE som nyleg vart halden i Wien, der alle dei 30 CFE-statane på nytt sa seg forplikta til å verne om integriteten til avtalen som basis for stabilitet og tryggleik i Europa og til full gjennomføring av avtalen. Vi merkjer oss med glede at det gjennom samarbeid er funne ei løysing på flankespørsmålet, og stadfester på nytt at dei grunnleggjande strukturane i avtalen, mellom anna prinsippet om soneavgrensingar, framleis er relevante. Vi ser no fram til at avtalen vert gjennomført fullt ut og i rett tid, og strekar samstundes under verdien av full respekt for suvereniteten til dei involverte partane. Vi såg med glede på semja som partane er komne fram til om å gå inn i diskusjonar med sikte på å definere omfanget og parametrane for ein prosess med sikte på å betre funksjonen til avtalen i eit miljø i endring. Vi oppmuntra alle deltakarane til å arbeide saman med dette som mål, samstundes som det vart understreka kor viktig det er at alle pålegg etter avtalen og tilknytte dokument fullt ut vert oppfylte som eit bidrag til eit vedvarande godt tilhøve mellom partane.
33. Aktivitetane i alliansen må vere støtta av tilstrekkelege ressursar. Prosessen med fundamentale endringar i alliansen, som omfattar både nye initiativ og den tradisjonelle oppgåva med felles forsvar, har stilt nye krav, slik også behovet for å skaffe ressursar til NATO-delen av den fellesfinansierte operasjon JOINT ENDEAVOUR har gjort. Det er vår faste vilje å sikre at tilstrekkelege menneskelege og økonomiske ressursar er tilgjengelege for desse viktige programma, slik at den nødvendige fleksibiliteten og effektiviteten i alliansen og samarbeidet med partnarane våre kan haldast ved lag i framtida. Dette målet vil bli lettare å nå om det vert utvikla oppdaterte, tilpassa og kostnadseffektive strukturar og streng prioritering.
34. Materiellsamarbeidet i NATO spelar framleis ei viktig rolle i den nasjonale innsatsen for å oppfylle dei aukande militære behova til alliansen. Særleg har Konferansen av nasjonale materielldirektørar (CNAD) siste året medverka til å førebu alliansestyrkane for eit utvida spekter av oppdrag ved å ta hand om dei utstyrsmessige implikasjonane av fredstryggingoperasjonar og den forsvarsinnsatsen mot spreiing som NATO driv. Aktivitetane til CNAD har òg vore eit viktig bidrag til PFP. Dette møtet i Rådet merkte seg årsrapporten frå CNAD, og vi aktar i framtida å gje kollektiv rettleiing om vegen framover for materiellsamarbeidet i NATO. Vi støttar framleis arbeidet med å utvikle og skaffe ei bakkeovervakingsevne for alliansen (AGS), nemleg ein minimums NATO-eig og NATO-driven kjernekapasitet supplert av samverkande nasjonale aktiva; her må det til dømes takast omsyn til behovet for overkommelege prisar og kostnadseffektivitet og nasjonale planleggings- og budsjettprosessar. Vi merkjer oss at dei militære NATO-styresmaktene er i ferd med å utgreie prioriteten, tidsperspektivet og det rasjonelle grunnlaget for denne AGS-evna.
35. Alliansen har gått inn i ein ny fase i si historie. Med dei vidtrekkande endringane som er sette i gang, står eit nytt NATO fram med fornya styrkar, strukturar og prosedyrar. Med grunnlag som før i ein fast transatlantisk partnarskap vil det òg støtte utviklinga av ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet innanfor alliansen med deltaking av alle dei europeiske allierte. Men det grunnleggjande føremålet med alliansen vil vere uendra: å sikre tryggleiken til medlemene og å yte eit uvurderleg bidrag til internasjonal fred, tryggleik og stabilitet.
2.3 MINISTERMØTE I FORSVARSPLANLEGGINGSKOMITEEN OG DEN KJERNEFYSISKE PLANLEGGINGSGRUPPA I BRUSSEL, 13. JUNI 1996
Sluttkommuniké
1. Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Det nordatlantiske forsvarssambandet var samla til ministermøte i Brussel den 13. juni.
2. Vi legg stor vekt på det første møtet i Det nordatlantiske rådet i forsvarsministersesjon, som vert halde seinare i dag med alle dei 16 NATO-nasjonane representerte. Vi sa oss på nytt forplikta til kollektiv forsvarsplanlegging som eit vesentleg element i alliansen. Vi vil halde fram med å utvikle ei forsvarsplanlegging i alliansen er med på å tilpasse dei militære evnene våre til å ta på oss alle alliansen sine oppdrag.
3. Effektiviteten i gjennomføringa av operasjon JOINT ENDEAVOUR har understreka fordelane ved langvarig og nært samarbeid som ein viktig medverkande faktor til samhald og militær effektivitet i alliansen. Vi rosa den snare og effektive mønstringa og utplasseringa av NATO-styrkar til Bosnia-Hercegovina og Kroatia etter at FN gav mandat til opprettinga av den fleirnasjonale styrken (IFOR). Vi merkte oss òg med glede den viktige rolla Partnarskap for fred (PFP) har spela i operasjonen ved å gjere det lettare å integrere dei mange styrkane frå partnarland utanfor NATO.
4. Hendingane i det tidlegare Jugoslavia og andre stader har understreka at alliansen må vere førebudd på alle sine oppdrag. Vi er difor fast bestemte på å sikre at dei individuelle og kollektive militære evnene vi rår over er tilstrekkeleg førebudde til å utføre desse oppdraga, og vil her dra lærdom av røynslene med IFOR. I denne samanhengen forplikta vi oss til å styrkje det transatlantiske sambandet som eit uunnverleg element i trygginga av Europa, og sa oss på nytt forplikta til å støtte opp om ein meir einsarta og effektiv innsats frå alle europeiske allierte i dei oppdrag og aktivitetar alliansen tek på seg.
5. Styrkane til alliansen er monaleg reduserte og nyorienterte sidan slutten på den kalde krigen, i samsvar med retningslinene som vart skisserte i strategikonseptet. Tilpassinga av styrkeoppsettet vil halde fram som svar på dei endra strategiske tilhøva. Styrkeplanleggingssystemet i alliansen vil ha ei viktig rolle i denne prosessen. På bakgrunn av dette vedtok vi eit nytt sett styrkemål til hjelp i den vidare planlegginga av styrkar og evner. Vi var samde om at nasjonane bør søkje å tilpasse styrkeplanane og prioriteringane sine for å oppfylle desse.
6. I styrkemåla av i år er det lagt større vekt enn tidlegare på evner som trengst i alle alliansen sine oppgåver, også i nye oppdrag. Det vart særleg lagt vekt på forbetringar i alliansen si evne til å flytte styrkane sine innanfor og mellom krigsskodeplassane og å støtte dei så lenge dei er utplasserte. Slike evner er avgjerande både for det kollektive forsvaret i alliansen og for nye oppdrag der det krevst fleksibel utplassering i samband med forsvar, fredstrygging og krisehandtering og evne til å motverke risikoane ved spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. På grunnlag av arbeidet til seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål har vi gjeve pålegg om at nye styrkemål skal utarbeidast og leggjast fram for oss for godkjenning i desember, med sikte på å kunne førebyggje desse risikoane meir effektivt.
7. Forsvarsplanlegging spelar ei sentral rolle i tilpassinga av dei militære evnene til alliansen. Vi hadde difor ein første diskusjon om Ministerrettleiing 1997, som vil tene som rettesnor for utarbeidinga av dette neste større elementet i planleggingsprosessen. Vi vil sjå på framdrifta i dette arbeidet på neste møte.
8. Vi stadfester at grunntanken bak dei kjernefysiske styrkane i NATO er politisk: å verne om freden og hindre tvang. Som følgje av endringane i tryggingsmiljøet i Europa er dei kjernefysiske NATO-styrkane monaleg reduserte, dei er ikkje lenger sikta inn mot nokon og beredskapen til dei kombinerte strategisk/konvensjonelle NATO-flya er nyleg endra. Vi gav på nytt uttrykk for at vi vurderer NATOs noverande kjernefysiske status som tilstrekkeleg til å stette alliansen sine behov så langt framover som vi kan sjå. Her stadfester vi at kjernefysiske styrkar framleis fyller ei uunnverleg og unik rolle i alliansestrategien, og at nærværet av amerikanske kjernefysiske styrkar med base i Europa og som er forplikta overfor NATO, utgjer ei vesentleg og varig politisk og militær tilknyting mellom dei europeiske og nordamerikanske medlemene i alliansen.
9. Vi såg med glede på USA sin ratifikasjon av START II som eit viktig steg mot ein ytterlegare rimeleg reduksjon i strategiske kjernefysiske system, og oppmodar Den russiske føderasjonen om å ratifisere avtalen så snart som mogeleg. Gjennomføring av START II vil vere til beste for alle land medrekna Russland, auke den strategiske stabiliteten ved å fjerne spor etter tidlegare kjernefysisk konfrontasjon og bane veg for mogelege vidare reduksjonar. Vi gav på nytt uttrykk for støtte til den bistanden fleire NATO-land har ytt i samband med fjerning og demontering av masseøydeleggingsvåpen i Russland, Ukraina, Kviterussland og Kasakhstan. I denne samanhengen såg vi med glede på kunngjeringa som nyleg kom om at alle kjernefysiske våpen er overførte frå ukrainsk territorium for demontering, i samsvar med trepartserklæringa som USA, Russland og Ukraina underteikna i Moskva i januar 1994.
10. Vi gav uttrykk for full støtte til ei snarleg semje om ein universell, verifiserbar og ufråvikeleg avtale om totalforbod mot prøvesprengingar (CTBT). Vi såg med glede på planane som vart framlagde av USA og Storbritannia for å sikre at dei kjernefysiske våpna deira vil vere trygge og pålitelege etter ein prøvestansavtale.
2.4 MINISTERMØTE I DET NORDATLANTISKE RÅDET I BRUSSEL, 10. DESEMBER 1996
Sluttkommuniké
1. Når vi ser framover, er det nye NATO i ferd med å ta form og speglar dei grunnleggjande endringane i tryggingsmiljøet i Europa og den vedvarande vitaliteten i den transatlantiske partnarskapen, som er grunnlaget for innsatsen vår. Den breie visjonen av dette nye NATO og den rolla det skal ha i utviklinga av ein ny europeisk tryggingsarkitektur, vart sett fram på toppmøtet i Brussel i 1994 og nærare definert på siste møtet vårt i Berlin. Tilpassinga og reformene innanfor alliansen er godt i gang. Vi vil føre denne prosessen vidare i dag.
Alliansen er fast bestemt på å ta vare på sin politiske og militære styrke og sikre evna til å utføre heile sitt spekter av oppdrag - slik IFOR og den planlagde etterfølgjaren SFOR i Bosnia-Hercegovina klart viser. Vi har lagt fram ei eiga erklæring om dette. Alliansen vil halde fram med å styrkje tryggleiken i Europa ved å ta vare på evna til kollektivt forsvar, opptak av nye medlemer, utviding og styrking av samarbeidsrelasjonane med alle partnarar, mellom anna oppbygging av ein sterk tryggingspartnarskap med Russland og eit distinkt tilhøve til Ukraina, og til å realisere den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen.
Utviklinga av alliansen er i tråd med målsetjinga vår om å vere med på å byggje opp ein ekte samarbeidsbasert tryggingsstruktur i Europa. Som eit bidrag til dette ser vi dei viktige vedtaka som vart gjorde på OSSE-toppmøtet som nyleg vart halde i Lisboa, og vedtaket til partane i CFE-avtalen om å opne forhandlingar tidleg i 1997 med sikte på å tilpasse avtalen i takt med endringane i tryggingsmiljøet i Europa.
2. På bakgrunn av dette har vi vedteke å rå stats- og regjeringssjefane våre til å samlast til eit toppmøte i Madrid 8./9. juli 1997 for å stake ut kursen for alliansen på vegen inn i det 21. hundreåret, og å konsolidere den euro-atlantiske tryggleiken. For å nå dette målet vil det innan toppmøtet måtte takast viktige avgjerder når det gjeld den indre tilpassinga av NATO, opninga av alliansen og evna til å utføre alle nye roller og oppdrag. Saklista for toppmøtet vil omfatte følgjande:
å komme til semje om ein ny kommandostruktur som gjer at alle allierte kan delta fullt ut, og å gå vidare i gjennomføringa av CJTF-konseptet for å setje alliansen betre i stand til å utføre alle sine oppdrag og samstundes ta vare på evna til kollektivt forsvar, basert på ein sterk transatlantisk partnarskap;
å fullføre alle nødvendige førebuingar til den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor NATO på ein måte som alle allierte kan vere nøgde med, noko som vil gjere det mogeleg å førebu og gjennomføre VEU-leia operasjonar med deltaking av alle europeiske allierte dersom dei ynskjer det;
å invitere eitt eller fleire av landa som har sagt seg interesserte i å bli med i alliansen til å gå inn i medlemskapsforhandlingar;
å forsikre at alliansen vil vere open for nye medlemer og parat til å føre konsultasjonar med andre nasjonar som søkjer NATO-medlemskap, slik han har vore tidlegare;
å styrkje samarbeidsrealsjonane med alle partnarane våre, mellom anna gjennom ein forbetra Parnarskap for fred (PFP) og initiativet om å etablere eit atlantisk partnarskapsråd;
å intensivere og konsolidere relasjonane med Russland utover Partnarskap for fred ved å gå inn for å snarast å oppnå ein avtale om utvikling av ein sterk, stabil og varig tryggingspartnarskap;
å vidareutvikle eit betre tilhøve til Ukraina;
å styrkje dialogen med middelhavslanda;
å vidareutvikle evna til å utføre våre nye roller og oppdrag i samband med konfliktførebygging og krisehandtering; og
å styrkje ytterlegare den politiske og forsvarsmessige innsatsen mot spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen.
3. Vi ser med glede på avgjerda til den spanske regjeringa, som vart vedteken av den spanske nasjonalforsamlinga den 14. november 1996, om å treffe dei tiltak som trengst for å delta i den nye alliansestrukturen. Spansk deltaking vil ytterlegare styrkje samhaldet og den militære effektiviteten i alliansen når han tek på seg nye roller og oppdrag, forsterke det transatlantiske sambandet og bidra til å utvikle ESDI innanfor alliansen.
4. Stabilitet og tryggleik i heile det euro-atlantiske området er vårt primære mål. Vi ynskjer å vere med på å byggje opp samarbeidsbaserte europeiske tryggingsstrukturar som strekkjer seg til land over heile Europa utan å ekskludere nokon eller skape skiljeliner. Vedtak som nyleg vart gjorde på OSSE-toppmøtet i Lisboa om europeisk tryggingssamarbeid og vedtaket om å tilpasse CFE-avtalen til det nye europeiske tryggingsmiljøet dannar eit samarbeidsgrunnlag for vår felles tryggleik. Alliansen har for sin del utvikla eit breitt mønster for intensivt samarbeid med partnarland i Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC) og PFP og med andre internasjonale organisasjonar, og medverkar dermed til tryggleik og stabilitet i det euro-atlantiske området. Med same siktemål arbeider vi no for å opne alliansen for nye medlemer; å utvikle stadig tettare og djupare samarbeidsband med alle partnarland som ynskjer det; å byggje ein sterk, stabil og varig tryggingspartnarskap med Russland; å styrkje tilhøvet vårt til Ukraina og å forbetre dialogen med Middelhavslanda.
5. Vi stadfester at dei kjernefysiske styrkane til dei allierte framleis spelar ei unik og avgjerande rolle i alliansen sin krigsførebyggjande strategi. Det vil bli venta at nye medlemer, som vil bli fulle medlemer i alliansen på alle måtar, vil støtte avskrekkingskonseptet og den vesentlege rolla kjernefysiske våpen spelar i strategien for alliansen. Utviding av alliansen vil ikkje krevje endring av NATOs noverande kjernefysiske status, og difor har NATO-landa ingen tanke om, ingen planar og ingen grunn til å endre nokon del av NATOs kjernefysiske status eller politikk - og vi ser ikkje noko behov for å gjere dette i framtida.
6. Fleire land har lenge aspirert til full medlemskap i alliansen, og har gjort intensive og vidtrekkande førebuingar og reformer med tanke på å nå dette målet. Vi er no i stand til å tilrå for stats- og regjeringssjefane våre at eitt eller fleire land som har delteke i den intensiverte dialogen, vert inviterte til toppmøtet neste år for å starte tiltredingsforhandlingar med alliansen. Målet vårt er å ønskje den eller dei nye medlemene velkomne innan 50-årsjubileet for NATO i 1999. Vi forsikrar at alliansen vil vere open for tiltreding av nye medlemer i samsvar med artikkel 10 i Washington-traktaten. Vi vil vere parat til å føre konsultasjonar med nasjonar som søkjer NATO-medlemskap, slik vi har gjort tidlegare.
Vi er nøgde med den intensiverte, individuelle dialogen som alliansen har ført heile dette året med interesserte partnarar. Denne dialogen har gjeve dei betre forståing av konkrete og praktiske detaljar ved arbeidsmåten til alliansen. Alliansen har på si side fått ei betre forståing for kvar desse landa står i si interne utvikling og i løysinga av eventuelle utanriksspørsmål med naboland. Vi har gjeve Det permanente rådet i oppgåve å utarbeide omfattande tilrådingar til vedtak som vert å fatte på toppmøtet om kva for eitt eller nokre land som skal inviterast til å starte tiltredingsforhandlingar. Prosessen bør omfatte:
ein intensivert dialog med interesserte partnarland, mellom anna i 16 + 1-format, slik det passar;
analyse av dei relevante faktorane i tilknyting til opptak av potensielle nye medlemer, på grunnlag av vidare politisk rettleiing som vil bli utarbeidd av Det permanente rådet;
utarbeiding av tilrådingar om kva tilpassingar av strukturane i alliansen som er nødvendige for å integrere nye medlemer i alliansen;
utarbeiding av ein plan for å gjennomføre tiltredingssamtalane med ein eller fleire nye medlemer.
7. Vi ser fram til møtet i NACC i morgon, som markerer femårsjubileet for organisasjonen. NACC har opp gjennom åra gjeve oss eit verdifullt høve til å rådføre oss regelmessig med partnarane våre i politiske saker og tryggingsspørsmål. Gjennom NACC og Partnarskap for fred har vi lukkast i å utvikle felles tilnærmingsmåtar til europeisk tryggleik, og ført NACC-landa nærare saman i ei ånd av samarbeid og felles engasjement for europeisk tryggleik. Vi er forplikta til å sikre at NACC sine målsetjingar om auka innsyn og tillit mellom medlemsstatane i tryggingsspørsmål vert ståande sentralt i det framtidige samarbeidet. For å dra størst mogeleg fordel av NACC-møta, vil vi gå i retning av ei vidare utdjuping av den politiske dialogen og auka fokus på denne.
8. Vi er nøgde med den dynamiske utviklinga i Partnarskap for fred og den rolla partnarskapen spelar i oppbygginga av det europeiske tryggingssamarbeidet. Partnarskap for fred vil halde fram som eit permanent element i samarbeidet om å fremje utviklinga av eit meir stabilt europeisk tryggingsområde, og vil, saman med dei partnarane som søkjer å bli med i NATO, gjere det lettare for desse å ta på seg det ansvaret medlemskap i alliansen medfører. Det er gjort store framsteg i å auke omfanget og substansen i partnarskapssamarbeidet, særleg gjennom det veksande spekteret av øvingar, utvidinga og fordjupinga av planleggings- og revisjonsprosessen for PFP, intensiveringa av arbeidet med sivil-militære relasjonar og sivil beredskapsplanlegging og katastrofehjelp. I den pågåande IFOR-operasjonen, der 13 partnarland samarbeider med væpna styrkar frå alliansen, har Partnarskap for fred prova sin verdi både med omsyn til politisk engasjement for felles krisehandtering og militært samvirke.
På grunnlag av innsyn ynskjer vi å utvikle eit stadig tettare og djupare samarbeid som er ope for alle partnarland ved å gjere partnarskapen meir operasjonell, styrkje det politiske konsultasjonselementet idet det vert teke fullt omsyn til dei respektive aktivitetane til OSSE og dei aktuelle europeiske institusjonane som VEU og EU, og å involvere partnarane meir i operasjonsplanlegginga og i vedtaksprosessen for PFP. For å oppnå dette har alliansen oppretta ei seniornivågruppe som innan toppmøtet skal utvikle ein klart styrkt og dermed meir attraktiv Partnarskap for fred. Vi har motteke ein mellombels rapport om det pågåande arbeidet og er samde om at det straks bør setjast i gang arbeid for å gjennomføre tilrådingane i denne. Av desse kan nemnast:
å forbetre den politiske dimensjonen ved Partnarskap for fred gjennom aukande høve til politiske konsultasjonar;
å utvide dei avtala områda for militære oppdrag innanfor PFP til å omfatte heile spekteret av nye oppdrag for alliansen der det høver, mellom anna fredsstøtteoperasjonar i tillegg til tidlegare avtala område;
å utvide øvingsprogrammet for NATO/PFP i samsvar med det utvida virkeområdet til partnarskapen;
å setje partnarland i stand til å delta i planlegging og utføring av PFP-aktivitetar (øvingar og operasjonar);
å engasjere partnarane meir substansielt og effektivt i PFP-relaterte delar av det regulære fredstidsarbeidet til dei militære NATO-styresmaktene;
å gje partnarar som blir med i framtidige NATO-leia PFP-operasjonar passande høve til å bidra med politisk rettleiing om oppsyn med slike operasjonar, idet ein utnyttar erfaringane som er vunne gjennom operasjon Joint Endeavour;
å vurdere, saman med partnarar, korleis det kan utarbeidast ei politisk-militær ramme for PFP-operasjonane, basert på det noverande arbeidet til den politisk-militære styringskomiteen;
å auke partnardeltakinga i vedtaksprosessen for spørsmål som gjeld PFP-program;
å auke det regionale samarbeidet innanfor partnarskapen, føresett at det forblir ope for alle partnarar og forblir ein integrert del av det samla PFP;
å utvide planleggings- og revisjonsprosessen; og
å tilby partnarar høve til å opprette diplomatiske delegasjonar hos NATO, så snart Brusselavtalen om status for tredjelands delegasjonar og representantar hos NATO tek til å gjelde.
Vi har gjeve Det permanente rådet i oppgåve å sikre gjennomføring av desse tilrådingane snarast og å halde fram arbeidet med forbetring av Partnarskap for fred, og dessutan å gå gjennom dei felles finansierings- og ressursimplikasjonane ved partnarskapen, med sikte på å leggje fram ein ny rapport frå seniornivågruppa med tilrådingar til vedtak under ministermøtet til våren.
9. Med den raske veksten i aktivitetane både innanfor NACC og PFP, har vi konstatert eit behov for større samanheng i samarbeidet vårt innanfor ei ramme som vil etablere ein meir meiningsfylt og produktiv samarbeids- og konsultasjonsprosess med partnarane, basert på dei elementa ved NACC og PFP som vi og partnarane våre ser som mest verdifulle. For å oppnå dette har vi avtala å samarbeide med partnarar om eit initiativ for å etablere eit atlantisk partnarskapsråd (APC), ein enkeltståande, ny samarbeidsmekanisme som vil utgjere ei ramme for auka innsats både i praktisk PFP-samarbeid og i ein utvida politisk partnarskapsdimensjon. Vi har difor gjeve Det permanente rådet i oppdrag å skissere nærare reglar for eit slikt råd i nært samarbeid med partnarar innan vårt neste møte.
10. Vi stadfester vår støtte til den politiske og økonomiske reformprosessen i Den russiske føderasjonen. Vi ser med glede på presidentvalet i Russland, som er eit landemerke. Vi rosar framgangen i retning av ei varig, fredeleg løysing på konflikten i Tsjetsjenia.
Ein brei integrasjons- og samarbeidsprosess er i gang i Europa; Russland er ein del av denne gjennom medlemskapen i OSSE og Europarådet, gjennom tilhøvet til NATO og til Den europeiske unionen og VEU. Konsultasjonsmønsteret som er forankra i dei regulære «16+1»-diskusjonane våre, utgjer eit solid fundament å byggje vidare på. Vi ser med glede på Russlands deltaking i Partnarskap for fred og oppmuntrar landet til å dra full nytte av partnarskapen.
Vi verdset det nære og effektive samarbeidet mellom Russland og NATO i IFOR. Dette samarbeidet demonstrerer at NATO og Russland kan samarbeide effektivt i oppbygginga av samarbeidsbaserte tryggingsstrukturar i Europa. Vi set pris på og helsar velkommen Russlands vilje til å medverke til ein oppfølgingsoperasjon for å konsolidere freden i Bosnia-Hercegovina. Vi ser fram til å føre vidare det nære samarbeidet, som vi trur vil ha ein varig, positiv verknad på tilhøvet mellom oss.
I dag seier vi oss på ny forplikta til ein sterk, stabil og varig tryggingspartnarskap mellom NATO og Russland. Denne partnarskapen viser at tryggingssituasjonen i Europa har gått inn i ein fundamentalt ny og meir lovande fase. Dette utgjer eit viktig element i den framveksande europeiske tryggingsarkitekturen med grunnlag i samarbeid, som Russland kan yte eit vesentleg bidrag til. Det vil styrkje stabiliteten og tryggleiken i det euro-atlantiske området ytterlegare. Innan toppmøtet tek vi sikte på å oppnå semje med Den russiske føderasjonen om ordningar som kan utdjupe og utvide det noverande tilhøvet vårt og danne ei ramme for den vidare utviklinga av dette. Vi ynskjer å sikre at NATO og Russland har eit sterkt, fleksibelt hjelpemiddel til konsultasjonar og samarbeid som ein del av tilhøvet som no utviklar seg mellom oss. Semje om dette kan komme til uttrykk i eit dokument eller ha form av eit charter, som kan omfatte:
dei felles prinsippa som vil danne grunnlaget for tilhøvet mellom oss;
eit breitt sett av sektorar for praktisk samarbeid, særleg områda politikk, militære saker, økonomi, miljø, vitskap, fredstrygging, materiell, ikkje-spreiing, rustingskontroll og sivil beredskapsplanlegging;
mekanismar for regulære og ad-hoc-konsultasjonar; og
mekanismar for militær liaison-verksemd og samarbeid.
Vi gjev difor Det permanente rådet i oppgåve å utarbeide vidare retningsliner i desse sakene, som kan tene som grunnlag for Generalsekretæren til å sjå nærare på utsiktene til ei slik semje saman med Russland.
11. Vi støttar framleis Ukraina på vegen mot å bli ein demokratisk nasjon med marknadsøkonomi. Vern om sjølvstendet, den territorielle integriteten og suvereniteten til Ukraina er ein avgjerande faktor for stabilitet og tryggleik i Europa. At Ukraina utviklar eit sterkt og varig tilhøve til NATO er ein viktig del av den framveksande europeiske tryggingsarkitekturen. Vi set stor pris på Ukrainas aktive deltaking i Partnarskap for fred og ser fram til øvinga ved Lvov neste år. Vi set òg pris på samarbeidet mellom Ukraina og europeiske institusjonar som EU og VEU. Ukraina har ytt eit viktig bidrag til IFOR og UNTEAS, og vi ser med glede at landet forpliktar seg til å bidra til ein oppfølgingsoperasjon for å konsolidere freden i Bosnia-Hercegovina.
Vi ser med glede at det breie samarbeidet vårt utover PFP utviklar seg vidare. Vi merkjer oss med glede møtet som nyleg vart halde mellom alliansen og Ukraina for å drøfte spørsmål i tilknyting til spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Vi ser med glede på framgangen i arbeidet med å etablere eit NATO-informasjonskontor i Kiev, og ser fram til at det opnar om kort tid. Vi ser med glede på den aktive interessa Ukraina viser når det gjeld å forbetre relasjonane med alliansen ytterlegare. Vi er forplikta til å utvikle eit distinkt og effektivt tilhøve mellom Ukraina og NATO i månadene som kjem, både gjennom konsultasjonar på høgt nivå og elles; dette vil kunne formaliserast, kanskje innan toppmøtet, idet ein byggjer på dokumentet om styrkte relasjonar mellom NATO og Ukraina som vart avtala i september 1995 og samstundes tek omsyn til nyare framlegg frå Ukraina.
12. Vi støttar fredsprosessen i Midtausten, og oppmodar alle partar om å stå fast ved det dei har forplikta seg til i samband med denne.
Vi seier oss på nytt overtydde om at tryggleiken i Europa er nært knytt til tryggleiken og stabiliteten i Middelhavsområdet, og at middelhavsdimensjonen såleis er ein av dei mange komponentane i den europeiske tryggingsarkitekturen. I denne samanhengen vil vi som ein del av tilpassinga av alliansen arbeide for betre relasjonar med ikkje-NATO-land i middelhavsområdet gjennom dialogen vår.
Denne dialogen utfyller innsatsen som vert gjort i andre internasjonale fora, mellom anna Barcelona-prosessen, OSSE og VEU, utan å skape noka arbeidsdeling. Vi ser med glede på rapporten frå Det permanente rådet om framdrifta i og tilrådingane til vidare tiltak for å utvikle dialogen med middelhavsland gjennom politisk dialog, og andre aktivitetar som det er semje om i alliansen. Egypt, Israel, Jordan, Mauritania, Marokko og Tunisia har på ny sagt seg interesserte i ei utvikling av tilhøvet til oss. Vi har vedteke å styrkje middelhavsdialogen gradvis, og har gjeve Det permanente rådet i oppgåve å rapportere på det neste møtet vårt om gjennomføringa av aktivitetane som rapporten legg opp til og om utsiktene for vidare utvikling.
13. Vi fører vidare prosessen med indre tilpassing av alliansen med det grunnleggjande målet å sikre den militære effektiviteten, halde ved lag det transatlantiske sambandet og å utvikle ESDI innanfor NATO. I tråd med vedtaka som vart gjorde av stats- og regjeringssjefane i NATO på toppmøtet i 1994 og av ministermøta i Berlin og Brussel i juni i år, og med sikte på å førebu oss til toppmøtet neste år, har vi primært fokusert på tre nært tilknytte spørsmål: utviklinga av ein ny kommandostruktur for alliansen, gjennomføringa av CJTF-konseptet og utviklinga av ESDI innanfor NATO.
14. Vi ser med glede på framgangen i utviklinga av den framtidige kommandostrukturen, og merkjer oss at to strukturelle alternativ er utvalde av Militærkomiteen for framtidig evaluering og påfølgjande politisk vurdering, og er samde i framlegget om vegen vidare. Vi ber Det permanente rådet og Militærkomiteen fullføre arbeidet så fort som mogeleg. Når den nye kommandostrukturen vert godkjend, vil det vere med på å sikre alliansen ein militær effektivitet som gjer at han, trass i endringane som skjer i tryggingsmiljøet Europa, kan fylle sine tradisjonelle kollektive forsvarsoppgåver og gjennom fleksible og avtala prosedyrar ta på seg nye roller under skiftande tilhøve og gje rom for auka deltaking av partnarland. Dette vil vere ein fornya, samla, fleirnasjonal kommandostruktur, som vil spegle den strategiske situasjonen i Europa og setje alle allierte i stand til å delta fullt ut.
15. Vi ser med glede på framgangen i retning av å realisere CJTF-konseptet på grunnlag av det generelle politisk-militære rammedokumentet som vi vedtok i juni i fjor. Vi pålegg Det permanente rådet og dei militære NATO-styresmaktene å arbeide energisk vidare med dette konseptet idet ein helt klart for seg kor viktig det vil vere for framtidige allianseoperasjonar, mellom anna med omsyn til eventuell medverknad av nasjonar utanfor alliansen, og for utviklinga av ESDI.
16. Vi er nøgde med framgangen i utviklinga av høvelege ordningar for ESDI innanfor NATO, som det vart gjort vedtak om på toppmøtet i Brussel og på møtet vårt i Berlin i juni i fjor. Den nyoppretta politiske koordineringsgruppa har medverka mykje til denne prosessen.
17. Vi merkjer oss særleg det som er gjort for å gjennomføre konseptet med delelege men ikkje skilde ressursar:
vedtaka i Det permanente rådet om politisk rettleiing i samband med utarbeidinga av europeiske kommandoordningar innanfor NATO som kan nyttast til å førebu og gjennomføre VEU-leia operasjonar;
vedtaka i Det permanente rådet om ordningane for å identifisere NATO-ressursar og aktiva som kan stillast til disposisjon for VEU til ein VEU-leia operasjon;
framgangen til dags dato om ordningar for frigjeving, overvaking og tilbakeføring eller tilbakekalling av alliansen sine aktiva og ressursar;
vedtaka i Det permanente rådet om nærare reglar for samarbeid med VEU;
framgangen i arbeidet med planlegging og gjennomføring av øvingsaktivitet for VEU-leia operasjonar, etter mottak av illustrerande profilar for VEU-oppdrag.
18. Vi har pålagt Det permanente rådet å leggje fram for ministermøta våren 1997 ein rapport om tilpassinga av strukturane og prosedyrane i alliansen i tilknyting til den framtidige kommandostrukturen, om gjennomføringa av CJTF-konseptet og om vidare framgang med tilrådingar til vedtak i utviklinga av ESDI innanfor alliansen.
19. Vi ser meg glede på det nære og intensiverte samarbeidet mellom NATO og VEU. På møtet i Ostende den 19. november 1996 vart VEU-ministrane samde om at det ville vere verdifullt for VEU å bli aktivt med i forsvarsplanleggingsprosessen i alliansen, og sa seg reie til å delta. Ein søkjer no snarleg semje innanfor VEU om at alle europeiske allierte skal delta i VEU-leia operasjonar der NATO-ressursar vert nytta, og i planlegging og førebuing til slike operasjonar. Dette ville vere eit sentralt bidrag til utviklinga av ESDI innanfor alliansen. Vi har gjeve Det permanente rådet i oppgåve å utvikle tilhøvet mellom NATO og VEU vidare for å sikre effektivt samarbeid om førebuing til eventuelle VEU-leia operasjonar.
20. Vi er nøgde med det vellukka utfallet av OSSE-toppmøtet i Lisboa, og særleg med at ei tryggingserklæring vart vedteken som resultat av arbeidet med ein felles og omfattande tryggingsmodell for det 21. hundreåret. Toppmøtet i Lisboa har skapt ei ramme for tryggingsarbeidet der alle europeiske statar kan delta på like fot. Tryggingsmodellen som vart vedteken i Lisboa, er eit omfattande uttrykk for innsatsen for å styrkje tryggleiken og stabiliteten. Modellen utfyller den gjensidig forsterkande innsatsen som NATO og andre europeiske og transatlantiske institusjonar og organisasjonar gjer. Vi legg stor vekt på rolla til OSSE som eit hovudinstrument for førebyggjande diplomati, konfliktførebygging, rehabilitering etter konfliktar og regionalt tryggingssamarbeid, og like eins på styrkinga av organisasjonen si evne til å utføre desse oppgåvene. Vi trur at OSSE, som den einaste pan-europeiske tryggingsorganisasjonen, har ei vesentleg rolle å spele for fred og stabilitet i Europa. Vi er forplikta til å støtte den breie tilnærminga til tryggingsarbeidet som organisasjonen står for. Prinsippa og forpliktingane som OSSE er grunnlagd på, fastset standardane for utviklinga av ein omfattande struktur for europeisk tryggingssamarbeid.
Vi rosar OSSE for det vesentlege bidraget organisasjonen yter til gjennomføringa av sivile sider ved fredsavtalen for Bosnia-Hercegovina, særleg ved å føre tilsyn med førebuingane og gjennomføringa av vala, ved å fremje og overvake menneskerettane og ved å føre tilsyn med gjennomføringa av avtala tillits- og tryggingsskapande tiltak og subregionale rustingskontrollavtalar. OSSE demonstrerer med dette si sentrale rolle når det gjeld å medverke til regional stabilitet og tryggleik.
Vi er nøgde med den måten IFOR hjelper OSSE med å utføre oppgåvene sine på. Samarbeidet mellom OSSE og IFOR er eit godt døme på korleis organisasjonar kan forsterke kvarandre. Den praktiske hjelpa NATO yter til OSSE i å etablere tiltak for å verifisere dei tillitbyggjande tiltaka og rustingskontrollelementa i Dayton-avtalen, vitnar om eit aukande samarbeid mellom NATO og OSSE. Vi seier oss på ny reie til å utvikle samarbeidet mellom dei to organisasjonane våre vidare.
Demokratiske og økonomiske utvikling, sjølvstende, suverenitet og territorial integritet for alle statar er vesentlege faktorar for stabilitet og tryggleik i det euro-atlantiske området. Vi rosar meklarrolla OSSE har spela i ei rekkje regionale konfliktar gjennom sine ulike oppdrag, og rosar det verdifulle arbeidet Høgkommissæren for nasjonale minoritetar utfører. Vi støttar innsatsen til Minskgruppa for å oppnå ei politisk løysing på konflikten i og rundt Nagorno-Karabakh.
Med sin kompetanse på området nedrusting, rustingskontroll og tillits- og tryggingsskapande tiltak medverkar OSSE framleis i høg grad til politisk og militær stabilitet. Full gjennomføring, vidare utvikling og om nødvendig tilpassing av desse tiltaka er etter vårt syn uunnverlege element i arbeidet med å betre den europeiske tryggingsarkitekturen ytterlegare. Vi ser meg glede at Forum for tryggingssamarbeid nyleg har vedteke rammedokumentet for rustingskontroll og framtidig dagsorden i samband med dette.
21. CFE-avtalen er ein hjørnestein til tryggleik og stabilitet for alle i det euro-atlantiske området. Vi er forplikta til å halde ved lag og styrkje denne avtalen. I tråd den vidare målsetjinga vår om å auke det politiske samarbeidet og den militære stabiliteten i eit Europa utan skiljeliner, ser vi med glede på vedtaket dei 30 partane i CFE-avtalen gjorde i Lisboa den 1. desember 1996 om å setje i gang forhandlingar om å tilpasse avtalen til det skiftande tryggingsmiljøet i Europa. Vi ser fram til å ta til med forhandlingar i den felles rådgjevande gruppa i Wien i januar 1997 på grunnlag av mandatdokumentet som det var semje om i Lisboa.
Målet for oss alle er å skape auka tryggleik for alle partane i avtalen, enten dei tilhøyrer alliansen eller ikkje, og å verne om retten deira til å velje og endre sine eigne tryggingsordningar. I den større politiske samanhengen som gjeld auka tryggleik for alle, bør denne prosessen styrkje samarbeidsmønstra mellom partane på grunnlag av gjensidig tillit, innsyn og stabilitet. Som dei andre avtalepartane er vi forplikta til å tilpasse avtalen ved å utvikle mekanismar som vil gjere avtalen meir gjennomførleg og effektiv, og vi vil treffe tiltak for å revidere gruppestrukturen i avtalen, tilpasse avgrensingssystemet og forbetre verifikasjons- og informasjonsføresegnene. Til dette føremålet vil medlemene i alliansen utvikle og leggje på bordet framlegg til forhandlingar i Wien.
Vi stadfester vår støtte til flankeavtalen i CFE, som vart oppnådd under tilsynskonferansen i Wien i år. Vi oppmodar alle partar som enno ikkje har godkjent avtalen om å gjere dette før utgangen av den utvida interimperioden for bruken av avtalen.
Vi vil til fulle gjere vårt i den vidare innsatsen for å finne ut av uløyste spørsmål om gjennomføringa.
Medlemene i alliansen forpliktar seg på ny, slik dei gjorde i Lisboa, til å vise atterhald så lenge det går føre seg forhandlingar som fastsett i dokumentet i tilknyting til den noverande innretninga og kapasiteten til dei konvensjonelle væpna styrkane deira, særleg - når det gjeld styrkenivå og deployering - i verkeområdet til traktaten. I tråd med vedtaka frå Lisboa skal denne plikta ikkje vere til skade for utfallet av forhandlingane eller for at einskildpartar frivillig kan vedta reduksjonar i styrkenivå eller deployering, eller for dei legitime tryggingsinteressene deira. Vi meiner at CFE-avtalen framleis må spele ei nøkkelrolle i å sikre militær stabilitet inn i det 21. hundreåret, og er forplikta til å tilpasse avtalen etter kvart som det er nødvendig for å møte nye tryggingsutfordringar.
22. Vi strekar under at START-avtalane har mykje å seie for internasjonal stabilitet og tryggleik. Vi merkjer oss med glede framgangen som USA og Russland har gjort i gjennomføringa av START I. Vi oppmodar Den russiske føderasjonen om å gjere som Sambandsstatane og ratifisere START II.
Vi gler oss over at avtalen om totalforbod mot prøvesprengingar er fullført og at eit stort fleirtal av FN-medlemene har underteikna, og oppmodar alle andre nasjonar om å underteikne denne viktige internasjonale rustingskontrollavtalen. Vi ser fram til at forhandlingar om ein avtale om blokkering av spaltbart materiale snart skal komme i gang.
Vi er nøgde med at konvensjonen om kjemiske våpen snart vil tre i kraft og ser fram til ei snarleg gjennomføring. Vi gler oss over at partane i konvensjonen om biologiske og giftige våpen under den fjerde revisjonskonferansen i Genève igjen høgtideleg har sagt seg merksame på at effektiv verifikasjon vil kunne styrkje konvensjonen.
Vi er merksame på den auka uroa i det internasjonale samfunnet over lidingane og tapa som anti-personellminer valdar, og støttar arbeidet med å få i stand ein effektiv, juridisk bindande internasjonal avtale om å forby bruk, lagring, produksjon og overføring av antipersonellminer, og som eit viktig steg på vegen mot dette går vi inn for ein snarleg ratifikasjon av den reviderte protokoll II til konvensjonen om inhumane våpen.
Vi oppmodar sterkt om at avtalen om opne luftrom snarleg vert ratifisert av dei statane som ikkje alt har ratifisert.
23. Spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen er framleis ei sak som gjev oss grunn til sterk uro. Framgang i å utvide og intensivere NATOs politiske og forsvarsmessige innsats mot spreiing, slik stats- og regjeringssjefane i NATO gav pålegg om i januar 1994, er ein integrert del tilpassinga av NATO til det nye tryggingsmiljøet. Denne innsatsen aukar òg NATO si evne til å utføre nye roller og oppdrag. Vi er framleis forplikta til å hindre at spreiing skjer, eller med diplomatiske middel å reversere spreiing som alt har skjedd. Alliansen er i ferd med å auke evna si til å møte dei risikoane som spreiing medfører. Vi ser med glede på vidare konsultasjonar og samarbeid med partnarland for å ta hand om dei felles tryggingsrisikoane som spreiing medfører. Vi merkjer oss med glede rapporten frå alliansen sin felleskomité for spreiingsspørsmål om aktivitetane til den politisk-militære seniorgruppa for spreiingsspørsmål og seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål, og pålegg dei å arbeide vidare med desse viktige sakene.
Vi legg særleg stor vekt på eit grundig førearbeid til den første førebuande komiteen i den styrkte revisjonsprosessen for Ikkje-spreiingsavtalen for kjernefysiske våpen (NPT), som er planlagd til april 1997. Denne prosessen vil i monaleg grad medverke til ei vidare styrking av NPT, som er hjørnesteinen i det globale ikkje-spreiingssystemet.
24. Vi seier oss på ny forplikta til dei samfinansierte programma i alliansen.
Vi merkjer oss med glede framgangen i arbeidet med å flytte eksisterande ressursar til dei høgast prioriterte programma, mellom anna Partnarskap for fred og støtta til styrkt informasjonsverksemd i Moskva og Kiev. Vi har pålagt Det permanente rådet å føre tilsyn med tildelinga av ressursar for å sikre at dei vert brukte optimalt. Vi har òg pålagt Det permanente rådet å fastslå kva implikasjonar tilpassinga vil ha for dei samfinansierte NATO-budsjetta, og å komme med høvelege framlegg til korleis desse skal handterast.
25. Vi støttar framleis all innsats for å slå ned terrorismen, som utgjer ein alvorleg trussel mot freden, tryggleiken og stabiliteten.
26. Vårmøtet 1997 i Det nordatlantiske rådet i ministersesjon blir halde i Sintra i Portugal den 29. mai.
2.5 ERKLÆRING OM BOSNIA-HERCEGOVINA FRÅ MINISTERMØTET I DET NORDATLANTISKE RÅDET I BRUSSEL, 10. DESEMBER 1996
Det er gjort stor framgang i Bosnia-Hercegovina sidan fredsavtalen vart forhandla i Dayton og underteikna i Paris for eitt år sidan. Freden har teke til å slå rot etter år med tragisk konflikt og liding. Soldatar er demobiliserte, det er halde nasjonale og regionale val, felles institusjonar er under oppbygging, barrierar mot fri rørsle er i ferd med å bli nedbygde og atterreisinga er i gang. Mykje står likevel att å gjere for å skape varig fred etter år med krig. Dette vil krevje fullt engasjement frå alle leiarane i Bosnia-Hercegovina og dei to einingane i landet.
Vi rettar vår djupaste takk til den NATO-leia fleirnasjonale styrken (IFOR) for den vellukka gjennomføringa av dei militære sidene ved fredsavtalen. IFOR har ført saman 33 land i og utanfor NATO i ein eineståande koalisjon for fred som har stabilisert landet og skapt vilkår for politisk og økonomisk atterreising. Vi hyller profesjonaliteten, innsatsviljen og motet til alt IFOR-personell og uttrykkjer djup medkjensle med familiane til dei som har mist livet og til dei som er blitt skadde i freden si sak.
IFOR-mandatet går ut den 20. desember 1996. Oppdraget til styrken er fullført, men eit internasjonalt militært nærvær er enno nødvendig for å konsolidere freden. NATO er difor førebudd på å organisere og leie ein stabiliseringsstryke (SFOR) til å erstatte IFOR etter fullmakt frå ein resolusjon i Tryggingsrådet i FN under kapittel VII i FN-charteret. SFOR vil medverke til å skape det trygge miljøet som trengst for å konsolidere og stabilisere freden ved å hindre eller om nødvendig stanse eit nytt utbrot av komphandlingar. Styrken vil òg gjere til at prosessen med politisk forsoning og økonomisk atterreising får tid til å komme i gang. Sjølv om den nye styrken berre vil vere om lag halvparten så stor som IFOR og mandatet meir avgrensa, vil han ha same felles kommando, same robuste reglar for inngrep, same tvangsfullmakt og styrkestatus som gjorde IFOR til ein suksess. SFOR vil, som IFOR, utføre sine oppgåver med fast hand men utan å ta parti. SFOR vil òg stå parat til å yte krisestøtte til UNTAES i Aust-Slavonia, der FN-styrkar yter eit vesentleg bidrag til gjenoppretting av fred i området.
NATO planlegg ut frå eit 18 månader langt oppdrag for SFOR med gjennomgang etter 6 og 12 månader, med sikte på at styrken gradvis skal reduserast til eit avskrekkingsnivå og deretter trekkjast tilbake. Førebuingane til utplassering av SFOR er godt i gang, og i dag har vi slutta oss til den operative planlegginga som vil bli endeleg godkjend av Det permanente rådet når Tryggingsrådet i FN har gjeve nødvendig fullmakt.
NATO har førebudd seg på SFOR i nært samarbeid med Russland og dei andre ikkje-NATO-landa som no stiller styrkar til IFOR. Vi er nøgde med at alle 17 av desse landa, og andre nye bidragsytarar, er villige til å vere med i SFOR. Samarbeidet vårt i Bosnia har styrkt relasjonane mellom dei allierte, Russland og dei andre partnarane våre og har ført Europa fram mot eit nytt stadium i tryggingssamarbeidet.
SFOR vil medverke til å konsolidere freden, men hovudvekta i den internasjonale innsatsen må gradvis flyttast over på dei sivile sidene av fredsavtalen. Vi hyller resultata til Den høge representanten og alle organisasjonane som er med i den sivile gjennomføringa. Dei vil ha ei avgjerande rolle i framtida. SFOR vil, som IFOR, opptre i nært samarbeid og samordning med Den høge representanten og dei større internasjonale organisasjonane og institusjonane. SFOR vil så langt ressursane tillet gje selektiv støtte frå sak til sak for å hjelpe desse med å oppfylle dei viktige oppgåvene sine. Styrken vil òg utgjere tryggingsramma rundt kommunevala i 1997, og vil om nødvendig støtte OSSE også på andre måtar i førebuinga og gjennomføringa av desse vala. Vi sluttar oss fullt ut til hovudprinsippa som vart avtala i Paris for den toårige sivile konsolideringsplanen og handlingsplanen som vart vedteken i London for 1997.
Det internasjonale samfunnet er forplikta til å yte assistanse og rådgjeving på mange område. Vi minner om at det er det er folket og leiinga i Bosnia-Hercegovina og nabolanda som har ansvaret for å fremje forsoning og varig fred. Vi ber partane respektere fredsavtalen fullt ut. Vi ventar at dei forpliktar seg heilhjarta til å søkje snarleg framgang på område som retten til å reise fritt, uhindra tilbakevending for flyktningar og fordrivne personar, omstrukturering og omskolering av lokale politistyrkar og full etterleving av rustingskontrollavtalane. I denne samanhengen oppmodar vi sterkt om at partane heilt og fullt gjennomfører vilkåra i rustingskontrollavtalane og reduserer våpenarsenala sine til avtala nivå innan 1. november 1997. Vi oppmodar partane om å hjelpe og samarbeide fullt ut med den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) i samsvar med fredsavtalen og å overlevere til ICTY alle personar som er tiltala for krigsbrotsverk. Vi ventar at partane vil samarbeide fullt ut med den internasjonale politistyrken (IPTF).
Å sikre langvarig fred og stabilitet i det tidlegare Jugoslavia vil krevje at demokratiet får vekse og bløme ikkje berre i Bosnia-Hercegovina, men òg i nabolanda.
Vi seier oss svært leie for vedtaket til den serbiske regjeringa om å annullere resultata av kommunevala den 17. november, og oppmodar den serbiske regjeringa om å respektere den demokratiske folkeviljen ved å gjere om dette vedtaket. Vi er sorgfulle over at dei serbiske styresmaktene har ignorert oppmodingane frå det internasjonale samfunnet om å respektere internasjonalt godkjende demokratiske prinsipp.
Vi rosar opposisjonen for bruken av ikkje-valdelege metodar og ber regjeringa unngå all form for maktbruk mot dei fredelege demonstrantane.
2.6 MØTE MELLOM FORSVARSMINISTRANE I DET NORDATLANTISKE RÅDET I BRUSSEL, 17. OG 18. DESEMBER 1996
Sluttkommuniké
1. Det nordatlantiske rådet møttest i forsvarsministersesjon i Brussel den 17. og 18. desember.
2. Det grunnleggjande målet for alliansen er framleis å skape eit heilt og fritt Europa ved å fremje fred, demokrati, tryggleik, stabilitet og samarbeid. NATO har gjort mykje for å tilpasse seg til dei nye tryggingsutfordringane som det står overfor i eit fundamentalt endra strategisk miljø i Europa. På toppmøta i 1990, 1991 og 1994 skisserte leiarane i alliansen den breie visjonen av eit nytt NATO og rolla det skulle spele i utviklinga av ein ny europeisk tryggingsarkitektur. Denne visjonen vart nærare definert under møta mellom utanriks- og forsvarsministrane i Berlin og Brussel tidlegare i år.
3. Vi er forplikta til å sikre den militære effektiviteten til alliansen, å styrkje det transatlantiske sambandet, å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen, å utvide innsatsen vår til å omfatte krisehandtering i tillegg til kjernefunksjonen med kollektivt forsvar, og å fremje partnarskap og samarbeid i heile det euro-atlantiske området. På dette grunnlaget vil alliansen også i framtida syte for å vere ein effektiv og høgt kompetent politisk og militær organisasjon av suverene medlemsnasjonar som forpliktar seg til dei same verdiane og måla.
4. Vi ser med stor glede på vedtaket til regjeringa i Spania, som det spanske parlamentet slutta seg til den 14. november 1996, om å treffe dei tiltak som trengst for å delta i den nye alliansestrukturen. Spansk deltaking vil gje alliansen endå sterkare samhald og større militær effektivitet etter kvart som han tek på seg nye roller og oppdrag, styrkje det transatlantiske sambandet og lette utviklinga av ESDI innanfor alliansen.
5. Alliansen førebur seg no på eit historisk toppmøte i Madrid den 8. og 9. juli 1997 for å ta nye, vidtrekkande avgjerder om indre og ytre tilpassing og såleis konsolidere tryggleiken i det euro-atlantiske området. Som forsvarsministrar er vi fast bestemte på å gje vår fulle støtte og medverknad til utforminga av ei aktiv og gjennomførleg rolle for alliansen med samarbeid og stabilitet som klare mål. I tillegg til at vi framleis legg stor vekt på å sikre eit effektivt NATO, på å utvikle ESDI innanfor alliansen, på prosessen med å opne alliansen for nye medlemer og på å styrkje Partnarskap for fred, seier vi oss oppriktig reie til å utvikle ein sterk og samarbeidsorientert tryggingspartnarskap med Russland og å styrkje det distinkte tilhøvet vårt til Ukraina.
Bosnia
6. Vi tok føre oss situasjonen i Bosnia-Hercegovina, mellom anna det vellukka oppdraget til den NATO-leia fleirnasjonale styrken (IFOR), som vert avslutta denne veka. Vi rosa mennene og kvinnene i IFOR for deira innsatsvilje og mot i gjennomføringa av dei militære sidene ved fredsavtalen. Særleg ros fortener SACEUR og dei kommanderande IFOR-offiserane for den leiarskap og sunne dømmekraft dei har vist. Vi uttrykte djup medkjensle med familiane til dei IFOR-deltakarane som har mist livet og med dei som er blitt skadde i freden si sak.
7. Sjølv om IFOR-oppdraget er fullført, er eit internasjonalt militært nærvær i Bosnia-Hercegovina framleis nødvendig for å sikre den stabiliteten som trengst for å konsolidere freden. Vi vart orienterte av dei militære NATO-styresmaktene om klargjeringa av stabiliseringsstyrken (SFOR) som NATO er klar til å organisere og leie i samsvar med UNSCR 1088. Vi gav SACEUR fullmakt til å aktivere den nye styrken den 20. desember. Oppdraget til SFOR er klart, avgrensa og overkommeleg: å hindre at kampane tek seg opp att og å stabilisere og konsolidere freden i Bosnia-Hercegovina for å medverke til eit sikkert miljø der sivile gjennomføringsplanar kan setjast i verk. SFOR vil òg stå klar til å yte støtte i naudsituasjonar til UNTAES i Aust-Slavonia. SFOR-operasjonen er tenkt avvikla i fasar over eit tidsrom på 18 månader. Styrkenivåa vil bli vurderte etter 6 og 12 månader, med sikte på å flytte fokus over frå stabilisering til avskrekking og å fullføre oppdraget innan juni 1988.
8. Vi er nøgde med at alle dei seksten allierte vil yte monalege styrkebidrag til SFOR, og at det er venta slike bidrag frå alle dei 17 andre landa som deltok i IFOR og frå andre, nye bidragsytarar. Vi ser særleg med glede på at Russland vil delta vidare. Den nye styrken vil frå først av vere om lag halvparten så stor som IFOR, men vil ha same felles kommando, same robuste reglar for inngrep, same tvangsfullmakt og styrkestatus som gjorde IFOR til ein suksess. SFOR vil, likeins som IFOR, utføre sine oppgåver upartisk og med fast hand.
9. Vi er samde om at det internasjonale samfunnet, medrekna partane i fredsavtalen, må leggje auka vekt på å gjennomføre dei sivile sidene ved fredsavtalen i samsvar med hovudprinsippa som vart avtala i Paris for den toårige sivile konsolideringsplanen og handlingsplanen som vart avtala i London for 1997. SFOR vil samarbeide nært med Den høge representanten og dei sivile organisasjonane og gje desse selektiv støtte innanfor den kapasiteten SFOR rår over. SFOR vil arbeide nært saman med dei for å samordne den militære og den sivile planlegginga for såleis å gjere best mogeleg bruk av SFOR sine aktiva. SFOR vil utgjere tryggingsramma for kommunevala i 1997, og vil om nødvendig støtte OSSE også på andre måtar i førebuingane til og gjennomføringa av desse vala. SFOR vil òg støtte gjennomføringa av rustingskontrollavtalane, og støtte IPTF i arbeidet med å fremje lov og orden.
10. Ein varig fred vil i siste instans vere avhengig av folket og leiarane i Bosnia Hercegovina og dei andre partane i fredsavtalen. Vi oppmodar partane om å respektere fredsavtalen full ut og å samarbeide med SFOR og Den høge representanten. Vi rår partane innstendig til å forplikte seg heilhjarta til å søkje snarleg framgang på område som retten til å reise fritt, tilbakeføring av flyktningar og fordrivne personar, omstrukturering av omskolering av lokale politistyrkar, full etterleving av rustingskontrollavtalane og fullt samarbeid med Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), mellom anna om utlevering til ICTY av alle personar som er tiltala for krigsbrotsverk.
11. IFOR har vore ein suksess, men ikkje berre i det tidlegare Jugoslavia. IFOR har både demonstrert og auka framdrifta i tilpassinga av NATO til det nye tryggingsmiljøet, og lærdomen frå dette vil bli brukt i planlegging og trening for framtidige operasjonar i alliansen. IFOR har i tillegg gjeve PFP-partnarar røynsle i å samarbeide med NATO i daglege operasjonar og auka det funksjonelle samvirket mellom PFP-styrkar og alliansestyrkar. IFOR har vore særleg viktig i å styrkje relasjonane våre med Russland. Og IFOR har demonstrert korleis alliansen, når han opptrer samla og målmedvite, på ein eineståande og vesentleg måte kan medverke til fred og stabilitet i Europa.
Indre tilpassing
12. Vedtaka om den indre tilpassinga av alliansen som vart gjorde på møtet mellom utanriksministrane i Berlin og seinare på vårt eige møte i Brussel i juni, representerte eit viktig steg i prosessen som vart sett i gang på toppmøtet i januar 1994. Denne prosessen vil ha tre mål som rettesnor - å sikre den militære effektiviteten til alliansen, å ta vare på det transatlantiske sambandet og å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor alliansen på ein måte som alle allierte kan vere nøgde med. Med desse måla som utgangspunkt har arbeidet som seinare er gjort, vore konsentrert om utviklinga av ein kommandostruktur for alliansen som svarar til behova i den nye tryggingsstituasjonen, gjennomføringa av konseptet med kombinerte felles kampgrupper som vi godkjende på vårmøta våre og praktiske tiltak med sikte på å gjennomføre ESDI innanfor alliansen.
13. Vi såg med glede på framgangen i utviklinga av den framtidige kommandostrukturen, og merkjer oss at Militærkomiteen har valt ut to strukturelle alternativ for framtidig evaluering og påfølgjande politisk vurdering. Den framtidige kommandostrukturen vil vere betre tilpassa dei nye oppdraga til alliansen. Her minte vi om prinsippa og dei politisk-militære faktorane som vi skisserte på siste møtet vårt i juni, og som militærkomiteen skulle ta omsyn til i arbeidet med den framtidige kommandostrukturen. Som ein del av utviklinga av ESDI vil den framtidige strukturen òg spegle den politiske rettleiinga som Det permanente rådet gav for utarbeidinga av europeiske kommandoordningar.
14. For å einast om vegen framover gav vi militærkomiteen i oppdrag å vidareutvikle og forbetre framlegga sine for vurdering på ministermøta neste vår. Vegen framover omfattar mellom anna: vidare vurdering av den operative evna og den militære effektiviteten til kvar av dei alternative kommandostrukturane og ytterlegare arbeid med dei politisk-militære faktorane som er relevante for ei vurdering av alternativa; vidare utgreiing av dei ressursmessige implikasjonane ved respektive alternativa; avklaring av tilhøvet mellom ulike kommandonivå; vidare arbeid om kva slag og kor mange hovudkvarter som skal finnast på subregionalt nivå, kvar dei skal plasserast og kva roller og ansvar dei skal ha; og vidare utgreiing av spørsmålet om rullerande nøkkelkommandopostar.
15. Gjennomføringa av konseptet med kombinerte felles kampgrupper er eit vesentleg element i tilpassinga av alliansen. CJTF-hovudkvarter er under utvikling, primært for operasjonar i situasjonar utanom artikkel 5, også operasjonar der nasjonar utanfor alliansen vil kunne delta. Bruk av CJTF i operasjonar etter artikkel 5 vert heller ikkje utelukka. I tillegg vil CJTF-hovudkvarter etter vedtak i Rådet kunne stillast til rådvelde for VEU-leia operasjonar , og vil såleis medverke til utviklinga av ESDI innanfor alliansen.
16. Av desse grunnane var vi tilfreds over å merkje oss at gjennomføringa av CJTF-konseptet er godt i gang. Hovudkvartera til Striking Fleet Atlantic, Allied Forces Central Europe og Allied Forces Southern Europe er i første omgang utpeika som morhovudkvarter for CJTF-kjerner. CJTF-prøvar og øvingar vil bli haldne så snart det er praktisk mogeleg, først for NATO-operasjonar og deretter for VEU-leia operasjonar, idet ein byggjer på lærdomar som vert hausta på kvart stadium. Andre øvingar kan òg gje alliansen ei betre forståing av behova for CJTF-operasjonar og om dei let seg gjennomføre. Vi såg med glede på opprettinga av dei militære stabane på høgre nivå som trengst for å gjennomføre CJTF-konseptet - Kapasitetskoordineringscella ved NATO-hovudkvarteret og Den kombinerte felles planleggingsstaben i Mons.
17. Vi har bede Det permanente rådet om å føre tilsyn med den vidare gjennomføringa av CJTF-konseptet på grunnlag av militærkomiteen sitt direktiv for militær gjennomføring. I denne samanhengen var vi samde om at framtidige vedtak om gjennomføringa av CJTF bør ta utgangspunkt i militær effektivitet og operasjonelle behov og følgje den fasedelte gjennomføringsmetoden som forsvarssjefane har avtala. I dette arbeidet bør ein, i samsvar med det avtala konseptet, evaluere alliansen si evne til å opprette både små og store land- og sjøbaserte CJTF-hovudkvarter til å gjennomføre heile spekteret av CJTF-operasjonar. Det bør takast omsyn til resultata av CJTF-prøvane. Vidare bør det i dette arbeidet takast omsyn til behovet for berekraft, fleksibilitet og kostnadseffektivitet, og til at partnarland må kunne delta i større omfang. I gjennomføringa av CJTF-konseptet er vi samde om at det bør fokuserast på å setje alliansen organisatorisk og kapasitetsmessig i stand til å gjennomføre heile spekteret av CJTF-operasjonar og samstundes ta vare på evna til å utføre alliansen sine kollektive forsvarsoppgåver.
18. Vi såg med glede på framgangen i utviklinga av høvelege ordningar for ESDI innanfor NATO. Vi merkte oss tiltaka som er sette i verk i samband med dette, som vil gjere det mogeleg for alle europeiske allierte å delta fullt ut dersom dei ønskjer det og som omfattar:
vedtaka til Det permanente rådet om politisk rettleiing for utarbeiding av europeiske kommandoordningar innanfor NATO som vil tillate førebuing og gjennomføring av operasjonar under politisk kontroll og strategisk leiing av VEU, etter vedtak i Det nordatlantiske rådet, samstundes som den samla NATO-strukturen si evne til å oppfylle alle sine oppgåver vert halden ved lag;
vedtaka til Det permanente rådet vedkommande ordningane for å identifisere NATO-kapasitetar og -ressursar som vil kunne stillast til disposisjon for VEU i samband med ein VEU-leia operasjon;
framgangen til no i arbeidet med ordningar for frigjeving, overvaking og tilbakeføring eller tilbakekalling av alliansen sine ressursar og kapasitetar;
vedtaket til Det permanente rådet med omsyn til nærare reglar for samarbeid med VEU;
framgangen i arbeidet med planlegging og gjennomføring av øvingar for VEU-leia operasjonar, etter mottak av illustrerande profilar for VEU-oppdrag.
19. På møtet vårt i juni bad vi permanente representantar gå gjennom forsvarsplanleggingsprosessen for alliansen for å sikre at denne held fram med å utvikle styrkar og kapasitet som trengst for å gjennomføre heile spekteret av oppdrag for alliansen og i tillegg er i stand til innanfor alliansen å støtte alle europeiske allierte med planlegging til gjennomføring av VEU-leia operasjonar. Etter godkjenning bør prosedyrane som er blitt tilpassa som svar på denne oppmodinga, utgjere ein samla, samanhengande og forenkla prosess, godt eigna for alle behov han skal fylle. På møtet i Ostende den 19. november var VEU-ministrane samde om at det ville vere av verdi for VEU å bli tekne aktivt med i forsvarsplanleggingsprosessen i alliansen, og sa seg parat til å delta. Ein søkjer no ei snarleg semje i VEU om deltaking av alle europeiske allierte i VEU-leia operasjonar som nyttar NATO sine aktiva og ressursar, og i planlegging og førebuing til slike operasjonar. Dette ville vere eit nøkkelbidrag til utviklinga av ESDI innanfor alliansen.
20. Dei tiltaka som er sette i verk for å byggje opp ESDI innanfor alliansen, krev nært samarbeid med VEU, og ordningar for å sikre eit nærare samarbeidstilhøve, både under normale omstende og i ei krise, er under utvikling.
21. På grunnlag av gjennomgangen vi har gjort av framdrifta i dei innbyrdes samanknytte delane av den indre tilpassinga, gav vi dei faste representantane pålegg om å utarbeide konkrete vedtak om vidare steg på kvart område samstundes som dei skal sikre at dei ulike elementa i den indre tilpassinga vert drivne framover på ein samanhengande og gjensidig forsterkande måte. Vi bad om ein ny rapport om framdrifta på alle desse områda på det neste møtet vårt, med tilrådingar til vedtak om utviklinga av ESDI innanfor alliansen.
22. Vi ser med glede på den vedvarande styrkinga av fleirnasjonalitet innanfor alliansen. Fleirnasjonale styrkar aukar samhaldet i alliansen og set dei deltakande allierte i stand til å yte eit større bidrag til alliansen sin kapasitet, noko som gjer det lettare å fordele forsvarsbyrdene. Verdien av fleirnasjonalitet er tydeleg demonstrert gjennom operasjonar i det tidlegare Jugoslavia. Fleirnasjonalitet kan òg bidra til utviklinga av ESDI innanfor alliansen. Det er gjort framgang på desse områda i det siste. Vi ser med særleg glede på:
at Belgia og Nederland i år har oppretta eit kombinert marinehovudkvarter, og, saman med Luxembourg, ei deployerbar luftkampgruppe;
at Det permanente rådet har einast om ei felleserklæring om vilkåra for alliansen sin bruk av EUROFOR og EUROMARFOR, der Frankrike, Italia, Portugal og Spania deltek; og
at Luxembourg har tiltrådd EUROPCORPS.
23. Den intensiverte NATO-innsatsen for å møte risikoane ved spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (NBC) og leveringsmiddel for slike våpen, viser at alliansen stadig tilpassar seg det nye tryggingsmiljøet. Hovudmålet for alliansen og dei einskilde medlemene når det gjeld ikkje-spreiing, er å hindre at spreiing skjer, eller med diplomatiske middel å reversere spreiing som alt har skjedd. Vi innser likevel at spreiing, som per i dag inneber ein risiko for alliansen, framleis kan skje trass i dei førebyggjande tiltaka våre, og kan utgjere ein direkte militær trussel. Difor har vi stadfest at forsvarsplanlegginga i alliansen bør ta føre seg dei militære risikoane som kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen inneber, med særleg vekt på å auke vernet av utplasserte styrkar og å forbetre dei forsvarsverka vi har mot biologiske våpen. Denne forsvarsplanleggingsinnsatsen styrkjer NATO si evne har til å utføre alle sine oppdrag trass i nærvære og bruk eller trussel om bruk av NBC-våpen.
24. Vi merkjer oss med stor glede framgangen som har skjedd sidan juni i retning av å gjennomføre tilrådingane frå seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål (DGP) til forbetring av alliansen si samla forsvarsevne mot NBC-våpen. Vi ser med glede på innsatsen NATOs militære styresmakter og dei aktuelle allierte har gjort for å utvikle nye styrkemål i auka takt for å møte spreiingsrisikoane. Desse ressursane medverkar òg til den samla moderniseringa av alliansestyrkane i det nye tryggingsmiljøet.
25. Dei militære styresmaktene i NATO bør som ein del av den kollektive forsvarsplanleggingsprosessen framleis leggje vekt på verdien av evner som kan møte spreiingsrisikoane i styrkemåla for 1998. Vi ser òg fram til vidare framgang i det prioriterte arbeidet med å førebyggje spreiingsrisikoane innanfor materiellplanlegginga og gjennom samarbeidsinitiativ som strategisk og operativ etterretning; automatisert og deployerbar kommando, kontroll og kommunikasjon; vidfemnande bakkeovervaking; taktisk rakettforsvar; oppdagingssystem for biologiske stoff og personleg verneutstyr mot NBC-våpen for utplasserte styrkar. Gjennom desse tiltaka vil alliansen vise seg forplikta til ein styrkt forsvarsinnsats for å løyse felles tryggingsproblem.
26. Vi innser at det å stille nye ressursar til disposisjon ikkje åleine garanterer at alliansen vil lukkast i å sikre seg mot risikoane ved spreiing. Vi ser òg fram til vidare framgang i å utvikle politikken på grunnlag av dei hovudprinsippa DGP har utarbeidd, som vil tene som ytterlegare rettesnor for NATOs felles forsvarsinnsats mot spreiing. Vi ser med glede på vidare konsultasjonar og samarbeid med partnarland for å ta hand om felles tryggingsrisikoar som spreiing inneber.
Ytre tilpassing
27. Vi legg stor vekt på dei ulike sidene ved den ytre tilpassinga av alliansen, mellom anna førebuingane til å opne alliansen for nye medlemer, forbetringa av Partnarskap for fred og arbeidet med å utvikle nære samarbeidsrelasjonar med alle partnarane våre, særleg Russland og Ukraina.
28. Vi ser fram til at eitt eller fleire land kan bli inviterte av stats- og regjeringssjefane våre til å gå inn i tiltredingsforhandlingar, samstundes som vi minner om at alliansen vil vere open for tiltreding av ytterlegare medlemer slik utanriksministrane slo fast sist veke. Det permanente rådet har fått i oppgåve å utarbeide omfattande tilrådingar for vedtak på toppmøtet om kva land som skal inviterast til å starte tiltredingsforhandlingar. Opptak av nye medlemer vil, til liks med andre sider ved tilpassinga av alliansen, vere med på å konsolidere tryggleiken og stabiliteten i heile det euro-atlantiske området. På denne bakgrunnen gjekk vi gjennom resultata av den intensiverte dialogen om utviding som har vore ført med interesserte partnarar siste året. Under desse opne og detaljerte drøftingane har vil lært mykje om kva ulike partnarar kan yte til alliansen, og har for vår del gjeve alle landa som har sagt seg interesserte i NATO-medlemskap ei djupare innsikt i kva rettar og plikter medlemskap inneber. Vi såg med glede på vedtaket om å føre vidare ein slik dialog, slik utanriksministrane vart samde om sist veke. Som ein del av ein omfattande prosess med førebuing til dei politiske avgjerdene som skal takast på toppmøtet, pålegg vi Det permanente rådet, innanfor det generelle mandatet frå utanriksministrane om å utarbeide politisk rettleiing, å gje dei militære styresmaktene i NATO i oppgåve å utføre analysar for desse landa, på grunnlag av dei generelle omsyna som går fram av utvidingsstudien, av dei militære faktorane i samband med opptak av potensielle nye medlemer. På same tid pålegg vi Det permanente rådet å gje komiteane med ansvar for økonomiske spørsmål i oppgåve å vurdere dei ressursmessige implikasjonane. Dette arbeidet bør fullførast snarast råd.
29. Vi stadfester at alliansen sine kjernefysiske styrkar framleis spelar ei unik og vesentleg rolle i alliansen sin krigsførebyggjande strategi. Det vil bli forventa at nye medlemer, som vil bli fulle medlemer av alliansen på alle måtar, støttar avskrekkingskonseptet og den vesentlege rolla kjernefysiske våpen spelar i strategien til alliansen. Utviding av alliansen vil ikkje krevje endring av NATOs noverande kjernevåpenstatus, og NATO-landa aktar difor ikkje, og har ingen planar om eller grunn til å utplassere kjernefysiske våpen på territoriet til nye medlemer, og heller ikkje noko behov for endre noka side ved NATOs kjernefysiske status eller politikk - og vi ser ikkje noko behov for å gjere dette i framtida.
30. Partnarskap for fred spelar framleis ei dynamisk og viktig rolle i utviklinga av ein ny europeisk tryggingsarkitektur. Vi ser det difor som svært viktig å forbetre partnarskapen, og stiller oss bak dei tilrådingane Det permanente rådet har lagt fram om dette.
31. Som ein viktig del av denne forbetringa vil dei avtala sektorane for militære oppdrag innanfor PFP bli utvida til alle alliansens nye oppdrag slik det høver, og vil omfatte den meir krevjande kategorien av fredsstøttande operasjonar, med eit utvida øvingsprogram for PFP som resultat. Partnarane vil ha større høve til å delta i planlegginga og gjennomføringa av PFP-aktivitetar. Med bakgrunn i røynslene med operasjon JOINT ENDEAVOUR bør partnarar som blir med i framtidige NATO-leia PFP-operasjonar òg ha meir høve til å medverke til utviklinga av politisk rettleiing for og tilsyn med slike operasjonar.
32. Partnarane vil bli trekte meir substansielt og aktivt inn i PFP-relaterte delar av det regulære fredstidsarbeidet til dei militære NATO-styresmaktene, og vil òg bli tilbydde ei auka rolle i utforminga av det samla PFP-programmet. Planleggings- og revisjonsprosessen vil bli utvida og gjort meir lik styrkeplanleggingssystemet i NATO for såleis å bli generelt meir effektiv og å kunne utgjere ein betre basis for planlegging av partnardeltaking i PFP-operasjonar. Vi ser elles med glede på prinsippavtalen om å utvide verkeområdet og orienteringa til NATO sitt tryggingsinvesteringsprogram til å omfatte partnarskapsprosjekt, men alliansen sine behov må stå i fremste rekkje og eksisterande prosedyrar respekterast.
33. Vi sluttar òg opp om tilrådingar om å forbetre den politiske dimensjonen i partnarskapen ved å gje auka høve til politiske konsultasjonar, idet det vert teke fullt omsyn til dei respektive aktivitetane til OSSE og dei aktuelle europeiske institusjonane som VEU og EU, om å auke dei regionale samarbeidsaspekta ved PFP og om å gå saman med partnarar i å vurdere mogelege reglar for utarbeiding av ei politisk-militær ramme for PFP-operasjonar, idet ein byggjer på det noverande arbeidet til PMSC. Våre militære styrkar vil ha ei viktig rolle å spele i mange av desse initiativa.
34. Forbetringa av PFP vil utdjupe relasjonane med all partnarane våre, og vil setje alliansen i stand til innan toppmøtet å tilby ein klart styrkt og dermed meir attraktiv partnarskap. For å oppnå dette sluttar vi oss til ei snarleg gjennomføring av PFP-forbetringane som no er godkjende, og oppmodar Rådet sterkt om å treffe tiltak i rett tid når det gjeld dei forbetringsalternativa som er godkjende i prinsippet, men som krev nærare studium og rådføring, slik at ministrane kan vedta vidare forbetringar på vårmøta. Vi merkjer oss særleg avtalen om å samarbeide med partnarar om initiativet til å etablere eit atlantisk partnarskapsråd (APC) som ein enkeltståande ny samarbeidsmekanisme, basert på dei elementa i NACC og PFP som vert rekna som mest verdifulle, noko som vil danne ei ramme for auka innsats både i praktisk PFP-samarbeid og i ein utvida politisk partnarskapsdimensjon.
35. Vi sa oss nøgde med den vedvarande kvantitativ og kvalitative veksten i Partnarskap for fred. Partnarskapen har utvikla seg på ei rekkje viktige område siste året, og har konsolidert rolla si som eit permanent element i den europeiske tryggingsarkitekturen. Vi merkte oss særleg diskusjonane om sivil-militære relasjonar som vart haldne i regi av partnarskapen, etableringa av ein dialog om forsvarsplanlegging og forsvarspolitikk og ein auke i partnarskapsaktivitetane innanfor sivil kriseplanlegging og materiellsamarbeid; alt dette understrekar den politisk-militære karakteren til PFP. Vi såg med glede på vedtaket til Sveits om å bli med i partnarskapen.
36. Røynslene med dagleg samarbeid, den gjensidige forståinga og det funksjonelle samvirket mellom einingar og utstyr som partnarskapen fremjar, har òg vore viktige for suksessen til operasjon JOINT ENDEAVOUR. Vi er for vår del fast bestemte på å dra lærdom av dei røynslene allierte og partnarar saman har gjort i IFOR og UNTAES, både når det gjeld den framtidige utviklinga av PFP generelt og praktisk samarbeid spesielt.
37. Vi ser fram til møtet med forsvarsminister Rodionov, og er framleis forplikta til utviklinga av ein sterk, stabil og varig tryggingspartnarskap med Den russiske føderasjonen, ein partnarskap som er i samsvar med den viktige rolla dette landet har og med dei vidtrekkande endringane i alliansen sidan slutten på den kalde krigen. Vi ser på eit slikt tilhøve som eit nøkkelelement i den europeiske tryggingsarkitekturen og som ei vesentleg kjelde til stabilitet for heile det euro-atlantiske området. Samarbeidet vårt har alt vist sin verdi i operasjon JOINT ENDEAVOUR, og like eins i ei rekkje spesialkonsultasjonar om felles tryggingsproblem som ikkje-spreiing, atomtryggleik, katastrofeberedskap og rustingskontroll.
38. Vi ser med glede på målsetjinga om å sluttføre eit dokument som kan ha form av eit charter mellom NATO og Russland. Vi meiner at relasjonane våre med Russland kan og bør bli breiare, meir intensive og meir substansielle, og at dei kan og bør plasserast på ein meir permanent institusjonell basis. I samband med utviklinga av eit slikt dokument inviterer vi Det permanente rådet til å gje dei militære NATO-styresmaktene i oppdrag å leggje fram forslag til utvikling av tettare militære relasjonar med Russland og å identifisere konkrete område for militært samarbeid. I denne samanhengen seier vi oss villige til å arbeide saman med Russland om å etablere permanente russiske militære liaison-kontor både i NATO-hovudkvarteret (Brussel), SHAPE (Mons) og SACLANT (Norfolk), idet ein byggjer på dei svært vellukka røynslene med det russiske liaison-kontoret som vart oppretta for IFOR, og, på gjensidig basis, å etablere NATO-kontor i tilsvarande russiske institusjonar og hovudkvarter. Vi gjev difor Det permanente rådet i oppgåve, så snart ein prinsippavtale er oppnådd, å utarbeide ein avtale med Russland om nærare reglar for å opprette desse kontora så snart som mogeleg. Det finst dessutan fleire viktige høve til å utdjupe vår felles forståing som enno ikkje er fullt utnytta i samband med Partnarskap for fred. Det er gjennom tiltak som dette og gjennom vidare direkte og praktisk samarbeid at vi saman med Den russiske føderasjonen kan byggje opp den tryggingspartnarskapen som europeisk tryggleik og stabilitet krev.
39. Vi seier oss på nytt forplikta til ein sterk, stabil og forbetra partnarskap med Ukraina; sjølvstende og territorial integritet for dette landet er viktige faktorar i europeisk stabilitet sett under eitt. Ukraina yter eit viktig bidrag til konsolideringa av freden i Bosnia, og er ein aktiv deltakar i Partnarskap for fred. Vi ser med glede på møtet som nyleg vart halde mellom ekspertar frå NATO og Ukraina om spørsmål i tilknyting til spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Vi ser fram til endå tettare praktisk samarbeid, både innanfor PFP og i samsvar med avtalen om forbetra relasjonar mellom NATO og Ukraina som vart inngådd i 1995, som vi kanskje kan byggje på for å formalisere tilhøvet oss imellom. Vi ser med glede på framgangen i retning av å etablere eit NATO-informasjonskontor i Kiev.
Middelhavsområdet
40. Vi verdset dialogen mellom alliansen og ikkje-NATO-land i Middelhavet som ein viktig del av innsatsen NATO gjer for oppnå større harmoni med alle naboane sine. Slik innsats er særleg viktig i denne samanhengen fordi tryggleik i Europa er nært knytt til tryggleik og stabilitet i middelhavsområdet. Vi ser difor fram til vidare utvikling i dialogen på grunnlag av tilrådingar som vil bli utarbeidde av Det permanente rådet.
OSSE
41. Vi legg stor vekt på OSSE si rolle når det gjeld å forbetre tryggleiken og stabiliteten i Europa ved å fungere som hovudinstrument i førebyggjande diplomati, konfliktførebygging, rehabilitering etter konflikt og regionalt tryggingssamarbeid. OSSE medverkar i stor grad til løysinga av ei rekkje regionale konfliktar og til gjennomføringa av sivile sider ved fredsavtalen for Bosnia-Hercegovina. OSSE har ei fundamental rolle å spele i den samarbeidsbaserte tryggingsstrukturen vi søkjer, der alle europeiske statar kan delta på like fot. Vi stadfester på nytt at europeisk tryggleik krev breiast mogeleg samarbeid og samordning mellom europeiske og transatlantiske organisasjonar. OSSE, som ein inkluderande og omfattande organisasjon for konsultasjon, avgjerdstaking og samarbeid i sin region og som ei regional ordning etter kapittel VIII i FN-charteret, er særleg veleigna som forum for å styrkje samarbeidet og komplementariteten mellom slike organisasjonar og institusjonar. Vi ser med glede på resultata av OSSE-toppmøtet i Lisboa, og særleg framgangen som vart oppnådd der i retning av å utvikle ein tryggingsmodell for det 21. hundreåret.
CFE
42. Vi støttar fullt ut den haldninga utanriksministrane gav uttrykk for siste veke då dei sa at CFE-avtalen er ein fundamental hjørnestein for tryggleik og stabilitet for alle i det euro-atlantiske området. Vi er forplikta til å halde ved lag og styrkje avtalen. I tråd med vår vidare målsetjing om å forbetre det politiske samarbeidet og den militære stabiliteten i eit Europa utan skiljeliner, ser vi med glede på vedtaket dei 30 partane i CFE-avtalen gjorde den 1. desember 1996 om å setje i gang forhandlingar om å tilpasse avtalen til i tråd med endringane i tryggingsmiljøet i Europa. Vi ser fram til å ta til med forhandlingar i den felles konsultasjonsgruppa i Wien i januar 1997 på grunnlag av mandatdokumentet som vart vedteke i Lisboa.
43. Vårt felles mål er å forbetre tryggleiken for alle partane, enten dei er med i alliansen eller ikkje, og å sikre retten deira til å velje og endre sine eigne tryggingsordningar. I den vidare politiske samanhengen av forbetra tryggleik for alle bør denne prosessen styrkje samarbeidsmønsteret i tilhøva mellom partane på grunnlag av gjensidig tillit, innsyn og stabilitet. Som alle dei andre partane er vil forplikta til å tilpasse avtalen ved å utvikle mekanismar som vil gjere avtalen meir gjennomførleg og effektiv, og vil trefte tiltak for å revidere gruppestrukturen i avtalen, tilpasse avgrensingssystemet i avtalen og forbetre verifikasjons- og informasjonsføresegnene. For å klare dette vil medlemene i alliansen utarbeide og leggje fram forslag til forhandlingane i Wien.
44. Vi stadfester vår støtte til flankeavtalen i CFE som vart oppnådd under tilsynskonferansen i Wien i år. Vi oppmodar alle partar som enno ikkje har godkjent denne avtalen om å gjere dette før utgangen av den utvida interimperioden for bruken av avtalen.
45. Vi vil til fulle gjere vårt i den intensive innsatsen som framleis pågår for å finne ut av uløyste gjennomføringsspørsmål.
46. Medlemene i alliansen forpliktar seg på ny, slik dei gjorde i Lisboa, til å vise atterhald så lenge det går føre seg forhandlingar som fastsett i dokumentet i tilknyting til den noverande innretninga og kapasiteten til dei konvensjonelle væpna styrkane deira, særleg - når det gjeld styrkenivå og deployering - i verkeområdet til traktaten. I tråd med vedtaka frå Lisboa skal denne plikta ikkje vere til skade for utfallet av forhandlingane eller for at einskildpartar frivillig kan vedta reduksjonar i styrkenivå eller deployering, eller for dei legitime tryggingsinteressene deira. Vi meiner at CFE-avtalen framleis må spele ei nøkkelrolle i å sikre militær stabilitet inn i det 21. hundreåret, og er forplikta til å tilpasse avtalen etter kvart som det er nødvendig for å møte nye tryggingsutfordringar.
Ressursar
47. Dei militære evnene til alliansen er det essensielle grunnlaget for at han skal kunne utføre alle sine oppdrag. Vi er difor fast bestemte på at styrkane våre framleis skal vere tilstrekkeleg bemanna, utstyrte og trena, og vil søkje dei ressursane som trengst til dette. Etter fleire år med jamn nedgang i dei samfinansierte budsjetta i alliansen ser samfinansieringsnivåa no ut til å ha stabilisert seg. Vi ser med glede på denne utviklinga, sidan eit vidare fall i dei tilgjengelege fellesressursane ville ha gjort alliansen mindre i stand til å nå sine mål, særleg dei som vart fastsette av toppmøtet i januar 1994. Vi ser med glede på framgangen i utviklinga av ei integrert ressursforvaltning med sikte på rasjonalisering. I løpet av 1996 viste samfinansierte budsjett seg igjen å vere eit verdifullt aktivum, ved at dei stetta dei grunnleggjande militære behova i samband med IFOR-operasjonen i rett tid og på ein effektiv og fleksibel måte. Vi har òg gjeve Det permanente rådet i oppdrag å fastslå kva implikasjonar tilpassinga vil ha for dei samfinansierte NATO-budsjetta, og å utarbeide passande løysingsframlegg.
Materiellsamarbeid
48. Materiellsamarbeidet i NATO byr framleis på mange praktiske eksempel på korleis dei allierte slår saman ressursane sine i felles innsats, innanfor Europa og over Atlanterhavet, for å halde oppe det kollektive forsvaret og alliansen si evne til å utføre sine nye oppdrag. Vi ser med glede at Konferansen av nasjonale materielldirektørar (CNAD) nyleg godkjende ein handlingsplan for å formulere retningsliner for bruk av ny teknologi for modellutrekning og simulering i NATO. Vi ser fram til at vi neste vår vil motta alternativ og tilrådingar for korleis alliansen kan drive lagdelt forsvar mot taktiske ballistiske rakettar for å verne utplasserte allisansestyrkar. Vi merkte oss med glede at CNAD var i ferd med å intensivere arbeidet med uavklara spørsmål og alternativ for å følgje opp ein bakkeovervakingskapasitet i alliansen, i form av ein minste nødvendig NATO-eigd og NATO-driven kjernekapasitet supplert av samverkande nasjonale ressursar, og vi ser fram til at vedtak om kva alternativ som skal følgjast vidare opp vert fatta mot slutten av 1997. Vi såg med glede på det viktige bidraget CNAD har gjort til forbetringa av PFP, særleg gjennom vedtaket om å invitere partnarar til å delta i diskusjonar om dokument i utvalde CNAD-grupper.
Konklusjon
49. Vedtaket om å halde eit toppmøte neste år markerer terskelen til ein ny tidsepoke, som vil by på både utfordringar og mogelegheiter. Den indre og ytre tilpassinga av alliansen og etableringa av sterke og stabile tilhøve til Russland og Ukraina vil krevje at alliansen framleis er framsynt og har evne til å tilpasse seg, slik han har vist seg i stand til hittil. Vi er trygge på alliansen si evne til å oppfylle desse krava, og trur at den nye tidsepoken òg vil by på uvanlege positive utsikter - med høve til å forsterke tryggleiken og stabiliteten for alliansen, for partnarane og for heile den euro-atlantiske regionen.
2.7 MØTE I FORSVARSPLANLEGGINGSKOMITEEN OG DEN KJERNEFYSISKE PLANLEGGINGSGRUPPA I BRUSSEL, 17. DESEMBER 1996
Sluttkommuniké
1. Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Atlanterhavspakta sin organisasjon møttest til ministermøte i Brussel den 17. desember.
2. Vi ser fram til toppmøtet i Det nordatlantiske rådet som vert halde 8. og 9. juli 1997. Vi såg med glede på arbeidet som no er i gang for å tilpasse dei militære strukturane i alliansen som ein del av den vedvarande prosessen mot omdanning av NATO, og vi stadfeste at vår evne til kollektivt forsvar framleis vil vere uunnverleg for tryggleiken og stabiliteten i Europa. Denne evna er grunnlaget for alle NATOs oppdrag og aktivitetar, også når det gjeld å utvikle ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet (ESDI) innanfor alliansen på ein måte som alle allierte kan vere nøgde med. Den same evna vil vere avgjerande for at stabiliseringsstyrken for Bosnia-Hercegovina skal lukkast, og dermed for den breiare innsatsen det internasjonale samfunnet gjer for å styrkje freden og stabiliteten i det tidlegare Jugoslavia, like eins som ho har vore avgjerande for dei resultata som er oppnådde i operasjon JOINT ENDEAVOUR.
3. Vi er framleis fast bestemte på å sikre at dei individuelle og kollektive militære evnene våre er effektive og godt samordna. Desse evnene er mykje omforma og nyorienterte for å ta omsyn til dei strategiske tilhøva som har utvikla seg sidan den kalde krigen tok slutt. Styrkane våre må likevel vere tilstrekkeleg bemanna, utstyrte, trena og finansierte for framleis å kunne utføre alle alliansen sine oppdrag.
4. Forsvarsplanleggingssystemet i alliansen spelar ei sentral rolle for å nå desse måla. Det er under tilpassing for å sikra at det vil forbli ein effektiv mekanisme til å samordne forsvarsplanlegginga i alliansen. Resultatet vil vere ein enkelt, indre samanhengande forsvarsplanleggingsprosess, som skal utvikle styrkar og kapasitet som trengst for å utføre alle alliansen sine oppdrag har, også VEU-leia operasjonar.
5. Som ein del av den regulære gjennomgangen av forsvarsinnsatsen vår har vi sett på nasjonale forsvarsplanar for 1997-2001 og lenger, og har vedteke ein femårig styrkeplan med sikte på vidare tilpassing av forsvarsplanane våre for å vere i takt med den nye tryggingssituasjonen. Styrkestrukturen vår er no, samstundes som han framleis er fullt ut i stand til å ta hand om alliansen sine kjernefunksjonar med avskrekking og kollektivt forsvar, også godt eigna til krisehandtering og fredstrygging og dermed til samarbeid med partnarane våre. Planane for modernisering av styrkane oppfyller generelt alliansen sine behov, sjølv om budsjettmessige grenser i nokre tilfelle gjer at gjennomføringa av planane vert seinka. I den vidare styrkeplanleggingsprosessen vil det særleg måtte takast omsyn til viktige forbetringsområde som deployerbar kommando, kontroll og kommunikasjonssystem, strategisk mobilitet, berekraft, bakkebasert luftforsvar og strategiske overvakings- og etterretningssystem.
6. For å sikre at alliansen har evne til å utføre alle sine oppdrag, streka vi på møtet vårt i juni under det viktige i å utvikle evner til å motverke risikoane ved spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen. Til dette føremålet bad vi om at nye styrkemål måtte bli utvikla slik at desse risikoane kunne møtast innanfor eksisterande prosedyrar i alliansen. Vi godkjende desse ekstra styrkemåla i dag. I tillegg gav vi pålegg om vidare arbeid for å ta hand om spreiingsrelaterte risikoar, arbeid som vil bli vidareført innanfor styrkeplanleggingsprosessen.
7. Dei kjernefysiske styrkane til alliansen spelar framleis ei unik og vesentleg rolle i alliansen sin strategi. Dei har eit grunnleggjande politisk føremål: å verne om freden og hindre tvang. Vi ser med glede på den reduserte vektlegginga av kjernefysiske våpen som kjem til uttrykk i dei store reduksjonane i dei kjernefysiske styrkane til alliansen og i den lågare beredskapen som gradvis er gjennomført sidan 1991. Dei kjernefysiske styrkane i alliansen er ikkje retta mot noko land. Vi stadfester at nærvær i Europa av kjernefysiske styrkar frå USA, forplikta til alliansen, framleis utgjer ei vesentleg og varig politisk og militær binding mellom dei europeiske og nordamerikanske medlemer av alliansen. Vi seier oss òg fast bestemte på å sikre at dei kjernefysiske styrkane i alliansen framleis oppfyller dei høgste sikrings- og tryggingsstandardar.
8. Vi verdsette den utgreiinga vi fekk av USA om status for dei bilaterale forhandlingane deira med Russland med sikte på å oppnå vidare framgang i ulike kjernefysiske spørsmål. I denne samanhengen oppmuntrar vi den russiske dumaen til snarast å ratifisere START II, og uttrykkjer vår fulle støtte til det som vert gjort for å komme fram til ei vellukka fullføring av dei bilaterale forhandlingane om avgrensing mellom strategiske og taktiske rakettforsvarssystem.
9. I ei tid då NATO har redusert dei kjernefysiske styrkane sine sterkt, held Russland framleis fast ved eit stort tal taktiske kjernefysiske våpen av alle typar. Vi oppmodar Russland om å fullføre dei reduksjonane i slike styrkar som vart kunngjorde i 1991 og 1992, og å føreta ein ny gjennomgang av dei taktiske kjernefysiske våpenlagra sine med sikte på å gjennomføre ytterlegare vesentlege reduksjonar. Vi ser med glede på den hjelpa fleire NATO-land yter i samband med trygg og sikker fjerning og demontering av masseøydeleggingsvåpen i Russland, Ukraina, Kviterussland og Kasakhstan, og ber alle allierte sjå etter fleire måtar dei kan medverke på.
10. Vi ser med glede at fjerninga av kjernefysiske stridshovud frå Kviterussland i samsvar med Lisboa-protokollen frå 1992 er fullført.
11. Vi ser meg glede på fullføringa av ein verdsomspennande og verifiserbar avtale om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (CTBT), og oppmuntrar alle statar til å ratifisere avtalen, som, når han tek til å gjelde, vil vere eit viktig bidrag til å hindre spreiing av kjernefysiske våpen. Vi ser det som svært viktig komme i gang med forhandlingane om ein avtale om å gjere slutt på produksjon av spaltbart materiale til bruk i kjernefysiske våpen.
2.8 MØTE I MINISTERRÅDET I VEU, BIRMINGHAM 7. MAI 1996
1. Utanriks- og forsvarsministrane i VEU møttest i Birmingham 7. mai 1996.
2. Dette ministermøtet i VEU er særleg viktig sett i samanheng med:
opninga av den europeiske regjeringskonferansen,
vidareføring av diskusjonen og arbeidet innanfor Atlanterhavsalliansen for å gjennomføre vedtaka stats- og regjeringssjefane gjorde på toppmøtet i Brussel i januar 1994 og å tilpasse strukturane i alliansen,
utsiktene til utviding av dei ulike europeiske institusjonane og av NATO.
I denne samanhengen sa ministrane seg på ny forplikta til å byggje ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet, som gjennom effektive politiske middel og militære evner vil gjere det mogeleg for europearane å aksle sine oppgåver innanfor felles trygging og forsvar i og utanom Europa, og samstundes forsterke den transatlantiske tilknytinga. For å nå dette målet har VEU, både som forsvarskomponent i Den europeiske unionen og som instrument til å styrkje den europeiske søyla i alliansen, ei sentral rolle å fylle i samsvar med erklæringa frå NATO-toppmøtet i januar 1994, særleg ved å stå for den politisk-militære kontrollen med europeiske operasjonar.
3. VEU må gjere nye framsteg i si utvikling:
ved å knyte nærare institusjonelle og operasjonelle band til Den europeiske unionen for å styrkje evna til å etterkomme oppmodingar frå unionen og å gjennomføre effektivt dei vedtak og handlingar unionen set i verk som har forsvarsmessige implikasjonar, særleg slike som krev militære middel eller fagkunnskapar.
ved å forsterke banda til NATO for å kunne nytte alliansen sine ressursar og evner i europeiske operasjonar innanfor rammene av Petersberg-oppgåver, særleg gjennom kombinerte felles kampgrupper (CJTF);
ved å føre vidare arbeidet som er gjort dei seinare åra for å oppnå auka operasjonell kapasitet, ved å utvikle dei politisk-militære avgjerdsmekanismane sine, å ha kommandoevner tilgjengelege, å styrkje dei operasjonelle evnene som kan mobiliserast for å gjennomføre krisehandteringsoperasjonar og ved å streve etter å sikre at politikk som er iverksett på områda romfart, materiellsamarbeid og fleirnasjonale styrkar, medverkar til å styrkje europearane sine operasjonelle evner innanfor krisehandtering.
Ministrane minte om at dei siktar mot vidare framgang i å definere og organisere ein europeisk tryggingsarkitektur som stettar behovet for stabilitet på det europeiske kontinentet.
I Den operasjonelle utviklinga i VEU
4. Ministrane såg med glede på ei rekkje viktige utviklingstrekk på dette området sidan dei møttest i Madrid. Dette gjeld:
Vesentleg framgang mot fullføring av CJTF-konseptet,
Etableringa av det permanente situasjonssenteret og etterretningsavdelinga i planleggingscella i VEU-hovudkvarteret. Det er særleg kjærkome at situasjonssenteret vil vere operativt til den andre fasen i øvinga «VEU CRISEX 95-96» i juni i år.
Sen vellukka fullføringa av fase I i øvinga «CRISEX 95-96».
Semje om tiltak for å gjennomføre øvingspolitikken i VEU meir effektivt, mellom anna ved å innføre ein årleg øvingsplanleggingskonferanse som skal setje opp eit samanhengande og stegvis øvingsprogram.
Semje om eit VEU-konsept for strategisk mobilitet for å lette gjennomføringa av Petersberg-oppdrag, etter Storbritannia sitt Eurolift-initiativ.
Ministrane merkte seg arbeidet rundt generisk planlegging for humanitære operasjonar og naudhjelpsoperasjonar, mellom anna ein spesialstyrke for humanitære VEU-operasjonar, og såg med glede at ein har kontakta dei kompetente organa i EU for å forklare verkeområdet for VEU-aktivitetar i denne sektoren. Dei understreka at dei såg det som viktig at det vert gjort vidare framgang.
5. Ministrane såg òg med glede på vedtaket til regjeringa i Storbritannia om å stille sine operative sjøtreningsfasilitetar til disposisjon for VEU til nasjonal eller kollektiv bruk for VEU-nasjonar. Ministrane merkte seg at felles bruk av slike fasilitetar kunne betre det militære samarbeidet mellom VEU-nasjonar, og inviterte andre VEU-nasjonar til å komme med liknande tilbod, idet det vert teke omsyn til arbeidet rundt fleirnasjonal oppgåvedeling.
6. Ministrane såg med glede på orienteringa som vart gjeven av forsvarssjefstaben i Storbritannia om utfallet av møtet mellom forsvarssjefane i London den 18. april 1996 og seminaret som vart halde i førevegen.
7. Ministrane streka under behovet for å halde fram med å utvikle dei operasjonelle evnene til VEU. Dette er framleis ein føresetnad for å få i stand ei effektiv og truverdig europeisk forsvarsevne som kan utføre Petersberg-oppgåvene, og vil framleis vere høgt prioritert i den neste fasen av VEU sitt arbeid.
8. Ministrane gav Det permanente rådet i oppgåve å halde fram med:
å forbetre situasjonssenteret sine evner i lys av røynslene som vart hausta under CRISEX;
arbeidet med gjennomføringa av CJTF-konseptet i nært samarbeid med NATO;
arbeidet med vidare utvikling av øvingsprogrammet for VEU og dei neste fasane i CRISEX;
vidareutvikling av konseptet «styrkar som står til rådvelde for VEU» (FAWEU);
å identifisere behov med tanke på tilrettelegging for sambruk av element i fleirnasjonale FAWEU i ein felles VEU-operasjon, særleg dei militære aspekta, på ein måte som er i tråd med NATO sine operasjonelle prosedyrar;
å vurdere korleis initiativet om operasjonell sjøtrening kan utvidast slik at VEU kan gjere optimal bruk av liknande tilbod innanfor eit vidare spekter av militære fasilitetar;
førebuingar til Petersberg-oppdrag, særleg VEU si rolle i fredstrygging, mellom anna utarbeiding av ein generisk plan for fredstrygging som ein del av Petersberg-oppdrag;
å sjå på korleis ein kan styrkje planleggingscella si rolle i førebuingane til og gjennomføringa av Petersberg-oppdrag;
og å rapportere om framdrifta på det neste møtet deira i Ostende.
9. Ministrane såg med glede på den vedvarande framgangen når det gjeld å utvikle effektiviteten til satellittsenteret, og såg i samband med dette med glede at Helios har teke til å levere biletmateriale til senteret. Dei merkte seg med interesse vedtaket til Frankrike og Tyskland om i fellesskap å utvikle eit satellittsystem for jordobservasjon. Ministrane merkte seg at det vert arbeidd vidare med å definere dei grunnleggjande vilkåra for eventuell VEU-deltaking i eit multilateralt europeisk program som er i utvikling, og såg fram til ein framdriftsrapport.
II Materiellsamarbeid
10. Ministrane erkjende at auka samarbeid innanfor europeisk materiellforsyning vil vere ein viktig del av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten. Ministrane merkte seg at det framleis vart arbeidd med å følgje opp rapporten om alternativ for ein europeisk materiellpolitikk, og om utsiktene til oppretting av eit europeisk materiellagentur.
III Assosierte medlemsstatar, observatørstatar og assosierte partnarstatar
11. Ministrane stadfeste at dei er fast bestemte på å trekkje alle VEU-nasjonar med i utviklinga av den operasjonelle rolla til VEU med omsyn til dei nye oppgåvene som vart definerte i Petersberg, slik statusen deira gjev høve til.
12. Ministrane, som erkjende at dei assosierte medlemene yter eit viktig bidrag til arbeidet i organisasjonen og til europeisk tryggleik og stabilitet under eitt, minte om relevante ministervedtak og -dokument og stadfeste at dei var bestemte på å oppfylle desse fullt ut. Ministrane såg med glede at assosierte medlemer deltok full ut i organisasjonen sine aktivitetar i samsvar med desse vedtaka og dokumenta.
13. Ministrane, som erkjende at observatørlanda tradisjonelt har spela ei aktiv rolle i fredstryggingsarbeidet til FN og kan yte eit bidrag til VEU-operasjonar innanfor Petersberg-ramma, minte om vilkåra i Madrid-mandatet og såg med glede på vedtaka i Det permanente rådet, som gjev observatørland høve til å delta sterkare i Petersberg-oppgåver og avklarar kva praksis og prosedyrar som gjeld for observatørar.
14. Ministrane understreka at dei legg stor vekt på dei assosierte partnarane sin medverknad i VEU-aktivitetar. Dei såg med glede på rapporten til Det permanente rådet om tiltak som er iverksette for å engasjere dei assosierte partnarane meir i arbeidet med operasjonell utvikling, særleg når det gjeld fredstrygging i Afrika, øvingspolitikk og operasjonar med humanitære spesialstyrkar. Dei såg med særleg glede på avtalen om auka informasjonsdeling, på orienteringane om VEU-prosedyrar for krisehandtering, VEU si rolle i fredstrygginga og på ordningane for å orientere assosierte partnarar om spørsmål som gjeld romfart og materiellsamarbeid i VEU. Dei såg med glede på dei assosierte partnarane si aktive deltaking i diskusjonen om tryggingsspørsmål og politisk-militære saker innanfor VEU. Ministrane slutta seg til vedtaket i Det permanente rådet om fortløpande vurdering av utsiktene til vidare styrking av dei assosierte partnarane sitt engasjement i det pågåande arbeidet med utviklinga av den operasjonelle rolla til VEU.
15. Ministrane, som erkjende det verdifulle arbeidet som er gjort av VEU-instituttet for tryggingsstudiar, var samde om å vurdere fortløpande korleis alle VEU-land kan knytast nærare til instituttet.
IV Relasjonar med EU
16. Ministrane streka under behovet for å utvikle relasjonane mellom VEU og Den europeiske unionen vidare for å byggje VEU stegvis opp som forsvarskomponent i unionen. Dei såg med glede på dei praktiske tiltaka som er sette i verk under den britiske og den italienske presidentskapen for å forbetre tilhøvet. Det har mellom anna for første gong vore halde møte mellom arbeidsgrupper frå dei to organisasjonane om evakueringsplanlegging, om Mostar og om eit føreståande møte om Middelhavet; like eins har EU utarbeidd ordningar for overføring av dokument. Dei såg med glede på fellesdokumentet om praktiske ordningar for evakueringsoperasjonar i EU/VEU-regi, og på VEU sitt arbeid rundt fredstrygging i Afrika, som kan tene som utfylling til den meir omfattande EU-tilnærminga, og merkte seg svaret VEU i mellomtida har gjeve på oppmodinga frå EU på dette området. Dei såg òg med glede at det er sett i gang arbeid i samband med anti-personellminer, der det vert teke omsyn til den felles EU-innsatsen på dette området. Dei instruerte Det permanente rådet om å gå vidare i dette konkrete arbeidet. Dei såg med glede på møta mellom dei skiftande presidentskapane i VEU og EU med sikte på å samordne arbeidsprogramma på aktuelle område. Ministrane erkjende at det framleis, trass i den institusjonelle debatten innanfor IGC, er rom for vidare praktiske tiltak for å forbetre tilhøvet mellom VEU og EU, og gav Det permanente rådet i oppgåve å utvikle nye måtar å styrkje banda mellom dei to organisasjonane på.
17. Ministrane streka under at i IGC har mykje å seie for den framtidige utviklinga av ESDI. Dei sa seg på ny villige til fullt ut å medverke til IGC etter behov med omsyn til tryggings- og forsvarsaspekta, slik dei alt hadde gjort i Madrid då dei godkjende og formidla til EU-rådet VEU sitt bidrag til regjeringskonferansen i 1997. Ved dette høvet må det, slik det var semje om i Madrid, setjast ny fart i utviklinga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten. Dei gjentok at dei aktar å følgje framgangen i IGC nøye.
V Relasjonar med NATO
18. Ministrane la vekt på behovet for å ei ytterlegare styrking av relasjonane mellom VEU og Atlanterhavsalliansen for å utvikle VEU som eit middel til å styrkje den europeiske søyla i alliansen. Nært praktisk samarbeid mellom dei to organisasjonane vil vere vesentleg dersom VEU skal oppfylle sitt operasjonelle potensiale. Dei merkte seg med glede sluttføringa av tryggingsavtalen mellom VEU og NATO. Dei såg med glede på framgangen som er oppnådd innanfor NATO i arbeidet med CJTF-konseptet, og såg fram til vidare samordning mellom dei to organisasjonane i gjennomføringa av dette. Dei såg òg med glede på dei aukande kontaktane mellom dei to organisasjonane, mellom anna gjenopptakinga av møta mellom Det permanente rådet og SACEUR, fellesmøte om middelhavsdialogen i dei to organisasjonane og informasjonsutveksling rundt relasjonane med Russland og Ukraina. Dei påla Det permanente rådet å prioritere gjennomføringa av CJTF-konseptet og tryggingsavtalen og å halde fram med å utvikle operasjonelle band til NATO.
VI Relasjonar med tredjeland
19. Ministrane minte om det viktige i utviklinga av relasjonar med Russland. Dei såg med glede på dei tiltaka som er iverksette for å byggje vidare på brevvekslinga i fjor mellom dåverande formann i VEU-rådet Solana og dåverande russisk utanriksminister Kosyrev, særleg den spanske presidentskapen si gjesting i Moskva i desember 1995, den føreståande gjestinga til generalsekretæren, avtalen om levering av russisk biletmateriale til VEU-satellittsenteret, opprettinga av kontaktpunkt mellom presidentskap og sekretariat og den russiske ambassaden i Brussel, ei meiningsutveksling om felleskonseptet og førebuingane til eit seminar i Moskva om europeiske tryggingsspørsmål.
20. Like eins såg ministrane med glede på dei tiltaka som er sette i verk for å utvikle relasjonar med Ukraina som viktig europeisk partnar til VEU. Dei merkte seg særleg presidentskapen si planlagde gjesting i mai, innbydinga frå regjeringa i Ukraina til generalsekretæren om å gjeste Kiev, opprettinga av kontaktpunkt mellom presidentskap og sekretariat og den ukrainske ambassaden i Brussel, og den ukrainske presidenten si tilsegn om å tale til plenumsmøtet i VEU-forsamlinga i juni.
21. Dei påla Det permanente rådet å arbeide vidare med relasjonane med Russland og Ukraina innanfor rammene av vedtaket i Det permanente rådet frå mars 1995, som ei vidareføring av framgangen som er oppnådd sidan dette.
22. Ministrane streka under det viktige i dialogen med ikkje-VEU-land ved Middelhavet, og såg med glede på den pågåande innsatsen for å gjere denne meir effektiv, mellom anna gjennom møte med Den europeiske unionen og NATO med sikte på betre samordning av middelhavsinitiativa til dei tre organisasjonane, samstundes som det vert teke omsyn til utfallet av Euro-Middelhavskonferansen i Barcelona. Dei påla Det permanente rådet å gå vidare i vurderinga av tiltak for å betre substansen og innhaldet i dialogen og å rapportere om framgangen i dette på neste ministerråd i Ostende.
23. Ministrane såg med glede at dialogen med Kypros og Malta utviklar seg vidare i takt med den nærare tilknytinga mellom Kypros og Malta og Den europeiske unionen.
24. Ministrane minte om at dei i Lisboa instruerte Det permanente rådet om å gå vidare i sine refleksjonar over fredstrygging og konfliktførebygging i Afrika, og at EU hadde oppmoda VEU om å skissere og gjennomføre konkrete tiltak som kunne vere med på å mobilisere afrikanske ressursar til FN-styrkar. Ministrane slutta seg til vedtaket i rådet om å sende ei studiegruppe til Afrika.
VII Situasjonen i det tidlegare Jugoslavia
25. Ministrane uttrykte si fulle støtte til gjennomføringa av fredsavtalen som vart forhandla i Dayton og underteikna i Paris, og oppmoda partane om å etterleve fredsløysinga fullt ut og å vise den fleksibilitet og politiske vilje som trengst for å leggje eit grunnlag for forsoning, reintegrering og atterreising i heile regionen. Dei uttrykte støtte til dei regionale samarbeidsinitiativa som tek sikte på å fremje stabilitet og tryggleik. Dei hylla VEU-operasjonane i og rundt det tidlegare Jugoslavia som har vore med på å bane veg for fredsavtalen. Dei såg med glede på den vellukka tilpassinga av politi- og tolloppdraget ved Donau og av den felles VEU/NATO-operasjonen SHARP GUARD i tråd med krava i fredsavtalen og dei aktuelle resolusjonane frå Tryggingsrådet i FN. Dei såg med glede på framgangen som nyleg har skjedd i retning av å oppfylle VEU-mandatet til støtte for EU-administrasjonen i Mostar, og bad dei bosnia-kroatiske styresmaktene innstendig om å samarbeide i opprettinga av eit felles politihovudkvarter.
26. Ministrane såg med glede på igangsetjinga av arbeid for å dra lærdom av VEU si gjennomføring av operasjonar i samband med det tidlegare Jugoslavia.
VIII Transatlantisk forum
25. Ministrane såg med glede på framgangen som er oppnådd sidan mai 1995, og vonar at denne vil gje bodskapen om eit transatlantisk forum større gjennomslagskraft. Dei såg med glede på initiativet til den portugisiske formannen om å trekkje amerikanarar og kanadiarar med i aktivitetane i Transatlantisk forum, og la vekt på verdien av auka samarbeid med EU og NATO. Dei såg fram til dei vidare diskusjonane i Det permanente rådet om effektiviteten i Transatlantiske forum sine aktivitetar, idet dei tok omsyn til tilrådingane som ministrane vart samde om i Lisboa og til framlegg til mogelege justeringar.
Ministrane erkjende at parlamentarikarforsamlinga i VEU spelar ei verdifull rolle i arbeidet til organisasjonen, og gav uttrykk for verdsetjing av forsamlinga sitt bidrag til debatten om tryggleik og forsvar i Europa.
Ministrane såg med glede på den belgiske programfråsegna for dei neste seks månadene då dei har presidentskapen i VEU.
2.9 MØTE I MINISTERRÅDET I VEU, OSTENDE 19. NOVEMBER 1996
I Innleiing
1. Utanriks- og forsvarsministrane i VEU-landa møttest i Ostende den 19. november 1996. Ministrane såg med glede at Slovenia har tiltrådd som assosiert partnar til VEU.
Forsvarsministrane i dei 13 landa i Materiellsamarbeidsgruppa i Den vesteuropeiske unionen (WEAG) var samla før møtet i ministerrådet i VEU for å gå gjennom materiellsamarbeidsaktivitetane til gruppa.
2. Møtet vart halde på eit tidspunkt som er særleg viktig for utviklinga av VEU:
I EU arbeider ein vidare innanfor rammene av regjeringskonferansen med revisjonen av Traktaten om den europeiske unionen og unionen sitt institusjonelle tilhøve til VEU for betre å kunne hevde den europeiske identiteten i tryggings- og forsvarssaker.
Det vert framleis arbeidd med oppfølging av vedtaka som vart gjorde på siste møtet deira i Birmingham og på NATO-ministermøta i Berlin og Brussel. Vedtaka til NATO-ministrane har bana veg for å byggje ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet innanfor alliansen, noko som vil gjere det mogeleg å opprette militært harmoniske og effektive styrkar som opererer under politisk kontroll og strategisk leiing av VEU.
3. VEU har ei sentral rolle å spele i samsvar med semjene som vart oppnådde i Maastricht og som no vert reviderte under IGC, og med vedtaka som vart gjorde i Berlin for å setje europearane i stand til å aksle sine oppgåver innanfor trygging og forsvar i og utanom Europa og samstundes forsterke den transatlantiske tilknytinga. Ministrane såg med glede på framgangen i IGC. Ved dette høvet er det behov for å setje ny fart i utviklinga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten. Ministrane såg òg med glede på framgangen i oppfølginga av ministermøta i Birmingham, Berlin og Brussel, og VEU vil klart halde fram med å fokusere arbeidet sitt på gjennomføringa av desse vedtaka.
4. VEU må såleis gjere nye steg framover i si utvikling ved:
ytterlegare å forbetre evna si til å etterkomme oppmodingar frå EU, å utdjupe og gjennomføre EU-vedtak og -tiltak som har forsvarsmessige implikasjonar og å etablere nærare institusjonelle og operasjonelle band med EU.
å følgje opp Birmingham, Berlin og Brussel, i nært og aukande samarbeid med NATO, for å førebu seg på gjennomføring av operasjonar under politisk kontroll og strategisk leiing av VEU, særleg arbeidet med utpeiking og overføring av NATOs ressursar og evner og konsultasjonsmekanismar.
å føre vidare den operasjonelle utviklinga av VEU, mellom anna ved å styrkje det nære militære samarbeidet mellom VEU-nasjonar og ved å søkje å sikre at politikk som vert iverksett på områda romfart, materiellsamarbeid og fleirnasjonale styrkar medverkar til å styrkje europearane sine operasjonelle evner innanfor krisehandtering.
II Relasjonar med Den europeiske unionen
5. Ministrane minte om at dei er forplikta til å vidareutvikle relasjonane mellom VEU og Den europeiske unionen for å byggje VEU stegvis opp som forsvarskomponent i unionen.
6. I denne samanhengen såg ministrane med glede på framgangen i arbeidet til regjeringskonferansen (IGC) i retning av å oppfylle målsetjinga om å leggje fram for Europarådet i Dublin i desember ei generell skisse til revisjonsutkast for traktatane, og på at ein er bestemt på å fullføre IGC innan juni 1997. Ved dette høvet må det, slik det var semje om i Madrid og Birmingham, setjast ny fart i utviklinga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten. Ministrane sa seg på ny villige til å medverke fullt ut til tryggings- og forsvarsaspekta ved IGC etter behov, og instruerte Det permanente rådet om å følgje dei vidare drøftingane nøye.
7. Ministrane såg òg med glede på vedtakinga av vidare praktiske ordningar for oppretting av nærare samarbeidstilhøve mellom VEU og Den europeiske unionen, utan at det skal ha innverknad på det pågåande arbeidet til IGC. Desse ordningane gjeld møte mellom arbeidsgrupper i EU og VEU, gjensidige orienteringar, offisiell overføring av dokument mellom dei to organisasjonane, samarbeid mellom rådssekretariata i VEU og EU, og nærare reglar for informasjon og konsultasjon mellom Europakommisjonen og VEU. Det er òg oppretta kontaktar mellom dei to organisasjonane vedkommande utveksling av dokument og informasjon mellom VEU og EU. Ministrane var overtydde om at det finst rom for vidare forbetring av tilhøvet mellom VEU og EU ved at det vert oppretta nærare institusjonelle og operasjonelle band, og gav Det permanente rådet i oppdrag å halde fram med arbeidet.
8. Ministrane sa seg nøgde med arbeidet under den belgiske og den irske presidentskapen for å forbetre det konkrete praktiske samarbeidet mellom VEU og Den europeiske unionen:
på området fredstrygging i Afrika vart det halde eit møte mellom aktuelle arbeidsgrupper i dei to organisasjonane;
på ministerkonferansen for EU/SADC i Windhoek den 14. - 15. oktober 1996 gav presidentskapen i VEU ei orientering om VEU sine framstøytar til støtte for fredstrygging i Afrika;
det vart halde gjensidige orienteringar på aktuelt nivå om generelle tryggingsspørsmål av felles interesse, mellom anna om situasjonen i det tidlegare Jugoslavia.
9. Ministrane såg med glede på VEU sitt svar på oppmodinga frå EU på området fredstrygging i Afrika og på møtet som har vore halde mellom dei relevante gruppene i VEU og EU. Dei var nøgde med at møtet hadde framheva komplementaritetsinnstillinga til dei to organisasjonane. Dei gjentok at når militære middel og fagkunnskapar trengst, er VEU reie til å reagere på oppmodingar frå EU om å medverke til gjennomføring av EU-initiativ på dette området. I denne samanhengen gav dei Det permanente rådet i oppdrag å sjå nærare på mogelege tiltak som kan auke evna til fredstrygging i Afrika.
10. Ministrane vedtok framlegg frå Det permanente rådet om assistanse frå VEU i humanitære landmineryddingsoperasjonar, idet ein tok omsyn til Den europeiske unionen sitt felleshandlingsopplegg for anti-personellminer, som føreset ei potensiell rolle for VEU. Dei vedtok at rolla til VEU hovudsakleg vil vere å samordne nasjonale tilbod, å opptre som eit forum der VEU-landa kan utvikle ei pakkeløysing for militær assistanse til å utvikle lokale treningsressursar og å spreie informasjon om oppdaging og rydding av landminer. Ministrane oppmuntra landa til å samarbeide tettare med omsyn til bruken av eksisterande nasjonale opplæringsanlegg eller senter for minerydding. Ministrane var òg samde om at VEU vil utgjere eit knutepunkt for samordning og kommunikasjon mellom oppmodande organ og VEU-nasjonar. Ministrane instruerte Det permanente rådet om å arbeide vidare på grunnlag av desse vedtaka og konklusjonane. Ministrane bad Det permanente rådet halde dei informerte om den årlege rapporten om dette emnet.
11. Ministrane merkte seg med glede at VEU-politielementet i Mostar hadde lukkast i oppgåva med oppsyn, rådgjeving og opplæring av den felles politistyrken i Mostar til støtte for EU-adminsitrasjonen av Mostar og kontoret til spesialutsendingen, og såleis medverka til samling av byen og til den breiare målsetjinga om å fremje tryggleik og stabilitet i regionen. Ministrane sa seg takksame overfor dei VEU-nasjonane som hadde medverka til operasjonen, og overfor Nederland som hadde stilt leiar for oppdraget gjennom heile operasjonen. Ministrane rosa motet og viljestyrken til dei som hadde mist livet i tenesta. Ministrane framheva at VEU-engasjementet i Mostar hadde demonstrert potensialet for samarbeid mellom EU og VEU innanfor krisehandtering.
III Relasjonar med NATO - oppfølging av vedtaka på ministermøta i Birmingham, Berlin og Brussel
12. Ministrane sa seg på ny overtydde om at NATO og det transatlantiske sambandet framleis er av sentral verdi for stabiliteten og tryggleiken i Europa. Dei sa seg på ny forplikta til å vidareutvikle VEU som eit middel til å styrkje den europeiske søyla i alliansen. Ministrane såg med glede på vedtaket i Det nordatlantiske rådet i Berlin i juni 1996 om å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen, noko som vil gjere det mogeleg å opprette militært tilpassa og effektive styrkar som kan operere under politisk kontroll og strategisk leiing av VEU. 13. Ministrane streka under at vedtak som nyleg vart gjorde av ministerråda i VEU i Birmingham og NATO i Berlin og Brussel, utgjer eit kvalitativt steg i intensiveringa av tilhøvet mellom dei to organisasjonane. Dei var samde om at det trengst nært samarbeid og samordning mellom VEU og NATO i gjennomføringa av vedtaka i ministerråda.
14. Ministrane merkte seg med glede arbeidet som hittil er gjort innanfor VEU. Dei såg med glede på den vidare utarbeidinga, som eit første steg, av profilar for illustrerande VEU-oppdrag henta frå spekteret av Petersberg-oppdrag der VEU ser det som nødvendig å tilkalle NATO-ressursar og -evner. Desse profilane er overførte til NATO, som no vil utføre militær planlegging for desse illustrerande oppdraga i samarbeid med VEU. Ministrane såg med glede på avtalen, som vil vere basis for diskusjonar med NATO, om dei generelle retningslinene som frå eit VEU-synspunkt vil kunne styre vilkåra for samarbeid mellom VEU og NATO om militær planlegging for dei illustrerande VEU-oppdraga. Ministrane streka under at VEU sine prosedyrar og metodar fullt ut bør vere i tråd med dei som gjeld i alliansen.
15. Ministrane var samde om at det ville vere verdifullt for VEU å bli trekt aktivt med i forsvarsplanleggingsprosessen i alliansen for å gjere seg nytte av dette viktige verktøyet til forbetra operasjonell effektivitet. Dei sa seg såleis reie til å delta. Ministrane påla difor Det permanente rådet som ei prioritert oppgåve og i samarbeid med NATO å utarbeide nærare reglar for rettidige VEU-bidrag til denne prosessen og å utarbeide eit bidrag til NATOs ministerrettleiing 1997, som eit første konkret steg.
16. Ministrane merkte seg med glede framgangen i arbeidet med dokumentet som inneheld element for vidare utarbeiding av ein felles VEU-posisjon om «politisk kontroll og strategisk leiing» av VEU i samband med VEU-leia operasjonar der det vert gjort bruk av NATO sine ressursar og evner, eit dokument som seinare kan nyttast i konsultasjonsprosessen innanfor alliansen, og bad Det permanente rådet fullføre dette dokumentet.
17. Ministrane gav Det permanente rådet i oppdrag å utarbeide følgjande som ei prioritert oppgåve og i samarbeid med NATO:
ein konsultasjonsmekanisme mellom dei to permanente råda og deira vedkommande underordna organ, i eit perspektiv av mogelege operasjonar og i tillegg til eksisterande ordningar;
ein rammeavtale om nærare reglar for overføring av NATO sine ressursar og evner for bruk i VEU;
ein avtale om nærare reglar for samarbeid mellom VEU og NATO, for at sistnemnde på oppmoding frå og i samråd med VEU kan utføre militær planlegging for illustrerande VEU-oppdrag utpeika av VEU.
18. Ministrane såg med glede på framgangen som er gjort på presidentskapen sitt initiativ i spørsmålet om deltaking av europeiske allierte i VEU-operasjonar der NATO sine ressursar og evner vert nytta, og i planlegginga og førebuinga til slike operasjonar, og bad Det permanente rådet finne ei løysing innan desember på grunnlag av dette.
Ministrane såg òg med glede på initiativet frå presidentskapen om størst mogeleg engasjement av observatørane, i samsvar med statusen deira, i oppfølginga innanfor VEU av NATO-ministermøta i Berlin og Brussel, og bad Det permanente rådet finne ei løysing innan desember på dette grunnlaget.
19. Ministrane merkte seg med glede at det har skjedd ei handfast utvikling i relasjonane mellom VEU og NATO, særleg gjennom felles rådsmøte, møte mellom Det permanente rådet og SACEUR, gjensidige orienteringar, rutinemessige kontaktar og regulære liaisonmøte mellom IS eller IMS i NATO og sekretariatet eller planleggingscella i VEU. Ministrane streka under behovet for å intensivere tilhøvet ytterlegare.
20. Ministrane bad innstendig om at føresegnene i tryggingsavtalen mellom VEU og NATO måtte utnyttast til fulle for å auke innsynet og å styrkje samarbeidet mellom dei to organisasjonane.
21. Ministrane var nøgde med den vellukka operasjonen SHARP GUARD. Dei meinte at denne første kombinerte operasjonen mellom VEU og NATO har tent som ein positiv demonstrasjon på at banda og samarbeidet mellom dei to organisasjonane er i ferd med å styrkjast. Dei rosa dei tusenvis av menn og kvinner som har medverka til at operasjon SHARP GUARD lukkast.
IV Den operasjonelle utviklinga av VEU
22. Ministrane merkte seg at det sidan sist dei møttest i mai 1996 er utført mykje arbeid rundt den operasjonelle utviklinga av VEU i vidare forstand.
23. Ministrane såg med glede på tilboda og oppmodingane som er mottekne frå VEU-land i samband med meir omfattande bruk av nasjonale treningsfasilitetar og evner, med sikte på at VEU kan ha optimal nytte av desse tilboda, idet ein tek omsyn til Eurolongterm sitt arbeid med fleirnasjonal oppgåvedeling. Denne samkøyringa av VEU-landa sine opplæringsressursar vil setje kvar deltakar i stand til å dra nytte av synergieffektane som følgjer av dette, idet det vert teke rimeleg omsyn til spesifikke nasjonale karakteristika. Ministrane var oppmuntra over desse svara og gav Det permanente rådet pålegg om å sikre at det vert oppretta ein database over tilbod og oppmodingar.
24. Ministrane gav òg Det permanente rådet i oppgåve å føre vidare det igangsette arbeidet med harmonisering av VEU sine mekanismar og prosedyrar for krisehandtering.
25. Ministrane merkte seg at det enno stod att arbeid å gjere med identifisering av behov i samband med tilrettelegging for felles bruk av element frå fleirnasjonale FAWEU, og bad Det permanente rådet vurdere korleis denne saka kunne drivast framover.
26. Ministrane merkte seg arbeidet i planleggingscella med ein generisk plan for fredstryggingsoperasjonar innanfor rammene av Petersberg-oppdrag. Dei inviterte Det permanente rådet til å arbeide vidare med VEU si rolle i fredstrygginga innanfor rammene av desse oppdraga.
27. Ministrane merkte seg med interesse rapporten frå presidentskapen om møtet i forsvarssjefstaben i Brussel den 31. oktober 1996. Forsvarssjefstaben tok mellom anna føre seg korleis dei kunne avklare og styrkje rolla si innanfor VEU, funksjonen til militærdelegatane som gruppe og fordelinga av ansvarsområde mellom dei militære komponentane i VEU-hovudkvarteret.
28. Ministrane stadfeste at dei ser det som viktig å ha ei effektiv planleggingscelle innanfor VEU, og merkte seg at cella vil halde fram med å tilpasse seg til skiftande omstende. I denne samanhengen merkte dei seg med interesse at forsvarssjefstaben på sitt siste møte hadde sett ny fart i utarbeidinga av harmoniserte militære råd om cella si framtidige rolle.
29. Ministrane såg med glede på den vellukka gjennomføringa av fase II i øvinga «CRISEX 95-96», og såg fram til fase III i desember 1996. Ministrane la vekt på at øvinga når ho er iverksett vil gje nyttig erfaring og lærdom for framtida om gjennomføring av operasjonar og om oppdatering av dokument.
30. Ministrane såg med glede på framdriftsrapporten frå romfartsgruppa om fastsetjing av grunnleggjande vilkår for mogeleg VEU-deltaking i eit multilateralt europeisk program som er under utvikling. Dei merkte seg særleg den oppfatninga at grundigare studium først kunne halde fram etter at VEU sine operasjonelle behov var definerte. Dei gav Det permanente rådet i oppdrag å halde fram med evalueringa av mogeleg VEU-deltaking i eit multilateralt europeisk program i utvikling.
V Tryggingssituasjonen i Europa
31. Ministrane understreka at dei la stor vekt på at VEU utgjer ei genuin ramme for dialog og samarbeid mellom europearane på tryggings- og forsvarsområdet.
Difor instruerte dei Det permanente rådet om å setje i gang ein prosess, som ei vidareføring av felleskonseptet, for å reflektere saman med alle VEU-land over europeiske tryggingsinteresser idet vi nærmar oss det 21. hundreåret, og å leggje fram ein rapport på neste møtet deira i Paris.
VI Materiellsamarbeid
32. Verksemda i Materiellsamarbeidsgruppa i Den vesteuropeiske unionen (WEAG)
Ministrane sa seg på ny sterkt forplikta til WEAG som europeisk forum for materiellsamarbeid, og understreka den viktige rolla WEAG spelar i prosessen for rasjonalisering av den europeiske forsvarsutstyrsmarknaden. Vidare erkjende ministrane at WEAG utviklar seg i positiv lei når det gjeld å kunne reagere på den skiftande situasjonen på materiellområdet.
Forsvarsministrane i WEAG-landa godkjende samrøystes tekstutkasta til charter og avtalememorandum for Materiellorganisasjonen i Den vesteuropeiske unionen (WEAO). Dei vedtok å føreslå at ministerrådet i VEU vedtek WEAO-charteret, og såleis gjev denne organisasjonen status som underordna VEU-organ.
Som ein del av prosedyren for å opprette WEAO godkjende dei teksten til endringa av avtalememorandumet for EUCLID-programmet, og vedtok at forskingscella skulle flyttast til trinn 2 med verknad frå 1. april 1997. Trinn 2 i forskingscella vil frå først av vere utøvande organ for WEAO, som forgjengar til det europeiske materiellagenturet, og ha juridisk evne til å plassere kontraktar.
Ministrane underteikna òg avtalememorandumet som går under namnet THALES (Technology Arrangements for Laboratories for Defence European Science) og som byr på forbetra mekanismar for å gjennomføre regjeringsfinansierte felles forskingsprogram og informasjonsutvekslingar. Resultata vil vere tilgjengelege som støtte for teknologiutvikling på nøkkelområde av interesse for forsvarsorgan og forsvarsindustri i WEAG-land, og ha som siktemål å styrkje den europeiske forsvarsteknologien og sikre større samanfall og samvirke mellom utstyr som forsvarsstyrkane deira nyttar.
Utover desse viktige vedtaka for det europeiske materiellsamarbeidet søkte forsvarsministrane òg å setje ny fart i arbeidet til WEAG. Dei diskuterte framgangsmåtar for å forbetre effektiviteten til WEAG på grunnlag av framlegg frå formannen for dei nasjonale materielldirektørane og NAD-rapporten som dei fekk oversend etter møtet i Haag i oktober. Under denne diskusjonen drøfta ministrane harmonisering av operasjonelle krav, inkludert tilhøvet mellom WEAG og EUROLONGTERM, grunnlaget for europeisk forsvarsteknologi og forsvarsindustri, evaluering og overvaking av teknologiar som spelar ein nøkkelrolle for europeisk teknologisk sjølvstende, kontaktar med EU om saker av felles interesse, rolla til WEAG i materiellaktivitetane og ein europeisk materiellpartnarskap. Ministrane var i prinsippet samde om å gå nærare inn på desse spørsmåla, og bad dei nasjonale materielldirektørane studere dei i detalj og å rapportere på det neste møtet deira med sikte på mogelege vedtak.
Med omsyn til dei regulære aktivitetane innanfor WEAG merkte ministrane seg at det er gjort framgang når det gjeld å revidere nasjonale utstyrsutskiftingsprogram og å identifisere mogelege løysingar for meir effektivt samarbeid. På forskings- og teknologiområdet merkte ministrane seg med glede auken i talet på underteikna EUCLID-gjennomføringsordningar og den monalege reduksjonen i forseinkingar i EUCLID-prosedyren. Dei fekk òg høyre at den nye EUROFINDER-prosedyren, som tillet industrien sjølv å gjere framlegg til forskings- og teknologiprosjekt for innlemming i EUCLID-programmet, har god framgang, og like eins studien av utsiktene for å etablere ein vitskaps- og teknologistrategi for WEAG. Når det gjeld den europeiske forsvarsutstyrsmarknaden vart ministrane oppdaterte om det pågåande arbeidet i samband med grunnlaget for europeisk forsvarsteknologi og -industri og fekk høyre at det no er utarbeidd rettleiing om ordningar for teknologiorverføring innanfor WEAG.
Til slutt informerte formannen kollegaene sine om at Frankrike, Tyskland, Italia og Storbritannia den 12. november 1996 hadde oppretta ein felles materiellsamarbeidsstruktur.
VEU-rådet vedtok konklusjonane til forsvarsministrane i WEAG.
33. Oppretting av Materiellsamarbeidsorganisasjonen i Den vesteuropeiske unionen (WEAO)
Etter samrøystes vedtak blant forsvarsministrane i WEAG om å føreslå oppretting av WEAO vedtok ministerrådet i VEU (ved dei 10 fullverdige medlemene) WEAO-charteret og gav dermed denne organisasjonen status som underordna VEU-organ, i samsvar med artikkel VIII (2) i den modifiserte Brusseltraktaten.
På bakgrunn av ei utveksling av tilleggsbrev som er integrerte delar av charteret vil dei 13 WEAG-landa delta på like fot i WEAO-aktivitetane.
I lys av vedtaket i VEU-rådet og denne utvekslinga av tilleggsbrev, underteikna forsvarsministrane i WEAG avtalememorandumet for WEAO og endringa av avtalememorandumet for EUCLID-programmet.
VII Relasjonar med tredjeland
34. Ministrane minte om det viktige i å utvikle relasjonar med Russland i samsvar med storleiken, evnene og rolla til dette landet. Dei merkte seg med glede den intensiverte politiske dialogen mellom VEU og Russland, og sa seg nøgde med generalsekretæren si gjesting i Moskva i juni, gjestinga av sekretæren i det russiske tryggingsrådet i Brussel i oktober og med dei vedvarande kontaktane mellom presidentskapen og sekretariatet og den russiske ambassaden i Brussel. Dei streka under det viktige i seminaret om europeiske tryggingsspørsmål som vil bli halde neste veke i Moskva, på initiativ av dumaen i samarbeid med parlamentarikarforsamlinga i VEU. I samband med vidareføringa av konkrete samarbeidsprosjekt som alt er i gang, såg dei fram til eit russisk svar når det gjeld gjennomføringa av avtalen om å levere russisk biletmateriale til satellittsenteret i VEU.
35. Ministrane sa seg på ny opptekne av å utvikle relasjonar med Ukraina, på bakgrunn av den viktige rolla Ukraina har som ein viktig europeisk partnar til VEU. Dei verdsette høgt talen til presidenten i Ukraina til plenumsmøtet parlamentarikarforsamlinga i VEU i juni 1996, og streka under verdien av generalsekretæren si gjesting i Kiev i september 1996, som munna ut i eit felles kommuniké. Dei sa seg nøgde med framlegga i svaret frå sitjande formann i VEU-rådet og belgisk utanriksminister, Erik Derycke, på eit brev frå den ukrainske utanriksministeren Udevenko, og uttrykte von om at gjennomføringa av desse framlegga ville vere med på å styrkje relasjonane mellom VEU og Ukraina.
36. Ministrane fornya dei instruksjonane dei gav til Det permanente rådet i Birmingham om å halde fram med å utvikle relasjonar med Russland og Ukraina innanfor rammene av vedtaket til Det permanente rådet frå mars 1995, idet ein byggjer på framgangen som er oppnådd og konsultasjonar som er haldne sidan då. Dei framheva òg det viktige i at det vert utvikla konkret samarbeid mellom VEU og desse to landa.
37. Ministrane gav uttrykk for håp om at ratifikasjonsprosessen i Ukraina, Russland og Kviterussland i samband med avtalen om opne luftrom snart ville vere avslutta.
38. Ministrane streka under det viktige i vidare styrking av dialogen med ikkje-VEU-land i middelhavsområdet. Dei merkte seg framdriftsrapporten om tiltak for å forbetre innhaldet og substansen i denne dialogen. Dei instruerte Det permanente rådet om å føre nøye tilsyn med dette spørsmålet idet det vert teke omsyn til Barcelona-prosessen og andre initiativ med tilknytte føremål, mellom anna NATO-dialogen med middelhavslanda. Dei stadfeste at Middelhavsgruppa i VEU innanfor rammene av sitt generelle mandat vil stille sin fagkunnskap til disposisjon for Barcelona-prosessen som svar på oppmodingar frå Den europeiske unionen.
39. Ministrane såg med glede på den vidare utviklinga av dialogen med Kypros og Malta og Den europeiske unionen.
40. Ministrane minte om vedtaket dei hadde gjort i Lisboa i mai 1995 og EU si oppmoding til VEU på området fredstrygging i Afrika. Dei såg med glede på rapporten frå studiereisa til fire afrikanske land (Etiopia, Tanzania, Malawi og Kenya) og OAU. Dei slutta seg til Rådet si godkjenning av tiltak som skulle medverke til å forsterke evnene til fredstrygging i Afrika og som omfattar oppretting av kontaktar med OAU, utan å duplisere arbeid som vert gjort av andre organ på dette området. I denne samanhengen gav ministrane Det permanente rådet i oppgåve å sjå nærare på andre mogelege tiltak som kunne auke evnene til fredstrygging i Afrika.
VIII OSSE og regionalt samarbeid
41. Ministrane streka under det viktige i det føreståande OSSE-toppmøtet i Lisboa, som må sende eit signal om at alle europeiske land er med i den europeiske tryggingsramma som likeverdige partnarar. Dei sa seg overtydde om at erklæringa om tryggingsmodellen på tryggingsmøtet i Lisboa burde vere eit viktig høve til å reagere på dei nye risikoane og utfordringane som har vokse fram i det nye tryggingsmiljøet i Europa.
42. Ministrane framheva det viktige i den regionale tilnærminga og initiativa til europeisk stabilitet og tryggleik. Dei såg med glede på og oppmuntra utviklinga i denne lei, mellom anna Royaumont-initiativet, Sofia-møtet mellom utanriksministrane i landa i Søraust-Europa, det søraust-europeiske samarbeidsinitiativet, Rådet av baltiske statar, Det euro-artktiske Barentsrådet, Det sentral-europeiske initiativet, inkludert det aukande samarbeidet mellom Italia, Ungarn og Slovenia, det økonomiske Svartehavs-samarbeidet, det baltiske rådet og Nordisk råd.
IX Situasjonen i det tidlegare Jugoslavia
43. Ministrane merkte seg avslutninga av blokadeoperasjonen ved Donau til gjennomføring av sanksjonar pålagde av Tryggingsrådet i FN. Dei streka under at denne operasjonen hadde medverka sterkt til fredsprosessen i Bosnia-Hercegovina. Ministrane takka VEU-landa som medverka til denne operasjonen, og Italia som hadde hatt leiaren for oppdraget gjennom heile operasjonen. Dei var nøgde med at dette oppdraget var blitt utført i framifrå samarbeid med dei tre VEU-landa ved Donau. Dei uttrykte si varmaste takk til regjeringane i Bulgaria, Ungarn og Romania.
44. Dette oppdraget, saman med innsatsen til VEU-politistyrken i Mostar og deltakinga i operasjon SHARP GUARD, illustrerer den vidfemnade rolla VEU har kunna spele i det internasjonale samfunnet sin vedvarande innsats for å gjere slutt på konflikten i det tidlegare Jugoslavia.
45. Ministrane merkte seg med interesse forsvarssjefane si første evaluering av lærdomen som kan trekkjast av VEU si gjennomføring av operasjonar i samband med det tidlegare Jugoslavia, og like eins rapporten frå VEU-sekretariatet om praktisk samarbeid mellom VEU og EU om operasjonen i Mostar. Dei såg fram til fullføringa av den meir detaljerte analysen som Det permanente rådet har bede om å få før Birmingham.
46. Ministrane uttrykte støtte til aktivitetane til fredsimplementasjonsrådet for Bosnia. Dei såg med glede på rettleiande prinsipp for ei toårig konsolideringsramme. Dei såg fram til utarbeidinga av ein handlingsplan på London-konferansen 4.-5. desember 1996. Ministrane streka òg under at det er deira syn at alle partar fullt ut må gjennomføre grunnlagsavtalen for Aust-Slavonia.
Ministrane sette pris på det verdifulle bidraget parlamentarikarforsamlinga i VEU yter til arbeidet til organisasjonen, og vona at forsamlinga ville ha meir å tilføre debatten om tryggleik og forsvar i Europa.
Ministrane såg med glede på erklæringa frå Frankrike om program for dei neste seks månadene, då Frankrike har presidentskapen i VEU.
MINISTERERKLÆRING OM SITUASJONEN I GREAT LAKES-REGIONEN
1. Ministrane uttrykte djup uro over den vedvarande humanitære krisa i Great Lakes-regionen. Dei sa seg på nytt bestemte på å medverke fullt ut i den internasjonale innsatsen for å lette dei umiddelbare lidingane til fordrivne personar, flyktningar og sivile i Zaire og Rwanda og å arbeide for at desse kan vende heim på ein frivillig, trygg og ordna måte. Dei meinte at den massive heimsendinga av hundretusenvis av flyktningar dei siste dagane kan opne for ei langsiktig løysing på dei djupareliggjande årsakene til den pågåande krisa. I denne samanhengen la ministrane vekt på at det straks må haldast ein internasjonal konferanse om fred, tryggleik og stabilitet i Great Lakes-regionen i regi av FN og OAU for å angripe situasjonen i regionen på brei front. Ministrane oppmoda regjeringa i Rwanda om fullt ut å gripe høvet til å atterreise tilliten og bidra til ei politisk løysing ved å lette tilbakesendinga av flyktningar og å sikre at dei kan slå seg ned i Rwanda. Dei vona at ny busetjing av flyktningane ville skje i ei harmonisk atmosfære av nasjonal forsoning. Ministrane la vekt på at VEU-landa var reie til å trappe opp den humanitære hjelpa for å dekkje dei umiddelbare behova til tilbakevendande flyktningar.
2. Ministrane såg med glede på vedtakinga av resolusjonane 1078 og 1080 i Tryggingsrådet i FN, som gjeld oppretting til humanitære føremål av ein mellombels fleirnasjonal styrke som skal leggje til rette for at humanitære organisasjonar straks kan vende tilbake og at sivile hjelpeorganisasjonar effektivt får høve til å yte hjelp for å lindre den umiddelbare lidinga til fordrivne personar, flyktningar og utsette sivile i Aust-Zaire, og å leggje til rette for frivillig, ordna repatriering av flyktningar og frivillig tilbakevending for fordrivne personar.
3. Ministrane utveksla synspunkt på utviklinga i situasjonen i Great Lakes-regionen og føresegnene som er under vurdering når det gjeld VEU-landa sitt bidrag til gjennomføringa av resolusjon 1080.
Fast bestemte på å identifisere mogelege element og alternativ som kan gjere VEU i stand til å forsterke den samla effekten av operasjonen som er vedteken av FN, og såleis styrkje det internasjonale samfunnet sin innsats, og samde om at VEU sin innsats fullt ut vil ta omsyn til og vere fullt i tråd med planleggingsarbeid som alt er i gang for å opprette den fleirnasjonale styrken, bad ministrane Det permanente rådet å gje dei aktuelle VEU-organa - planleggingscella, situasjonssenteret, satellittsenteret og den poiltisk-militære gruppa i oppdrag å:
sjå på korleis VEU kan hjelpe EU med å yte humanitær bistand til krigsområdet.
vurdere kva slag hjelp som kan gjevast til kontingentar frå afrikanske land som med tida kan bli utplasserte i regionen, særleg når det gjeld trening.
samle og fordele, med hjelp frå VEU-landa, informasjon om deira nasjonale bidrag til operasjonen.
halde Rådet informert om situasjonen i Great Lakes-regionen, på grunnlag av mellom anna informasjon frå VEU-land.
fortløpande vurdere på kva måtar VEU kan medverke til framskaffing av logistisk støtte til den påtenkte fleirnasjonale operasjonen, mellom anna minerydding, medisinsk hjelp og ingeniørstøtte.
4. Til slutt gav ministrane Det permanente rådet i oppgåve å halde situasjonen nøye under oppsyn og å undersøkje kva konsekvensar dei raske endringane i situasjonen i området kan ha for dei ulike alternativa for eit VEU-engasjement.